-
Innlegg
3 672 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
69
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Har ei god venninne som padla frå Ålesund til Askvoll (trur det var Askvoll) i fjor sommar. Og gode venner som har langt fleire epadledøger enn meg og som har hovudtilhald kring Stadten og i farvatna mellom Ålesund og sør om Stadt. Skal spørje dei og evt sende deg ein pm om eg får nokre gode svar. Sjølv har eg campa med telt I Hellandsvåg på Sandsøy og på Haugsholmen. Grasøyane alt etter fredningstid eller ei. Runde Fyr er DNT - disponert og verdt eit besøk. På austenden av Riste er det fint og fint å lande. Sjå også på Kråkøy fyr. Når ein kjem så langt sør som Bremangerlandet er det mykje idyll å finne.
- 10 svar
-
- 1
-
-
Det var definitivt go'kjensle, både framkom og bakom kamera!
- 10 svar
-
- 1
-
-
Brukar Goggles utanpå ja. Hvis ikkje vil ein puste doggen rett opp i ventilasjonsopningane under. Eg tenker at maske festa på sida vil vere fint til sin bruk, kanskje spesielt når det er aktuelt med solbriller eller ingen briller, og ein kan ha "litt luft". Maske som vert festa på sida har eg dog vanskeleg for å forstå at ein kan få til å sitte godt nok over nasen, og øvst på kinn, i dei tilfella der ein absolutt ikkje har råd til å ha ein cm bar hud og/eller gjerne vil ha Goggles. Dersom ein får glipe oppover, vil pusten igjen gå opp og skape dogg. Men, det vert mest synsing, sidan eg førebels ikkje har prøvd det. Eg veit at @Sig Man har leita etter den gamle Lill - sport Finse vindlua som hadde slik "maske" integrert. Og iflg den siste podcasten med Børge Ousland er det mogleg det kjem ei i marknaden frå Norrøna som har slik funksjon. Eg tippar den har sitt soleklare bruksområde. Om den kan erstatte ei meir tettsittende maske på alle turar er eg dog ikkje sikker på. Gjenstår å sjå koss dei greier utforme den
- 10 svar
-
- 1
-
-
Ja dei er i utgangspunktet designa for å kunne bruke doble stenger, inkludert duken. Eg vil likevel betenke meg med å nytte doble stenger i mitt etterkvart godt brukte Keron, nettopp fordi duk vert svekka av alder og slitasje. Stenger og stangledd kan du bytte ut, svekka/slitt duk er det verre med. Eg har velt ei mellomløysing nokre gonger, og nytta dobbel stang på bogen lengst vekk frå lemur (som eg bygger berre om det er orntli 'grisete), då det ofte er denne som får trøkket frå evt turbulens.
-
Eg tenkjer at duk og stenger må stå i stil. Doble stenger gir en meir rigid konstruksjon. Ein skal vite at duken toler dette. Så, eg tenkjer at det er ein grunn for at duk og stangdimensjon i stor grad fyljer kvarandre, og at teltprodusentane seier noko om vurdering av kvalitet/alder på duk mtp bruk av doble stenger.
- 6 svar
-
- 4
-
-
Synes forøvrig at Balaclavaen frå Lowe også fungerar godt saman med Goggles. Eg har klipt opp materialet som er perforert framfor munnen for å få skikkeleg hol, og tilpassa passform under nasen. Veldig greit. Dog lite hjelp dersom poenget er å unngå kaldluft i lungene. Dersom det er for å beskytte huda for frostskader funkar det dog supert.
- 10 svar
-
- 1
-
-
Kjem vel litt an på ansiktsstorleik, fasong og Goggles, men for meg og mine turkameratar har det funka bra. Veit ikkje kva som er av bileter der ute av maska på eit faktisk menneske, så legg ved eit. Turvennine med aktuelle maske, dog har ho her pause og maska heng nok litt på snei etter eit forsøk på matinntak (å ete når alt har frose saman er ikkje beinkløyd).
- 10 svar
-
- 1
-
-
Nyttar ein vindtett balaclava med hol for nase og munn frå Lowe Alpine ved middels forhold, og ColdAvenger Pro ved heftigare temperatur/vindforhold.
- 10 svar
-
- 2
-
-
Fjellpulken Spica Winter Camp bedding
Tessatroll svarte på Brian_D sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Eg har hatt min Piteraq sidan 2013'ish. Den har definitivt sine bruksdøger, og har lagt bak seg fleire veker kvar vinter her heime på "berget" og også lengre turar lenger nord og vest. Tippar den har ein stad mellom 120 og 150 bruksdøger. Redigert: ved gjennomgang turdagbok har den fleire bruksdøger enn 150. Og heng framleis saman! No er den lappa saman på fleire stader, men den har vore utsett for knallhard handtering, isøkser, skistav som bommar når eg skal skubbe/flytte på pulk, knivar på avveie, skarpe kantar på knekte ting osv. Eg er særs imponert over at den i det heile framleis heng saman. Skal seiast at min er utan lommer og alskens dilldall. Mogleg den er av anna kvalitet enn dagens modellar (som etter min smak er overengineered så det held, med en masse pjåt som truleg ville gitt meg tålmodssvikt).- 9 svar
-
- 1
-
-
Kan du anbefale en fjellski til mitt bruk?
Tessatroll svarte på fjelltrolla sitt emne i Vinterutstyr
Eg ville ikkje kjøpt Cecilie om eg var deg, den er skrekkeleg mjuk, Nansen i 180 vil gi deg meir enn den berre i kraft av spennet. Var eg deg ville eg også vurdert Gamme. Ei meget god allroundski, hakket rankare enn Nansen og slik litt lettare å få på kant for dei med BC og/eller mjuke støvlar. For deg med 75 mm har det nok mindre å sei, men den har smørjelomme, så ved bruk av festesmurming vil du nok oppleve at den sitt lenger enn på Nansen. For meg ville det stått mellom dei to, til ditt bruk. Viddegåing med Ingstad eller e109 og 75 mm står for meg som noko som hadde gjort meg nokså heit i toppen, likeins hardt/isete føre. -
Hei Dersom du skal vere på tur i to veker uten påfyll/depot, så trur eg den kan bli i minste laget for å få med deg det du treng. Du vil i alle fall få eit høgt tyngdepunkt i starten, samme koss du vrir og vender på det. Skal du ferdast i snilt terreng, er superstrukturert på pakking og et berre tørrmat, så kan det dog fungere. Pakkelista di vil igrunn vere avgjerdande, men mange eg kjenner ville fått problem med den str pulk for to veker.
- 35 svar
-
- 2
-
-
Bergans har short modellar, likens Pinewood. Eg har ei frå sistnevnte. Den sitt fint i livet og er passe lang i den str som går over rompa. Eg har dog ikkje spesielt mykje rundt livet/mage, så dersom kjærasten din har litt der så vil den truleg verte ukomfortabel/trang. Då trur eg kanskje nokre av bergansmodellane som kjem i short er betre. Dei vert som regel alt for store i livet på meg når eg får dei over rompa, så der er nok meir plass til mageformer enn i pinewoodbuksa.
-
Eg har Stetind til den type bruk. Om den høver deg på passform osv så er det definitivt ein støvel som gjer jobben.
-
Du vil proffitere på ein stivare sko ala Stetind sjøl om du held seg i snilt terreng, og på hardt underlag er drt ein absolutt fordel. Den gjer også at du kan slappe meir av i fotbladet sjølv om det er isete, sporete, dårleg føre m.m.
- 12 svar
-
- 1
-
-
Crispi Stetind er langt meir vridningsstiv enn Nordland, og vil gi deg betre kraftoverføring til kanting av ski. Eg ville ikkje vurdert Nordland til det bruk du skisserer. Eg nyttar Stetind, og har hatt både 2 og 3 polarbikkjer på lina og hatt god kontroll med Steting og BC.
- 12 svar
-
- 1
-
-
Vurdert dampsperre/plastpose på turar over fleire dagar? Då held du skoen tørr innafrå i alle fall
-
Eit par smale mohair/syntmix, til dømes Silvretta sine, kappa ved hæl, kan vere ei god løysing. Det er vesentlig forskjell på fell med full skibreidde og smalare fell, og om den i tillegg ha rlitt mohair i seg og er kappa på lengde, så er det ganske ok å gå med. Det er no vel også greit å gå med smurning på delar av vidda, om du ikkje har veldig tung pulk? Eg går gjerne på smurning med pulk når forholda tilsier drt. Rubba festesone, og litt grunnvalla i, så sitt festesmurninga bedre. Så lenge ein snakkar temperaturar som tilsier kalde festevoksar så har eg heller aldri opplevd det vanskeleg å veksle mellom fellar og voks utan å rense. Dei 2 eg kjenner som har prøvd Madshus Intelligrip på noko meir enn dagstur har vore misfornøgde, utan at eg heilt i farta hugsa kvifor.
-
Har ikkje gått den men har kika på den et par år, trur det er ein superfin og variert tur, både Breheimen, Jotunheimen og Skarvheimen er flotte fjellområder! Legg gjerne ut rapport om du går den
- 10 svar
-
- 1
-
-
Erfaringer med Åsnes Finnmark iforhold til Åsnes Breidablikk?
Tessatroll svarte på Fjelljentaaa sitt emne i Vinterutstyr
No har eg både Nansen, Amundsen og Finnmark. Både Nansen og Finnmark bær meg betre, men det er no ei grense for kor store forskjel det er. Er ikkje slik at om eg står "til knes og lårs" i djupsnø (som eg sjølv har opplevd med pulk på Hardangervidda) med Amundsen, at Nansen ville løyst "alle mine problem". Er det verkeleg djupt er det igrunn berre ski som ikkje er kompatible med vidda og km som funkar. Eg merkar størst forskjell når ein snakkar moderate mengder laussnø, då mest i forhold til oppførsel nedover og korleis tuppen løftar seg når eg går i front og brøyta. Også til dels hekt i bakski. Spenn og oppakning spelar sjølvsagt ei rolle, så sidan eg stort sett går med pulk eller storsekk så ligg eg ei vektklasser over det eg "skal". Får også slik meir lengde og då bæreflate. Eg er veldig glad i mine Nansen som eg no har tatt BC-bindingen av og sett ein 75 mm på til bruk med storsekk på høgdemeterturar. Den er ei skikkelig artig og manøvrerbar ski, som har gitt både meg og venninner under "skitrening" mykje nedoverglede. Men, så lenge eg har Amundsen i skistallen vil eg nok nesten alltid foretrekke den for Km-turane. Den gir størsteparten av tida meir tilbake for trøkket lagt i tråkket. Dog imponerar Finnmark meg med sin kombinasjon av spenn, styrbarheit og løft i front, den taklar mange forhold veldig bra. Eg ville difor vurdert ei Gamme (som skal vere lik som Finnmark men med stålkant) om eg var deg og skulle ha ei ski med andre eigenskapar enn Amundsen. -
Børge Ousland og Mike Horn på langtur.
Tessatroll svarte på In reach sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Dei vil bruke skuta dei har leigd til tiltenkt formål, ikkje så mystisk vel? Keep it simple tenkjer eg, og prøvar unngå å tillegge folk intensjoner, motiv og kjensler som eg ikkje har føresetnader for å uttale meg om. Egoister kan synast å vere det gjeldande moteord om folk som ikkje lever på jordskokk og gir vekk alle eigenluttar til dårlegare stilde. Så er eg klar over at det er forskjell på å barbere seg og skjere av seg håkå, men dog.- 80 svar
-
- 7
-
-
Mja, mutta e ikkje mi ekspertise heller, men det er ei av dei rasene der mellom anna samkjønnsagresjon tradisjonelt har vore utprega. Ein flokk muttar krev sin leiar iflg dei eg kjenner som har/har hatt slike. Forøvrig mtp resten av tråden tenkjer eg at ein kan vere rivande usamd med Tonje Blomseth om ting, og ein har all rett til å tenke at regelbrot er ugreit. Likevel ville i alle fall eg tenke litt på koss eg formulere kritikken. Det kjem godt med uansett kva "kommentarfelt" ein er i, og hugsar eg ikkje heilt feil frå tid tilbake har ho ein brukar her inne. Målet er vel å diskutere kva som kunne vore gjort annaleis, ikkje å gjere folk lei seg med "ufiltrerte" karakteristikkar og insinuasjonar.
- 96 svar
-
- 13
-
-
-
Nødpeilesender for tur i områder uten mobildekning
Tessatroll svarte på Fred Olav Svartdal sitt emne i Fjellvandring
Har også ein fastfind som skal ha nytt batteri. Hugsakje nett kostnaden eg fekk opplyst, men det var ikkje så mykje som 2000. -
+1. Gler meg!