Gå til innhold
  • Bli medlem

Interbond

Aktiv medlem
  • Innlegg

    216
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Interbond

  1. http://www.oslosportslager.no/produkt/topp-knicker-bomullsnikkers-unisex-26960.aspx ellers finn du to billige nikkersar her http://www.stormberg.com/no/catalogsearch/result/?q=nikkers http://komplettfritid.no/product/åsnes-bratt-all-year-knickers-men-dark-navy Har ingen erfaring med Stormberg sine ,men av Åsnes sine er Topp nikkersen den som virkar best egna til vinterbruk.
  2. Sitat frå elgen sitt innlegg: "Breistølen ligger ved Rv 52 som normalt er åpen. Riksveien er også offisielt skille mellom villrein på Hardangervidda og tamrein i Nordfjella. jeg tror ikke reinen vet det. Hilsen Elgen" Uten at dette har så mykje med trådstartar sine spørsmål å gjere,men dette er ikkje heilt korrekt.. Nord for Rv 52 finn du tamrein det stemmer,men sør for Rv52 finn du villreinen som tilhøyrer Nordfjella villreinområde.. Skille til Hardangerviddareinen ligg eit godt stykke lenger sør. Her er grensene for Nordfjellareinen : Nordfjella Villreinområde ligg i 6 kommunar: Aurland og Lærdal i Sogn og Fjordane fylke, Hemsedal, Ål og Hol i Buskerud fylke, og Ulvik i Hordaland fylke. Villreinområdet har RV 52 som grense i nord, Bergensbana i sør (eller meir presist; vassdraget som renn langs Bergensbana). Tatt frå http://www.villrein.no/LinkClick.aspx?fileticket=xj1DILgaebw%3D&tabid=4922
  3. Hodelykt Petzl Myo XP Belt kr 299 https://www.flust.no/sport-og-fritid/friluftsliv/hodelykter/petzl-hodelykt-e84-p2-myo-xp-belt/ Ser for øvrig at det er enorm prisvariasjon på denne lykta. dyraste prisen eg fannvar 998kr,mens 700-800 kr er ganske vanlig.
  4. Hodelykt Petzl Myo XP Belt kr 299 https://www.flust.no/sport-og-fritid/friluftsliv/hodelykter/petzl-hodelykt-e84-p2-myo-xp-belt/ Ser for øvrig at det er enorm prisvariasjon på denne lykta. dyraste prisen eg fannvar 998kr,mens 700-800 kr er ganske vanlig.
  5. Dag G no kan og tilvekst av tre gjere det mindre farefullt for ras. tenker da på at trea kan stoppa eventuelle ras. Ellers synes heller ikkje eg at tilvekst nødvendigvis er så negativt .Som ein anna sa naturen er ikkje statisk. For å sei det sånn så vil eg ikkje at naturen skal sjå ut slik som den gjorde for 100 år siden med lite eller ingen skog oppetter fjellsidene,men det hadde berre vore positivt om folk kunne hogge og brukt meir ved. Det er så mykje snakk om fornybar energi for tida,men da dreier det seg nesten alltid om vasskraft evt vindkraft. Ved er i høgste grad fornybar energi. Og den har positive effektar uover varmeverdi i ein omn, tenker da på mosjonen og frisk luft ein får ved å drive slik hogst. Det er ikkje uten grunn det blir sagt at ved varmar to gonger.
  6. Eg trur det blir litt for enkelt å skulde attgroinga i utmark hovedsakleg på færre beitedyr.. Dette er nok berre ein av fleire medvirkande årsaker, og årsakssamanhengen treng ikkje vere lik over alt. For eksempel så kjenner eg godt til eit område dei siste 30 åra som eg har jakta og gått tur i. I løpet av desse 30 åra har antal beitedyr vore nokolunde likt heile tid,men likevel blir det berre meir og meir skog og den trekk stadig høgre opp for kvart år. Det seier meg at andre årsaker denne staden er viktigare slik som manglande stølsdrift som brukte store mengder med ved. No blir det berre hogge litt ved som blir brukt hovedsakleg under jakta. dette monnar så altfor lite i forhold til til tilveksten. Ser ein på 100 år gamle eller eldre bilete frå dalen der eg bur så var fjellsidene nesten fritt for trær. Den gongen var ein totalt avhengig av vedfyring noko som medførte flittig hogst, i dag er det slettes ikkje slik.Elektrifiseringa av Norge vil eg påstå er vel så viktig for attgroinga i utmark. Det er nemleg ikkje slik at det alle stader er blitt mindre beitedyr. Likevel er eg enig i at geiter kunne halde nede ein del av skogen,men skogveksten klarer me i det store og heile ikkje å halde i sjakk om me ikkje aukar vedhogsten dramatisk, Om t skogsvoksteren også skuldast andre årsaker enn manglande hogs og beite skal eg ikkje meine så mykje om,men ein kan vel ikkje utelukke at endring i både temperatur og nedbør kan ha innverknad.
  7. Eg har både Aclima sin ullnetting og Brynje sin. Som nemnt inneheld Aclima sin 91% ull,mens Brynje har 80%. Brynje sin netting er dobbelstrikka påstår Brynje, Aclima seier ingen ting om dette,men det ser ut for meg som dei ikkje brukar dobbel strikk. Brynje sin netting virkar mjukare enn Aclima,men så brukar Brynje 17,5 micron ullfiber i sin netting og det er det finaste du får på det norske markedet.Aclima oppgir ikkje sin ullkvalitet,men den er nok grovare,men fortsatt mjuk og fin. Ellers er nettinghola større i Brynje enn Aclima. No har eg ei zip polo trøye frå Aclima og vanlig rund hals Brynje så dei er ikkje heilt samanliknbare,men buksene kan eg samanlikne. Begge er i samme størrelse og er omtrent like store,muligens er Aclima ørlite større uten at eg er sikker. I front og bak har begge tett ribbestrikk, og dei går begge ned i ein slags kile på innsida av låret. Brynje sitt ribbestrikkområde er betydelig breiare framme enn Aclima,mens bak er dei meir like.. På knærne har Aclima netting ytterst og rbbestrikk på innsida,mens brynje berre har ribbestrikk som forsterking. Aclima sitt kneområde havner litt lenger ned enn Brynje sitt på mine bein. Vekta er for Brynje 172 gram ,mens Aclima si bukse veg 213 gram. Når det gjeld trøyene så har Brynje sin rundhals dobbel forsterking på skuldrene med netting ytterst og ribbestrikk innerst,ellers er resten av trøya berre netting. Aclima si rundhals trøye har ribbestrikk over skuldre og på sidene.,mens den er dobbel på albuane med netting ytterst og ribbestrikk innerst ut av det eg kan sjå på Aclima si side. Polotrøyene er like med rundhalsmodellane utenom halsen og glidelåsen. Sidan eg ikkje har to like modellar så blir ikkje vekta samanliknbare,men sidan Aclima sine trøyer har meir ribbestrikk og mindre nett enn Brynje så er dei tyngre.Aclima sin polohals er dobbel og blir veldig tjukk i forhold til resten av trøya.Muligens er og Brynje sin hals konstruert slik,men det veit eg ikke. Prisen varierer,men generellt er Brynje litt dyrare enn Aclima sjølv om eg ser at einkelte stader så har prisen på Aclima stige litt i det siste. Kva er så best? Eg har ikkje akkurat testa dei mot kvarandre,men er godt fornøgd med begge. I Jakt og Fiske nr 11 2012 er det ein stor test av ullundertøy der begge desse er testa med polotrøyer. Vekta i str M for setta var Aclima 380g og Brynje 310g. Brynje får trekk for litt manglande forsterking på albue og baken, det siste er eg ikkje enig i då dei der virkar temmelig like.. Aclima får pluss for bruk av ribbestrikk som aukar komforten og slitestyrken.. Ellers får Aclima trekk for noe lukt i plagget etter bruk og at buksa er litt vid,mens Brynje får pluss for lite lukt i plagget etter bruk. Dette er og mi erfaring, sjølv om Aclima inneheld meir ull så blir det litt fortare dårlig lukt i den. Når det er sagt så er jo dette ullplagg så dei tåler mykje bruk samanlikna med syntet før det blir lukt. I utgangspunktet ville eg tru at Aclima er meir slitesterk sidan dei har brukt meir forsterkingar og ribbestrikk spesiellt på trøyene, på buksa er forskjellen mindre,men på den andre sida så inneheld Brynje meir syntet og det er som kjent meir slitesterkt enn ull. Uansett valg så trur eg folk blir fornøgd. Kan og ta med at det finns to plagg til med netting eller rettare sagt micro netting som Brynje kallar det. Det vil sei at hola er mykje mindre enn på vanleg netting. Brynje har ein modell og Devold har ein. Eg har Devold si trøye med rund hals Wool Mesh heiter den. . I praksis virkar den som ein mellomting mellom ullnetting og vanlig ribbestrikk.Øvre halvdel av trøya framme er ribbestrikk + nakkeområdet bak og framsida av armane. Resten er micronetting. Ullfibrane brukt her er ein mellomting av Brynje og Aclima og er temmelig mjuke og fine 18.7 micron. Faktisk er denne trøya meir brukt av meg enn dei to foranemnte merka då den er grei å bruke som einaste plagg om sommaren uten at det blir for luftig.
  8. Devold hadde 25% på alle varer i nettbutikken i går sidan den hadde 1 års jubileum. Pga tekniske problem i går så gjeld dette tilbudet også i dag. https://www.devold.com/outdoor-no/nettbutikk/562/0/ Dei leverer fraktfritt. Kjøpte meg ei Thermo jakke og ei Optimum trøye.
  9. Politiet la til grunn at hunden var aggressiv når det blei skrive ut forelegg og ikkje nokon strengare straffereaksjon. Vel, lensmannen burde tenkt at sidan gjerningsmennene var rusa og hadde banka opp hundeeigaren, var det då unaturlig at hunden var redd når utøvarane ville ta seg inn til den? Han burde kanskje heller tenkt som så at det var gjerningsmennene som var rusa og aggressive og heller skjerpa straffa pga av dette? Eller kanskje lensmannen ikkje synes det er aggressivt å banke opp folk og slå ihjel ein hund?
  10. Sportsnett har ME Glacier 1250 til 3599 kr denne helga.
  11. http://www.nrk.no/sognogfjordane/sette-rekord-til-skagastolstind-1.11133615 http://friflyt.no/Klatring/Skagastoelssprinten
      • 1
      • Liker
  12. Eg har ein RAB Ascent 700 (190cm) som har 700gram 650fp dun og den har ein LIM altså nedre komfortgrense for menn på -12. Til samanlikning har Ajungilak Lahar Winter (195cm) 800gram 650fp dun ein LIM på -13. Helsport Austfonna (185cm) har 700gram 700fp dun og Lim -9 For å samanlikne med ein høgre dunkvalitet så har Rab Andes (195cm) 800gram 800fp dun LIM -21 Dette berre som nokre eksempel. Det kjem altså an på dunkvalitet (om det blir brukt europeisk eller amerikansk måleeinheit),blandingsforhold dun/fjær, konstruksjon av soveposen,kva slags stoff det er brukt, størrelse på soveposen og formen. Så får du dra konklusjonen sjølv. Ikkje alle synes LIM grensa er komfortabel. Om du foventar ned til -5 eller kaldare om hausten i høgfjellet så kan det vera godt å ha ein sovepose som toler ein del kaldare forhold for å vere på den sikre sida. Eller ein kan ta på seg meir klær, lakenpose, jervenduk osv PS! Såg forresten at natt til torsdag så var det -1.8 på Filefjell (956 moh) og -4.6 på Fanaråken (2062moh) så ja høgfjellet kan vera kaldt sjølv i første halvdel av juli.
  13. Ajungilak Shield 3-sesongs http://www.fjellsport.no/produkter/turutstyr/soveposer/soveposer/ajungilak-shield-3-season.html
  14. Kanskje nokon har ein slik? http://www.dinside.no/919224/test-kelly-kettle 1.5l vatn kokt på 4 minutt! Brensel; det du finn i naturen som er brennbart.
  15. Her er det ein del bra tilbud på soveposar http://www.fjellsport.no/produkter/turutstyr/soveposer/soveposer.html Spesiellt Ajungilak sine dunposar er rimelege.
  16. Kanskje denne her som går ned til -1 (LIM)? 770 gram for personlengde opp til 180cm må vel vera lett nok? Tilbud til 1599kr http://www.fjellsport.no/produkter/turutstyr/soveposer/soveposer/ajungilak-lahar-spring.html Eller denne som går ned til -7(LIM) vekt 1050gram for 180cm versjonen. Trekt ifra 15% rabatt så kjem du under 2000kr. GMax har forresten denne på tilbud til 1999kr. http://www.fjellsport.no/produkter/turutstyr/soveposer/soveposer/ajungilak-lahar-3-season.html Vil du ha syntetisk så er jo denne eit sikkert valg. -5 (LIM)Vekt 1500gram for 180cm modellen. 1000kr http://www.fjellsport.no/produkter/turutstyr/soveposer/soveposer/ajungilak-kompakt-3-season.html Skal du ha ein syntetisk pose til 2000kr så er desse ofte berekna til kaldare bruk og dei blir betydeleg tyngre.
  17. Abnorm når eg sjekker hos Outnorth.no så finn eg ingen Western Mountaineering soveposar der i det heile tatt. Var dette den siste dei hadde av dette merket?
  18. Kanskje ein slik http://www.fjellsport.no/produkter/turutstyr/soveposer/soveposer/ajungilak-altitude-5-season-195-v.html ? Du finn svært gode tilbud på denne soveposen da det no i år kjem ein nyare utgåve (som ikkje er varmare) Her er ein test av modellen som heiter Altitude Winter som inneheld mindre dun enn 5-season modellen, http://www.friluftsliv.no/files/image/pdf/000028.pdf
  19. No er det alt ein liknande tråd http://www.fjellforum.no/topic/25560-utstyrshysteri/page-12 Så kvifor ha to trådar om samme tema ? Kanskje moderator bør vurdere å slå dei saman?
  20. Søk litt på birch juice eller birch sap som det og heiter, eller kanskje birch beer eller birch vodka så vil de sjå at dette er ein storindustri. Mest vanlig øst i Europa,men også andre land som USA og Canada.
  21. Var ein ferietur i Ukraina for nokre år sidan, der solgte dei bjørkejuice i kartongar på supermarkedet. Det var veldig populært,men eg syntes det var litt oppskrytt. Det kan ha samanheng med at det var noko eg ikkje var vant med. Akkurat som når utlendingar reagerer på norske spesialiteter som t.d. brunost. Uansett så synes eg det er flott dei kan utnytte ein slik naturressurs. Vi har da bjørk nok i Norge så kvifor ikkje starte med storstilt produksjon også her? Hermed er ideen lansert!
  22. Når det gjeld helsefarlige stoff så må ein minne om at korleis ein brukar det er viktig. Det finnes stoff som blir brukt i mat som er farlige,men berre i større mengder. For øvrig så har eg ofte frå ei gruppe høyrt uttrykket: "Vi lever ikke evig, og noe skal vi dø av.." Kanskje ikkje overraskande så gjeld det røykarar,men då blir det litt paradoksalt når einkelte av dei er veldig opptatt av helsekost og ete sunn mat. Når det gjeld REJOHN sitt innlegg så vil eg nemne at det er mange som har fått skader av dei midla han nemner,men ikkje nødvendigvis kreft. Både løysemiddelskade, kvikksølvforgiftning og absestose er alvorlige skader sjølv om det ikkje er kreft. Og det var faktisk mange som fekk kreft av asbest, det antalet vel eg å tru har minka etter ein blei oppmerksom på problemet. Eg vil trur at det kan dukka fleire ting i framtida som ein finn ut er farleg, og då meiner eg at medisinarane har klare bevis og ikkje antar det farleg. Ellers må ein og vere klar over at folk lever lenge i dag, og med auka levealder føl også fleire mennesker som får kreft. Ein lege sa ein gong at berre menn blir gamle nok så får dei aller fleste prostatakreft,....men dei fleste døyr nok lenge før det av andre årsaker. Det er som ei gammal dame brukar å sei meg : "Alderen kommer ikke alene...."
  23. Eg veit eit produkt der Norge har hatt verdens lågaste prisar, i alle fall har eg ikkje funne nokon andre land de prisane omregna til norske kroner har kunne matcha dei norske prisane. Dette gjeld kikkertsikteserien Classis frå Zeiss. Prisane som XXL hadde inntil ganske nyleg er det ingen andre land som matcher. Sjølv ikkje i Tyskland der Zeiss blir laga. I dag er prisane høgre hos XXL ,men fortsatt ganske rimelege. Så kan ein jo lure på korleis dei klarte å halde så låge prisar over lang tid? Det må nemnast at norske jegerar(og friluftsfolk generellt?) er blitt veldig kvalitetsbevsste dei siste 10-15 åra så det skulle ikkje forundre meg om andelen Zeiss(eller anna kvalitetsoptikk) hos norske jegerar ligg i verdenstoppen. I tillegg til at vi har god økonomi. Derav vil eg tippe at XXL har fått gode rabattar på store bestillingar.
  24. For min eigen del så trur eg ikkje eg skal handle der meir då eg får mykje betre service og raskare levert varer andre stader. Sist eg bestillte tok det veldig lang ting før eg i det heile tatt høyrde frå dei. Det dei sa var at eg måtte vente enda meir før dei fekk inn vara. Når eg så fekk varene var det eine klesplagget i feil farge og størrelse,men det var avkryssa på følgeseddelen som om dei hadde levert rett størrelse og farge. Eg orka ikkje ha meir med dei å gjere så eg bestillte dette klesplagget frå produsenten s sin nettbutikk og fekk det svært raskt levert. Litt dyrare,men verdt det. Har og opplevd før å få klesplagg i feil farge,men då slapp eg å vente så lenge . Vareutvalget til Amfibi er bra og enkelte prisar heller ikkje så verst,men det krevst bedre oppdatering av om varer er på lager. Raskare oppfølging av ordre og bedre kontroll på om dei faktisk leverer det som er bestillt.Så lenge dette manglar vel eg andre forhandlarar,men kan bruke dei igjen om dei skjerpar seg betydeleg.
  25. Dette temaet er ikkje så enkelt. Den vanlige leksa om at no er "alt" farlig og eg har levd i 50 år uten å daua osv høyrer vi alltid når noko blir påstått farlig. Og på den andre sida har du media som elskar å slå opp om at no er ditt eller datt farlig. For å sei det sånn; ein skal ikkje tru på alt som blir påstått farleg,men ein skal heller ikkje nødvendigvis avvise alt. Det fantes vel ein gong ei oppfatning om at både DDT og asbest var ufarleg,men i dag trur eg ikkje nokon trur på det lenger...... Når det gjeld kunstige stoff i maten så er det dessverre ei vanleg oppfatning at ting må vera farleg berre fordi det det er kunstig. Og det motsatte for det som er naturlig. Dessverre er det ikkje alltid så enkelt. Naturlige ting kan faktisk vere farleg og kunstige ufarlege. Og sidan ein her nemnte E-stoff så må det og nemnast at ikkje alle E stoff er kunstige.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.