Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Sumarstid: Barføtt. Fordelen er lita ekstra vekt og luftig. Vinterstid: forsvarets fotposar med 3 filtsåler i kvar pose. Fordelen er snøtette og varme leirsko utan at ein treng ha på seg dei våte og kalde skiskoa att når ein må ein snartur ut om kvelden. Det fester seg heller ikkje så mykje snø til fotposane, så det er enkelt å unngå å dra mykje snø inn i teltet.
  2. Småvilt er det stort sett over alt. Rein kan det vera kvar som helst, men kvar dei faktis er, veit du ikkje før du ser dei. Dei siste åra har dei vore mykje langt sør på vidda. Sau er det mykje av der det er sau, og så er det store områder der det ikkje finnst sau.
  3. Så lenge ein unntar plaststøvler og andre støvler som ikkje er til å gå med. Og samanliknar med 75mm binding utan vire, så er Crispi Stetind minst like stødig som 75mm med tilsvarande stive støvler i utforbakkane. Det er i alle fall mine erfaringar.
  4. Det er Omnifuel! Primus kalte denne serien brennarar (Multifuel, easyfuel, varifuel og omnifuel) Himalaya for nokre år sidan.
  5. Dei stivaste bc-støvlane eg har hatt, er i alle fall Crispi Stetind.
  6. Storleiken på Crispi Stetind er omlag som andre fjellstøvlar, så 38 kan nok passe for din del. Men eg ville uansett ikkje anbefale å kjøpe skistøvlar utan å prøve. Det er jo ikkje bare storleiken som skal vera riktig, dersom lesten ikkje passar foten din, vil du aldri bli fornøgd med støvlane. Stetind er i tillegg så stive at du vil slite med å forme dei til foten din, dersom dei ikkje passar som ny! Eg har BC 1600. Ikkje så stiv som Stetind som er veldig stiv. BC1600 er etter mitt syn betre å gå med, på grunn av at støvelen er litt mjukare. Ellers er mitt inntrykk at lærkvaliteten er betre på Stetind, men dette er mykje basert på det visuelle ettersom eg nesten har sliti ut eit par BC 1600, men knapt gått inn Stetind-støvlane mine. Når det gjeld slitestyrke på BC 1600, viste dei tidleg tegn på slitasje, men har etterpå vist seg utruleg seigliva. Men støvlane ser ikkje fine ut etter mange års hardt bruk, og dei er definitivt ikkje vanntette lenger. Storleiken på BC 1600 er som Stetind. Ettersom støvelen er noko mjukare, vil du nok ha litt meir å gå på dersom lesten ikkje passar perfekt til foten din.
  7. Ein treng ikkje fast grunn for å få av seg auto-bindingen. Lyft foten med skia så høgt at ein når med hånda. Legg fingrane under skia og trykk utløysarknappen med tommelen. Vips er skia av utan at du treng bøye deg Dette er ikkje så lett med manuell-bindingen.
  8. Ein skal ha i seg veldig mykje snø for å få i seg 2 liter vatn... Eg vil tippe at den snømengda du greide å få i deg, rett og slett ikkje monna.
  9. Furuskog vil nok uansett ta noko tid, ettersom ei furu rett og slett brukar nokre år på å vekse seg til. Fyrst vert det nok ugjenomtrengeleg bjørkeskog, men det kan gå raskt.
  10. Den store forskjellen på gass og bensin, er at bensin vert fordampa med varme frå sjølve brennaren, medan gass vert fordampa med varme frå gassbeholdaren. Det vil seie at gassbeholdaren vert nedkjølt medan du brenn gass, dette medfører at trykket vert redusert og med det går effekten ned. Det med nedkjølinga, kan du sjå enkelt ved nokre få varmegrader. Etter ei lita tid på maks effekt, vil det byrje å rime på gassboksen. Så i låge temperaturar kan gass fungere godt ei lita stund, til kaffekoking for eksempel. Men det fungerer dårleg til kontinuerleg teltfyring. Litt rask fyring for å turke opp teltet og liknande går sjølvsagt betre.
  11. Eg har opplevd noko som må kallast null sikt, og då såg eg ikkje så langt til som skituppen, delvis ikkje til bindingen heller. Så då var sikta nede i godt under 2 meter.
  12. Når bagasjen kan ligge i pulk: Hilleberg Tarra (ligg i pulken akkurat no) På barmark: Helsport Ringstind 1 Dersom ikkje nokon av kriteria over er tilstades: Hilleberg Nammatj 3
  13. I tillegg kan det vera fornuftig å legge til "nord" og "øst" for å ytterlegare presisere kva som kva. Prøver du å kommunisere med ein landmåler, kan du vera ganske sikker på at han nevner nordkoordinaten før østkoordinaten. Det bare er slik:)
  14. afe

    Vind

    6-8 m/s er ikkje mykje vind og langt frå ubehageleg dersom du er kledd for forholda. Men ver klar over at værvarslinga sjeldan råkar det så godt når det gjeld vindstyrke i fjellet. Ein grunn til dette er jo sjølvsagt at vindstyrka varierer enormt over relativt små avstandar pga terreng som lagar le eller kan samle vinden. Det kan godt hende at du får vindstille eller 15 m/s. Vindretninga er derimot noko enklare å varsle, og betyr også ganske mykje for om du kan rekne med at vinden er ubehageleg eller ikkje. Medvind er sjeldan ubehageleg:)
  15. Dersom låsen går opp, og posen hang på utsida av sekken eller pulken, kan ein miste heile posen med alt innhold, og det er litt dumt. Så for min del ser eg på D-ringane fyrst og fremst som ein måte å sikre låsen på med ein karabin gjennom D-ringane, men då er ein D-ring like verdilaust som ingen D-ring. Ein annan sak er at det gjerne er billege posar utan D-ring som har dei dårlegaste låsane, og som dermed har mest behov for D-ringar. Det finnst også andre måtar å stenge låsen på. Fotoveska mi (Ortlieb) har eit hol gjennom heile låsen til å feste ein karabin gjennom. Den løysinga fungerer veldig greit, og er betydeleg enklare å få på ein karabin. Det er særleg når ein skal prøve å få på karabinen med ei hånd med vott på, at ein merkar denne forskjellen. Denne fotoveska har også vist meg veldig godt kor viktig denne ekstra sikringa er. Det er heilt naturleg å lyfte og bæra veska etter lykkja som vert når toppen er rulla saman og lukka. Mi erfaring er at det aldri går lang tid mellom kvar gong låsen går opp når ein hånderer veska på denne måten. Det er både irriterande og med ein viss fare for at kameraet går i bakken med ein smell. Med karabin gjennom låsen, skjer det aldri. Eg har også nokre pakkposar med D-ringar i andre enden av posen, og det er også kjekt når eg har posen hengande oppå pulken eller på pulkdraget, då er posen feste i begge endar og heng støtt.
  16. Eg har både Optimus Nova og Primus Multifuel. Novaen er overlegent best på alle eigenskapar, med unntak av at multifuelen kan brenne gass. Men som gassbrennar fungerer multifuelen så dårleg, at dersom du har tenkt å brenne gass, bør du velge ein annan gassbrennar! Novaen har eg bare gode erfaringar med.
  17. Det går nok ei løype som vist på det kartet. Truleg preparert med maskin det meste av strekningen. Men den traseen vert nå ein utruleg lang og krøkkete veg frå Hemsedal til Bergsjø Gå heller rett på.
  18. Det går sjølvsagt an å gå strekningen, og det er ein heilt grei tur, men Turistforeningen har ingen løype frå Hemsedal til Bergsjø. No i helga har det i alle fall vore silkeføre i området og kjempeflotte forhold både i og utanfor løypene. Eg var på Reineskarvet i går og på Lauvdalsbrea i dag.
  19. Gløym begrepet kuldegrop. Kuldegrop er noko ein har i snøhole. Gropa i forteltet er for å få eit rom med ståhøgde eller i alle fall tilnærma ståhøgde. Dette gjer det betydeleg enklare å unngå å dra med seg snø inn i innerteltet. Nokre hyller i snøveggen til å setje frå seg småting og god avstand frå primus til teltduk for sikker oppfyring. Og plass til å setje frå seg sekken og anna utstyr. I tillegg er det mykje meir behagleg å sitje i teltet, når ein kan sitje oppreist i innerteltåpningen med føttene nede i gropa.
  20. Ta drosje så langt vegen er brøytt i Holdeskardet.
  21. Eg har aldri opplevd ras på verken Gyrinnosvatnet eller Flævatnet Men som det er nevnt i tråden, må ein halde seg vekk frå sundet mellom vatna. Det er heller ingen problem å finne trygg rute gjennom Skålen og over til Djup eller Mjolgebotn. Det er bare å følge nesten djupaste dalen innover omtrent i same trase som stigen som er teikna på kartet og bruke sunn fornuft.
  22. Det har kome ein del snø dei siste dagane, så det er litt laust akkurat no, men det kan (og vil) endre seg raskt. Snøskredfaren er overhengande, men det er jo bare å halde seg vekk frå dei områda der det kan gå skred. God tur.
  23. Dei hardaste klistera (blått og grønt) må nesten varmast opp for å få utover. Ei blåselampe eller primusen kan gjera jobben. Men blautsnøklister (lilla og blautare) er ingen problem å bruke vanleg tube ute i sporet. Det er i alle fall det eg har brukt i alle år.
  24. afe

    Km pr dag

    Framdrift på ski er ekstremt avhengig av vær, føre og terreng. Så nokon enkel regel finnst ikkje.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.