Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Ler så eg grin og konstatera at eg aldri vert lettpakkar. På skitur på bre har eg 22-25 kilos sekk for 5 dagar. Då har eg tyna, har mellom anna berre en kilo kle med. Skal dog seiast at breutstyr og tau ligg på 2,5 - 5 kg alt etter samansetninga på taulaget og utstyrsbehov. Vekta inkluderar også utvida medic for gruppe, to par fellar og sjølvsagt spade/søkestang og ein vindsekk eigna til innpakking av skadd person. Vekta er også ferdigpakka vekt, så det vil seie at det er 2 l væske inkludert i den. Konkluderar likevel med at eg har ein lang veg å gå, den dagen kne byrjar skrangle og eg må tenke lettvekt
  2. Sluttspennet på skia har forskjell om du måler det. UTEmagasinet hadde ei go sak på dette. Er du over 60 kg anbefalte dei Nansen.
  3. Dersom 3 kg er ok ser eg at MSR Holler 3 ligg til 5000 kr no, på Sportsnett. Har ikkje prøvd teltet, så kan seie lite om det, anna enn at eg synes det ser ut som et interessant telt. Evt MSR elixir 3
  4. Er forskjell på å ha i seg store doser hubbabubbapillar av ukjent art og oprinnelse tenkjer eg, og på å ha i seg enkle kosttilskot du får kjøpt på apoteket. For å spinne fullstendig av tråden (dårleg vane,m skal slutte etter dette); Som gravid vert du mellom anna rådd til å få i deg nok jarn og vitaminar. Ser ikkje heilt att saltar og mineralar kjem i anna kategori heller motsett; yngstemann truga med å kome for tidleg som følge av mangel på kalium Kaliummangel kan sette i gang aktivitet i den muskulaturen i kroppen som ikkje er viljestyrt. Huff, held me fram med dette trur eg me må skilje ut ein tråd som handlar om ernæring knytt til å få kroppen til å yte og restituere godt på tur
  5. Haha, nei det finnast nok ikkje eit eintydig svar, hverken på tilskot eller skulemedisin. Kroppar reagerar ulikt. Likevel så har me nokre klare fellestrekk i vår fysiologi, og gitt at årsaka er den same (og det veit me jo sjeldan), vil ein ofte kunne finne same svar om ein leitar etter løysing
  6. Eg går høgdemeterturar der vekt er av betydning. Ikkje Himalaya, men med base på Sunnmøre og kort veg til Jostedalsbreen er det vanskeleg å unngå høgdemeter når ein skal ut å lufte seg. På same tid reiser eg ein del ut i andre fjellområder og gjer bortoverturar, og kombinasjonsturar. Dette er grunnlaget for mitt vesle bidrag til testen, om at eg etter tre døger i variert terreng opplever at teltet fell ned mellom to stolar. Med omsyn til Bergansteltet du nevner trur eg at eg veit kva telt du meinar, dersom det ikkje var einduks. Eg brukte det på eit par turar for nokre år sidan, saman med turkamerat som først og fremst ferdast alpint. Teltet vart solgt. For krøbelt sett opp mot vekt. Dersom det var eindukstelt har eg ikkje prøvd det, men vil då tru at det var lettare? Og med lettare vekt ville også dette teltet straks være meir aktuelt, etter mitt begrep
  7. Samd. som sagt er det vanskeleg med eit einsidig svar når ein veit litt lite. Mtp på det som her vert kommentert kan eg også tipse om å kjøre øvingar som styrkar kjerne, samt tøye brystmusklar og musklane kring skuldrane. Korte musklar i dette området gir ofte ein feilaktig muskelbruk som gjer at hovudet flyttar seg i høve til ryggsøyla, ein får såkalla "turtleneck". Vanleg fenomen. Dette gjer at ein deaktiverar musklane mellom skulderblada og brukar andre musklar til å skape aksjon i skuldrar/armar/øvre del av overkropp.
  8. Samd i dette. Huset på ryggen, soveposen og brennaren er livlina di, og det som skal gje deg sjangse til å kvile på ein god måte (livet i ei kantgrop eller anna grop laga under press er ikkje nødvendigvis veldig komfortabelt, og gir sjeldan utkvilt skiløper). Når kilometerane vart lange pga føret og dagen vert for kort, du allereie er sliten og inne på "berre ein liten time til - tanken", er det ok å vite at ein har kontroll på at sneglehuset ikkje forsvinn om det brått bles opp Dette er heldigvis enkelt å trene på. Ta med deg teltet på ein stad du veit er utsett, lag deg ei "rutine" på korleis du vil forankre teltet før du byrjar spenne det opp og gjer det nokre gonger. Tenk at forankring og sikkert oppsett er viktigare enn tempo i første omgang.
  9. Ein luring i norsk friluftssamanheng plar seie ; "Fare er ikke farlig for den som farer varlig" (Nils Faarlund). Altså, kor vidt ein fare vert farleg handlar om korleis ein handterar den både i planleggingsfase og i gjennomføring. Eg trur definitivt at du kan greie å gjere det du vil av vintertur. Det ein imidlertid sjeldan veit noko om før ein har prøvd, er kor vidt ein er i stand til å gjere dei rette tinga til rett tid, slik at faren ikkje får utvikle seg til, nettopp, fare. Erfaringa som trengs for å få vite dette sikkert, er turerfaring. Denne kan være lurt å bygge stegvis. Det vil ikkje sei at oppegåande turvante vaksne menneske må starte med å telte i hagen på vinteren. Synes backupplanen din haurest bra ut Det ein skal tenkje ekstra over ved vintertur er kva type snø og snøtilhøve som dominerar området. Gong på gong ser eg at det ikkje nødvendigvis er været som gir folk ei overrasking, men føret. Dårleg føre og/eller utfordrande terreng kan gi tildels STORE forskjelar i antal km forsert i timen. Så mitt lille hjartesukk er at eg ynskjer meg at ein ikkje berre fokuserar på den EVINDELIGE diskusjonen om vind, men også på føre og dominerande snøkvalitet i områda ein har å velje mellom. Dette vart OT så det held. Uansett; god tur. Eg er viss på at du vil både kose deg og lære masse, når du endeleg legg avgarde på tur
  10. Will do. Har ikkje kjøpt teltet enno, ville sjekke moglegheitene for modifikasjonar først. Etter å ha fått svar med Helsport om at dei kan fikse det eg ynskjer, har eg bestemt meg for å kjøpe det når kontoen er restituert etter EU-godkjennig av bil....baaaah
  11. Denne haldninga har eg også vore borti og saman med folk somhar hatt, mellom anna ved lengre opphald utanlands der du skal gjere "mest mogleg" på kort tid, til dømes buldretur til Font Usikker på det er spesielt helsefre,jamde ja Også usikker på om me no er på tråd eller fullstendig OT
  12. I hovud/fotenden ja Her på vestlandet er kombinasjonen vind og nedbør eit hyppig fenomen, og det å få spent duken skikkeleg er eit must Det er også slik at det som skal til for å få meg inn i eit telt (trives best under open himmel) er mygg, eller sidelengs nedbør i høgfjell eller inn under tarp. Då er det greit å ha full myggnetting, føler meg langt vekke frå elementet når eg er pakka inn i eit telt med ein liten glugge øverst Edit; Det fordrar sjølvsagt at ikkje vekta stig så mykje at eg like godt kunne kjøpt eit vanleg reinsfjell. Men tvilar på at litt ekstra duk/netting (evt på eine døra berre) og to løkker veg 1 kilo.
  13. Ja, det vert to lag ja Jepp, to lag Eg har ikkje fått pris, ei heller veit eg kva vekta kjem på i tillegg. Det vert nokre kvadrat med tynt ty og netting, og vekta av ekstra glidelås. Eg vil ha pluggfeste på langsidene. Midt på om lag.
  14. Var avgarde og slo det opp inne på xxl i går. Eit supert telt mtp vekt ja! Dog sender eg det inn til Helsport for å få montert full nyggnetting i båe dører og markløkke på båe "langsider".
  15. Eg var ute på xxl i går og slo opp dette teltet fordi eg har vore nysgjerrig på det ei stund, men ville sjå fortelta "live". Min konklusjon var at eg i eit slikt får plass både til ein stor sekk og koking av mat, så då er det nok plass til ei bikkje vil eg tru
  16. Magnesiumtilskot er effektivt mot kramper. Berre spør dei som har gått gravide og hatt kramper i legg og fotblad kvar natt i mange månader Mine erfaringar når det gjeld væskeinntak, er at dersom eg får leggkramper, kan eg alltid nikke ja om eg spør meg sjølv om eg har slurva med drikke, og om eg har sveitta mykje og mista viktige saltar og mineralar. Dette er ikkje alternativt "hubba-bubba" men grunnleggande fysiologi.
  17. Den som berre hadde hatt eit eintydig svar Mykje kan gje ømme musklar; uvant arbeid, feil sekk, feil regulerte stropper, feilpakka sekk, simpelthen dårlig sekk osv osv....Det beste du gjer er nok å få nokon til å sjå på sekken saman med deg, når den er pakka, for å sjå korleis den sitt. Evt kan du gå inn på YouTube og finne filmar som handlar om tilpassing og pakking av sekk. Å finne gode sekkar er ein studie verdt....og etter mitt omgrep vanskelegare enn å finne ballkjole til ei tenåringsjente.
  18. Kan hjelpe deg litt med dette når eg kjem meg på ein PC som gjer at eg orkar skrive meir enn to linjer. Vil elles tilrå å starte på Danskehytta for så å avslutte i Geiranger.
  19. Ved førespurnad om målgruppe og tanke bak teltet fekk testarar dei same opplysningar somn det som ligg ute på nett tilgjengeleg for alle. Eg tenkte teltet var interessant nett med tanke på alpine turar, samt dei høgdemeterprega vårskiturane eg gjerne tek her på Vestlandet, til dømes i tilknyting til Jostedalsbreen. Det testen avslørte for meg var nett det at teltet fell ned mellom to stolar. Mtp kor "asketisk" tilværelsen i dette teltet er, veg det for mykje. Men, igjen, ein har eit trygt telt om ein kjøper dette, noko som kan være utslagsgivande for den som skal ferdast høgt i områder som er disponerte for store nedbørsmengder på kort tid, i kombinasjon med vind. Eg må presisere at den gongen det var pressa ein haug med born inni var det ikkje fordi ein tenkte at dette var eit toppers familietelt til ein viddetur. Det var enkelt og greit fordi ungane som hadde velt andre soveløysingar for ei natt kom krabbande inn i teltet til mor etterkvart. I soveareal imponerte då teltet i så måte, med seksåringen på tvers ved inngangen og mor og to barn til i lengderetning. Uttale om storleik i testen er altså ikkje gjort utfrå ein ståstad om at teltet skuffa som komfortabelt familietelt
  20. Hei Kan være smart å trene (når du til dømes trekker dekk) med sko med låg forskjell mellom hel og forfot, dvs lite drop. Det styrker akilles og nedre del av legg, noko som også kan hjelpe på trykkproblema. Elles er det som har hjelpt meg mest, og som eg brukte sist eg var på lengre tur, å lage ein helkopp av det ein kaller gnagsårplater, altså ei trykkavlastningsplate. Eg klipte den i ein noko lunde T fasong, og tapa på hælen, slik at den var trykkavlasta bak og på sidene og under. I kombinasjon med å fjerne heldelen på Bc binding og montere g3 helkloss med løfterar, funka det. Skal settast at etter at eg byrja springe med lavt dropp, og stila meg inn mot barfot, har eg hatt mindre trøbbel med heile greia.
  21. Eg har dukka opp på Finse og Voss eit par gonger utan pulkplass....også på Dovrefjell på forrige FF treff. Eg har fått den med meg kvar gong, men på Voss og Finse vert dei skikkeleg sure....sikkert pga den store pågangen
  22. Må seie eg har litt andre tankar mtp lommer. Sikkert greit med HD og lommer om du er på langtur og har to brett, evt veldig stabil pulk eller er på kortare tur med 30 kgs pulk. Men det eg har sett av HD på en pittelitt overlessa pulk, kanskje litt feil tyngdepunkt og rufsete terreng... er at fulle lommer på bedding med thermosar osv gir topptung pulk. Eg har vanleg storleik og når mine greier like Kjapt når eg pakker for lett tilgjenge i front. Men, ser heilt klart det med storleiken. Eg har berre M liggeunderlag, og har skjært til ridgeresten min, så greier meg fint med den vanlige
  23. Åsnes seier litt ulike ting kan ein få inntrykk av.....sluttspennet er jo faktisk forskjellig! Eg er dame på 167, normalvektig og har velt Nansen fordi eg synes Cecilie har for lite spenn....godt nøgd. Prøvde ei Amundsen for noko sida. Vanvittig morro å få svar på det ein legg i tråkket sitt. Cecilie vil dog være superleiken for deg, det vert nok morro!
  24. Følgjer denne. Truleg hausttur Gr.land her. Står mellom det tradisjonelle oppsettet med BC og Yeti (billig når kjøpt frå det britiske forsvarets overskotslager) og ein av desse typane med integrert gamasj. Har goe BC sko frå før, men veit faktisk ikkje om eg vil slite på dei goe støvlane mine på ein slikt type tur der stabilitet og kraftoverføring betyr mindre. I tillegg kan tampen på hausttur verte relativt kaldt, så mogleg ikkje varmt nok med det tradisjonelle oppsettet (er dog ikkje plaga med frysing). Har tidlegare brukt det nevnte gamle oppsett både her i høgfjellet og på Svalbard på skitur.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.