Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Fekk tilbud i går om å bli med, men hadde egentlig tenkt på andre gjeremål. Men då eg stod opp kl 7, og himmelen var blå, var det berre å sende melding om å bli henta. Kl 9 var vi klare til avmarsj frå Sæle i Bygstad, ein kortare variant enn
"normalveien". Skiene måtte berast til over skoggrensa, ca 20 min. Så var det berre å få på fellene og legge i vei.

Sola hadde alt fått tak i den første stigninga, men snart vart det fast og fint underlag. Bra stigning opp mot Marifjellet,
før det flatar ut nordover mot Heilevangstaurane. Ny stigning opp her, før vi kom opp på sjølve ryggen som fører utover
mot toppen. Litt opp og ned, så er vi ute på den smale egga, med 300 m under skavlen på nordsida, ned på Blåfonna, og 700 m skrånande ned på sørsida. Men i dag var det godt feste i den akkurat passe faste snøen.

Oppe på toppen viste varden at det nok er mindre snø enn vanleg, sjølv om det har komme mykje i løpet av april.
Nista vart inntatt i ly av varden, mens det berre var å nyte den flotte utsikta. Etter 15 min var det imidlertid slutt, då
auka vinden på og eit skikkeleg rennefok gjorde det utriveleg akkurat på toppen. Så då var det berre å gje seg i kast
med returen, som nok gjekk på atskilleg meir råten snø, etter kvart som det minka på høgdemeterane.

post-517-133474416645_thumb.jpg

post-517-133474416657_thumb.jpg

post-517-133474416666_thumb.jpg

post-517-133474416669_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Annonse
Skrevet

Fint fjell langt mot vest! Var der i fjor på desse tider. Gjekk frå Rørvik og runda rundt vestsida av Rørviknibba? og vidare austover mot toppen av Blægja. Gjekk same turen for 5 år sidan, men då gjekk vi opp i nordsida av Rørviknibba til toppen av denne og vidare austover langs ryggen/egga til toppen. Bratt og spenstig variant som ikkje er tilrådeleg når det er hardt i nordsida av Rørviknibba. I fjor vurderte vi det som uforsvarleg å gå her utan stegjern. Bakdelen med å gå frå Rørvik er at ein må bere skia ganske mange høgdemeter før ein kjem opp om skoggrensa, men der er rimeleg god sti og ein vinn høgdemetrane fort. Fine nedkøyringsvariantar så langt mot vest!

Skrevet

Tøni: problemet med å gå frå vest om vinteren er ofte skavlen heilt på toppen, no var den ganske

høg etter mykje nysnø og austavær siste tida.

Morten: vi tar den til sommaren ein gang som fottur. Helga vart perfekt, med Brann - Vålerenga i

kveld. Valgte ikkje å bli med på Sognefjellet med gjengen, det blei ikkje vær til toppforsøk for dei.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.