Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 032
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Så lenge bekken kjem frå skog, myr eller fjell så drikk eg vatnet. Har gjort dette heile livet mitt og aldri vore dårleg, Veit heller ikkje om nokon av vener eller bekjente som har hatt dette problemet. Å bera med seg større mengde vatn eller rensefilter er for meg berre dødvekt, sjølv om det berre er 100 gr. Drenerar vassdraget større bustad, trafikk eller landbruksområder så drikk eg ikkje men eg går på tur i naturen og ikkje i sivilisert strok. Du kan trygt drikke frå sjølv veldig små bekkar.
  2. Nokon som har dei lette dunjakkene i frå denne produsenten og som kan sei noko om kvaliteten og isolasjonen her?
  3. Hei, skal tinga ei rab-jakke på nett, korleis er rab i str, store eller små?
  4. 30% på Rab https://www.sportsnett.no/kampanjer/rab-4
  5. Hei, er på utkikk etter ei tynn dunjakke med ein del varme til sommarbruk. Må ha lite pakkvolum og vera varm, då det er kona som skal ha den. Noko som har nokre tips om gode jakker?
  6. Masse bra fiskevatn langs denne ruta, prøv deg fram. Det kjem til å vera mykje snø lengst vest DVs frå hårteigen og til tyssevassbu, så her ligg isen lenge i år. Bruk tid på å utforske mindre vatn og tjødnar. Trolltunga er vel verdt eit besøk, hårteigen også.
  7. 0-3 grader er god temp og fisken kan halde seg i fleire dagar. Eg vil sei at 5-6 grader er relativt varmt og du vil merka at fisken blir laus i fisken og byrjar å lukte fisk. Ved så høg temp vil eg kanskje lagra fisken over natta men ikkje lengre. Et heller det du får og fisk litt siste dagen som du tek med, ikkje noko vits i å bære med seg fisk som ikkej er god kvalitet. Evt så saltar du fisken.
  8. Sjekk: http://www.friflyt.no/Ski/Straalende-skiforhold-i-Rosendalsalpene
  9. Sjekk med turistinfoen i odda: http://www.hardangerfjord.com/no/Odda/Produkt/?TLp=670593&Odda-Turistkontor Dersom du ynskjer å ikkje stå i kø ei lang stund for å kome deg utpå trolltunga så er det greit å vera tidleg om morgonen eller seint om kvelden, og slik sett er det greit å leggja teltet ikkje altfor langt i frå trolltunga. Rundt tyssehylen er det fleire fine teltplassar men når vi låg i telt her for nokre år siden så var det fleire andre telt rundt her, så dersom du vil ha litt meir fred og ro så kan det vera greit å leggja seg i telt litt før eller etter. Det er mange fine teltplassar heile vegen inn men kan vera greit å leggja seg litt vekk frå stien, det er mange mange folk som går att og fram på dagen her.
  10. Hei, kanskje litt seint svar men det er fint å parkera eller ta buss til gullbotn og gå vestover., her er masse små vatn og tjødan med liten og stor fisk i. Brukar fort ei helg på å fiske i alle desse. Elles er det masse fine plassar opp frå Vaksdal og innover herfinndalen.
  11. Hei, har klikka meg inn på nokre turar rundt bergen og ser at dei er lokalisert på heilt feil plass og delvis i feil kommune, som f eks http://www.fjellforum.no/topic/33177-første-natt-i-hengekøye/
  12. Pakkposer: har i store delar av livet mitt brukt plastposer, vasstette, lette og nesten gratis.
  13. Har tidlegare gått på helgetur med 45 l Bergansekk med helsport Rondane 3 yttertelt, syntetpose 3 sesongs ajungiak, gassboks og primus, kle og mat. Det gjekk fint
  14. Synes 3 mil til dagen over mange dagar er i overkant mykje. I snitt går ein omtrent 3 km pr time i middels lettgått terreng, så du kan gå ut frå det. I tillegg bør du kanskje vurdera å legga inn eit par kviledagar, det er alltid godt å ha på lengre turar. Dette er jo litt avhengig av kvar enkelt men stemmer bra for mitt tempo. Du vil i tillegg passera svært gode fiskevatn på vestvidda, så litt fisking bør du kanskje vurdera.
  15. Hei, områda frå dovre mot Rondane er generelt snøfattige, spesielt på austsida (DVs hjerkinn-grimsdalen-dørålen-Bjørnhollia) så her kan det vera mogleg å gå i byrjinga av juni. Ring til Dørålseter turisthytte, evt rondvassbu eller grimsdalen turisthytte, desse kan gje oppdatert snørapport. byrjinga av juni er normalt for øvrig skiføre mange stader i høgfjellet.
  16. Ser at dei sette i gang leiteaksjon allereie kl 2215, så mannen har ikkje lege lenge i teltet og trykka. Men no er det alltid lett å sitje i ei varm stova og vera sarkastisk.
  17. Hei, det finnes svært stødige kajakker som du vil sitte trygt og stabilt i. Hugs at det er når du går oppi/utav av dei aller fleste velt skjer. Når du sit nedi båten så skal det litt til, avhengig av kva skrogform du har. Dersom du vil vurdera kajakk så gå for ein brei variant som er over 60 cm, f eks denne http://www.riotkayaks.com/flatwater-2/day-touring/edge-13/ Eg kjøpte meg denne for nokre år siden for å bruke den til jakt og fiske, og ville derfor ha ein stødig båt. her er masse bagasjeplass og har vore på ovenattingsturar over 3 døgn utan problem. Båtar som er såpass brei og ganske flat i profil er VELDIG vanskeleg å velta. Anna eks er http://seabirddesigns.com/kayaks/discovery No fekk du ikkje svar på spørsmålet ditt men mitt råd til deg er å oppsøke nokre butikkar å prøvepadle kajakker for å sjå kor trygg du føler deg i desse. Ift padleegenskaper er det stor forskjell på sit on top og kajakk.
  18. Skurken brukte vel eit solomid, som er halvparten så stort som duomid. Ville tru at dei fleste ville setje pris på litt plass til matlaging og slikt på ein så lang tur, men det kan eg ikkje sjå for meg det er plass til i ein solomid.
  19. Hei, løfter denne tråden igjen. Ser det er trådar om erfaringar med desse lettvektarane men ikkje så mange som gjeld erfaringar etter ein del bruk. Korleis er det med f eks hexamid eller duomid i sterk vind på høgfjellet?
  20. Hei, nokon som har erfaring med desse telta? Tenka da på 1 mannstelta, og meir spesifikt på korleis desse er i vind på fjellet.
  21. Flott, takk for svar!
  22. josteink

    Marmot precip

    Skal kjøpe ny jakkepå nett og dei har berre m og xl. Er marmot små i str?
  23. Helsport outlet har rimeleg dunjakker til under 1000lappen. No er det salg på ein rekke vintervarer DVs jakker og dun, surf litt rundt og du vil finne mange gode tilbod. Når det gjeld jakker og bukse så er det meir ein smakssak kva merke folk brukar egentlig. Bergans, norrøna, arcteryx, stormberg, mountainequipment, rab, hagløfs, berghaus osv osv osv har alle sine disiplar, berre kjøp noko av desse, det er ikkje så stor forskjell på dei ulike. Har brukt masse norrønaplagg i tillegg til ein heil del andre merker, og kan ikkje sei at norrøna er dårlegare kvalitet enn dei andre. Stormberg er det merke som er rimelegast, har ein del stormbergplagg og dei held vatnet omtrent like bra ute som dei andre nemnd over. Litt "rimelegare" finish på stormberg sine plagg som du merkar mest på passform. Skal du prioritera så bruk mest peng på sko, prøv ein del ulike og bruk tid på å finne gode sko.
  24. Hei, du treng ikkje ekstra varme for varmen si skuld men dersom du vil lage mat. Det er ikkje noko must å lage varm mat, brød, pålegg og liknande overlev du på MEN varm mat, pølser, rettikoppen og likande er ein ENORM trivselsfaktor for små ungar (og vaksne). Som varmekjelde kan du bruke parafin/bensinprimus, rødspritbrenner (stormkjøken), gassprimus eller bål. Dei to sistnemnde er å foretrekke. Gode soveposer, skikkeleg liggjeunderlag og gode kle (for meg vil det sei mykje ullkle) sørger for at du held varmen. Dersom du skal ligge ute i april og mai bør du ha soverposer som er rekna som 3sesongssoveposer og ikkje sommerposer. Ikkje kjøp fleecepose eller tøypose. Ettersom du har tre små så bør du vurdera barne eller juniorposer, desse er mindre og derfor ofte rimelegare. Dersom eit lite barn skal ligge i vaksenposer så er det veldig mykje volum å varme opp for ein liten kropp. Dersom du går for vaksenpose til dei så kan du snøre att halve posen eller brette den under beina på dei. Dei fleste vaksenposer kjem med temperaturskala for kva som er rekna som minimumstemp for bruk, typisk skrive som Tlim=-2. Helsport har ein outlet der dei sel ein del gode posar billeg: http://www.helsport.no/outlet/soveposer Mammut/Ajungilak er gode poser, isbjørn.no er gode poser, for å nemne nokon. Søk på sovepose barn på forumet her og du vil få masse info om ok poser.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.