Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 671
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Berre for å få musklane til å jobbe avslappa ved tunge dagar, ei "vanleg dose" frå morgonen/avmarsj, altså før tungt arbeid. Ein Ibumetin og ein Paracet (500 mg) eller 1 til 2 Paracet. Som regel ikkje påfyll, men kjem litt an på lengda på dagen. Ein Paracet eller to på kvelden for å slappe av om natta. Hjå meg er det litt ulikt kva eg brukar, mengder og kva tid, etter kva tur eg er på og om eg har betennelsestendensar eller ei. Dei fleste turar går føre seg utan, men det er ei god hjelp dei gongane behovet er der. Eg må dog presisere at alt dette er i samråd med lege og med utgangspunkt i min helsestasjon
  2. Hadde vore supert om det var damefasong. Herremodellar høver meg sjeldan. Og då snakkar vi ikkje om at det skal sjå bra ut, men faktisk ha ei passform som kan fungere 😅
  3. Eg meinar ikkje noko meir avansert enn Paracet eller Ibumetin, som også har muskelavslappende effekt. Skal faktisk korrigere det i innlegget mitt så det ikkje blir misforstått.
  4. Følger. Synes også dei fleste turbukse i dag er for lite slitesterke over baken.
  5. I samband med ein tur fekk eg for nokre år sidan anbefalt frå lege (med spesialisering på tur/felt) å ta smertestillande og lett betennelsesdempande forebyggende før tunge etappar (Desse har også muskelavslappende effekt. Eg hadde trøbbel med føter + eit trøttheitsbrudd kort tid før avreise). "Det er ikkje dopingkontroll på innlandsisen" fekk eg humoristisk formidla. Det funka fjell for meg over 4 veker med relativ tungt belastning, i kombinasjon med tape og sålar frå ortoped. Etter dette har eg det som eit ess i ermet om eg har noko trøbbel i kroppen. Dersom det er først ved avslutta aktivitet at eg kjenner det (stivnar i eit bein), tek eg heller ein paracet på kvelden, slik at musklane får slappa av godt av og restituert om natta. Brukar fint lite medisinar elles, har fine leververdiar og lege og fysioterapeut som er nokså klare på at litt bruk av Paracet og Ibumetin i periodar/ved belastning er langt å foretrekke framfor inaktivitet. No har eg feltarbeid gjennom sommaren, med eit bein som eigentleg skulle vore operert (blir nok til vinteren). Då er ein pakke Paracet og Ibumetin obligatorisk. Så lenge ein nyttar det med vett, i samråd med helsepersonell og med eit klart formål, så tenker eg for min del at det er supert, om alternativet er å bli sittande på rompa.
  6. Kjøpte denne til dotter mi, supert konsept der både grill og gass går i kofferten. Kofferten kunne dog vore av betre kvalitet.
  7. Spesialbagasje. Det kan også vere smart å investere i en ryggsekkbag eller bruke ein stor og solid plastpose på. Då unngår du at personell kastar rundt på ting etter reimane og at ting sett seg fast. Dei fleste store ryggsekkmerker sel slike transportbagar for sekk, eg har ein frå Bergans som er stor, god og solid. Fjellreven og Osprey har også.
  8. +1 Å snøre stramt har aldri funka for meg, eg får også meir trykksmertet i hælane av det. Eg går med ganske lause sko, både fjellstøvlar og skisko. Snørar hardt berre dersom eg absolutt må ha heilt presise sko.
  9. Eg har brei fot og trøbbel med å finne sko, keen var faktisk litt vel mykje volum i for meg. @Sig Man synes dog hans nye var digg. Elles har både Hanwag og Meindl modellar med brei lest og/eller strait fit for storetå.
  10. Eg plar tre skalljakka over fotenden om det er veldig vått/fuktig
  11. Dersom ein vil ha ein varig vektnedgang må ein syte for nok proteinar, slik at du ikkje mister muskelmasse (og kvile forbrenninggår ned). Å ligge så lågt som du har gjort no er ikkje tilrådd av nokon eg veit om som arbeider med ernæring, men om du først gjer det så syt i alle fall for nok proteinar og bra med feittsyrer, vitaminar og mineralar Nøtter er ei fin kjelde til proteinar og gode feittsyrer, likeins bønner, linser, magert kjøtt og fisk. På tur kan det vere ei fordel med nøytralt proteinpulver i maten om du mistenker at det blir for lite totalt. Proteinar har i tillegg til å mette godt høg termisk effekt, og er effektivt for å motverke frysing. God tur
  12. Kjøpte ei ny t-skjorte i vår, type Smartwool Active ultralite short sleeve. Ull og tencel. Sidan eg er i første sesong er det vanskeleg å seie noko om slitestyrke, men det er i alle fall den svalaste tskjorta i ullmix eg ha prøvd. Blir fleire på meg.
  13. Hugsakje namnet, kan evt sjekke. Skal plukke opp nokre golvtepper der i veka. Leverar til Elverum som anten rensar sjølv eller sender vidare til Løiten alt etter kva produkt det er tale om. Hadde også nett inne ei dunjakke til renseri, den leverte eg på Vinterbro på Alti, men ana ikkje kven dei brukte. Vart i alle fall greit.
  14. Veit dei har hatt eit veldig bra renseri som spesialiserte på påfyll og rens av du i Trondheim før, men usikker på korleis det er no @graham? Eg har god erfaring med det jevne "bygderenseriet" om det berre er reingjering, både på Sunnmøre og no på Hedmarken. Ganske sikker på du har eit renseri "nær deg" som fiksar detta heilt fint. Mine posar har i alle fall blitt veldig bra.
  15. Nedgradert men spådd å auke på att dei neste dagane, i sær i innlandet, og slik det ser ut også Femundsmarka. Ikkje så rart. Det er no i sin generalitet eit tørt område
  16. Gjekk Nansenruta på hausten, frå Umivik til Austmannadalen. Vi var tre damer som gjekk saman. Erfaring frå vinterfriluftsliv. Erfaring med snødekt bre og meir alpint ferdsel. VHF Sertifikat. God og variert kompetanse på førstehjelp og redning. To av tre hadde hatt SAR forsikring før (dvs vore på type tur som krev det). Gjekk greit å få løyve. Alt etter kva rute de skal gå og erfaring tilrår eg å kjøpe fornuftig koordinatsett frå ein av dei aktørane som har slikt. Om du lurer på meir så send gjerne ein PM med konkrete spørsmål.
  17. Mja, siste år og siste år. Gjekk i 2017. Trur ikkje det er mykje endringar sidan den gong. Du finn ein del informasjon på sidene til det Grønlandske hjemstyret. Start på søknadsskjema så ser du krava for løyve.
  18. Om du ynskjer å reise attende til Sunnmøre så er jo der mange fleire fjell i same “leia“ som Slogen? Eg kan ikkje ramse opp alle, men kan no gi nokre forslag til flotte turar av ulik lengde; Råna, Jakta, Lisjetinden, Kjerringa, Nøre Sætretind, Fjella kring Molladalen, Vassdalstind, Grøtdalstindane, Hellefjellet, Litledalshornet, Dalegubben, Skruven, Fjella kring Trandal, Smørskredtindane, Romedalstind, Fingeren.
  19. Oppmodar med dette på det sterkaste om at alle held ein sakleg tone og droppar å gå på person og/eller komme meg usaklege negative kommentarer om trådens tema, innhald eller bidrag. - Moderator
  20. Namn på tråd: "Ørretelver på fjellet i Vestland"
  21. Kan eit par la sportiva ultra raptor mid vere ei løysing? Dei kjem i wide modell... Og har meir volum i lesten i tillegg til breidde
  22. Eg har slitt ut nokre par med raptor (låge vel og merke), kongesko. Hovdusakleg i ur, med og uten sekk. Har også brukt dei på jakt etter fjellrype, og trassa dei endåtil med meg på reinsjakt i forfjor... Stive men godt dempa, er dei ein favoritt hjå meg. Likevel kjem dei nok til kort med stegjern, så verkar som du har landa på ein god konklusjon
  23. Veit ikkje heilt kva du meiner med villmarkskjensle, men kan Tundradalen vere eit alternativ? Flott i alle fall.
  24. Bidrag til god stemning? - Moderator
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.