-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Rapporter gjerne om resultatet Den skomakern som eg har brukt til slikt har lagt opp, så eg er på leit etter ny. Har ei slire som treng litt kjærleik :O)
-
Valg av lett sovepose til tur på Svalbard sommerstid
Tessatroll svarte på Maja Tjosaas sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Temperaturmessig er eg elendig på å uttale meg, då eg ikkje frys i særleg grad. Til samanlikning kan eg nevne at eg var på Svalbard nokre veker sommaren 2015 og brukte ein sovepose med comforttemperatur på 12 grader, det holdt til meg, med unntak av eit par netter i starten, då var eg sjuk. Vil difor tenke, at du sjølv om du er noko frossen, vil ha det varmt nok i ein pose med comfort -3. Det er jo også slik at undelraget utgjer ein viktig del av varmetap, så om du ikkje alt har gjort det kan det vere lurt å sjå på løysingane ein nyttar seg av også på det. Synes å hugse at gjennomsnittstemperaturen der oppe i Juli er 6 eller 8 grader, og pga midnattsola er det ikkje store forskjlellen mellom natt og dag. SOm kommentar til modellane du tenkjer på, kan eg seie at eit litt rimeligare alternativ er warnpeace viking 600 i short. Eg har berre gode erfaringar med posane frå warmpeace. -
Lurt! Eg har tenkt meg til med det samme på ullvottane mine, for samtlege får hol på innsida av tomlane. Tenkte gå på gjenbruken/brukt, å sjå om eg finn tynne jakker og vesker i type mokkalær, for å legge på.
- 143 svar
-
- 1
-
-
Du kan jo alltids høyre med dei ulike knivmakerane som finnast i marknaden? Evt plar salmakerar også vere gode til slikt, om du har ein i nærleiken Kunst - og handtverksmesser plar også ha nokre utsillerar som er gode med slike greir. Eg har eit visittkort til ein slik ein stad, kan leite det opp om du ikkje finn noko ved googling
- 143 svar
-
- 1
-
-
Skjønar, kan berre ikkje dy meg for litt erting, for tråden kunne sjå ut som at stopping var ein tapt kunst, sjølv om eg veit at dette forumet er fullt av nevenyttige folk Frå spøk til alvor; Sjølv kjøpte eg ulike sortar ull i metevare hjå Janus for eit par år sidan som eg nyttar til dette formålet både vanleg finvevd ull og krimplin
- 143 svar
-
- 2
-
-
Nansen med 3-pin amen!
-
Snakkar de her om stopping av strikkegenserar eller ulltrøyer i fabrikkvevd finull? Uansett, ler meg skakk 😂 (Må presisere att eg ler MED, ikkje av!) Kanskje de skal få låne bestemor mi til å lære dykk å stoppe og lappe? Eventuelt ser eg føre meg ei potensiell inntektskilde på You-Tube videoar 😬😁
- 143 svar
-
- 2
-
-
Nansen let deg sette fine svingar på same tid som den gir deg litt respons på langstrekka. Den flyt langt betre enn ein ut frå mål skulle tru, mykje pga øvrig konstruksjon. Den beste all-round fjellskia eg har prøvd til no.
-
Synes å hugse at whisperlighten er overrepresentert i ein del nesten-ulykker iflg en eller annen rapport/ministudie av temaet? Evt var det i den storbehandlinga av brennere som Randulf Valle hadde for seg for nokre år sidan. Synes dog å hugse at det gjerne var i kombinasjon med varmevekslerkjele.
- 16 svar
-
- stabbursdalen
- finnmarksvidda
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
+ 1 på den.
-
Fy då! Godt det gjekk bra med deg
-
Eg stiller meg pittelit undrande til dei mange advarsler som kjem haglende med ein gong det er snø på bakken og folk skal på tur. Eg tenkjer; ikkje gjer dette til eit større issue enn det faktisk er pakk det du har, ta evt to soveposar i kombinasjon, eit gammalt akebrett om du har til ekstra bagasje, finn deg ei fin skiløype og ta av den og etabler camp ikkje så langt frå. Liten sjangs for å daue, men med stor sjangse for å lære. Det er forskjell på ei runde i skauen vintersnatt og langtur i høgfjellet. Eller sagt med min bestefars ord; visst skal ein fare varleg, men det er forskjell på å barbere seg og på og skjere av seg hovudet God tur !
- 22 svar
-
- 21
-
-
-
Som god all-roundski: Nansen. Har køyrt Telemark ned frå dei slakare alternativa på Sunnmøre (25-30 grader) på desse i laussnø ved fleire høver, så har trøbbel med å tru att dei skal synke gjennom veldig (rett nok seig Norheim-stil). På same tid er den anstendig å gå med. Om ein i tillegg har ei storetind frå før meinar eg at Ingstad utelukker seg sjølv.
-
Samd. Ein kan vel gå så langt som å seie at plastspader ikkje har det steike støv å gjere i skredterreng!
-
For å flytte snø: flat tupp. For å grave og sprenge snø: rund tupp. Ofte er ein to som til dømes grev snøhule. Då er det kjekt å ha ei av kvar og rullere på. Meinar Rottefella hadde ei bra med runda tupp ein gong i tida?
-
I dag spurte ej døttra mi ka ho ville ha på brøsjiva. "mår å majones" v svaret. So slik e no berre det, på Sunnmøre
- 703 svar
-
- 3
-
-
finn.no?
-
Test av vintersovepose i dun - Warmpeace Viking 1200
Tessatroll kommenterte på Tessatroll's artikkel i Soveposer
Det er den kombinasjonen eg normalt brukar, når eg ikkje testar vinterposar, som i denne testen. Eg likar det godt av fleire årsaker: 1 + 1 er ikkje 2 i dette tilfellet. Ekstra luft mellom posane gjer at det vert...vel....kanskje 2,5? Hehe. Eg kan bruke ein gammal ME Titan 650, eller ein Viking 600 saman med ein tynn syntet på eit kilo, og ha det fint til 20 minus (med godt underlag). Ofte treng ein ikkje meir i norske vinterfjell. Syntetposten tek av for fukt, kondensevt søl, smelta rim osv, og skånar dunposen. Ein tynn syntetpose er enklare å få tørka over stavane ved 20 min solglytt og/eller ein liten bris, enn ein tjukk pose. Det gir fleksibilitet for oppsett, å tenke kombinasjonsbruk, noko eg alltid verdsett. Kombinasjonprodukt "gir generalistpreg" i staden for spesialistpreg, som har ein tendens til å føre med seg mykje unødvendig handel. Ved turar der eg likevel forventar meir enn 20 minus, kan eg bruke same prinsipp med i kombinasjon med vinterposen, dersom eg har den. Då får eg ein ekstrempose, noko som kanskje/ofte, er endå meir vekkasta å kjøpe enn ein skikkeleg vinterpose. Er vel ein grunn til at mange ektremposar ligg ute for salg etter ekspedisjonar....dei erkje brukande til så mykje anna. Ved Grønlandstur neste å, kjem eg til å gå for to-posesystem,med Viking 1200 og syntetpose utanpå.- 27 kommentarer
-
- sovepose
- bo og sove
-
(og 6 andre)
Merket med:
-
Test av vintersovepose i dun - Warmpeace Viking 1200
Tessatroll kommenterte på Tessatroll's artikkel i Soveposer
Her er det eg finn på Hekta på tur sine sider om dene saka: "Etisk dun: Warmpeace fyller alle sine poser hos Tyske Karl Sluka. Karl Sluke GmbH er sertifisert av VDFI og EDFA for bl.a. etisk dun og garanterer at ingen dun kommer fra levende dyr." Eg skal få fletta inn meir informasjon om dette i artikkelen ved eit seinare høve- 27 kommentarer
-
- sovepose
- bo og sove
-
(og 6 andre)
Merket med:
-
No er vel ikkje einaste argument for jakta maks uttak av kjøtt? Det handlar vel om å få ein turnover i populasjonane som legg til rette for ein sunn og frisk stamme, jf det lompa syner til, med stagnasjon i utviklinga. Når me har fragmentert leveområda så til dei grader, er det i alle fall viktig at me beheld og legg til rette for gode korridorar mellom leveområder. Dårleg mobilitet desse imellom har negative konsekvensar for individ i polulasjon/bestand, jf. grunnleggande økologisk tankegang.
- 413 svar
-
- 3
-
-
Gipron sine trinser har skinn, slik som dei gode "gammeldagse" på fjellskistavar, til dømes Swix sine. Eg er i stor grad samd, men er ikkje glad i Gipron sine håndtak, og endar difor opp med Leki sine med bevegeleg trinse (Powder basket er bevegeleg).
- 32 svar
-
- 1
-
-
Arbeidar sjølv med å få tak i eit par Leki Aergonlite 2, som ser ut som det næraste eg kjem gamlestavane mine. Supplerar desse med eit par Leki Powder basket som dei sel som ekstrautstyr på fjellsport.
- 32 svar
-
- 1
-
-
I tillegg til dei elementa som er nevnt her ville eg sett om eg fann eit par med langt skaft. Eg hadde nokre Lekistavar som var fantastiske, som diverre forsvann forrige vinter etter mange år i tru teneste. Det vert same stavane på nytt. Trinsa på desse bevegar seg også kring ei kule, noko som gjer at den ikkje poppar så lett i bratt terreng. Tungstentuppen satt som spikra på is. Langt skaft i skum med behageleg, lettjustert neoprenstropp. Sonen min har traverse. Personleg er eg ikkje glad i den. Den har ikkje like god "pendel"kjensle, handtaket funkar ikkje like godt som skum for meg, trinsa vert litt lita og stiv for min smak.
-
Eit genialt konsept! Eg har hatt mitt i nokre år, og det er så velbrukt at det er klart for utbytting snart. Alle damer reagerer først med "hæ? Noko så teit". Til gjengjeld kjenner eg ingen som ikkje har kjøpt eit når dei har fått låneprøvd på tur. Det er også mange menn som har byrja bruke det, i alle fall heromkring.
- 23 svar
-
- 1
-
-
Eg skal poste ein testartikkel om denne sekken om ikkje så lenge. Som halvfull sekk er den ikkje nødvendigvis så god å få komprimert. På det punkt kjem Osprey Xena betre ut.