Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 017
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Spennande, har byrja å sjå litt på ein slk eg og. - kor mykje bølger tåler ein slik? - kan ein sitje på huk, td for å kaste litt med fluestanga? - er den ustyrleg med lite last?
  2. Strengt tatt Haukeliseter - Lysebotn eller Sirdal, buss/båt ut til Stavanger. Terrenget frå Sirdal/Lyse til Stavanger er ikkje så veldig spennande.
  3. Hei, krysse vidda som i FInse-Haukeli? Er god kommunikasjon mellom haugesund/STavanger til Odda og Haukeligrend, haukeliekspressen. Ta bussen til Odda, derifrå går det buss til Eidfjord og over Rv7 til Haugastøl. 15 min togtur til Finse. Gå til Haukeligrend, buss til Haugesund eller Aksdal, flaggrute eller kystbuss til Stavanger. Evt hopp av bussen i Kinsarvik og gå opp på vidda her, følg vestvidda sørover og til Haukeligrend, ein veldig fin tur og mindre folk, evt gå motsett så slepp dåke 700 m stigning frå Kinsarvik og opp. Evt ta buss til Haukeliseter og gå til Stavanger. Og som det er sagt, vidda er lettgått, ikkje ambisiøst i heile tatt.
  4. Hei, fleire av toppane rundt Hurrungane er flotte topper som ein kan gå på utan tau. Kanskje den finaste toppen her er Store AUstbotntind, og den er fin å gå på utan tau, dog litt luftig. Er egentlig rekna som lett klatring men ved lite snø er denne ein grei klyvetopp. Har dåke bil, det er dårleg med rutebuss til turtagrø meg bekjent, går buss til Årdal og sogndal frå bergen. Ta evt kontak med turistinfo her http://www.norway.com/directories/d_company.asp?lang=47&id=17051 Er mogleg å ta taxi frå Årdal og opp. For andre toppar i området, sjå: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1497 https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=144 http://www.westcoastpeaks.com/Norway/sognogfjordane.html Er skrive masse masse om dei ulike toppane påwww då dette er eit svært mykje besøkt område. Søk på dette forumet etter dei ulike toppane eller generelt, så vil dke få masse info om dei ulike stadane.
  5. Hei, liggeunderlag blir alltid pakka utenpå sekken, vil a det tilgjengelig. Desverre er det blitt litt in hos enkelte produsenter å laga backpackersekker blotta for praktiske detaljer, som festereimer p¨å siden og under, i tillegg til nettinglommer. Teltet stapper eg inn i sekken til slutt etter at eg har pakka ferdig sekken. Opner nedre luka, og stapper det inn, på denne måten får eg fylt opp ein del av tomromma som vert nede i sekken under pakking. I tillegg er det lett å få tak i ved utpakking.
  6. Usikker på kva det her vert sikta til men når FM skal ut på befaring så er det stort sett til fots med sekk og notatbok. Ha aldri sett eller høyrd at FM har nytta helikopter til denne typen aktivitet.
  7. Sjekk litt i denne tråden her: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=17154&postdays=0&postorder=asc&start=25
  8. Hei, er nokre områder rundt Stavanger som er verdt å prøve seg. I stavanger er det STokkavatnet og Hålandsvatnet, søk på desse på google.no og du får det du treng av tips. Ellers er det Frøylandsvatnet ved Hommersåk, delvis fritt fiske. Sandnes kommune har laga eit lite hefte om fiske i kommunen, søk på sidene deira, meget nyttig lite hfte. Kan ellers nevna tengesdalsvatnet og Skjelbreidvatnet, tatt fin fiske i sistnevnte, mykje fiskarar men og ein del fisk. Fisk vatna rundt Dalsnuten, mest smått. Lengre turar: eit hav av vatn i Frafjordheiane, Hunnedalsområdet, Bjerkreimsheiane og lenger inn til Sirdalen. Med unntak av sistnevnte er det under 1 t køyring. Frafjord: nordsida, fisk i dei fleste vatna her men varierande kvalitet. Fin fisk i Holmavatnet. Fiskekort fåes kjøpt nede ved vegen, trur det er lov å fiske i dei fleste her. Månadalen, fisk i dei to vatna, størst i det øverste. mykej småfisk lenger nede. Hunnedalen: Mange vatn på nordsida av vegen, nesten alle er fisketomme. Fisk i Djupavatnet og Hunnevatnet. Lenger inne er det fisk i valevatnet. Fisk i bekken opp til blåfjellenden, ikkje noko i vatnat rundt her. Ellers fisk i rundavatnet ved Langavatnhytta, nydeleg elv og dal nedover til inntaket (dvs plutseleg forsvinn leva inn i eit hol i fjellet..), og i magasina rund vegen over til Lysebotn. Sørsida, P ved Øvstabø, gå sti sørover, den som leter finner . Ein del tomme vatn mot NA (antatt alle, har ikkje prøvd alle...). Fin fisk i Maudal, Myravatn og dalføre innover. Tips: søk på Maudal i www Bjerkreim: bra med bekkerøye i dei fleste vatn, td området rundt Jensavatn, ein del småfisk. NB høgareliggande vatn verkar fisketomme. Javel, her har du litt å gå på, anbefaler også ei helg i Hjelmelandsfjella og omegn.
  9. For meir info mht fersknigne sin tråd: http://www.bergensentrum.no/index.php?valg=nyhet&nyhet=86
  10. Eit område som har status som nasjonalpark bør vera verna mot all form for motorisert ferdsle, dette gjeld ikkje minst ferdsel som ikkje er viktig for nasjonale interesser imotsetning til forskning på villrein. Her bør det ikkje vera rom for noko form for disp, noko og loverk og praksis pr i dag ikkje gjer. her er det ikkje saksbehandlaren sine subjektive oppfatningar som ligg til grunn men ei konsekvent handheving av lovverk. Er ein 2 min basehoppersekvens frå ein nasjonalpark egna til å få folk ut av stolen og i meir aktivitet?? Kanskje, men meir egna enn f.eks ein filmsnutt frå nebbet eller trollstigen, nei. Eg applauderer alle aktiviteter som får folk ut i friluft. Veko på Voss er eit godt eksempel på dette, masse sendetid og masse gode innslag, utenfor nasjonalparkar. Å starte ein praksis der ein gjer dispensasjon til motorisert ferdsel i verna områder basert på at dette har god reklame effekt eller har andre postive effekter skapar ein uheldig presedens der ein opnar for motorisert ferdsel dersom ein kan grunngje at tiltaket har ein positiv effekt, og ein ser vekk frå formålet med å faktisk ha eit verna område. Ein må sjå på kva som er formålet med å ha eit verna område, nemleg ta vare på kvalitetane til dette området og helikoptertrafikk er ikkje ein slik kvalitet. I Noreg har ein mange mange områder der ein kan gje denne typen tillatelse til heliaktivitet utanfor verna områder, dersom det på død og liv er nødvendig. Mvh Anatomisk-sekk-og-ingen-nikkers-Jostein
  11. hepp, hepp, same ståa her. Vonde kne og måtte gå over frå telemark til rando i vinter. Desverre, ettersom tele er usannsynlig morosamt. Overgangen til rando var uproblematisk, har aldri stått alpint før, men det var ganske lett egentlig, bare å lena seg frå side til side, og etterlitt så hoppar ein litt hit og dit og kjem meg ned på eit vis. Nedkjøring på rando er mykje mindre belastande på kne enn på telemark, men dog ein belastning som sagt tidligere. eg har imidlertid ikkje hatt problem etter å ha konvertert. På opptur er belastning den same synes eg. Trening er jo det viktigaste her, god grunntrening førebyggjer det meste.
  12. Heilt enig med Kjell over. Dersom du vil være litt sprø så kan du slenge på ei atomsild i raudt og svart.
  13. Innom XXL i dag, hadde nokre meget gode vekestilbod, m.a. Guideline pustende vadere til 499,-, har gode erfaringar med Guideline frå før så eg kjøpte eit par. Hadde i tillegg abu fluestang 5/6 med snøre og snelle til 499,-- Vifta litt med stanga i butikken og det var ganske bra, kjøpte 1 eks.
  14. Min norrøna softshelljakke er eit fantastisk plagg og eg brukar denne mykje, men den lekk som ein sil eller som ein bomullsanorakk om du vil. Held like lenge tett som min norrøna bomullsanorakk før det sig igjennom.
  15. Ok, kva type, vismut?
  16. Tidligere har BMW blitt nekta å fly ein bil opp på Trolltunga over Tyssedal i eit PR stunt, norsk film har blitt nekta å fly kamera opp på Buerbreen (trur det var denne), arrangørene i sandvolleyball VM Stavanger har ikkje fått lov til å fly 60 heliturer opp til Prekestolen med sand (!) etc etc. For kvart av desse tilfella har det vore eit rop om at det er norsgesreklame verdt xxxxxxxx NOK og derfor burde det vore gitt tillatelse, summen peng er altså grunngjeving for å få fly hit og dit. Stort sett over alt i heile verden kan du fly inn med heli og plassera shampoflasker og bilar, evt laga kule shoots med skikøyring dersom du betaler nok. Trur det er adskillig betre norgesreklame at det faktisk finnes områder der ein ikkje har slike ting, at områda faktisk er verna områder også mot denne typen ferdsle. Og som det er sagt, det finnes bra mange fine lokalitetar utanom verneområder, bla trollstigen og Nebbet i Nærøydalen. Heia Norge!!
  17. Hei, kva type haglskot bør ein nytta til sjøfugljakt, nokon som har nokre erfaringar her?
  18. Såg bjørnen på 400 m og 1 km, og kasta stein på dei, litt av ein kastearm... Kan det vera at dei blanda litt sjølvplukka sopp i turmaten sin
  19. Til laks: møresild. Evt kondomspinner, som er vanskeleg å få tak i i norge men som funker som fy. Til aure i småtjødner: pantermartin spinnere og droppenspinnere, bruker mykje kobber og raud. Spesial skjesluk og lill auren, kobber. Bomber og flue, meget bra kombo, bruker den overalt, også i sjø.
  20. Eit meget godt poeng som ein bør ha i mente når folk anbefalar sine favorittsluker/fluer
  21. Kunne ikkje vera meir uenig Har fiska mykje på vidda, og vi har vore fleire stk med ulikt utstyr, kobber er den fargen som klart fanger mest fisk uansett på døgnet faktisk. Fiskar mest på vestvidda. Er ellers heilt enig i at sølv og blått/raud er meget bra for fjellvatn andre stader, det funkerar bra i Rondane og på Dovre.
  22. Skal du fiske i sjø eller vatn eller elv? Stor elv/liten elv? Sluk, mark eller flue? Sluk funker på alt, på laks så er store spinnere eller skjesluker å foretrekke men avhenger av størrelse på¨fisk og elv. Ok allround sluker er droppenspinnere (10-20 gr) eller møresild (10-40 gr), evt wobblere. Dupp og flue er også meget bra og sterkt undervurdert. For aure, sjå tråd om nybegynner fiske i same tidsrom som denne er posta.
  23. Hei, start på Kongsvoll. gå inn stropplsjødalen, overnatt i enden, topptur til Snøhetta neste dag og ned til Åmotsdalen, overnatting her, heim tur via Harekollen-namnlauskollen-Storkinn-Kaldvelldalen-Salen-Kongsvoll. Siste delen av turen går utenfor sti, høgt og fint med lite og ingen folk, kan vera utfordrande orientering med skodde. Kjem sikkert til å treffe på moskus så hugs sikkerhhetsavstand på minst 200 m.
  24. Nja, eg likar lette sluker,dvs 6-7 gr. Ville satsa på nokre 6 gr, og nokre 10-12 gr. Er egentlig utruleg kor liten fisk som kan bita på ei 10 gr møresild... Dersom du ikkje har kasteteknikken inne vil nok 10 gr sluker vera kjekkare å kasta med.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.