Gå til innhold
  • Bli medlem

Agnar

Aktiv medlem
  • Innlegg

    245
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

1 Neutral

Om Agnar

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Ta ein overnatting på Memurubu. Start tidleg frå hytta, før første båten kjem frå Gjendesheim. Då har du første delen av ruta for deg sjølv. Det er alltid lettast å gå opp ei bratte, enn nedover. Kan i grunn ikkje diskuterast. Fin tur opp til Veslefjell, litt kjedelig på resten, men flott utsikt heile turen.
  2. Det bredeste må jo bli frå Stadt til Svenskegrensa, eller omvendt.
  3. Bildet er speilvendt, og tatt frå Jølstravatnet. Det kvite huset til høgre er Huus, bak kan Bjørga så vidt skimtes. Lenger bak ligg Kjøsnes på høgre sida, med Sunde på venstre, og Kjøsnesfjorden innover mot Lunde og Jostedalsbreen lengst bak. Det andre bildet er teke på sørsida av Jølstravatnet, mot Sunde og Søgnesandnipa.
  4. Det var no ikkje lettaste ankomsten som var valgt her nei. Meinar at den greiaste må vere frå Fresvikjordalen i sørvest. Her kan ein køyre inn mot Jashaugen, med mulighet for overnatting om ein ønskjer det. Har den sjølv på programmet, så hadde nok blitt med og utvida taulaget ved forespørsel. Vart det Gunvordalsbreen etterpå?
  5. Legg ved nokre bilder frå gårsdagens tur til Blåfjellet, 1775 moh, høgst i Stranda kommune. Ei fantastisk utsikt, på ein strålande dag.
  6. Tilbake frå ferie så då fekk eg endeleg lasta opp nokre bilder. På Folarskardnuten og Vassdalseggi var det mest skodde, og på Gaustatoppen vart det berre mobilbilder.
  7. Søndag 11.juli Folarskardnuten. Lettskya, men litt skodde på toppane ved start frå Raggsteindalen. Oppe ved Folarskardtjørnan kom regnet, ganske lett først, men meir etter kvart. Gjekk innom Lordehytta, og vurderte å snu, men det gjekk jo ikkje når ein har reist så langt. Fekk litt problem opp frå vatnet i skodda, men heldigvis hadde eg isøksa i sekken. Ei bratt og hard snøfonn måtte passerast. Etterpå fann eg merkinga, og det var berre å spasere til topps. Null utsikt, så det var berre å gå vidare. Valgte retur via Veslebotnen til Raggsteindalen, men fekk problem i skodda så det vart ein lang tur tilbake. Nesten nede i Raggsteindalen møtte eg ei flomstor elv, som ikkje lot seg passere der stien gjekk. Måtte følge den nedover eit stykke, der det var mulig å vasse over. Mandag 12.juli Gaustatoppen. Låg skodde rundet toppen då eg køyrde oppover til Stavstø. Tok rett opp lia og gjekk i retning toppunktet for Hjartdal kommune. Vart mykje stein oppe på ryggen, men kom etterkvart inn på "motorveien" mot toppen. Skodda var vekk, og det var berre å spasere bortetter egga, og ei fantastisk utsikt. Ikkje mange som tok turen bort frå hytta, men nokre utenlandske turistar koste seg i sola. Berre ei katastrofe: kameraet låg igjen i bilen. Tysdag 13.juli Vassdalsegga. Frå Gaustatoppen bar det rett til Haukelisæter. Starta med å gå stien mot Holmvassbu, men tok av etter første brua. Holdt så langt opp under fjellet som mulig, og gjekk på dyretrakk innover lia mot Lisledalen. Måtte vasse elva ved utløpet av det små vatnet. Runda vatnet, og tok så oppover mot egga, som eg nådde på ca 1500 m. Lang egg innover mot toppen. Skodde denne dagen òg, men den letta etterkvart, uten at det vart skikkeleg utsikt. Etter toppen fortsatte eg på andre sida, for så å runde vestover igjen. Kom etterkvart tilbake til stien frå Holmevasshytta, som eg følgde tilbake til Haukelisæter. Det vart ein dryg tur viste det seg, så totalt ca 9 timar på tur, men godt tilfreds med tre fylkestoppar på tre dagar.
  8. Er det tilrådeleg å gå normalruta frå Finse til toppen uten tau? Tenkte å gå neste helg, via Appelsinhytta og Jøkulhytta.
  9. Samme forholdet i Florø. Her vart kanalen bygd så tidleg som i 1860 åra. Så Brandsøy og Floralandet er eigentleg berre ei øy. Dessuten blir namnet Solheimfjellet aldri brukt om toppen. Den heiter no Brandsøyåsen, sjølv om den på kartet ligg rett ved sida av toppen. www.digitaltfortalt.no/show_single.aspx?art_id=584
  10. Selja Forlag har komme med ny Opptur-bok. Denne gangen Opptur Jotunheimen, med beskrivelse av 125 turar. Finn Loftesnes er som vanleg fotograf, denne gangen er han forfattar òg. http://www.selja.no/120_opptur-jotunheimen_125-fotturar.html
  11. Fuglesteg er egentlig ubetjent hytte, men har hyttevakt fra ca 20. juni til ca 15 august. Enkel servering fra kl 11. - 17, men ikkje utlagt proviant. Fantastisk flott sted, med gamle restaurerte bygninger. Ca 1,5 t å gå opp frå Fortun, og merka vidare opp til Berdalen, via Berdalsnosi og til veien mot Turtagrø.
  12. Så det var du som kom ruslande ned til parkeringa ca kvart på ti? Var først sikker på at det var Morten sin bil som stod der, men da du la utstyret ditt bort til den, vart eg usikker. Etter ei veke som hyttevakt på Fuglesteg, hadde vi akkurat vore ute på Berdalsnosi for å betrakte den fantastiske utsikta mot Hurrungane, og andre totusenmetringar. Har vore ei nydeleg veke i fjellet, men som hyttevakt vert det begrensa med utflykter.
  13. Skikkeleg nøtt denne gangen.
  14. Då var vel den saken avgjort: http://www.turistforeningen.no/article.php?ar_id=18169&fo_id=1 Gjenstår å sjå kva som skjer med veien, den må gjerne stengast, blir ein fin tur å gå inn til den nye hytta.
  15. Fleire nyheiter for dei som vil til fjells i påska. http://www.firda.no/nyhende/samferdsle/article4231829.ece
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.