Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Er det fleire enn meg som har erfart at Devold har gjort ei endring/starta med ei slags behandling av ulltyet sitt, som luktar veldig? Første gang eg reagerte var på noko ulltøy eg handla på outlet på Vestby. Trudde kanskje det var noko som var brukt for å behandle kle for røyklukt, etter at det var tale om ein lagerbrann. No har eg dog handla nye Devold ulltrøye frå Fjellsport, som luktar like ille. Frå førre runde veit eg at det ikkje forsvinn ved vask (vaska buff og balaclava manger ganger men stinka framleis, endte med å gi dei bort...). Eg vurderer å sende ein epost til Devold for å spørje kva i all verda det er som luktar slik, men tenkte først høyre om andre erfarer det samme?
  2. Eg ville teke kontakt med raseklubbane for dei respektive rasene, og snakka med dei som er god på sine raser. Polarhundklubben er den rett for samojed.
  3. Vinden er ikkje det heilt store problemet, eit godt telt toler slike vindstyrker godt om det er sett opp rett. Sludd og regn derimot er no heller usjarmerende, og kan påverke holdt i snøen (utan at eg har snødekkehistorikken for området).
  4. Som vestlending med 38 av mine snart 43 år på Sunnmøre og med ein kjærleik for bre, så har goretex som bekledning på turar utan tørkemoglegheit nesten alltid vore svaret for meg. Dette til tross for at det i ein del kretser er utskjelt og har fått mange fine "kjælenamn" 🤣 😅 no bur eg på innlandet. Eg brukar gotexen eit hakk mindre, men skal eg i fjellet over dagar blir den med. Det er dei einaste plagga som ikkje "taper seg" på tur synes eg, og eg veit nøyaktig kva som venter meg, også under skiftande verforhold. Å brekke på meg bomull eller noko anna fuktig om morgonen vert berre altfor energikrevende både mtp å varme opp/gå tørt, og berre rett og slett ubehageleg...om goretexen skulle ise til, så held det stort sett å banke den, brette den saman og legge den mellom liggeunderlaga. Så er den god som ny neste morgon. Eg er altså av den sjeldne arten gtx-entusiast 😬
  5. Sjølvsagt! My bad, gjekk fort i svingane når eg las gitt.
  6. Ville i mange tilfelle vore samd med deg, men akkurat Finse-Haukeliseter er ei av rutene eg ville teke dei med, av to årsaker; 1. Alt etter rute er det nokre bratte kneiker ein skal opp, som eignar seg måteleg å baute opp. Til dømes om ein går via Hellevassbu og skal opp til Mannevatn. 2. Dersom ein får fine dagar vêr- og føremessig, er det lite som slår å gå høgt når ein går sørover. Altså over fleire skar, og følge ryggar der ein kan framfor å gå i dalfører og over vatn. Då gjer det seg med langfell
  7. Gjekk den turen med familien for ein del år sidan. Det er ein veldig fin tur, ver obs på at lengst vest er det ein del myr og klegg. Det er terrengmessig lettgått, så tre kg til eller frå gjer ikkje størst utslag her, tenker eg.
  8. Jepp... no er det vel litt folk som reiser mellom både samlingar og parringar, så skulle vel fått til noko frakt, i alle fall i etappar. Men klart, lettare å få reparert meir lokalt.
  9. Har du vurdert å spørje deg for inne på dei ulike gruppene for hundekjøring på facebook? Evt kan det vere at @Gisle Urenveit om nokon.
  10. Eg har også brukt både ultra Raptor og TX4 og 5, samt Bushido. Den siste vert i underkant om det er steinet og ein har ein del oppakning, men dei to andre er supre sko med godt grep. Raptor har best demping, men det er også enkelt å få til med sålar i TX. Eg likar betre tåboksen i TX (eg har føter som er breie heilt fremst, omlag som ei and).
  11. Eg har women's Skare expedition. Varm og god støvel, på samme tid som det går an å bevege seg i den. Eg kjøpte den i høve feltarbeid om vinteren, med ein del scooterkjøring og opphald på forblåste fjelltopper. Heilt super.
  12. Mindre bøyemotstand under sjølve fotbladet når eg går. Med hammertå + sårbar for plantar fascitt så er det mykje betre. Mindre drag gjer det også mindre belastande på akilles.
  13. Kjøpe vanleg skiskostorleik ja, og det er den som er tilrådd i tabellen. God plass til meir sokk om eg vil. Ski er verkeleg mi store forbrukersynd. Eg har mange par, ulike oppsett og er nok innanfor "alle" bruksområde då eg er veldig aktiv på ski i alle variantar. Lundhagsen var ny for meg i år. Der eg synes han verkeleg kjem til sin rett er på eit par Finnmark med xplore, når eg har trekkhundar på lina på krevjande føre. Dette krev ekstra god overføringskraft. Så tippar eg han kjem til sin rett på eit par Nansenski eg skal sette xplore på. Eg hadde tidlegare 75 mm på dei, men grunna trøbbel med føtene har eg måtte gi opp 75 mm. Desse skia er typisk nytta i meir krevjande/kupert fjellterreng/vestlandsterreng og vårskiturar på bre, ofte med tung sekk.
  14. Dersom det er 75 mm binding, så har desse ofte meir bøyemotstand enn BC. Dette kan gi eit anna drag i sener og musklar i foten både ved gange og fall
  15. Kva binding tenker du? Eg har Abisku expedition i xplore binding. Vridningsstiv, varm og romsleg. Litt låg over vrista med det samme men det går seg til merkar eg.
  16. Dette er eg samd i. Utan at eg dermed er så samd med DNT elles. Men at det må til ein innsats på fleire kantar, og at kommersielle interesser elles ikkje må få "gå klar" er eg soleklart på linje med.
  17. Hilroy skorep på Lillehammer. Men dei er inne i sitt siste år før dei går av med pensjon, så eg ville skunda meg om eg var deg Dei reparerte min Svalbard gamasj etter eit ublidt møte med ein hundekjeft 😛
  18. Skjønar kva du meinar, men sånn på generell basis vil eg seie at ein kombinasjon er best. For når det kun er målkrav knytt til ein aktivitet, ser vi også gang på gang kreative vriar som kanskje oppfylle mål men skadar på andre vis. Eg meinar at dersom ein skal finne dei gode løysingane må ein sjå heilskap. Då nyttar det ikkje å berre sette målkrav. Skjønte ikkje setninga. Kva må ein vere miljøverner for å foreslå? Og kva meiner du med miljøverner satt i hermeteikn?
  19. Det får me no sjå når anbodet vert utlyst og ligg i Doffin. Slik sett er me heldige i dette landet.
  20. ....og nett difor er det vel alldeles betimeleg å spørje kva sentralforvaltninga og våre sentrale folkevalde tenkjer om dette? For kommunane sine rammevilkår har gjennom mange år vorte stadig dårlegare, på same tid som oppgåvene vert fleire. Dei sitt med samfunnets breiaste mandat, med tidvis veldig lite overføringar, trøbbel med å få tak i og halde på kompetanse, like store plankrav anten dei er små eller store, eit hav med lovpålagde oppgåver m.v. Satt på spissen er det ikkje nødvendigvis eit spm om kor vidt ein skal ta vare på natur eller ikkje, men kvar ein skal kutte for at "bestemora di" skal få naudsynt helsehjelp. Eller at ein skal ha råd til eit bustadsosialt team. Eller kunne drifte eit ungdomsteam. Eg er på naturens sider, men meine på same tid at me ikkje kjem av flekken om me ikkje ser problemstillingane for det dei er; ein del av eit større system, med mange utfordringar og ei sentral forvaltning som er MINST like ansvarlege som den einskilde kommune.
  21. Dersom eg må over på mjuke voksar/klister, kjem det an på oppakning om eg vel fell eller smørning. Mykje last i pulk eller sekk: nylonfellar. Eg kappar også mine på lengda. Lite last: mjuk voks/klister. Eg har allergi mot å bruke fellar meir enn naudsynt.
  22. @Heriksog @Lompa de kom meg i forkjøpet å svare så redigerer min tekst til å berre seie; Det de skriv + 1!
  23. Fin foto, no fekk eg lyst på hav! Mtp frysing, er det att tele i bakken der du er? Barfrost er no ofte j.... kaldt å ligge på!
  24. Rimeleg, vasstett, robust, lang batteritid, alarm og barometer, toler å vere plassert utanpå skalljakka på turar der det å halde auge med tida er ein viktig del av orientering = Suunto core.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.