Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Aktiv medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Då kan du kanskje sjå på denne militærsekken frå Berghaus?
  2. Du fekk tak i ny storsekk, Tessatroll? frå Lowe Alpine? Eg var innom ein G-max her i sommar og såg at dei hadde ein gamal klassiskar frå åtti-/nittitalet, nemleg Vulcan frå Berghaus. Denne er kjønnsnøytral, men kanskje verdt å prøva (fungerte i alle høve for Royal Marines når Thatcher fekk det føre seg å invidare Falklandsøyane).
  3. Då må du ha fått fukt inn i det. Mitt luktar ikkje anna enn lettare innestengt og eg har hatt det i over to år. Heller aldri opplevd dunlekasje.
  4. Vert som oftast på den harde måten ved kroppstørking. Dersom vegetasjonen tillet det kan ein henga opp ein duk som ein så kan få hengt opp kleda sine under.
  5. Eg har sove nokre netter i eit slikt militærtelt frå Hilleberg, men kan ikkje seia at det var mørkare enn vanlege telt.
  6. Me har to Primaloft-jakker i heimen. Begge har hette og er passe tjukke. Felles for dei er at dei tek liten plass, og at du med ei slik kan droppa somme andre plagg på turen.
  7. Akkurat no sit eg på verandaen i t-skjorte med ein kopp kaffi, men utanom det har vel Primaloft-jakka knapt vore av etter ho kom i hus i haust. Elles støttar eg dunvest - veldig hendig plagg.
  8. Me har gått der med ungar i alle aldrar og vaksne, som har høgdeskrekk tilnærma det du nemner, utan problem. Velkomen til Sogn!
  9. Kjøpte G3 sine lettvektarar Zenoxide C88 i vinter, men fekk ikkje brukt dei så mykje som planlaggt. Likevel har skia, som er 88 mm på midten, synt seg å vera godt verkty til å ta seg fram både oppover og nedover.
  10. Det finst nokre militærmodellar frå både Lowe Alpine og Berghaus som er bra svære, men desse vert vel vanskelege å oppdriva i butikk.
  11. Har denne Arc'teryx-buksa. Det er eigentleg ei skibukse laga for å gå over plaststøvlar, men eg har brukt ho mest til barmarkssesongen. Fungerer utmerka godt til turar heile året og kan brettast opp utan problem. Betre lårlommer enn Keb då desse er på sidene og ikkje framme. Kunne aldri tenkt meg ei slik glidelåsgreie gåande tvers over lårmusklane.
  12. Støttar førre innlegg. Sjølv er eg 176 og har posar på 190 og 200 cm. Då kan eg strekkja meg skikkeleg sjølv om eg har snørt tett att kring hovudet.
  13. Eg er heller ikkje den som sparar på knea når eg pakkar sekken. Ofte vert det fleire soveposar, mat for ei veke, klede for to, fiskeutstyr, telt og anna på min rygg, men min Bora 95 er stor nok til det. Dette er berre meint som eit innspel - kor stor sekk ein vil ha er sjølvsagt svært individuelt. Personleg tykkjer eg det er stor stas å ta seg fram i terrenget med stor bør og kjenna at kroppen fungerer! Problemet er vel at utvalet av store sekkar er ganske så avgrensa anten ein ser etter kvinne- eller herresekkar. Når det gjeld Aplinist så vurderte eg ein slik sjølv ein gong, men enda opp med Arc'teryx. Årsakene til det var at Alpinisten har vél breie skuldereimar, noko eg trur er ei ulempe om ein skal bruka sekken på ski. Vidare er eigenvekta på desse modellane ganske høg. Gje oss ein lyd når du har kome fram til noko i utstyrs-småskogen.
  14. Gregory Deva toler godt med vekt. Ho eg bur saman med har Deva og er godt nøgd, men har ikkje utsett han for meir enn 20 kilo. Petit Dru er sikkert konge og du kan i tillegg sjå på Alpinistane frå Bergans. Treng du verkeleg så stor sekk som 100 til 110 liter?
  15. 22 liter til dei aller fleste dagsturar. 50+ liter til skiturar i høgfjellet der ein gjerne pakkar med seg dunjakke. Denne sekken er i tillegg utmerka til kortare overnattingsturar. 95 liter til overnattingsturar over fleire dagar og når børa er tung
  16. Mountain Equipment har innført eit detaljert sporingssystem på si produksjonsline. Meiner dette kom på plass i haust.
  17. Har nettopp kjøpt Enzo og skal få testa bindingane i helga. Likte spesielt godt løysinga som G3 har for svitsjing mellom gå- og køyremodus. Dette justerer ein med skistaven.
  18. Eg har den førre utgåva av Einride som berre har ein slitekant kring handleddet. Grunna kvaliteten og eigenskapane hjå materialet har denne jakka hatt eit mykje større bruksområde enn eg hadde tenkt. ETA Proof er mykje betre i regn og er noko lunare i kald vind enn G1000 (subjektivt opplevd).
  19. Klättermusen slutta med Epic grunna dei same problema som er nemnde i tråden her. Dei gjekk deretter over til rein bomull av typen ETA Proof. Eg har ei jakke i dette materialet og det er veldig bra saker! På nittitalet hadde eg lang ekspedisjonsjakke og tilhøyrande bukse frå Helly Hansen i microfiber som fungerte svært godt på dei kalde turane. Bergans har vel ein liknande dress i sitt sortement, men kjenner ikkje til korleis den fungerer. Ventile-bomull er eit anna alternativ som, etter det eg forstår, har dei same eigenskapane som ETA Proof.
  20. Nei, det er nok ei stund sida dei hadde noko produksjon her til lands. Dei har hatt produksjon i Estland tidlegare.
  21. Ein siste skanse for europeisk produksjon har vore på skofronten, men ser at fleire og fleire merkje no har flytta produksjonen langt.... Nokon som veit kvar Alfa lagar sine? Svenskane har litt produksjon sjølve: Lundhags og Jörnkängan sko, klede frå Woolpower, nokre småvarer frå Härkilä. Meiner óg at Lundhags har ullklede som er laga i Sverige.
  22. Her er det nok mange som er utfordrande å spora, men ein del produsentar har eigne fabrikkar i lågkostland. Døme på dette er Osprey (Vietnam), Black Diamond (Kina) og Hilleberg (Estland - somme produkt er frå Vietenam). Somme av dei spesialiserte aktørane der ute har ikkje flytta produksjonen sin og her kan ein trekkja fram Sir Joseph (Tsjekkia) og Western Mountaineering (California, USA). Reknar elles med at Patagonia og Fjällräven sine produkt kjem frå ordna tilhøve, men den fyrste produserer på fleire kontinent (Europa, Sør-Amerika og Asia). Plusminusnoll og Houdini får alle sine produkt produsert i Estland. Arc'teryx vert produsert i Kina, Filipinane, Canada, etc. Gregory er for det meste produsert i Asia, men deira dyraste ekspedisjonssekk er sydd saman i USA, Det kan vera at The North Face - som nok er den største produsenten globalt sett - har eigne fabrikkar. Du vil vidare sjå på til dømes soveposar at sjølve posen er (delvis) produsert i Europa, men at kompresjonstrekket er sydd i Kina. Interessant om det er fleire med kunnskap om dette der ute!
  23. I tillegg kjem ein ikkje utanom at flammehemmande og antibakterielle tilføringar til tekstil ikkje er dei beste miljøtiltaka i verda. Brukar helst ull til tur heile året og syntet til trening.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.