-
Innlegg
3 672 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
69
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Mohair og solkrem - utskilt fra "Hvor har du vært på tur"
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Vinterutstyr
https://www.jaktogfjellsport.no/products/montana-felleimpregnering Den eine brukte vere gåååål før i tida. Men rekna me det e same innhold. (med mindre Montana har fått samme innfall som swix og droppa gult/silikon)- 13 svar
-
- 1
-
-
Er det mykje meir dun i Cumulusen?
-
Kan du kjøre desse i prosessor å få pulver mon tru?
-
Mohair og solkrem - utskilt fra "Hvor har du vært på tur"
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Vinterutstyr
Dersom eg hugsar det, eller skal vere lenge, tek eg med eit stykke Montana Felleimpregnering (små stykker med voks, typ glider). Men i det siste har eg oftest enda med solkrem for den ligg jo på lomma...på forrige tur hade eg med impregnering men når den låg i pulken kg solkremen i jakka var valget enkelt #lengelevelatskap Men alvorlig tala; Felleimpregnering i type voksstykke funkar fint, og funkar også når veldig kaldt, så om ein skal ha "spesialprodukt" til dette formål tenkjer eg at det kanskje er det rimeligste alternativet, som funkar uansett temp. -
Her syner han tilpassing :)
-
God måte å forklare det på. Sjølv plar eg som regel berre omtale det som "Øytunstil" (med rallarhatten på) og "torsjonssvingar" (når du køyrer på kant og trekker ut g). Men det gir jo lite forklaring .
-
For ikkje snakke om gjenkjenningskompetanse på akutt sjukdom, som statistisk er større sjangs for å få bruk for enn kunnskap om spjelk, helst bør ein ha båe Den første er dog vanskeligst å tileigne seg. Eg plar seie at ein del av min førstehjelpspakke (trur tilogmed eg har kommentert tidlegare i denne tråden) er gjevnleg vedlikehald av kursing. Prøvar komme meg på ein variant annakvart år, anten repitisjon grunnleggande eller temakurs. Eg kan greie meg med det eg har i sekken i mange tilfeller, men har velt å gjere det enkelt for meg sjølv på enkelte turar som er eksponerte, og til dømes ha med ein SAM splint. Eg kan spjelke utan, og strekkspjelke for smertelindring om langt frå folk og lenge til hjelp, men ein splint gjer jaggu jobben enklare, om ein er få å fordele oppgåvene på i ein akutt situasjon. Elles har den paralginen du snakkar om @terka redda ræva mi (eller rettare sagt turkompis si) ein gong, og er alltid med. To gonger har eg før lengre turar vekk frå folk booka kurs for den gruppa som skal på tur, for å repetere saman, og ha samme plattform. Saman sett me opp vår førstehjelps - og medicpakke. No er dette i ein ende, og dagtsturen på heia i den andre enden kanskje, men poenget er jo som @Terka påpeikar; det er ikkje hjelp i kva ein har i sekken om ein ikkja kan bruke det. Mine førstehjelpspakke varierar frå kanskje 100 gr til over kiloen.
- 83 svar
-
- 2
-
-
- nød
- førstehjelp
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Ja det kan hende eg skal ta å gjere. Finne ikkje på den lokale sjappa, men reknar med eg finn på nett?
-
Opphald for ei lita veke i Fontainebleau, Frankrike. Endeleg buldring i dei franske skogane igjen. 370 euro for onsdag til fredag i fullt utstyrt hus, heilt ok pris for 5 personar
-
Det finnast ørten og førti gode skimodellar i marknaden, men Nansen er jo som du nemner sjølv ei god allroundski til både vidde og vestlandsterreng. Du kan trygt handle på nett. Ta utgangspunkt i høgda di og vekt, om du vipper mellom storleikar, så tenkt bruksområde og oppakning. Du kan køyre den stil du vil med 75mm og BC. Køyr som du alltid har gjort, på Holmenkollenskia dine. Det funkar heilt sikkert den dagen du treng ein telesving kjem han truleg av seg sjølv. Enkelte føretilhøver gjer at ein på fjellski vil ha god nytte av ei lett tilbaketrekt innerski når du skal svinge, for å få nok trykk i ytterskia til effektiv sving. Ikkje noko å stresse med dog. 75mm vil gi deg auka stabilitet ja, du vil nok også oppleve å kunne køyre parallelsvingar/slalom med dei, på godt føre
-
Mohair og solkrem - utskilt fra "Hvor har du vært på tur"
Tessatroll publiserte et emne i Vinterutstyr
Hehe, eg har ikkje opplevd redusert feste pga solkrem, men ikkje hatt solkrem på mohair nokon gong dog. Elles fantastiske bileter! Til å bli sjuk av 😍- 13 svar
-
- 1
-
-
Eg sett og telemarksvingar på Nansen med BC. Men opplever litt vel ofte at eg ikkje greier å trykke hardt nok i forfoten på innerskia, noko som medfører at bindingane fortare knekk pga kunstig belastning sidevegs. Om eg greier halde kontakta med fremre del av foten ned i plata, endar eg som oftast litt for mykje bakpå, noko eg slett ikkje likar. Så for å spare meg for utlegg på fleire bindingar har eg (prøvd) å slutte med telsvingar på BC-binding (greier dog ikkje halde meg om tilhøva er perfekte) Men det handlar altså om meg som kjører, og ikkje feil på utstyret
-
Eg brukar gså Cripsi i fjellsko og fjellskistøvlar Så abslolutt verdt om du prøver Scarpa då på randostøvlar
-
Er jo så vanskeleg å tilrå sko til andres føtter, men eg har brei fot, normal men litt kort legg som gjer at den tjukkaste delen kjem litt langt nedi støvelen. Scarpa plar høve meg godt.
-
Eg er ikkje noko flink å hugse å poste i denne tråden. I dag satt eg og bladde i nokre album, og kom sjølvsagt over turar eg aldri har delt bileter frå. Kom fram til at eg skulle ta ein "hvor har du vært på tur i dag, eit halvt år for seint". (eigentleg er det fordi eg har lyst å dele dette biletet men er for lat til å skrive turrapport, og for treg med blogginga.) Teksten skulle vore noko slikt; i dag har eg hatt dag nr 2 opp brefallet frå Umivik, på austkysten av Grønland. Det har vore ein gild dag, i flotte omgjevander. Her er kveldens camp.
- 4 598 svar
-
- 25
-
-
Finse til Haukeliseter vs Rjukan med pulk
Tessatroll svarte på Lauris sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Den er nok meir disponert for utfordringar mtp framdrift om dei rette forholda slår til. Eg har gått på blåswix på få dagar, svosja meg over vidda, og eg har hatt eit helv....av vind og brøyting (til midt på låret innimellom) med påfylgande forseinkingar. Heldigvis både gonger med telt. Må elles legge til at det å gå mot sørvest er jæklig fint, ein får oppleve den tydelege endringa i terreng, og ein går mot sol og solnedgongane -
Finse til Haukeliseter vs Rjukan med pulk
Tessatroll svarte på Lauris sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Hei Som det står i beskrivelsen; Vestvidda er meir kupert, og dagsetappane på desse "ferdig skisserte" rutene er jo lenger på den til Haukeliseter. Eg har kryssa nokre gonger samt gjort mindre rundturar, og det som karekteriserer terrenget i vest er jo nett det som står i beskrivelsen, i tillegg er veret hakket meir skiftande, og vestvidda har meir nedbør. Forhold som ver og føre gir (ofte) meir utslag på framdrift i litt "kvasst" terreng enn i snillare terreng. Når eindel av dagsetappane i tillegg er lenger, inneber det rett og slett at marginane går ned/dagane kan potensielt verte meir krevjande om dei rette føresetnadanekjem til. Eg tenkjer altså at det er ein totalsum av fleire faktorar som gjer at Finse - Haukeli er sett som meir krevjande enn Finse - Rjukan. -
Valgest kvaler: Åsnes Nansen eller Gamme 54 fjellski
Tessatroll svarte på knerten sitt emne i Vinterutstyr
Nansen; Eg trur ho kan greie seg med både 175 og 180, kjem litt an på skidugleikar, trykket/stemmet i skia (er ho sterk i beina) og kor tung oppakning de tenkjer ho kjem til å gå med størstedelen av tida. Eg har ei vennine som er hakket mindre enn meg, kanskje noko slikt som fjellfruen, og ho har Nansen i 180. Ho er dog sterk i beina og har god skiteknikk. -
Det er nok kjøreren i siste ledd ja... Eg har siste åra arbeidd me på å kjøre torsjonssvingar/alpint telemark meir enn den tradisjonelle øytunstilen. I gode sesongar byrjar det virkelig sitte, og eg får kjenne g'en dra meg ut av svingen. Likevel krev det fullt fokus førebels, og sitt ikkje i ryggrada. Då er det f....hovent når sambo kjem susande i god telemarkstil, inn på den isete parkeringsplassen, på smale klassisk ski....eg plar då gi han beskjed om å finne seg sitt eget skisenter
-
Eg har hatt med pulk på buss fleire gonger, det har gått fint. Har ikkje måtta betalt for det alltid heller, det skulle seg litt mellom sjåførane kva dei anser som "vanlig bagasjemengde" å ikkje.
-
Puh, dette hørtes faktisk litt mykje ut for meg 😅
-
Valgest kvaler: Åsnes Nansen eller Gamme 54 fjellski
Tessatroll svarte på knerten sitt emne i Vinterutstyr
Eg er 166 og har Nansen i 185 cm. Ville ikkje hatt dei kortare. Ingen grunn til å takke nei til meir bæreflate og retnibgsstabilitet på ei så manøvrerbar ski (mine preferansar). Eg tenkjer at du er innafor med både 195 og 200. -
Valgest kvaler: Åsnes Nansen eller Gamme 54 fjellski
Tessatroll svarte på knerten sitt emne i Vinterutstyr
Ja det er til å bli sprø av. Samd i det. Ikkje første gong ein opplever i utstyrsverden.... -
Valgest kvaler: Åsnes Nansen eller Gamme 54 fjellski
Tessatroll svarte på knerten sitt emne i Vinterutstyr
Eg veit at det er fleire her som har både Ingstad og Nansen, mellom anna @graham. Veit også at @tronnhar Ingstad og er på vurderinga om eit par Nansen. Mitt spm blir : skal du ha dette til ei toppturski? For om du ikkje skal det, må eg seie at eg tenkjer at Nansen er eit betre allroundalternativ mtp Josten, vidda osv. -
Valgest kvaler: Åsnes Nansen eller Gamme 54 fjellski
Tessatroll svarte på knerten sitt emne i Vinterutstyr
Er vel kanskje berre feil ord her, rekna med tshansen tenke på langspenn