Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. EVt Jack Wolfskin Asylum
  2. Nokon som har vore borti/sett live, nemnde telt? Korleis er evt glidelås og ventilasjon? Finn lite om dette.
  3. Tessatroll

    Sports-BH

    Har same problem med nakken, og har litt i front. Har landa på at til lågintensitet aktivitet så er to modellar frå Kappahl samt go. Tynne, transporterar godt. Den eine minner om ein "piketopp", breie flate stropper, god storleik, ikkje brytarrygg som klemmer på nakkemuskel. Den andre modellen er som ein bh utan spilar nærast, med ein litt "moderne" lokk, ser ut som ei blanding mellom ein topp og ein bh, altså ser ikkje ut som ein "mamma-bh".
  4. Du skal eit stykke opp i høgda for å finne god snø der no. Rapportane om fotføre frå Ålesund og Sunnmøre turistorening får stadig utvida areal. Om du ringjer dei tippar eg på at du får gode råd basert på sist besøkande.
  5. Faktisk så nøgd med vinterposen eg fekk til testing at me har kjøpt inn 600 posen til sambo og meg i forbindelse me at me trengte nye 3sesongsposar
  6. Eg har Alpha SV, sambon har Alpha AR. Den siste verkar noko lenger, hakket mindre "stimpen" pga kombinasjonen av materialar. Den verkar slik litt meir "straumlinje"forma. Samboeren er brei over skuldrane, og må av di har ein storleik som eigentleg ikkje harmonerar med høg. Den vert likevel ikkje "too much" og det verkar ikkje som den bulkar opp og vert ukomfortabel. Skulle eg kjøpt i dag hadde eg kjøpt AR i staden for SV.
  7. Ja dei har jo både tekstil og skinnprodukt, og same materiala som "nordiske" merkjer. Eg personleg har mine favorittar i La Sportiva og Crispi. Scarpa høver ikkje meg, då dei ofte vert hakket for smale. Kva type fjellsko er du på jakt etter? Altså, bruksområde?
  8. Kva med å prøve herremodell frå merkjer som typisk dominerar lenger sør i Europa? Er ofte smalare og meir petite. Tenkjer Scarpa, La sportiva, Vaude, Asolo, og heilt sikkert mange fleir. Støvlart og sko bygd på nordisk lest er jo ofte meir volum i og breiare.
  9. EIn god tresesongs med temperaturrating ned på minussida pluss eit oppblåsbart liggeunderlag med ein minimum r-verdi på 4.5. Treng du meir; suppler med den du har frå før. Om du i tillegg kjøper eit thermarest ridgeres eller z.lite og legg oppå, får du auka både komfort og temperaturspenn. Mykje å dra på seier du? Del ridgeresten/z-liten i to, slik at dui har den ekstra skumplasten frå rompa og opp. Då skal du være godt hjelpt. Elles plar ei varmeflaske (drikkeflaskje som er tett og toler varmevatn) i fotenden gjere susen når du nermar deg grensa for posen din.
  10. Kva med ein halvsole?
  11. Hei Var de avgarde? Korleis var snøtilhøva ved kåpa?
  12. En tynn liner (til dømes Bridgedal), brødposar utanpå, og ein tjukk ullfrottesokk (til dømes SMartWool sin tjukkaste) som sitt skikkeleg utanpå der igjen. Har funka for mang ei fortvilt sjel som har prøvd alt anna. Må likevel seie, at dersom du ikkje er plaga med gnagsår til vanleg, så handlar det kanskje om skoen og passforma. Då er det eit ope spm om ein skal selje dei medan dei framleis er nye og og nokolunde fine, eller om ein skal gjere som ei anna eg kjenner; halde på så lenge og kave med sko som høver dårleg, at ein endar opp med sko som bær tydeleg preg av bruk, ymse blokkeforsøk, sår etter stålkant osv, men som framleis er like vonde...og med låg verdi i bruktmarknaden.
  13. Mtp telt ville eg sett på Hilleberg Nallo serien. Mtp rygg og underlag til vond rygg; eit eller anna oppblåsbart med ein therm-a-rest ridgerest oppå. Det siste har "riller". Desse rillene går motsatt veg av kanalane på mange oppblåsbare, og i kombinasjon får du då fin vektfordeling, og kan tillate deg å ikkje sprengfylle det oppblåsbare, og slik regulere kor mjukt/hardt det skal være. Får nesten opplevinga av rammemdrass med overmadrass
  14. En vanleg vinterpose som du forsterkar med ein sommarpose ved behov. To-pose oppsettet er min favoritt så lenge eg har pulk, fordi det er fleksibelt. Elles er varmeflaska god å ha både for forvarming om du he blitt kald, og som fotvarmer. Eg må som regel kaste den ut etter ein time eller to når posen har blitt skikkeleg varm, og nyttar den berre når eg blanserar på grensa av ein pose, men har ein del venninner som frys meir, og har den som fast inventar. Elles er det som du seier; å ete. Et feitt (meierismør eller Cocosa i kakaoen og kveldsen). Gå på do, så slepp kroppen varme på sjiten. Bokstaveleg talt
  15. Føresett ein makker sjølvsagt Likevel ville eg ikkje akseptert at det er slik på ein ny kajakk, til tross for at ein veit at ein stort sett må mekke på det meste av båtar. Eg har ein splett ny båt som må støypast nye skott på. Sjeldan ein finn ein kajakk som ein synes er topp på alle punkt. Likevel viktig å kartlagt om det er noko gale med boksen eller om den skal være slik. På min gamle Nuka gjekk den heilt opp. Kva leverandørar av ymse utstyr meinar, anten det gjeld syklar, kajakkar eller goretexjakker har etter kvart vorte rimeleg irrelevant for meg etterkvart, diverre. Skulle ønske eg kunne feste betre lit til dei.
  16. Mi erfaring er at fjøresteinar og svaberg mot ein kjøl som stikk litt ut fort kan gjere skade. Eg ville nok gått for å få stramma den. At den stikk ut kan jo også være ein indikasjon på at noko er gale med senkekjølssystemet, og det er kjipt å oppdage midtfjords, med vind ein veg, straum ein annan og dønningar frå atter ein anna (pittelitt satt på spissen ) Med ein ny kajakk ville eg tatt dette opp hjå dei eg kjøpte han av. Paddling av sete er eit alternativ dersom du i utgangpunktet sitt godt men vil gjere mindre justeringar. Nokså vanleg i havpadlemiljøet også.
  17. Samd. Den modellen er verdt å prøve. Eg har den til testing no, eg er 167 cm og har den i small, og på "ytterste"/lengste stille. Så vil tru at XS skal kunne justerast fint inn til henne, dersom den elles passar
  18. Etter mitt begrep skal kjølen heilt inn, men kan hende er det berre vaier/snor som må strammes.
  19. Hoj! Du var kjapp på avtrekkern! Gratulerer! Om du sitt godt i denne har du gjort deg eit kjempeval! God tur
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.