Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    57

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Har vore så mykje endringar med Arcteryx no, men kanskje Beta AR?
  2. Eg brukte mammut sin kompaktserie når mine vaks til, fordi dei kjem i mange ulike lengder.
  3. Heilt klart. Men det skal faderullan meg være bra ruskete før ein ikkje toler nokre cm til med høgde, er mi erfaring. Vindretning har mykje meir å seie.
  4. Noko låg takhøgde for menn med exped downmat osv med?
  5. Ah. Eg brukar bedding men ikkje teltpose. Eg synes ofte det siste er like mykje prakk som hjelp. Og så gir det høgt tyngdepunkt ja.. I tillegg har eg ein moderat bedding, av gamletypen utan masse lommedill. No er den dog sliten, og eg har ein ny dillete sak. Likevel nyttar eg den gamle slitte, fordi eg synes dei nye er for mykje greier med. Eg opplever at bruk av bedding med masse fyll i lommer og teltpose ikkje gjer at ein får meir plass, det er meir at du får organisert annaleis, men det medfører eigentleg at at ein bør pakke mindre under... Så eg gidd ikkje, eg har godt system utan.
  6. Har ikkje FP, men mi erfaring er at dei få gongane eg ynskjer eg hadde hatt på stive drag, er det stikk motsette situasjonar med Acapulkaen og Parisbrettet. Delvis nettopp pga meiar/ikkje meiar. Til dømes om det er veldig sidebratt og hardt og eg har acapulka (og kanskje vind) = betre med stive drag. Med Parisbrett på samme stad er det betre med taudrag. Då kan den berre dingle sidelengs nedover hellinga, for den veltar ikkje av å bli dratt litt sidelengs. Med stive drag kan den fort ende med "tvinn" på draga 😆 Føresetnad her er sjølvsagt fornuftig pakka pulk. Det er sjeldan eg drar rundt på umanøvrerbare flyttelass med høgt tyngdepunkt.
  7. Same erfaring her. Minst mogleg dilldall funkar fint. Eg brukar stort sett berre taudrag i det meste av terreng både til Acapulka og Parisbrett, sjølv om eg har stive drag til båe. Lagar alt av tauverk med statisk tau ein typisk nyttar til klemknutar på bre/klatring osv, som har ei strømpe utanpå kjernen. Har til gode at tau ryk som resultat av mekanisk slitasje. Mange av dei har gjort mange mil med mykje kilo i. Det ser ut som det er slike du au har nytta? No har eg dog hanefoten på acapulkaen festa i to små skrukarabina frå Jernia som sitt i festa som er berekna for stivdraget (av den enkle grunn at eg ikkje har montert ringar på sida av skroget. Eg er ein tregost). Desse festa har faktisk litt skarpe kantar, difor biner. Også fint å enkelt klippse av ved behov, når det også fungerer som feste til stivdraget. Skrubiner fordi mine erfaringar tilseier at ting som kan klippse seg ut "av seg sjølv" gjerne gjer det når du helst ikkje vil at det skal skje 😅 Så mine sure cent legg eg i null biner (om tauet/hanefoten skal sitte på heile tida) eller skru.
  8. Samd i dette. Har gått deler av strekninga du snakkar om i litt ulike variantar. Ville også starta slik at eg fekk meir av Hedmarksvidda.
  9. Stone Glacier kan vere eit merke å sjå på. Lette sekkar med høg lastekapasitet.
  10. To av husets tre pelsar. Den tredje seier mjau og har eige herskap. Når den minste ertelusa avbilda her har fått sin første vinter på baken, kjem det vonleg ein kvalp til. 3 stk fordelt på hushaldningas 2 tofotingar har me funne ut truleg er høveleg. Då bevegar med oss noko lunde likt gjennom terrenget. Fascinerande kor avl virkar, å sjå kor framdriftsønsket skin gjennom tidleg med desse bikkjene.
  11. Eg har K7. Den er lenger enn dei fleste vanlege dunjakker, men ikkje så voldsom som til dømes Bergans expedition (som eg også har).
  12. Var Annapurna som var alternativet ei stund, finnast den ikkje lenger? Evt kan Roberts vere eit alternativ.
  13. Eg har på ingen måte dine problem, eg er motsett, men har i min søken etter korte modellar også sett at både Bergans og Arcteryx har tall modell. Om dei er "tall nok" veit eg dog ikkje. Edit; eg har god erfaring med Arcteryx gamma. Ser den kjem i tall.
  14. Fjellreven har fleire modellar i "raw length". Altså bukser du sjølv legg opp i beinenden. Desse er ofte veldig lange i utgangspunktet. Det kan også vere verdt eit forsøk å google turbukse rålengde å sjå kva som kjem opp.
  15. Har mange timar med den "nye". Den funkar fjell.
  16. Netting innerst. Helst Brynje, men også Dæhlie og Janus fungerer. Aclima synes eg mistar fasong og krympar same korleis eg vaskar det. Av "vanleg" ull kjem det an på årstida. Devold expedition og ymse ullfrottè frå woolpower og Janus når det er kaldt. Mellomtjukk ull mindre nøye. Ulvang, Kari Traa, Devold, smart wool osv funkar like greit 🤷🏼‍♀️ Sommar = tynnare, blanding ull/silke eller ull/tencel. Mange merker har det, eg likar smart wool, PhD og Houdini. Når eg vil ha litt varme og fukttransport men ikkje treng netting/ikkje vil gå berre med netting men heller ikkje vil ha ei trøye utanpå, synes eg ullmesh frå til dømes Devold funkar. Det mest slitesterke eg har er Devold, woolpower og Janus.
  17. Eg brukte i mange år ein Titan650. Meinar å hugse den hadde comfort temperatur på nokre få minus. Den holdt det den lova og vel så det på hausten og vinteren. Men då låg eg gjerne på Exped down 9 og med ein skumplast på toppen. Holdt tilogmed varmen ei nokså kald vinternatt under open himmel (tosifra blå), der eg gav frå meg posen eg hadde utanpå til ei venninne av dotter mi som trengde å forsterke sin pose. Då hadde eg dog meir kle nedi, og heilt sikkert ei varmeflaske tippar eg (nokre år sidan). Det var også heilt vindstille. Så erfaringane er tydelegvis veldig ulike.
  18. Usikker på kvar du vil med innlegget, men eg personleg har nytta ME og synes at dei er gode og relativt etterettelege på temperatur jamført med andre posar. At fem posar frå ein annerkjent produsent skal fortene å nærast bli stempla som ubrukelege, utan nærare forklaring anna enn at ein fraus er litt drygt. Eg kan gå ut barfota og naken frå livet og ned...og hevde at dunjakka eg har på er ubrukeleg fordi eg er kald. Men er den faktisk det gitt dessa føresetnadane?
  19. Utviding veit eg ikkje, har ikkje tenkt over. Men kaldaste eg har brukt dei er kring 30 blå. Då med tynn liner, dampsperre og mellomtjukk sokk.
  20. Har hatt Jan Mayen. Posen er laga romsleg nettopp med tanke på at det er ein ekstrem pose, som skal kunne romme ekstra lag med kle osv. Eg synest det var ein god pose, men litt for romsleg til meg i std.storleik. Solgte den for nokre år sidan. Meinar også at det var posen @Virmai alle år brukte til kiden i oppveksten. Påliteleg og hardfør. Kjøpte i år ny syntetpose. Valget stod mellom en Jan Mayen i mindre storleik (tilpassa meg) og ein Mountain Equipment Aurora VI som er smalare i utgangspunktet. Når eg fann den siste for 2400 kr i outleten til Brukås sport endte eg med den, med pris som det eigentleg einaste utslagsgivande. Hadde eg fått Jan Mayen rimeligare hadde det blitt den.
  21. Har både fotposer i dun frå western mountaineering til turane som ikkje tillet volumet i vanlege fotposar, og fotposer med kartank. Har hatt fotposer til å dra utanpå skisko. Det som blir mest brukt er dei to første (solgte difor fotposane som var store nok til å dra utanpå skisko). Forsvarets/Mittet med såle klipt ut av liggeunderlag, ein såle av tova ull og kartank nedi er ein vinnar til isbjørnvakt. Dunposane er supre til typ holde varmen på føtene når det er min tur med kjøkkentjeneste, ut på do osv når det er "tørre" vintertilhøve.
  22. Ah, mi selektive lesing berre utelot transporter. Om det ikkje er glasfiber er kanskje gelcoat feil ja.
  23. Har nøgda med utstyr, men føler ikkje at eg har mykje utstyr eg ikkje brukar. Eg har eigentleg vore flink å omsette utstyr som vert overflødig. Det vil seie at når eg flytta vekk frå kysten så solgte eg ein del utstyr til fridykking og padling, fordi dei få gongene eg no treng det kan eg låne eller leige. Flyttar eg til kysten skaffar eg nytt/brukt att. Eg har ikkje mange telt, soveposar og brennarar, og lite gadgets då eg generelt blir sint av det meste som handlar om tech og krev ei bruksanvisning ( eg er idiot på slikt). Eg brukar opp utstyret mitt, eller omsett det. Elles har eg i mange år hatt eit bevisst forhold til "optimaliseringssyka" som eg kallar det. Altså at i staden for å spørje seg om ei løysing er optimal, kan ein spørje seg om ho funkar godt nok. Overraskande ofte er svaret ja. Det vil ikkje seie at eg har utstyr eg ikkje kunne greidd meg utan. Eg går på ski mange dagar per veke, i periodar kvar dag. Truleg eit snitt på 3-5 dagar per veke gjennom ein lang sesong. Det gjer at eg har nokre skipar i stallen. Eg kunne greidd meg med eit par til alt eg driv med. Eg har også, av ein eller annan merkeleg grunn, enda opp med eit vanvittig antal sekkar, som eg jamleg prøvar få ned på eit meir anstendig nivå. På same tid synes eg at god sekk og gode sko ikkje er der ein skal spare (eg har i tillegg ein vanskeleg nakke og vanskelege føter). Det er freistande å seie at det er dette eg driv med, og eg handlar fint lite anna (husgreier, ny bil osv.). Men dette tek på ein måte berre fokuset vekk frå at forbruket må ned, samme kor godt vi kan rettferdiggjere det. Til tross for at eg handlar brukt når eg kan, brukar ting til dei bokstaveleg talt ramlar frå kvarandre, handlar ting etter opplevd behov og ikkje tenkt behov (var oppteken av dette når eg starta med jakt, at eg reint faktisk skulle oppleve behovet), unngår optimaliseringssyka og diskuterer dei fleste kjøp i "adressefellesskapet" så er det altså for fullt inni boden (rettare sagt bodene...). Det eg prøver å få fram med mitt innlegg er at det faktum at ein brukar noko ikkje er det same som at ein ikkje kunne greidd seg utan. Ein tanke eg skal bli betre på å huske neste gong eit par ski eller ein sekk er oppbrukt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.