Gå til innhold
  • Bli medlem

Ragnar

Passivt medlem
  • Innlegg

    1 384
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Ragnar

  1. Det er veldig lett å ta seg ut på Trolltunga, definitivt ingen klatring! Sjølve steinen heller litt oppover og det er ganske "luftig" ytterst. Anbefales!
  2. Banen opp til Mågelitoppen er vedlikeholdt og iorden, men trur ikkje det er regulær drift for tida? Ifjor var det iallefall bare hyttefolket som sjølv kjørte den nokre få turar i helgene, så tviler på om den går særleg ofte. Det er forøvrig mogleg å gå stien opp, eventuelt bruke trappa på siden av banen. (Det er blitt oppretta eit fond som i framtida skal sikre driften av banen: http://www.odda.kommune.no/modules/module_123/proxy.asp?I=15286&C=142&D=2) Fram til Trolltunga er det fint både å gå via Mågelitoppen eller den andre vegen via Mosdalbu. Frå Mosdalsbu til Reinaskor/Trolltunga er det ikkje merka sti. Vidare innover er eg ikkje så godt kjent, men eit forslag er å gå vidare mot Tyssevassbu Sjekk turplanleggeren til DNT med oversiktskart: http://www.turistforeningen.no/turplanlegger/cabin.php?x=8&y=12&v=4&ca_id=149 Når det gjeld fiskekort for området rundt Odda, så kan dette kjøpast her: "Turistkontora i Odda og Røldal, hos Vikne sport i Odda sentrum, LL Reiseæter og på Odda Camping." http://www.visitodda.com/newsread/news.asp?WCE=dokument&D=6&N=5034&L=1 Skal du lenger inn på Hardangervidda, så må du ha andre typer kort. Sjekk desse sidene: http://www.hardangervidda-fjellstyra.no/ http://www.inatur.no/?url=/o2/InfoPage-InfoPageViewer/view?infoPageId=142949
  3. Viss eg ikkje hugsar feil, så har dette samband med ein avtale med grunneigaren om stien inn til Månafossen og Mån. Eg trur avtalen er/var at stien skal gå på austsida og ikkje opp på vestsida. Visste ikkje at den brua var sperra, men reknar med det er grunnlaget (altså unngå trafikk på vestsida av fossen). Den brukes sikkert som du seier til å frakte over sau. Området er forøvrig nett blitt verna (landskapsverneområde), og eg reknar med at det hadde blitt reagert om brua ikkje var lovleg. Likevel er det jo veldig merkeleg, ser heller ikkje det store poenget i å sperre brua. Både med tanke på parkeringsplasser og sjølve stien oppover, så trur eg ikkje det hadde blitt eit "problem" at folk tok den gamle stien om brua vart opna. Forøvrig den einaste brua eg har sett låst, var i Einunnadalen ved Folldal. Her var det nok for å unngå snøscootertrafikk og sperringa var ikkje høgare enn ca 1m, så til fots er det mogleg å passere
  4. Høgemålaren er av barometrisk type og den kan kalibrerast manuelt f.eks. i forhold til høgde på kart/kjent punkt. Det er også eit val om automatisk kalibrering ved å bruke GPS-høgde. Det elektroniske kompasset kan fint nyttast til navigering under dårlege satelitt forhold, men må då haldast horisontalt for å få korrekt rettning. Det trengs kalibrering ein gong innimellom. Det kan stilles inn at kompasset slår inn under ein viss fart (f.eks. 2km/t), men at GPS nyttes ved høgare fart. Sjølv nyttar eg det elektroniske kompasset svært sjeldan (det bruker også ein god del batterikapasitet) Eg har stort sett nytta 60CS, medan den nye 60CSx har bedre gps brikker (Sirf) og plass for minnekort. Forutan dette er dei ganske like.
  5. Gjekk over Grønland no i Mai. Vil absolutt anbefale å enten gå i mai månad eller vente til august/september. Det kan vera veldig mykje vann på vestsida sommarstid, men dette var ikkje noko problem då vi gjekk i mai. Forsikringsselskapet (Kaliaat forsikring, underforetak av IF) tillater ikkje folk å gå i brefallet på vestsida i juli etter det eg veit, dvs at du må vera framme før den tid. Ein norsk ekspedisjon kom seg nesten ikkje avgårde i slutten av juni frå Kangerlussuaq pga dette (threemenwalking.com). Kart/koordinater Når det gjeld koordinater, så treng du eit godt sett med slike. Viktigast er brefallet opp og ned, og då spesielt på vestsida. Når det gjeld plotting så kan dette gjerast enkelt i Google maps/google earth om du vil, f.eks. sjå nettsida vår: AcrossGreenland.com for eit eksempel. Detaljkarta over kysten er greie å ha, men ut over det trengs bare eit oversiktskart. Drivstoff Skal du gå frå austsida før isen har gått opp (dvs april/mai/juni), så må du ta helikopter frå Tasiilaq over til Isortoq, Nagavit eller ein annan stad du vil starte. Dette er koster litt. Ver obs på at Air Greenland ikkje akspeterer drivstoff ombord på ruteflygningar, men dette går bra på charter. Det kan også vera ein ide å bestille drivstoff i septemer året før turen, då Tasiilaq kun har anløp av to forsyningsskip pr år (slutten av juni og i slutten av september/begynnelsen av oktober). I Tasiilaq er det også vanskeleg å få tak i bensinkanner, så evt med slike. Dei fleste foretrekk å bruke Heptan (rensa bensin) på ein slik tur, men parafin er også eit godt alternativ. Dei har også noko dei kaller for "Rense bensin", ein bensin berekna på å rense overflater. Denne nyttes av og til på ekspedisjonar, men fører til meir sot i dysene (bør rensast ofte), så eg anbefaler den ikkje. Frakt Skal du sende ting med skip så er kjem det altså på eit av to skipsanløp. Ellers må ting sendast med fly via Reykjavik eller Kangerlussuaq. Det billigaste alternativet frå Norge (flyfrakt) var å bruke Posten sine CarryOn esker (440kr/10KG). Større ting kan sendast som CarryOn egenembalert (opptil 20KG), ca 1620kr/20KG. CarryOn bruker vanlegvis mellom 14 og 30 dagar til Tasiilaq. Avtal med f.eks. Hotel Nansen/Hotel Angmagsiilak om oppbevaring av pakker mot litt betaling. Reise Flytypen som brukes mellom Reykjavik og Kulusuk er Fokker 50 eller Dash8-100, der Dash8-100 har det største lasterommet. Det kan vera problem å få med seg eventuell overvekt, så prøv gjerne å reservere dette på førehand (vi fekk ikkje reservere). I Juni-August går det fly nesten kvar dag, ellers 2-3 ganger pr veke. Flygningane går frå flyplassen i Reykjavik sentrum, ikkje frå Keflavik der dei fleste andre internasjonale flygningar går frå. Ekspedisjonstillatelse For å gå over isen trengs ein tillatelse frå Dansk Polarcenter. Søknadsfristen er 3mnd før turen startar. Søk gjerne i GOD tid. Husk også på å få med alle papierer inkl forsikringsbeviset, samt kopi av pass. Dette skal fremvisast for det lokale politiet i Tasiilaq. Det er snakk om at Hjemmestyret på Grønland skal overta den funksjonen som Dansk Polarcenter har i forhold til ekspedisjonar, men det er enda ikkje klart når dette skjer. Forsikringsselskapet krev at ein har med Iridium satelitt-telefon og GPS. DPC krev at du har med nødpeilesendar. For å bruke denne på Grønland må ein ha kosesjon frå Tele Greenland (koster 500kr), søknadsfrist 3mnd før turen. Ellers er det beste tipset å berekne god tid i forkant av turen, då det ikkje er uvanleg med dårleg flyvær på austkysten. F.eks. så krev helikopterflygning inn til iskanten kryssing av ein fjord og då må det vera sikt over denne. Rullebanen på Kulusuk er 1000 meter utan asfalt og krev nokonlunde gode forhold med Fokker 50, medan Dash8 kan klare seg i litt dårlegare forhold. Dog hender det ofte at flyplassen er stengt 4-5 dagar i strekk grunna dårleg sikt, den var stengt 7 dagar i veka før vi reiste bort dit. Frå Isortoq til iskanten ved høgde 660 ved Kangerlussuaq var det etter vår beregning ca 560km. Ta gjerne kontakt om du lurer på noko
  6. Det er ingen norske selskap som har roamingavtale med både Telenor og Netcom på samme sim-kort etter det eg kjenner til. Imidlertid kan du bruke eit mobilabonnement/kontantkort frå ein operatør utanfor Norge, då desse somregel har avtale med både Telenor Mobil og Netcom. Telefonen vil då automatisk veksle mellom Telenor Mobil og Netcom (operatøren har ofte satt opp ei prioriteringsliste som bestemmer kva som skal velges først, men det kan også vera noko tilfeldig/basert på signalstyrke). Handover mellom Telenor og Netcom støttes ikkje, dvs samtalen flyttes ikkje mellom nettverka automatisk. Å bruke ein utanlandsk operatør er imidlertid ei dyr løysning, så det beste er nok å ha to sim-kort. Når det er sagt, så skal det vistnok vera mogleg å få ein del mobiltelefonar til å fungere med dobbelt simkort, dvs at du kan velge kva slags nettverk du vil bruke. Sim-korta blir då kutta ut og lagt i eit adapter som puttes inn i telefonen. Likevel vil du då måtte ha eit nr for kvar nettverk, så det hjelper kanskje ikkje særleg. Eventuell vidarekobling kunne ha løyst problemet, men norske operatører støttar ikkje kopiering/vidaresending av sms (samtalar går greit).
  7. Ragnar

    Glittertind

    Det står to sider om ruta i bladet Klatring, nr 57 (2003).Sjølv om det er nokre år sidan, er det kanskje fortsatt litt nyttig info? Her er det også eit bilde av ruta. Eg kan scanne inn sidene å sende desse pr PM om det er interessant (men ikkje før i kveld). Slik står det i Klatring#57: "Lang anmarsj, 4-5timer fra Glitterheim, eller fra bommen i Veodalen direkte over Gråusbreen.(...).Beskrivelsen i "klatrefører for Jotunheimen" stemmer ganske bra. Klatretid 4-6 timer i 350 meter høy vegg der forholdene kan være sterkt varierende. Ruta følger stort sett den markerte pilaren som kommer ned fra høyeste punktet til skaret mot Trollsteineggi. Innsteg på høyre side av pillaren! Cruxet kommer tidlig og er en ganske frist 5-er-taulengde. Resten er, helt riktig "stort sett 3+", med veifinning og rutevalg som de største utfordringene. Med unntak av det første 50 metrene er det stort sett fast og fint fjell. Utstyr deg for skikkelig alpin klatring med stegjern, to isøkser, noen isskruer, snlanker og et lite frirack. Ta hensysn til værmelding og ikke minst lokale klimatiske forhold og kle deg godt. Lukker du i tillegg øynene for alt turistsøppelet på det siste taulengdene og unngår det gule partiene i toppskavelen er det store muligheter for en flott og minneverdig tur. Returen er bare nytelse. Skli ned snøskavelen og tusle turisteien til glitterheim der midddagserveringen garantert for lengst er avsluttet."
  8. Turisthytta på Ritsem har ein liten butikk med med litt daglegvarer, så proviantering bør gå greit der sjølv om utvalet ikkje er så alt for stort. Meiner å hugse at det var ein del typisk provantmat også, slik som suppeposer, frysetørka etc. I Ritsem står det også ein mobilsendar som gjer dekning ut over Akkajaure og denne har sektorar langs med dalføret/innsjøen. (likevel dekning ved Vaisaluokta på motsatt side, ellers er det lite mobildekning i området.)
  9. Det er stor forskjell på Himalaya Multifuel og Omnifuel, sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut ved første augekast. Eg hadde også nokre mindre fordelaktige erfaringar med den gamle versjonen, medan eg knapt nok har sett eit einaste problem på Omnifuel nokon gong. Effektjusteringa er kjempegod. Omnifuel liknar i grunnen på Dragonfly når det gjeld denne klumpen i botn som held på varmen (lett å forvarme), i motsettning til multifuel versjonen (som likna på MSR XGK) med dette røyret over flammen. Rensewireen som låg inne i slangen er tatt vekk og erstatta med ein betre slange, dette var noko av det som skapte problem tidlegare. Forøvrig, den primus-kopien som er i sal, ser ut til å vera ein kopi av Himalaya multifuel, så eg ville vore litt reservert med å kjøpe den siden originalen heller kanskje ikkje er blandt dei beste. Den "ekte" omnifuel er heller ikkje så alt for mange kroner dyrare.
  10. Google earth/maps bruker desimalgrader (eks 65.022424N 38.0353535E). Viss det er snakk om waypoints/tracks, så kan du evt bare skifte om kva slags format som skal vises i Garmin Mapsource, eller evt også stille det om på gps'en. Hadde også ei nettside som koverterte, men finn den ikkje i farten Vær obs på at viss du ikkje konventerer, men bruker grader og desimalminutter som om det var desimalgrader, så blir det ein betydeleg feilmargin (tipper på rundt 20-30km feilplotting)
  11. Vil kanskje ikkje anbefala den nye MSR XGK EX. Hadde den med over Grønland no i mai og vi var ikkje imponert. Ein del ufullstendig forbrenning, høgare drivstoff-forbruk i forhold til Omnifuel og ein lekasje i pumpa som kunne ha blitt stygg. Lekasjen oppdaga vi då vi måtte fikse eit anna problem som gjorde flammen svært ustabil (det var sansynlegvis ein partikkel som pressa rensenåla opp). Har også høyrt om fleire tilfelle av brann med den nye pumpa. Det dreide då seg om ca 10 nye XGK EX der til saman vart lekkasje og brann i 3 pumper i løpet av eit års bruk. Effekten er imidlertid større enn på Dragonfly og Omnifuel, men altså fort gjort å få skumle avgassar (slik at det svir godt i auga). Forøvrig er den veldig solid, men heller ikkje imponert over at den nye pumpa har så mange deler. Den gamle XGK versjonen synes eg i alle fall er mykje meir å stole på enn den nye. Primus Omnifuel har eg nesten bare gode erfaringar med. Den er solid og får sjeldan problem. Kjapp å forvarme og held godt på varmen, veldig god effektregulering og mindre støyande enn MSR Dragonfly. Den nye versjonen av pumpa er også genial, milevis foran pumpene til MSR. Av vedlikehald synes det som om dyserens er det einaste som må til innimellom, og det må ein rekne med på alle brennarar. På heilt nye eksemplar kan det vera lurt å kjøre gjennom litt bensin/parafin for å få rensa ut eventuelt slagg i røyra etter nokre gongers bruk (ta av dysa og kjør gjennom f.eks. 1dl bensin). MSR Dragonfly har eg brukt mykje og kan trygt anbefale denne. Av vedlikehald har eg kun smørt pakningen på pumpa 1 gong og rensa dysa i løpet og dette er i løpet av 3år (og den har vore flittig brukt). Effekten er god, det samme er reguleringa. Enkel å forvarme, minst like god som Omnifuel på det punktet. Støynivået er høgare enn på Primus Omnifuel, men synes i grunnen at det er like greit. Den er også solid bygd og har den fordelen at den har vore på markedet i mange år. Nova har eg mindre erfaring med Drøymebrennaren min ville i grunnen vore sjølve Dragonfly brennaren, Primus Omnifuel si pumpe, men med MSR sin overgang, samt noko lågare støynivå.
  12. Stort sett alle betjente turisthytter i Jotunheimen og Hardangervidda har vanleg 230-voltsanlegg. Ein del er tilkobla høgspentnettet, medan resten har straumaggregat som går det meste av døgnet (nokon stopper vel desse nattestid). Det er kanskje ikkje stikkontakt på alle rom, men lading burde vera uproblematisk. Unntaket eg kjem på er Fanaråken og Torfinnsbu, som vel begge har eit solcelleopplegg og her vil nok lading ikkje bli så lett.
  13. Her på forumet kom eg over: Rondane maraton. Alle ti 2000 meters toppene på under 24 timer https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=5993 (Tråden var feilmerka og kanskje ikkje så lett å finne)
  14. Ifølge telenormobil.no skal det nå vera ein ny base (evt forsterker/repeater?) på Spiterstulen turisthytte: http://dekning.deskmaster.com/cgi-bin/excel_new.cgi?fylke=5 Eigentleg skulle både Leirvassbu og Spiterstulen få eigne basestasjonar allereie i slutten av 2004, men det såg til å ha blitt utsatt (http://dekning.telenormobil.no/pages/1/90.html), men kanskje Leirvassbu også kjem snart... Dekningen er ikkje oppdatert på dekningskartet, sjølv om det noko optimistiske kartet har vist dekning i lang tid der. Det ser også ut til at Telenor Mobil no har fått ein base ved Juvasshytta (NetCom har hatt base der ei god stund). Det skulle bety nesten dekning heile vegen for turistar til Galdhøgpiggen, både frå Juvass og Spiterstulen (80-90% ser ut til å ringe frå toppen). Elles er det også basestasjon på Gjendesheim turisthytte som gjer dekning omtrent inn til Memurubu, i tillegg til det som ellers er av aktuelle basestasjonar langs veien rundt Jotunheimen (Turtagrø,Sognefjellshytta,Bøverdalen, fleire ved Tyin, Eidsbugarden, TV masta opp av Årdal, Bitihorn etc)
  15. Hei Akkurat nå er vi på Tasiilaq på østsida av Grønland. Planen er å gå på ski over innlandisen, en tur på 20-30 dager. Været er idag fantastisk og vi håper på fine dager fremover. Turen starter på tirsdag fra bygda Isortoq. Hvis noen er interessert så legger vi ut oppdateringer om hvordan turen utvikler seg på AcrossGreenland.com Hilsen fra Ragnar og Thomas
  16. Eg veit om mange turkart som har kvisteløypetrasèar innteikna: Turkart Jotnheimen aust og vest Turkart Hardangervidda Turkart Haukelifjell Turkart Sirdalsheiane Turkart Bjerkreimsheiane Turkart Sylane Turkart Rondane sør og nord Cappelens kart: Skarvheimen Turkart Folgefonna har"vanleg rute for vårskiløping" innteikna, men ikkje på sjølve breen. Og det er sikkert langt fleire. Kvifor ein del andre nye turkart då ikkje skulle ha den informasjonen synes eg då blir litt snodig. Å få tak i slik informasjon om nøyaktige kvistetrasèar er ikkje enkelt forutan på slike kart, det eksisterer etter det eg veit ingen oversikt. Ein må då eventuelt få tak i ein som er veldig kjent i området (og det er ofte ikkje så lett) eller dei som vanlegvis kvister rutene personleg (det blir temmeleg tungvindt). Mange ender då opp med å ikkje ha peiling i det heile kor kvisterutene går, inkludert meg sjølv. Vanlegvis er rutene innteikna som rød eller blå prikker og dermed mindre nøyaktig oppteikna enn f.eks. ein sti. På karta er det påpeika at kvisteruta kan endre seg, så ein må ikkje må stole blindt på det. DNTs kvistekart er forsåvidt ok, men er temmeleg unøyaktig innteikna. Oppgitte distansar virkar også i mange tilfelle til å vera ganske unøyaktige.. Eg ser forsåvdit problemet med at nokon kanskje stoler vel blindt på kartet, men det gjeld jo ikkje bare vinterstid. Også sommarstier blir lagt om, nye stier blir merka, andre stier blir nedlagt, turisthytter blir flytta/nedlagt, nye hytter kjem til, nye bruer, ødelagte bruer osv. Det spesielle med kvisteruter er at det kan endra seg ein del frå år til år, sjølv om ofte hovudtrasèen er nokonlunde lik. Kvisterutetrasèar kan vera nyttige sjølv om dei ikkje er kvista. Hender ofte eg følger trasèen tidlegare på vintaren.
  17. Nå er det kanskje ikkje alle som har gått over til GPX formatet enda, vanleg å nytte andre format også (typis gdb for Garminbrukarar). Her er to andre forum med litt sporlogger og punkter: http://gps.no/mbbs2/forums/forum-view.asp?fid=9 http://www.navigate3d.no/mbbs22/category-view.asp Fjellforum vil forøvrig få støtte for sporlogger om ei stund (planen er at det skal vera klart til høsten)
  18. Du kan nok kanskje ta bussrute 10-303 frå Mandal eller Vigeland: http://www.177-agder.no/ruter/t/10-303.aspx Rutekart: http://www.177-agder.no/kart.aspx?kartnummer=7 I følge tabellen er det ikkje så ofte den kjører heilt ut til fyret, men eg trur ikkje det er særleg langt å gå frå Våge
  19. Oversikt over post i butikk og postkontor finn du på posten.no (inkludert adresser): http://www.posten.no/Portal/OmdirigertKartTekstForside.htm (zoom langt inn på aktuell stad, trykk "vis liste" for å sjå adressen) Det er ikkje Post i butikk i Skaidi, men du kan t.d. sende til hotellet eller bensinstasjonen. Maze/Masi har Post i Butikk, den ligg i øvre bebyggelsen. "Poste restante"-pakkar kan bli liggande opptil 14 dagar på posten før dei blir returnert. Skal du lagre noko ut over dette, må du nesten avtale med nokon som bur i det aktuelle området. Forsendelsestida i Norge er i utgangspunktet opptil 5 heile arbeidsdagar, men til ein del stadar bør du rekne minst 6-7 arbeidsdagar.
  20. Har til tider hatt litt problem med surr i bardunane på Helsport Svalbard 3-teltet (spesielt ved rask opp- og nedslaging). Bruker difor innimellom å rulle opp nokre av bardunane og sette ein strikk på desse. Tar littegrann ekstra tid når eg tar ned teltet, men så unngår eg i alle fall å bruke lang tid på å slå det opp. Bruker vanlige gummi-strikker og reknar med at det samme burde fungera på ein lavvo
  21. Bedre kart til planlegginga kan du f.eks. finne her: http://demo.geodata.no/gdwk44/ På sjølve turen må de nesten ha vanlige papirkart (i serien Norge 1:50.000). Slike kart kan kjøpast t.d. hjå Turistforeningen i Stavanger. Denne turrapporten har litt bilder frå området rundt Gaukhei: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=5875
  22. Eg gjekk ned på vestsida etter å ha gått opp søreggen. Eg gjekk imidlertid tilbake i flanken rett sørover, ikkje ned til Urdalsbandet (men eg meiner å ha høyrt at folk har gått ned der også). Det var litt laust, men greit nok å gå ned der. Søreggen er definitivt mykje finare (i alle fall oppover), men det er jo temmeleg luftig til tider. Kart over ruta eg gjekk: http://breogfjellsport.no/files/pictures/upload/rutekart_uranosryggen_juli_2005_550.jpg Bilde oppover av øvre del av vestlia: http://breogfjellsport.no/files/pictures/bildenr2891.jpg Bilde oppover av nedre del av vestlia: http://breogfjellsport.no/files/pictures/bildenr2892.jpg Det står vel også litt om dette i boka: "Norges fjelltopper over 2000 meter".
  23. Har ikkje prøvd denne kopien, men har hatt originalen Primus Himalaya Multifuel for ei tid tilbake. Med rensa bensin fungerte denne brukbart, men kanskje ikkje like godt på parafin. Fekk til slutt ein del problem som eg aldri vart kvitt, då det var tydelegvis noko galt med det eksemplaret eg hadde. Ein venn av meg har denne modellen fortsatt og den fungerer bra som reserveprimus, men det er etter å ha fiksa den fleire gonger. Den hadde også ein tendens til å ikkje bli varm nok, samt å brenne i veldige støt. Den nye modellen som overtok, Primus Omnifuel, er forbedra på dette og mange andre punkt. Anbefaler nok heller å gå for den (koster ca 1200 ny). Ver også obs på at du ikkje kan finjustere effekten på denne modellen, slik du kan på Primus Omnifuel. Det forundrer meg at det lages ein kopi av denne brennaren (med mindre Primus har lisensiert produksjonen)
  24. Eg brukar stort sett met.no sine tekstvarsler, då desse ikkje er automatisk genererte, men skrivd av ein metrolog. Særleg når det gjeld vind er ofte datasimulerte vêrmeldingar dårlege, medan eg ofte synes dei stemmer bra i forhold til skydekke og nedbør. Storm.no har på nokre av sine sider ein advarsel mot å stole på vindvarselet: "MELDING FRA METEOROLOGENE Vindstyrkene er automatisk generert, og reell vind blir ofte sterkere enn vist i tabellen. Konferer tekstvarsel for vindutsatte aktiviteter, eller situasjoner med sterk vind." (t.d.: http://www.storm.no/vgnett/vaer.aspx?utmx=298799&utmy=6699620&meter=10&sted=Bergen) Merkeleg nok var dette fjerna frå tv2.no/storm sine værsider for ei tid tilbake og turistforeningen.no har aldri hatt ein slik tekst. Datagrunnlaget og simuleringen er identisk på desse sidene og det er absurd å ikkje advare mot slikt. Har sett storm.no melde lett bris når det burde ha vore meldt stiv/sterk kuling (noko som tekstvarselet gjorde) Met.no sine nettsider fungerer også bra på mobilen. Bare å laste ned sida http://met.no/norge_tekstvarsel/ i mobilens nettleser (nyare telefonar har dette). Også bra at det er spesifisert værmelding for fjellområda. På min påsketur sørover frå Haukeliseter stemte met.no sine varsler ganske godt både når det gjalt skydekke, nedbør og vind. Varselet om når vêromslaget skulle koma stemte også ganske bra. Er einig med dei over her som påpeikar at lokalkunnskap er viktig. Ein vindutsatt plass kan det vera temmeleg dårleg vêr, sjølv om det tilsynelatande er bra vêr nokre kilometer ifrå. Det var vel slik i ein repotasje frå Hardangervidda i påsken: Sol og lite vind på Haugastøl, stiv kuling og snøfokk nokre kilometer opp mot Halne. Forøvrig synes eg også slik meteogram er nyttige. Her er det fleire kjelder, ligg ein del på met.no og nokre er også tilgjengeleg frå Statkraft.no.
  25. Har prøvd den miljøbensinen til Shell og den fungerte bra. Kjøpte ei kanne på Røyrvik Auto ifjor og merka ingen forskjell. Det er ikkje slik at alle bensinstasjonar har miljøbensin i sitt vareutval, så ring gjerne å sjekke på førehand. Det er også ein del som bare har i sommarhalvåret, då miljøbensinen kanskje er mest tiltenkt grasklipparmotorar. Understrek at det er miljøbensin utan tilsatt olje du skal ha
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.