Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Det var ikkje det svaret eg fekk når eg prata med dei, det er ikkje det eg sjølv har erfart (har brukt båe ski) og det er heller ikkje det testar i mellom anna UTE-magasinet konkluderte med ein gong i verda der lukka den før Nansen. Men det er mogleg det har endra seg i det siste https://www.utemagasinet.no/Test/TEST-Ski-for-fjellet
  2. Ok, eg misforstod og trudde det var dine eigne målingar i kartet
  3. Det er vanskeleg å tilrå ski til andre spesifikt på modell synes eg, då det avhenger litt av skiløperens ferdigheter også. Men eg kan seie litt om korleis eg opplever mine Nansen i forhold til andre ski. Gamme har eg ikkje erfaring med. Ja, Nansen og Cecilie er same ski men Cecilie er mjuke, og eignar seg best til ungdom og lette damer, evt dedikert til Telemark og veldig kupert terreng/lette toppturar. Sjølv velde eg Nansen, fordi smøringa går for fort vekk på Cecilie, pga mjukheita. I tillegg har eg Amundsen og har hatt ymse fischer før. Eg synes Nansen er ei knakande god allroundski, som gir mykje skiglede. Den er lettmanøvrert og føreseieleg, noko mange sett pris på med tung sekk i kupert terreng. Eg nyttar den sjølv mykje på Vestlandet, på breturar og i kupert fjellterreng. Tidlegare brukte eg den også på vidda, noko som funka heilt greit. Eg kjøpte dog på eit tidspunkt eit par Amundsen i forbindelse med ein lengre tur, den er ein betre km-slukar ved mange mil framfor pulk. No nyttar eg Nansen mest i typisk vestlandsterreng, og innimellom er den også med på bratte turar her på Sunnmøre, når eg er for lat til å drasse på toppturski. Den er alltid med på Josten og liknande turar. Eg synes den flyt overraskande godt i forhold til breidde, men eg har ganske lange ski. Dette fordi eg foretrekk lengde framfor breidde for å få den bæreflata eg vil ha. Som ein digresjon, og litt på utsida av det du spør om, men likevel: Eg kjenner fleire som har fått att gleda over Telemark med eit par Nansen og gode 75 mm, då det gir ei føling som ein kanskje mister litt med "moderne" stivt og aggressivt utstyr.
  4. Kjem an på korleis du måler på kartet, mykje rette linjer? For då kan du legge på terrengtillegg på kanksje 18-20% alt etter type terreng. Altså effektive km blir noko meir pga terrenget.
  5. Sydvest frå sydlegare strøk 😂
  6. Ein bør i alle fall ha litt kontroll på "totalt tilgjengelege ressurser" i eit turfølge og litt innsikt i kapasitet. Ein er jo også kvarandre sine marginar. Er ein to veldig røynde kan ein til dømes ha gode nok marginar til å yte litt ekstra om det er med ein pers med litt mindre å gå på, både slik og sann. Igjen, tenkjer eg also at tryggleik er ei rekke av løpande vurderingar frå tur er påtenkt til avslutta. Ei slags beslutningskjede? (Der slo organisasjonsteoretikeren gjennom i meg og eg trur eg seier takk for i dag 😂)
  7. Hvilket igjen leier ein over i neste tema: valg av turfølge, og innsikt i turfølget.
  8. Kan legge til at Røde Kors kan seie litt om statistikk mtp kva som oppstår hyppigst i fjellet : skadar eller sjukdom. Siste eg fekk høyre var at det er definitivt mest sjukdom. Det er noko som me ofte undervurderer når me tenkjer HMS. Har de gjenkjennelseskompetanse på akutt alvorlig sjukdom?
  9. Dagens beste etter mitt begrep. Eg har sett i praksis ved to høver, mennesker i knallform, som mistar evna til å t gode avgjerder. Den eine sa det sjølv, gjennom klaprande tenner, framfor ein vedomn "....hadde du ikkje vore her i dag, er eg usikker på korleis dette hadde gått, det er dine avgjerder som har ført oss fram i dag" Som forløper hadde eg meinholdt på ei oppakning som iflg enkelte andre i turfølget var unødvendig. Uten den er eg usikker på i kor stor grad eg kunne bidrage med fornuftige avgjerder. På den andre side hadde eg ikkje lagt i veg utan. Eg har også eingong vore prisgitt at andre skar gjennom, eg fekk eit uventa og kraftig astmaanfall/allergisk reaksjon. Det var kring 40 effektive minus, og sjølv om anfallet ikkje var kritisk, var det viktig å handle fort så eg ikkje segna om i snøen under slike temperaturar. Då var det godt at ei av dei eg tura med forstod kva som skjedde. Eg vart effektivt "tvangsmedisinert" (hennar medisin) og beordra inn så snart teltet var oppe. Eg tok til å virre å bygge mur etc fordi eg trudde sjølv eg var i tipptopp form att 😂🙈
  10. Seier meg samd i dette. Eg er ikkje glad i crossfit sjølv, men konseptet i seg sjølv er ikkje gale. Dog fryktelig mykje dårlige instruktørar, som elles i treningsbransjen. Har arbeidd i den kommersielle treningsbransjen frå eg var 14, skulle vel bli noko slikt som 22 år 😵
  11. Det er noko som heiter at det er mykje god læring i det som går gale men godt
  12. Samd. I og med at (etter mitt syn) det meste av tryggleiken på tur ligg i mennesket sjølv, vil det vere ulikt kva ein sett i verk av tiltak, treng av utstyr, kva marginar ein må ha osv. Tryggleik er ein løpande vurdering frå tur til tur, og avheng av deg sjølv, avogtil dagsform, turfølge, terreng, ver og vind osv osv.
  13. Lagersalg? Pris?
  14. Funka definitivt å fryse i bokse å sette i vannbad i starten, for så å kvele ut i kjelen med ein liten skvett vatn. Kok risen først og varm den oppatt saman med gryta
  15. Eg stiller meg dei same spm sjølv @Kjell Iver, spesielt mtp at mange av dei foregåande tipsa gjekk på nettopp dette med klimakontroll for sovepose. For meg freistar det ikkje å prøve, men synes det er artig når folk gjer ting ansleis enn "standardoppsettet". Var på grensa til å tru at det var spøk ei stund tilogmed, så det er tydeleg at me treng å verte utfordra litt
  16. Eg har eigentleg aldri forstått kva eit friluftsmenneske er, så det lyt du no eventuelt sjølv avgjere kva du tenkjer Eg meinar heller ikkje at fysikk ikkje kan vere ein viktig faktor, tvert om, eg stadfesta lenger oppe at eg er samd i at det er ein faktor. Men eg er ikkje samd i at det er den viktigste for tryggleik. Andre faktorar tronar over, slik eg vurderar det.
  17. Ser ut til at det gjeld alle variantane og, inkl superlight. Artig
  18. Då trur eg me kan einast om å vere grunnleggande usamde på eit par punkt
  19. Eg har ikkje vore borti skru-teltpluggar før, men veit at mange, inkludert meg, brukar isskruar berekna for bre og isklatring til samme formål, om behovet er der. Om ein skulle optimalisert til rein teltbruk ut frå erfaring med isskruar ville eg gjort dei noko mindre i omkrins slik at volumet nedpakka ikkje vert så stort, og i staden for at dei har påmontert sveiv ville eg laga ein liten arm som ein enkelt festa i toppen på skruen for å skru den ned, og silk hadde berre ein arm/sveiveanordning for alle skruane. Alt for å spare vekt, plass og pengar.
  20. Ja? Heheheheheeeeee, ej tenke slik; en kan godt diskuter årsake og sammenhenga, og argumenter både slik og sann. Det en ikkje kan debattere e folk si oppleving. Eg kan definitivt fryse utan å verte sjuk. Men den tida på året eg vert mest sjuk er på vinteren ikkje på sommaren. Har aldri vorte sjuk på vintertur, med unntak av ein gong, og då var eg sjuk før eg drog ut.
  21. Gubbegrop it is! Eg likar forøvrig at andre driv med Glamping avogtil. Det kan eg nemleg nyte godt av når eg sjølv har vore for lat Heilt OT er det no ikkje, tråden opnar no for å diksutere løysingar/tips og triks på vintertur
  22. Mja, kan sanninga seiast å ligge ein plass midt i mellom dykk to? Ein kan nemleg fryse utan å vere nedkjølt, og ein kan vere nedkjølt utan å fryse. Kan det vere at det å verte litt nedkjølt kan forårsake desse endringane i slimhinnene, men ikkje det å fryse utan å bli vidare nedkjølt?
  23. Alltid artig å lese litt om andre sine løysingar og kvifor dei vel dei, og som alltid fine bileter frå deg @Terka Eg har fundert på løysinga til Sjur og konkludert med at eg er litt "enkel" på dette punktet, eller skal me vere ærlige å seie lat. Eg gidd rett og slett ikkje grave. Når eg ikkje gidd grave i fortelt, ser eg ikkje føre meg at eg gidd i innertelt heller. Mogleg eg må trekke dette tilbake når alderdom/lyskar eller rygg innhentar meg. Eg grev oftare grop når gubben er med, i alle fall om me søv på same stad over fleire netter, for hans lyskar og ingen grop = intensivkurs i nordnorsk bannskap. Det er nok også latskap som gjer at eg også ofte endar med 25 kg pulk når andre endar med 40. Det er ikkje fordi eg er vektbevisst. Eg berre gidd ikkje for mange ting. Det gjer at ein del "comfort" løysingar ikkje finn vegen til meg. Det rare er at eg ser at ungane er på same viset. Dei vert irriterte om det vert for mykje styr, og vil ha det enkelt, med lite å passe på. Om eg då kjem prakkande med unødvendige ting dei skal ta seg av, finn det fort vegen ned i min sekk/pulk med følgande uttale: "det vakje ej so ville ha me ditta mamma". Skal eg dog unne meg komfort, er det som regel nok bensin til å ligge å fyre i innertelt i stilongsen. Men, no har eg kanskje ein tur på tapetet som skal sjå litt annaleis ut i gjennomføring enn mykje av slik eg er van med, og då vert det spennande å sjå kva som finn vegen i pulken. Ein ting er sikkert, det er sjeldan ein treff på fyste forsøk når det gjeld dette med pakking og vinterfelt!
  24. Nei eg kjenner det rykker litt i gjerrigknarken i meg og
  25. Skumma dei første punkta, ikkje akkurat news, men den siste her var artig Kva tenkjer folket? https://www.hektapatur.no/tips-fra-ekspedisjonseksperten
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.