Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Takk for denne infoen. Forklarar kvifor eg aldri finn noko særleg om Huldreheimen utanom i DNTsamanheng. Har forøvrig elles vore der på ski i romjula for nokre år sidan sjølv, feira nyårsafta på sjølvbeteningshytta på Storhøliseter. Ubernice. Edit; måtte sjekke på DNT. Ser at ein har oppført Storhøliseter i område Langsua, med Huldreheimen i parantes.
  2. Flott at kiden hadd de fint. Då kjem spm om di oppleving: Kva type oppblåsbar sov du på? Med eller utan fyll? Kor stor er soveposen din i forhold til deg? Te kjernen då på om du må varme opp mykje tomrom. Var du varm på føtene? Prøv evt varmeflaske der. Hadde du for mykje kle på så du aldri fekk varma opp sovesystemet ditt, og slik enda som ei kald pølse i ein kald termos, når eigen sirkulasjon etterkvart gjekk ned? Fkvar fraus du evt mest? Fraus du "nedanfrå" eller generelt? Tenkjer då på oppsett av liggeunderlag. At kiden ikkje frys er naturleg, dei har ikkje same misforhold mellom areal som kan tape varme og muskelmasse, som vaksne kvinner.
  3. Det er moro å sove under open himmel med born, mine har elska å falle i søvn meda dei rotar i bålet med ein pinne i siste gløra. Varmeflaske er god knall, likeins ein jervenduk breidd iver som dyne over soveposer, eller ein syntetpose utanpå egen sovepose, så slepp ein vere bekymra for "medfart" og fukt. Lue er eit must, og kvar sin sekk/pose for skoparkering inni, slik at skoa kan stå rett ved posen for naudsynte ærend.
  4. Har du sjekka Janus? Eg har kjøpt metervare derfrå.
  5. Det er go' gammeldags fingerhekling (luftmauskar😂). Brukar det på slepelina (kajakk) og på liner til tarp o.l. men sett i ein liten krok eller tverrpinne på siste.
  6. Vart bråmisunneleg! Eg nyttar fjellskia mine mykje, og får stendig rare blikk her i toppturland når eg triv i mine Nansen med BC i staden for toppturskia. Får rett og slett meir "skikjensle", og synes det er råmoro. BC Bindingane toler dog ikkje allverden, og eg har lenge vurdert å sette 75 mm på Nansenskia, då eg har eit par Amundsen med BC og også kjem til å kjøpe eit par stålkantfrie med BC til bikkjebruk. Men no vart eg jo freista til å prøve desse....
  7. Kjekt! Eg hadde hest i mange år, til omlag midt i mitt første svangerskap. Med jamne mellomrom, spesielt klare, kalde haustdagar, saknar eg stall, lukt av seletøy og prusting frå glade firbeinte. No fekk eg jammen sakne mjuke mular og trillande latter frå hesteryggen, midt i Desember! Takk for ei fin luke
  8. Enda opp med innvendig sang på jobb 🎶 vurderar synge høgt berre for å sjå reaksjon på kollegaer 😂
  9. Eg vurderar også ein av desse. Kva tenkjer du er pros and cons?
  10. Oversatt til kjakkspråk har den spring i bau 😄
  11. Elles er det jo ei greie å trene på å grave seg ned via fortelt dersom ein mistenker at telt kjem til å ta kvelden.
  12. Det er i enkelte områder ei utfordring å grave seg ned om det dreg seg skikkeleg til. Har du ikkje telt så må du, men har du telt vil eg i mange tilfeller halde ein knapp på å sette opp det i tide, med solide murar, dvs to murar for å ta både vind og føyk. Har du den perfekte skavelen nær deg, og vindretning og føyke "spelar på lag" så kan ein jo revurdere. Du treng ikkje komme så langt inn i skavelen før du har arbeidsle.
  13. Kva tenkjer du med gått ein slik tur? Gtt lengre fottur på Svalbard eller gått Longyearbyen - Barentsburg?
  14. Du kjem etterkvart til å oppleve at tauet slitnar etter ei tid, kordane i dekket tek kål på det. Eg har sjølv gjort det slik ved nokre høver, når eg ikkje har gidda å sette i ein augebolt eller to. Men det tek tid, og du får mange fine timar innan det Når det ryk kan du no sette i ein bolt
  15. Du vert i alle fall kald på beina om dei pressar mot fotenden på soveposen, pga kuldebrua dette skaper. Då ville eg heller vurdert å fylle ut volumet nedst i soveposen på ein lenger sovepose med duntøfler, eller som eg plar gjere; ta isolasjonsjakka, dra att glidelås og tre føtene nedi som ekstra fotpose inne i soveposen .
  16. Selar som sklir ned kan også løysast med å sy på brystreim, eller bruke ein sann plastdings som ein brukar på kids i fempunktssele framme for at dei ikkje skal sno seg ut av selen/setet.
  17. Då ville eg heller vurdert heil bag og sett boksane nedi. Får meir "tight" pakking tenkjer eg, og så har du moglegheita til å droppe kasser om du vil det
  18. Føremunar og ulemper med både heile og halve bagar. Den heile gir endå betre plassutnytting. To halve gir på lange turar høve til å sortere alt som skal nn dagleg i ein, og "påfyll", rep og andre ting i ein som vert liggande i pulken.
  19. Nyttar Nalgeneflaske med thermotrekk, som eg etterfyller frå termos. 1 l for stor i beltet, så den ligg fremst i pulken lett tilgjengeleg. Om eg har behov for å flaske på beltet nyttar eg 0,5 l. Har også ofte themokopp med isolasjonstrekk for the, som eg lagar klar på morgonen, då har eg passe temp the under "tipausa". Lagar til att denne etter lunsj, så har eg til "topausa" eller medan eg driv etablering av camp.
  20. Og føremelding finn ein her https://www.dnt.no/foremeldinger/
  21. Chainsen Pro har i alle fall gjort at eg sjeldnare løyser stegjarna
  22. Eg har brukt 1200 mykje, mellom anna over Grønland no i haust. Eg hadde med den samme sommersynteten til å ha utanpå som den eg brukar utanpå viking 600 ved behov. Stort sett blei det for varmt, med det resultat at posen fekk meir av fukt utanfrå og kondenseringa la seg på denne i staden for på yste, som den vil med toposesystem. Den holdt seg likevel bra, til tross for mykje "dunfiendtleg" ver. I bruk saman med andre folk med vesentlig dyrare soveposar synes eg den presterar bra. Prisen er superfin. Personleg synes eg at to posar er mindre stress enn ein. Difor er mitt vinteroppsett normalt tresesongs dun, saman med ein sommar syntet med comfort 10-12 grader. Per dato Helsport Lom.
  23. Jepp. Om du sper på med varmevatn etterkvart er dette ein fin måte å ha linka drikkevatn på gjennom dagen.
  24. Sist eg var på sporten på Voss sang der framleis eit par jakker borti eit hjørne, kanskje dei er der enno?
  25. Hanefot på sele ved hjelp av statisk tau, knytt på d-ringane med tilbaketredd åttetalsknute. Drag: 2,5 til 3 m statisk tau, løkke i kvar ende ved hjelp av overhands eller åttetalsknute alt etter om du ynskjer å kunne løyse knuten seinare. Ein karabinkrok i kvar ende, med skru på den krok som e på dekk. To alpine butterfly's omlag på midt eller litt meir mot enden som skal på hanefoten på selen (omlag 25 cm mellom?). Mellom desse knyt du saman ei bagasjestropp som du har fjerna krokane på, med dobbel fiskeknute. Då har du litt strekkavlastning. Ferdig. All it takes er ei bagasjestropp 60 eller 80 cm, 3 m statisk strømpetau 6 mm og eit par meter statisk strømpetau 8-9 mm til hanefot. Ein karabinkrok og ein skrukarabin.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.