-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Tøffe forhold i Finnmark nå - leteaksjon
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eller kanskje det handlar om prinsipp? mange ulike syn på dette med kommunikasjonsmoglegheiter på tur. For min del vil eg seie at det kun vil handle om å kunne avverge evt redningsaksjon. Eg vert småsur av duppedittar som fortel folk kvar eg er.- 66 svar
-
- 3
-
-
Nammatj er jo Black labelen. Hilleberg sin ekstrem-kategori. Om du søkjer i forumet trur eg du vil finne ein del trådar som i grove trekk handlar om hilleberg Vs helsport. Eg har Hilleberg Keron og er veldig nøgd med det. Andre skyr Hilleberg fordi det ikkje har stormmatter. Atter andre diggar løysingane men vil ha stormmatter, og få det sydd på. Om ein tenkjer nammatj Vs fjellheimen ekstreme til dømes, er det jo båe goe telt som toler mykje, med noko ulike detaljar. Nokre vil hevde at fjellheimen toler meir vind pga lågare stangbue bak. Andre vil seie at dei mislikar bardunane som har festepunkt i tyet midt på teltet langside på Fjellheimen osv. Botnlinja er likevel at båe telt vil prestere bra under krevjande tilhøver.
-
Kjem jo an på kva modell du samanlinar med. Men Nammatj er jo omtrentleg keron, med eit fortelt. Skal tole det meste.
- 17 svar
-
- 2
-
-
Eg tenkjer at mange vil foretrekke pulk fordi det både er meir kroppsvennleg og fordi det opnar for meir "luksus". Sjølv vel eg pulk når eg kan, men enkelte terrengtypar og/eller grupper gjer at eg vel sekk. Eg har til dømes gått josten på langs med pulk. Det var sjukt deilig oppe på platået, men det er klart at det kan oppleves tungt i brattene, og er det krevjande tilhøver skal ein ha god skiteknikk og stå godt i beina i dei brattaste partia. Eg har gått an på langs nokre gonger med sekk. Det er sjukt digg i dei verste kneikene, og på godt føre oppe på platået går det unna, men det oppleves nok hakket tyngre for kroppen min. Det meste eg har pakka vintersekk for er 5 dagar. I tillegg kom breutstyr. Same kor disiplinert ein er då, vert det litt vekt på sekken. Det er også litt avgjerdande for meg kva resten av folka eg går med nyttar, då ein ofte (ikkje alltid) har ulik framdrift med pulk og sekk i ulikt terreng. Så altså, for meg er pulk det foretrukne val, med mindre terreng eller gruppe/turkameratar tilsei noko anna. EDIT; Eg har også nytta ein kombinasjonsvariant nokre gonger, der det høver eller må til for gjennomføring av tenkt rute. Pulk på sekk i periodar. Då har eg vore glad for at pulken ehiter Paris og ikkje veg 5-6 kg.
- 11 svar
-
- 3
-
-
Ein smal mohairfell kappa ved hælen kan også vere ei løysing om skia di ikkje har Kortfellsystem
-
Tøffe forhold i Finnmark nå - leteaksjon
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Nei fy då.... Har fulgt dei på Fb. Vonar han har det ok. -
Strømleverandør øker helseeffekten i sammarbeid med dnt
Tessatroll svarte på nova sitt emne i Samfunnsdebatt
Gode spm! -
Ingen er feilfrie, ei heller Norrøna. På linje med at Vibram hade nokre parti dårlege solar, har også Norrøna hatt nokre dårlige parti/seriar. Første settet mitt med falketind gtx (packlite endog) holdt og holdt. Andre sette såg ut som det hadde vore i krigen etter 14 dg. Det samme gjaldt sambo, og turvenninne. Opplevde ikke velvilje ved klage men gadd heller ikkje ta det så særiøst. Tapa den saman med gaffa og nyttar den som den er. Har boikotta Norrøna for tid tilbake, det heng også saman med andre ting. Men: for dei som til liks med meg er veldig gla i Falketindserien, såg eg her om dagen at årets Falketind ser ut til å vere både røffare og meir forsterka, så noko har jo skjedd etter den forrige "fadesa" med den buksa. Skulle berre mangle. Bukser som ser ut som dei har fått juling over år etter eit par veker, til ein kostnad langt over tre lappar, bør utgå med høge kneløft eter mitt begrep
- 25 svar
-
- okla
- trollveggen
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Kva meinar du med det?
-
Om du held ut teltet vårt med 4 kids er det pinade greit 😂
- 53 svar
-
- 6
-
-
-
Skulle eg bytta ut mitt keron4gt ville det vore for eit keron 3 utan GT. Grunnen til at eg har 4gt no er fordi eg ville ha eit som også romma alle kidsa saman med oss. Vanlegvis kan me bruke fleire telt, men me har hatt turar der eg av ulike grunnar vil ha kontroll på alle saman med meg, anten ver eller Svalbard med isbjørnproblematikken. I 4gt får me alle 4 kids inn i teltet, og eg og gubben kan ligge på tvers i forteltet, og framleis ha plass til å steike pannekaker til frukost. I tillegg kan me, dersom veret vert veldig ufyseleg, faktisk greie å trykke alle seks i innerteltet. Det seier litt om kapasiteten til teltet. Så i mine auger er eit keron 3 utan GT stort nok for to vaksne som vintertreff. Men smaken er som baken. Nokre vil kanskje synes det er knapt. Har forøvrig kokkelert fint i eit keron utan GT (venninne sitt). Har også budd 3 personar i keron 3 GT i fire veker. Det var knapt.
- 53 svar
-
- 1
-
-
Jepp. Om det skulle knipe om. Gir god gli og er genialt mot klabbing
-
Hei Fellar kan du klistre på kva som helst slags smørjeski, men kortfell (fell berre midt under skia der du normalt vil ha festevoks) må "matche" festeanordninga til skia. Det vil seie at kortfellane til Åsnesski ikkje vil høve til andre ski, likeins Fischer sine. Sjå forøvrig ny post frå meg and ny modell utan stålkant som kjem neste år. Fjellski i moderat breidde utan stålkant er stabilt og godt, og bra til allroundbruk med hund, i og utanfor løyper, og etter mitt begrep det beste valget om du skal ha "berre" ei ski.
-
Gul glider, eller felleimpregnering har super effekt, alternativt solkrem
-
I mi jakt etter eit par smørbare ski utan stålkant, med spenn, og gjerne kortfellesystem, ringte eg til slutt til Åsnes for å klage mi naud Dette etter å ha tråla både bruktmarknad og marknaden elles. Der kunne ei blid dame opplyse meg om to ting; Breidablikk kan ikkje heilt samanliknast med Ingstad, som eg ser vert gjort innimellom, den skal ha hakket meir spenn. Det kjem ei ny ski til neste år, utan stålkant, med meir spenn enn Breidablikk, og noko slankare, om ikkja akkurat ein "kilometerslukar" ala E99 eller Amundsen så i alle fall betre eigna til "kilometer-turar". På spm om spesifikasjonar ville ho ikkje seie for mykje då skia framleis er under utvikling, men i mål ville den kanskje vere noko ala Nansen. Då måtte eg berre skrinlegge heile "klagetalen" min, og seie halleluja i staden. Endeleg ei god allround fjellski utan stålkant, med kortfellesystem. Håpar eg!
-
Fyttirakkern! Sjølv for meg med allergi mot korte ski trur eg detta hadde blitt drygt God tur!
-
Teknikk og utstyr med pulk etter seg - teori/praksis
Tessatroll svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Denne varianten av å legge på klister nokre dagar før har eg ikkje vore borti og måtte til å spørje sambo (når ting vert meir avansert enn enkel glider, grunning og festevoks så dett eg av lasset). Jaudå, "myrmoblanding" sa han. Ideelt før lengre renn/turar med mykje opp/ned/kupert. Går ut frå at smørjar Magne Myrmo har noko med denne blandinga å gjere? Så no har eg bestilt myrmoblanding før neste tur i Tafjordfjella Edit; fekk følgjande dettande inn på messenger frå gubben; Magne myrmo va en av de norske skiheltane på syttitalet. Også kjent som den siste verdensmester på treski man legg baseklister for å bevare voksen man legg på betre når det er utsikter for varm sny. Når det e kaldt ville eg uansett brukt grunnvalla Så då vert det vel å halde fram med grunnvalla fram til seinvinteren. -
Og litt opplagsglider på sommaren er i alle fall å tilrå. Ikkje noko hokus-pokus. Har du først gjort det, og så sikla og børsta påfølgende sesong.. Ja så har du i grove trekk lært prosessen med prepping av ski.
-
Dette er i alle fall mitt drømmeoppsett (ski og binding, Alfa kan eg ikkje ha) for allround skiglede i alt slags terreng. Grattis med ny 🎿 😄
-
Teknikk og utstyr med pulk etter seg - teori/praksis
Tessatroll svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Lilla, blå og grønn. Har ein polar også men sjeldan eg tek han med.- 54 svar
-
- 1
-
-
Hehe, omsatt til "Kajakks" så har den bra sekundærstabilitet Pariseren kan samanliknast med ein flatbotna fiske/hyttekajakk. Om ein har ein pulk der baugen har "spring" så klyv han snøen og andre "bølgjer" godt.
-
Ein finn vel det samme innanfor hundekjøring så vidt meg bekjent, tobogganplate eller toboggan-slede? Har sin store styrke i laussnø, flyt godt. Eg har brukt to brett etter einann på lengre tur nyleg, og ser at det vil vere det framtidige valget dersom eg ikkje nyttar glasfiberpulk, for dei fleste turar med meir enn 40 + kg, sjølvsagt litt avhengig av terreng. Me prøvde oss litt for tidleg på ompakking til ein pulk, med ein idè om at det forsvann mindre kraft i "toget", men enda opp med å pakke tilbake og gå endå litt lenger med to.
- 21 svar
-
- 1
-
-
Jepp. Det er jo slik mine "nærområder" også er. Men fartar også ein del til områder der føret er av ein fastare sort, i alle fall oftast (sjølv om ein har få garantiar). Har liksom greid meg med Parisbrett, evt to etter kvarandre. Men har nokre turar på tapetet der eg ser at den vil ha si begrensing! Treng ikkje carbon, meir fasongen eg er ute etter, så er temmeleg altetande på material
-
Jaujau, men alltid greit å erfare skilnadane likevel. Så veit ein meir om kva som er verd oppgraderinga i kroner og øre eller kva. Har inne eit søk på Acapulka på finn, så får me sjå kva det endar med. Har forsovidt vore nøgd med pariser, men har nokre turar på tapetet der eg tenkjer at det kan vere greit med ein i glassfiber med litt spring i "baugen".
-
Er det ein Acapulka? I tilfelle; kva modell?