Gå til innhold

marihøna

+Støttemedlem
  • Innholdsteller

    93
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om marihøna

Profile Information

  • Gender
    Not Telling
  • Sted
    Trondheim

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Har du sjekka modellane til Stellar? Enkelte av havkajakkane deira er vel med utgangspunkt i surfski-modellane deira? Ein i kajakklubben padlar Noreg på langs for tida (http://www.trerustnemenn.com), og han endte opp i ein Stellar S18.
  2. Då har eg sendt mail til Tine òg. Om mange nok melder interesse kanskje dei faktisk tek det til seg og gjer noko med det?
  3. Eg har Panasonic Lumix FT5 som padlekamera. Godt nøgd med det til denne bruken. Dette kameraet har heller ikkje noko beskyttelse foran linsa når det ikkje er i bruk, så eg var litt skeptisk til riper og slikt - men det har gått bra så langt.
  4. Eg har Venus II Extreme, og er svært nøgd med det. Sittehøgde i innerteltet dersom eg ikkje bruker "tørkeloftet. OK plass for 2 stk, men heller ikkje meir. Vi bruker downmat på tur, 1 standardbreidde og 1 brei, det hadde kanskje akkurat gått med 2 breie men eg er litt usikker... Veldig greitt med to fortelt, så kan vi rote på kvar vår side 😃 Den største skilnaden, konstruksjonsmessig, mellom Orion og Venus er vel at tverrstanga går heilt ned på Orion medan på Venus går den berre over taket. Dette gjer at Orion er heilt sjølvståande og litt høgare, men pga. stanga som går heilt ned er det berre "halve" forteltet som er dør. På Venus kan du brette til side båe sider av teltduken i forteltet, og få panoramautsikt. Om det eine er betre enn det andre vert vel ein smakssak 😃
  5. Mange fine turar i området. Det enklaste er kanskje å få skyss innpå fjellet, og så gå seg ned til sivilisasjonen att. Nokre forslag vi ofte tek i påska: 1) utgangspunkt Fokstua: gå opp mot Fokstuguhø, renn ned mot Breidjordet (på baksida av Haustgravhøin) og framover mot Dombås. Her kan du anten køyre ned mot skitrekket, eller halde på høgda og gå/renne nordover og kome ned mot Fokstua for å hente bilen. Om du vil ha ein kortare tur er det jo berre å renne ned til bilen frå Fokstuguhø, istaden for å ta turen rundt =) 2) utgangspunkt Nysætra: gå opp mot Grisungvatna, og følg Grøndalen framover. Hald deg på austsida av dalen, og gå opp i skaret mellom Grønsæterhø og Måsåhøi, og renn ned til Dombås. 3) utgangspunkt Turrhaug: gå opp Grønsætra, og opp i skaret mellom Grønsæterhø og Måsåhøi. Gå innover Grøndalen, og kryss over til Strålsjøen. Tilbake meir eller mindre same veg. 4) utgangspunkt Myrin (på veg innover Dalsidevegen på Lesja): gå opp til Reindølsætrin, mot Strålsjøen, kryss Grøndalen og opp i skaret mellom Grønsæterhø og Måsåhøi, og renn ned til Dombås. 5) utgangspunkt Bøsætra (på veg opp Slådalsvegen på Lesja): gå opp langs Hattremsådalen, og opp mot Veslskjervedalen og innover mot Skjervekroken, over Kjølen og ned til bilen. Eller ta turen rett opp på Kjølen og renn ned =)
  6. Kva type turar tenkjer du på? Bortover i løype, bortover utanfor løype eller hovudsakeleg opp-og-ned?
  7. Har sakna kortfell på dei lette fjellskia mine, så då vart dei gamle fischer e99 bytt ut med åsnes' cecilie skog =)
  8. Eg er vel vanlegvis M, og litt L innimellom avhengig av passform og slikt. Houdiniskjørtet har eg i M, og tykkjer det er stort nok. Ikkje veldig romsleg når eg har det over utebuksa, men heller ikkje for trangt. Altså passer vanleg storleik fint til meg, men det er mogleg å stramme godt så ikkje noko krise om det er for stort heller. Men trur ikkje eg ville gått for ein storleik mindre enn vanleg, det trur eg vert trangt.
  9. Eller så går det an å satse på norske varianten, og gå for moskus: http://www.opdalingen.no/nyheter/2008/04/24/Moskus-på-hodet-12479238.ece
  10. Ja, prisen i seg sjølv er heilt grei og eg har sjølv betalt meir for andre appar eg har stor glede av. På turar har eg stort sett med meg gps og papirkart, så behovet for ein fullfunksjon kartapp på telefonen har ikkje vore der så langt. Dersom ein skal bruke telefonen som hovudkartet vert situasjonen sjølvsagt ein heilt anna.
  11. Heilt sikkert ei betre løysing, spørsmålet vert vel eigentleg om ein vil betale for den eller ikkje
  12. Du må laste ned appen, og så laste ned kvart fylke. Fungerer fint som turkart i 1:50000. Ulempen er at den ikkje har kartlag for andre målestokkar - dvs. den viser 1:50000-kartet uavhengig av om du ser på heile Noreg eller ein bydel i Oslo.
  13. Eller så kan du prøve denne, den skal fungere på både android og epletelefon: https://kartverket.no/kart/hele-norge-rett-i-lomma/
  14. Dei seier vel at Norrøna sin ikkje er like varm som ein del av dei andre, og at den har fått ein god del minus for det. Så kan ein jo spørje seg om poenget med ei tynn mellomlagsjakke er at den skal vere varmast mogleg?
  15. Eg har så lyst til at dette skal fungere for meg! No har eg prøvd på nytt heime. MacbookPro frå 2010, QGis 2.18.9 (ser ut som dette er nyaste versjon til mac), men får framleis same feilmeldinga. Kan det vere ein python-modul eg ikkje har installert?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.