Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 019
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. josteink

    Fluebinding

    Her er 3 ekle men veldig effektive fluer. 2 varianter av red tag, 1 tørr med hackel ove heile krokstammen og ei våt, i tillegg til ei lita svart floga som eg får masse fisk på, og som er uberenkel å binde, bind den stort sett i str 16. Brukar sistnemnde ofte som endefloga når eg fiskar med opphenger (og det gjer eg ein del). I tillegg er eg veldig for å gjera ting enkelt, for som fjellfiskar (og småfiskar) er det ofte det beste.
  2. josteink

    Fluebinding

    Hei, eg bruka youtube mykje, her er det veldig mykje bra.
  3. Berre å koma seg ut på tur, verste som kan skje er at dåke frys litt Har du varm sovepose og tjukt underlag (som bamse ekstrem evt ha eit billegunderlag under der igjen) så er det ingenting å uroa seg over.
  4. Kva felle? Å kalle folk svindlere har lite med kritikk av vitenskapeleg prosess å gjera.
  5. Harold Lewis er atomfysiker og har ALDRI forska eller publisert noko rundt klima, og reduserar med sitt brev mange fagfelt med svært dyktige forskarar til pseudovitenskap og svindlere. At han ønsker debatt rundt temaet er ein ting, men når han går ut og avfeier alt som svindel, er det direkte usakleg. Då er det kanskje på tide å pensjonera seg.
  6. Hei, bruker jakke og bukse frå Ålesund oljeklede. Desse er heilt tette, men med luftemuligheter. I tillegg er det tynn fleece på innsida som gjer at dei ikkje vert klamme som vanleg oljehyre vert. Men etter 8 t på rypejakt så er det fuktig på innsida.
  7. Godt innenfor naturlig variasjon? Må få påpeika at det er snakk om landsenking og ikkje heving, og at dette er allereie tatt med i tidlegare berekningar, men at det no er foretatt korreksjonar i høve til tidlegare studiar. Det neste vert nok enda ein korreksjon fordi ein ved hjelp av ny kunnskap kan utvikla metodar som gjer at ein kan foreta enda meir presise målingar. Dette er ikkje ein svakhet men ein styrke
  8. Mitt Rondane 3 veg 2,8 kg totalt. Kjøkenvekta er kalibrert med 2 kg mjøl.
  9. Desverre så seier reportasjen lite om kvifor han har tapt tidlegare i 3 rettsinstanser, skulle vore interessant å sett grunngjevinga for desse. Eg meiner at sporlaus ferdsel bør vera eit klart prinsipp for alle , uavhengig om dei er der 2 dagar eller 3 veker.
  10. Bra innlegg Borgern. Kan tilføye at på grønland så skal visst det bli jakta sel med 22. Har mi innskoten på 65 m, i tillegg skyt eg med den innstillinga på 40, 50, 70, 80 og 100 m, for å kunne anslå kor mykje over/under eg skal legga siktepunktet.
  11. Fungerer meget bra opp til stokkand-lirype. Har aldri prøvd på større fugl/dyr og har ingenplaner om det. Jakt skal vera rask død, ikkje unødvendig liding. Jakt med 22. på ryper er skikkelig jakt, skadeskyting er lik 0 (for min del) og krever ein god del av jegeren, først finne fuglen og så klare snike seg innpå.
  12. Ski eller til fots?
  13. Hei, for område som ligg i vaksdal kommune : http://www.osterfjord.net/article/archive/91/ INgen problem å gå til kvamskogen på ei helg. Alternativt kan du gå sørover og ned i vaksdal. Mange fine fiskevatn på vegen.
  14. Hei, kjenner ikkje til områda det er snakk om men kan sei at for område verna i medhald av naturvernlova så er det utarbeida forskrifter for dei enkelte områda som regulerar forvaltninga. Spør kommunen etter forskrift/forvaltningsplan for området, her vil det vera presisert kva som er lov/ikkje lov.
  15. For å konkretisera, lov å bera våpen i hht lovverk, bør imidlertid ikkje ha med våpen dersom beskyttelse mot bjørn er bakgrunn pga liten/ingen sjanse for bjørneangrep og finnes andre løysingar for jaging/skremming. Oppfordrar ikkje folk i område med bjørn til å vasse rundt med børse.
  16. I svar til trådstarter så vert det hevda at sommer ikkje er jakttid og at ein treng polititillatelse for å bera våpen, mitt svar var ei utgreiing om dette, eg prøvde å gje eit oppklarande svar på dette. Beklager så UTRULEG mykje at eg tok meg bryet med å henvise til konkrete lover og forskrifter for å oppklare dette. Må vera lov til å stilla spørsmål på forumet her sjølv om ein har tatt jegerprøven.... utan å indirekte bli kalla idiot. Og dersom du hadde lest heile innlegget så ville du og sjå at eg gjer konkrete råd om alternativ til våpen.
  17. Her var det mange rare (og sure) svar. Det er fleire artar som kan jaktast heile året (og frå seinsommaren og ut), og det vil sei at sommaren og er jakttid. Sjekk: http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20070201-0112.html#2 Du treng IKKJE ha tillatelse frå polititet ut over det du har fått når du kjøpte våpen og føl våpenlova, for å bære våpen til jakt. I tillegg treng du tillatelse frå grunneigar og evt jaktkort for å jakte. Vil ellers anbefale www.kammeret.no for jaktspørsmål. Om du treng våpen i bjørneterreng i noreg veit eg for lite om, vil imidlertid anbefala signalpenn med nødbluss og knallskot, kan kjøpast på dei fleste frilufts og våpenbutikkar. Litt lettare å bera med seg enn eit stort våpen. Lars Monsen har skrive litt om å ferdast i bjørneterreng.
  18. Har rondane 3, brukar det vinterstid. Meir enn solid nok, stengene er mjuke, som betyr at dei tåler masse vind. Problemet har avogtil vore at taket vert flatt ved stramming av pluggfester på side av teltet, dei som ligg midt på innerteltet, og dette gjer at snøen legg seg på taket og ikkje fell ned. Er og litt flatt bak som gjer at snøen kan legga seg oppover teltet bak.
  19. Bergsheimen? I Bergsdalsfjella er det lite snø ned mot vegen, flott skiføre lenger inne. Gjekk Bergsdalstraverrrsen for ei veka siden, flott og mykje snø, litt overvatn på enkelte vatn
  20. Trolltunga, ruteskildring: http://ut.no/hytte/reinaskor Her er det ikkje trong for å bera med seg vatn til hunde eller folk.
  21. Ein oppvisning i idioti, både fordi dei ikkje veit kva dei skyt på og at dei skyt på dyr i full firsprang.
  22. Bruk søkefunksjonen! Byrjinga av juni, då kan du ta med ski og isbor på heile vidda, nordmarka er eit betre alternativ då. Sjølv i byrjinga av juli vil det vera is på det meste av vatna. Fiske i elv i lettgått terreng, austvidda, sats på august.
  23. Dere byfolk...!??!?! Vi som bur på landet meiner og at fjellheimen skal vera ein stad der motorisert ferdsel skal vera strengt regulert, og personleg at den skal vera fråverande. Dette er ikkje eit by-land spørsmål! Og det er stor forskjell på fritidskjøring, nyttekjøring og naustilfelle (e.g. ditt siste avsnitt).
  24. Hei, int å høyre om erfaringane dine, tungt terreng å gå i med pulk. Var i Bergsdalen i helga med pulk og det var fryktelig råten snø til å vera slutten av mars. Gjekk du ned i skaret frå høgaste punktet eller drog du ned mot samnanger?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.