-
Innlegg
1 017 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
7
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av josteink
-
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nytt-friluftslivsprosjekt/id2620313/ Litt meir pengar til barn og unge med fokus på aktivisering i ferietid: Blant annet er friluftsskoler i regi av Friluftsrådenes Landsforbund og Den Norske Turistforening, der det tilbys friluftslivsaktiviteter for barn og unge i skolens ferier, et aktuelt tiltak. Friluftsskolene ble utviklet for noen år siden, og har blitt veldig populære. Tommel opp dette, no må vi berre ta vare på område for friluftsliv òg.
-
- 3
-
-
Ja men du vil kjenne at det manglar litt tyngde når du skal kaste lette sluker. Som @Erlend Gudvangen Bjørkeng skriv så ville eg vurdert ei lettare stang. Kanskje slukvekt ca 4-12 gram og snøre i tjukkelse ca 0,20 monofilament. Då er det litt kjekkare å få fisk på 250 gr +/-. Ligg mykje ok utstyr til salgs på finn.no.
-
Ein lun smak av fiskeolje gjer seg i risengrynsgrauten
- 185 svar
-
- 1
-
-
Skalljakke og bukse utan fòr, og ikkje lettvektsvarianten. Dersom det er ein del uteleik involvert så er det greit å ha kle som toler kryping på bakke og aking på skare med meir, eg har ein del tyngre goretexkle som blir brukt mykje til slikt. Fyll på med ull (eller anna isolasjon) under og du har noko du kan bruke året rundt. Til tørre dagar er det supert å ha ei god turbukse som fjellreven vidda eller liknande.
- 19 svar
-
- 1
-
-
Mesteparten av tida brukar ein der ein bur, då er det godt å kunne ta formiddagskaffen i ein liten bekkedal 15 min frå huset.
- 4 598 svar
-
- 5
-
-
Folkeaksjonen for NRK P1s friluftsmagasinet.
josteink svarte på Siggy Stardust sitt emne i Bøker - media - foredrag
Det starta ikkje før kl 8, så ein rekk å få med seg BBC World Service frå kl 6 og Museum kl 0730 Den nye erstatninga Opptur startar kl 07. -
Folkeaksjonen for NRK P1s friluftsmagasinet.
josteink svarte på Siggy Stardust sitt emne i Bøker - media - foredrag
Laurdag og sundag morgon så har eg nytta vetoretten min og høyrer på P1 istadenfor radiosuper (ein sterkt truga vetorett vel å merka). Men det er relativt roleg og fredelege morgonar i husstanden, sjølv om dei startar i 6-7-tida i helga. Så dagens beste kaffikopp og friluftsmagasinet/naturens verden gjer ein god start -
Folkeaksjonen for NRK P1s friluftsmagasinet.
josteink svarte på Siggy Stardust sitt emne i Bøker - media - foredrag
Visst du vil kome deg opp tidleg om morgonen i helga, prøv med små barn, tilnærma 100 % dokumentert verknad..... Mvh Oppe- i-god-tid-til-morgonradio-kvar-helg- 26 svar
-
- 1
-
-
- 2 svar
-
- 9
-
-
Har ein dunpose som eg ikkje er nøgd med. Den har komforttemp på 7+ og er derfor ikkje varm nok for norsk sommar, og eg har frose mykje i den. Den er i tillegg "tung" til å vera så lite varm, 750 gr. Derfor vil eg ha ny pose, men ettersom eg har symaskin og overdrevet stor tru på egne ferdigheter så kanskje eg berre skal kjøpe meir dun og oppgradera posen? I tillegg har eg sett på quilt, pga mindre vekt og volum. Så derfor var målet å sy ein quilt ut av soveposen. Kjøpte derfor 350 gr 850dun som skal erstatte 270 gr 650dun. Quilten blir ca 130 cm brei oppe, 100 cm nede og ca 180 cm lang (dvs til nasetippen). Syr igjen nederste 50 cm til fotboks. Å sette saksa i ein dunpose er interessant oppleving. For å hindre dunragnarok så er det om å gjera å ha kontroll. Eg sydd saum ned langs kanten før eg klypte opp posen slik at duna ikkje føyk rundtomkring. Hadde nylonstrømpe eller tynn ullsokk framfor støvsugerrøyr for å hindre totalt dunragnarok. Fungerar utmerka. Under er nokre bilete, er no halveis i å tøme posen for dun. Duna eg tek ut skal inn i ein billegdunjakke som eg då kan bruke som skrotjakke utan å vera redd for glør eller kvister.
- 2 svar
-
- 4
-
-
Hei, siden vi er inne i ein avfallsdiskusjon. Var ein liten tur i varmen oppå haugen bakom bustaden vår. Her låg det ein gapahuk nedblåst på kanten av ryggen, snart klar til å bli blåst ned i krattskogen og sakte men sikkert verta nedbroten til ..... tja. Denne stod på grasletta 5 m bak i bilete for ein månad siden. Då var den vindskeiv og skakk og eg, som den teltnerden eg er som ikkje klarar sjå eit slikt oppsett tok å plugga den skikkeleg ned og retta den opp. Siden den gong har det vore eit par stormar og den har no blåst ned. Denne er openbart utan eigar. Det er ingen underlag eller sekk eller anna som ligg i eller rundt den. Den er av typen Backpacker mellom anna solgt på xxl til 399,-. Nokon har altså gått 30 min og 350 høgdemeter for å sitje på eit fint utsiktpunkt og så berre la den stå (evt berre la den stå som søppel). Frista til å ta den med heim men ettersom eg kjem frå eit møblert heim så vil eg jo ikkje ta noko som faktisk nokon eig. Det kan jo vera det er ei forvirra sjel som vil ha ein fast ettroms med utsikt her oppe men som av grunnar eg ikkje kjenner til aldri har komen attende. No ligg den samanrulla i eit tre. Om ein månad eller noko så går eg attende og ser om den er der. I så fall vert den med meg heim trur eg. Poenget mitt er at dette gjer du ikkje med ein hilleberg tarp til 1750,-. Er utstyr for billeg.....
-
Og søpla - den sorterer vi selvfølgelig - ikke!
josteink svarte på Tom42 sitt emne i Generelt om friluftsliv
Prinsippet er, i rekkefølge mest mest til minst miljøvennleg, at: 1) Hindre at det vert produsert noko som ikkje kan gjennvinnast eller gjennbrukast, dvs produksjon av avfall 2) Gjennbruk 3) Materialgjennvinning 4) Energiutnytting 5) forsvarlig handtering av restavfallet som ikkje fell inn under nokon av dei andre punkta. Forbrenning av plast poser etter 1 gangs bruk er ikkje miljøvennleg fordi det er forbruk av ikkje-fornybare material (=olje), det vert ikkje brukt på nytt og det vert ikkje nytta til resirkulering. At den er meir miljøvennleg enn papirpose (forutsett at den ikkje hamnar i naturen, noko 60 tonn i noreg gjer kvart år) er irrelevant her siden målet må vera minst mogleg avfall til forbrenning og mest mogleg gjennbruk, uavhengig av om det er papirpose eller plastpose. Lenker til rapporter og liknande om plastpose vs papirpose. Samandraget er at plastposer er betre på det meste forutsatt at det ikkje går ut i naturen. https://www.faktisk.no/faktasjekker/rjx/papirposer-er-bedre-for-miljoet-enn-plastposer https://forskning.no/forurensning-miljo-forbruk/bomullspose-eller-plastpose-hvilken-skal-jeg-velge/278907 https://naturvernforbundet.no/plast/plastpose-papirpose-eller-barenett-hva-er-mest-miljovennlig-article38544-3932.html- 16 svar
-
- 2
-
-
Og søpla - den sorterer vi selvfølgelig - ikke!
josteink svarte på Tom42 sitt emne i Generelt om friluftsliv
I norge er vi vokst opp med panting av flasker og bokser, noko som har resultert i ei mengde colasmokker og sjokolade for landets unge og håpefulle. Dette er imidlertid heilt unikt i verden for øvrig at flasker og bokser vert systematisk gjenvunne på den måten. Ein del land har gjenvinningsstasjoner men i norge er vi på verdenstoppen når det gjeld gjenvinning på den måten. -
Så oppsummert så er 75 mm like gode som bc sko til barmark egentlig. Som gjer at eg kan slite på skoa eg har evt kjøpe meg eit lettare par.
-
Ein del av skiturane mine er start på barmark og gå nokre 100 høgde meter før eg kan ta på skia. No har eg med eit par fjellsko + skisko. Men er det nokon som har erfaring med skisko til fjellski som er ok å gå med på barmark? Tenkte i retning av typen med BCbinding som Alfa quest?
-
Hei, har ein ein dunsovepose i same vektklasse. Denne held til eit par minus men er ikkje ein vintersovepose. Slik eg les spesifikasjonane for summit 800 vil eg ikkje sei at det er ein vintersovepose, ettersom -5 komforttemp neppe held lenge i vinterfjellet. MEN det er veldig stor forskjell frå person til person, så du må berre prøve dette ut ei natt med nokre minusgrader. Er nokre ting du kan gjer for å få posen til å tole litt meir mellom anna ta eit fleecepleddet og sy deg ein innerpose i tilfelle du frys, eller bruk jervenduken. Det er berre å kome seg ut og prøve
-
Video: Dagstur med kajakk - Rundt Misje fra Steinseide
josteink svarte på Marius Engelsen sitt emne i Turrapporter
Fine bilete. Min største utfordring med gopro og kajakkpadling på sjø er at det alltid kjem salt og vatn på linsa som gjer dårleg bilete, må torkast veldig ofte.- 16 svar
-
- 1
-
-
Som Ørud og Tubbs har sagt. Spesial kopar og raud og blank og raudt. Innsveivingshastighet og størrelse kan vera viktigare enn sluk. Ha eit fåtal slukar i slukboksen din i ulike størrelse istadenfor 100 ulike. I min boks har eg spesial kopar/raudt, møresild 6 gr og mepps oransje og svart, og det er det. Det viktigaste er at du fiskar mykje. Dersom du skal avansera ut frå dette ville eg gått for ein dupp med eit lite utvalg fluer, dette er veldig effektivt men er litt meir styr å fiske med. Eg brukar ein intermediat (sakte synkande) blank bomber dupp, fungerar på alt både i sjø og ferskvatn.
- 4 svar
-
- 1
-
-
Sorelsko med kunstfiberinnersko er ikkje særleg varm og blir mykje kondens er vår erfaring. Vi vurderar å tove innersko i ull. Mogleg vi kjøpte feil modell. I år går vi for anna type sko med god plass til tjukke labber.
-
Flott bevegelse i bilete!
-
Reinheim/Snøheta på ski i denne helg (27-28 okt)?
josteink svarte på tcarlyle sitt emne i Fjellvandring
Gangtid på barmark er ca 3-3,5 t kongsvoll-reinheim. Sjekk webkamera for snøtilhøve: https://no.webcams.travel/webcam/1308217835-Været-E6-Grønbakken-(Ved-Hjerkinn)-Kongsvoll Dette er vel det vi kallar ein gamle-fjellski-tur, dvs du kjem til å skrape i geologien her siden det nok ikkje er mykje snø. Eg er villig til å satse kroner på at det ikkje er snøscooterspor eller at det er sett ut stikker, men terrenget her er greit å orientera i men du må ha med kart og kompass. Følg elva og pass deg for moskus- 1 svar
-
- 1
-
-
Kor er kaffikjelen? God kokekaffe og kaffikopp ville eg tatt med.
-
Behov Trengte ein sekk til overnattingstur dvs ca 45-50 l som kunne rullast saman og fekk plass i kajakk og i sykkelveske. Dvs inga ramme. korleis Tok ein gamal og lite brukt 56 l sekk, klypte den opp og putta ryggplate i skumgummi, sele og hoftebelte til side. Fann noko silnylon og sydde til ein boks på 20x30x60 cm med nettinglommer + rulletopp. Inspirasjon var litt zpacks, mytrail og hmg. Sydde dette på ryggstykke frå gamal sekk og sette på skulderreimer. Lagde ein masse hol i hoftebelte, tok av stoff her og erstatta med silnylon. Brukte alt av reimer og spenner frå den gamle sekken. Kjøpte kun netting og 2 spenner. Resultat voila så har eg fått meg ein ny og lett ryggsekk på 600 gr som er ca 50-55 l, til ein veldig billeg penge. Bilete viser saman med osprey 58 l. Har prøvd 1 t med 7 kg i og den er god på ryggen, sit stabilt og fast. Overaskande lett når dei vanskelege delane, rygg, skulderreimer og hoftebelte, kunne gjenbrukast. Redesign av friluftsutstyr. No rotar eg i boden for å finne andre ting eg kan sette saksa i :-).
- 3 svar
-
- 9
-