Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 034
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Halv pris dunjakke hagløfs http://www.sportsdeal.no/index.php?main_page=index&cPath=10631
  2. Til superted Du etterlyser litt meir bakgrunn for å sei kva som er naturleg populasjonsdynamikk i eit fiskevatn. Spørsmålet er vel egentlig; kva regulerar ein populasjon. Likevekten i ein populasjon uavhengig om det er aure eller hjortedyr erfor ein stor del bestemt av næringstilgang. Det er viktig å poengtera at ein predator i liten grad regulerar ein populasjon av byttedyr. Dette er ein stor diskusjon som det er skriven tusenvis av artiklar om innen økologi og er kalla henhaldsvis bottomup (styrt nerifrå) eller top-down (styrt ovenifrå). Problemet for ein predator er at når det er så effektiv at den regulerar ein bestand så vil den undergrave sitt eige næringsgrunnlag og dermed regulera sin eigen bestandstr. Når det i eit aurevatn i tillegg er lav tetthet byttedyr og dei for ein stor del er knytt til gruntområde/strandareal som gjer dei vanskelege å jakte på så må det vera stor tetthet pr kannibal. Dei mest grovvokste aurestammenen vi har i noreg er knytt til vassdrag med pelagiske fiskearter, så som krøkle o.l., som opptrer i store tetthetar pelagisk. Ok, dette var litt offtopic. I ein populasjon der næringsgrunnlaget er regulerande for tettheten vil ein naturleg likevekt ligge rett under bæreevnen (dvs maks størrelse av populasjonen ut frå mattilgong). Dette vil sei at kvart individ ligg på sultegrensa. Når tettheten går over bæreevnen så vil ein del av populasjonen døy og tettheten synk. Enkelt og greit. Så kvifor ligg ikkje naturleg tetthet/balanse på halvparten av bæreevnen, der kvar fisk eller hjort har masse mat og kan eta seg stor og sterk. Grunnen er at naturleg utval og seleksjon ikkje fungerar på populasjonsnivå men på individnivå, dvs at kvar enkelt fisk drit oppi kva som er bra for heile populasjonen berre den får gytt. Dersom ein fisk berre gyt 100 rogn, som ville vera lik dødsraten i eit vatn, så vil ein fisk som gyt 1000 rogn ha mykje større reproduktiv suksess. Seleksjonen vil såleis favorisera mest mogleg rogn, mest mogleg reproduksjon. Men vil ikkje stor fisk ha større fitness og større gytesuksess?? Jo men då må ein fisk hoppe over 2 år med gyting medan den vesle naboen på 50 gr gyte på i bekken, så det er kanskje ikkje så gunstig alikevel..... Men det er jo ein god del vatn der næringstilgang ikkje regulerar bestanden. Dette er vatn der andre miljøfaktorar styrer. Til dømes så er det mykje stor og fin fisk på hardangervidda. Dette er mellom anna fordi at det er svært lav vasstemp her, og det kan gå fleire år mellom kvar vellukka gyting, og sjølv då er reproduktive suksessen låg. I tillegg vil låg vasstemperatur gjer at fisken vert gytemoden seinare. Medan fisken i eit standard vestlandsvatn vert gytemoden når den kanskje er 3 år og 75 gr, vil ein aure i bjornesfjorden vera 4-5 år og 500 gr. Eg har fatta meg litt i korthet her og det er masse om og men og unntak frå regel her, berre for å ha sagt det. Poenget mitt er iallefall at den naturlege balansen varierar ut frå miljøtilhøve men vatn med berre småfisk er ikkje i ubalanse, og desse kan ligg i 100 år utan at tettheten endrar seg. I tillegg så er det viktig å sei at dersom du vil få fleire store fiskar så slepp uti den store fisken att, dersom du vil fiske på 2 hg fisk så kakk storfisken i hovudet men stor fisk har så godt som ingen regulerande effekt på ein bestand (i eit reint aurevatn).
  3. Flott at du tek eit tak og prøver å kultivera , stå på!!! Alle vil ha stor fisk men ingen gjer noko for det desverre. Eg har drive mykje med kultivering i ulik form, så håpar ta eg kan bidra med noko. Er det reint aurevatn du fiskar i?? Små aurevatn der du har noko kontroll på gytebekken er fullt mogleg å få eit godt resultat i løpet av få år. Som det er sagt over, dersom du kultiverar i tre år og du ikkje ser resultat så tek du ikkje ut nok. Kultivering av aurevatn er ingen hokus pokus, det er berre å ta ut nok. Det kan vera ei utfordring å veta kor mykje ein skal ta ut men ein tommelfingerregel er ein årleg produksjon på 3 kg fisk pr haa. Eg har eit lite vatn som eg byrja å fiske ut for 2 somrar siden og eg tek ut det dobbelte, skal bli interessant å sjå neste sommer. I utgangspunktet så bør ein ta ut ein god del meir siden tettheten vil ligge godt over dette når bestanden ligg på bæreevnen (som er den normale for balanse/harmoni...meir om dette under). Ein ting du bør vera obs på er at du vet rusefiske etter gytefisk er at du driv eit sterkt selektivt uttak på nokre størrelsesklassar. I vatn med stor tetthet er noko ikkej dette noko problem til å begynne med men du bør vera obs på at etter nokre år vil då kanskje største delen av bestanden bestå av ung og liten fisk. Det er utført ulike studier på dette som viser at ved å ta ut mykje små fisk (altså ikkje kjønnsmoden) får ein raskare resultat i høvet til auke i kvalitet. Men det varierar litt frå prosjekt til prosjekt. Men eg trur at det viktigaste for å få resultat no er å ta ut ein god del fisk, så får du sjå etter 3 sesonger kva resultatet er. Hald oss oppdatert, til motivasjon til oss andre
  4. SØk på ekso på fluefiskesiden.no. Går kollektiv heilt fram, usikker på om det er åpent i elva så seint.
  5. Har du eit bilete og to og legge ut? Kva behandla du båten med??
  6. Hei, ut frå arbeidsteikningane så legg ikkje dansken på noko glasfiber eller epoxy. Er super bra at nokon legg ut slike enkle teikningar Likte den amerikanske sida og. Har bil med takgrind og ingen båtplass så små lette farkostar er eg abs interessert i. Har kajakk men å lage ein kano har eg tenkt lenge på, imidlertid så har strips metoden verka litt for langdryg for meg men finer båt må jo vera eit alternativ. Skal hive meg rundt og lage ein kano og kanskje ei lita jolle Kor mykje veg kanoanen dykkar no?? PS: supert at dåke legg ut denne typen prosjekt til inspirasjon for andre !
  7. Hei, bare å kjøpa seg ein kajakk og begynna og padla, det er ein fantastisk hobby. Var sjølv ein tur til Helgelandskysten i sommer og padla nydeleg område, i særklasse det finaste eg har padla. Eg meiner at det berre er å kjøpe seg ein kajakk og kjøre på , dette er ikkje noko hokuspokus. Ta gjerne eit kurs men det er ingen grunn til å vente med å kjøpe til du er "sertifisert" på ein eller anna måte, padling handler fyrst og fremst om å kome seg ut og praktisera. Begynn i det små og så flytter du grenser etterkvart som du er trygg. Ein fin måte er å henge seg på i ein kajakk klubb, dei har ofte ein padlekveld i veka der ein møtest ein kveld for å padle ein liten runde, sosialt og lærerikt. Sist eg budde i trondheim så var det ein bra klubb der, er vel heller ikkje noko problem å få bli med nokon på tur. Når du kjøper deg båt er det ein del du må vurdera, det er det same som med anna turutstyr, nemleg å finna kva bruken skal vera og kostnadsnivået er. Dersom du skal ha litt allround med litt lastekapasitet så er ein standard havkajakk tingen. Plast eller glasfiber? Generelt er glasfiber stivare og raskare og meir lettpadla enn plast. Eg valde plast fordi eg vil ha ein båt som tåler å bli dratt over berg og kjørt oppi rullesteinstrand med meir, fordi dette er viktigare enn ein rask båt. Ror eller ikkje ror? Dette er ein smakssak og det er masse meiningar om dette. Eg har senkekjøl på min og har aldri savna noko ror, har ingen problem med å styre båten med åre og justering av tyngdepunkt, i tillegg er båten lettare utan. Er haugevis med kajakker på markedet så eg skal ikkje anbefala nokon. Er lettare å kome med ein tilbakemelding visst det er ein konkret type, dessuten ligg det veldig mykje info på padleforumet. hausten er ei god tid å kjøpe kajakk på fordi det er masse hausttilbod
  8. Hei, har samsung 2710 no. Har prøvd litt att og fram med GPS men fungerar kun slik at eg får opp grader N og Ø, får ikej kart eller lokalisering, får heller ikkje opp google maps. Nokon som får til å legga inn kart eller har ein kartfunksjon tilknytt GPS, å ha ein GPS som kun viser grader har lite for seg...
  9. Hamlagrø og Bergsdalen, relativt flatt og mange mange fiskevatn over alt. Sjekk http://www.osterfjord.net/article/archive/119/ I tillegg har Sveinung Klyve skrive ei lita fiskeguidebok for området.
  10. Topomap: http://www.norgeskart.no/adaptive2/default.aspx?gui=1〈=2 A lot of the tracks are marked here also.
  11. Berre å ta ut, det er uansett så mange t merka ruter på vidda at du ikkje klarar å gå deg vill. Generelt er det ganske flatt og lett å gå over det meste. Er eit stort område i søraust som ikkje har t stiar.
  12. Hei, nokon som har erfaringer med nettbutikken fjellsport.no? Grunnen til at eg spør er at eg fann ikkje noko info på nettet, og dei hadde relativt gode priser og gratis frakt....? mvh J
  13. Problemet med denne metoden er at du då står i skråningen..... men er veldig nyttig for å sjå kor bratt 30 grader faktisk er. Dei aller fleste av oss kan ha super skikjøring i fjellsider på 25 grader. Det er i utgangspunktet ikkje noko hokuspokus å finne ei trygg rute opp eller ned i vinterfjellet, men vær bevisst på kor du går. Følg rygg vær trygg, er ein sikker vinnar. Sjekk snoskred.no f eks http://www.ngi.no/no/snoskred/Lar-om-snoskred/Snoskred---vet-DU-nok-til-a-ferdes-trygt-i-vinterfjellet/ http://www.ngi.no/no/snoskred/Lar-om-snoskred/NGIs-rad-til-frikjorere/
  14. Liggeunderlag, vindsekk OG spade er til hjelp! Men som det er sagt, alle hadde nok slitt i det været uansett.
  15. Enig, går man tur i februar i fjellet i noreg så er du beredt til å gå/klare 1 døgn med storm fordi ein har med vindsekk, liggeunderlag og spade. Spesielt vist en er ute mange dager i strekk. Min erfaring med ein del folk frå europa er at dei har godt utstyr og i god form, men at dei har null respekt for fjellet og ei overdreven tru på sine egne egenskaper.
  16. josteink

    Fluebinding

    Her er 3 ekle men veldig effektive fluer. 2 varianter av red tag, 1 tørr med hackel ove heile krokstammen og ei våt, i tillegg til ei lita svart floga som eg får masse fisk på, og som er uberenkel å binde, bind den stort sett i str 16. Brukar sistnemnde ofte som endefloga når eg fiskar med opphenger (og det gjer eg ein del). I tillegg er eg veldig for å gjera ting enkelt, for som fjellfiskar (og småfiskar) er det ofte det beste.
  17. josteink

    Fluebinding

    Hei, eg bruka youtube mykje, her er det veldig mykje bra.
  18. Berre å koma seg ut på tur, verste som kan skje er at dåke frys litt Har du varm sovepose og tjukt underlag (som bamse ekstrem evt ha eit billegunderlag under der igjen) så er det ingenting å uroa seg over.
  19. Kva felle? Å kalle folk svindlere har lite med kritikk av vitenskapeleg prosess å gjera.
  20. Harold Lewis er atomfysiker og har ALDRI forska eller publisert noko rundt klima, og reduserar med sitt brev mange fagfelt med svært dyktige forskarar til pseudovitenskap og svindlere. At han ønsker debatt rundt temaet er ein ting, men når han går ut og avfeier alt som svindel, er det direkte usakleg. Då er det kanskje på tide å pensjonera seg.
  21. Hei, bruker jakke og bukse frå Ålesund oljeklede. Desse er heilt tette, men med luftemuligheter. I tillegg er det tynn fleece på innsida som gjer at dei ikkje vert klamme som vanleg oljehyre vert. Men etter 8 t på rypejakt så er det fuktig på innsida.
  22. Godt innenfor naturlig variasjon? Må få påpeika at det er snakk om landsenking og ikkje heving, og at dette er allereie tatt med i tidlegare berekningar, men at det no er foretatt korreksjonar i høve til tidlegare studiar. Det neste vert nok enda ein korreksjon fordi ein ved hjelp av ny kunnskap kan utvikla metodar som gjer at ein kan foreta enda meir presise målingar. Dette er ikkje ein svakhet men ein styrke
  23. Mitt Rondane 3 veg 2,8 kg totalt. Kjøkenvekta er kalibrert med 2 kg mjøl.
  24. Desverre så seier reportasjen lite om kvifor han har tapt tidlegare i 3 rettsinstanser, skulle vore interessant å sett grunngjevinga for desse. Eg meiner at sporlaus ferdsel bør vera eit klart prinsipp for alle , uavhengig om dei er der 2 dagar eller 3 veker.
  25. Bra innlegg Borgern. Kan tilføye at på grønland så skal visst det bli jakta sel med 22. Har mi innskoten på 65 m, i tillegg skyt eg med den innstillinga på 40, 50, 70, 80 og 100 m, for å kunne anslå kor mykje over/under eg skal legga siktepunktet.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.