-
Innlegg
1 032 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
7
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av josteink
-
Og det begynner jo bra
-
Bessegen lørdag 19 september 2009, Helt sinnsykt.
josteink svarte på Lene Eriksen sitt emne i Fjellvandring
Og andre sida av Gudbrandsdalen, i Rondane er det vannvittig mange fine turar ein kan ta, fe. eks bu på Dørålseter og gå på Stor-ronden, diger-ronden m.m. Ein B collie er jo ein veldig terrengsterk hund, så eg hadde ikkje uroa meg over den. Har gått mykej i fjellet i forbindelse med saueleiting og der er det ofte b colllie med, dei er vannvittig til å ta seg fram i terreng. Du bør imidlertid vera obs på at dersom du skal gå mykje i blokkmark, dvs forvitra steinur, så slit dette veldig på potane til hunden og dei byrjar å blø. mykje stein på høge fjell og toppar, potesokker hjelper mot dette. God tur! -
Slik er det å bli begravet av snøskred
josteink svarte på Fimax sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Kunnskap og respekt. Interessant å sjå kor raskt spenningane forplanta seg, i det snøen sprekk opp rundt han så sprekk dekket opp mange titals meter i nedkant. Og så var han kun under i 4 min, så bra jobba av kameratane. Kan anbefala linken www.snoskred.no , her står det veldig masse bra! -
Hei, har ikkje hatt molladalen men vil bare sei at supert initiativ. Hadde sjølv stadnamnoppgåve og det var supert, spes i høve til å lesa Amalie skrams samla verker. Råd frå meg, avgrens området så mykje som mogleg, det er normalt mange stadnamn i eit lite område rundt om kring, i tillegg treng ein færre informantar og dermed sparar tid. Ellers så vil kommunen normalt ha oversikt over kva oppgåver som er skrive om stadnamn siden dei har interesse av å få kopi av oppgåva. I tillegg kan du kanskje avtale å få digitalt kartgrunnlag av dei mot at dei får kopi av oppgåva di.
-
ja søringane må jo gå på stiar i tillegg og ikkje i traktorspor, eller finna retningen vha retninga på spinnepor til firhjuling...
-
.... er vi i sogn...Nærøydalen?
-
Og ikkje for å gløyme Flatbreen i Fjærland: http://www.bre.museum.no/Default.aspx?tabid=6509&language=nb-NO Siden 2000 har alle brear på vestlandet minka i volum og utbredelse. I perioden 1960 til 2000 var det eit masseoverskudd på vestlandet som skuldast mykje nedbør i perioden 1989 til 2000, før 1989 var breane sin massebalanse = 0. Siden 2000 har kombinasjonen snøfattige vintrar og svært varme somrar ført til ei stor tilbakesmelting. Naturlige svingingar eller menneskeskapt påverknad, hard too know = meir pengar til forskning.
-
I heile tatt så trur eg alle som ikkje tek seg fram motorisert er full i svartsjuke...
-
No vart hytta bygd i 1968 så då var noko ikkje Plan og bygninglova oppe og gjekk i bushen i alaske, ei heller i noreg. I høve til skatt, ein betalar jo ikkje skatt dersom ein tener under ei viss grense, ergo så kan du berre tene under eit visst beløp og flytte i skogen. Dette forutset jo at du ikkje eig noko som kan skattast, dvs eigedom eller liknanade. Men dersom du flyttar ut i skauen i eit eller 2 år så finn jo ingen deg uansett. I tillegg kanein nok nytte seg av naturalhusholdning, dvs bytte litt elgkjøtt mot poteter, reinskav mot ein kasse øl etc etc.
-
ANg heli og scooter på folgefonna, no er dette blitt nasjonalpark og det er enda strengare å få disp til motorferdsel. Personleg meiner eg at d burde vera ulovleg å krysse luftrom i nasjonalpark med mindre du er 9000 fot over.
-
Kor mange trost pr pers på ein middag treng ein ?
-
Hei, sjekk denne : http://beaconreviews.com/transceivers/ Her er det ulike tester og masse bra stoff om dei ulike merkene. Som grunnlag er det greit å veta at ein får søkerar med 1, 2 og 3 antenner. Det vert anbefalt å kjøpe søker med 2 -3 antenner. 2 antennesøkerar som er enkle å bruke er DPS tracker og Mammut barryvox, har prøvd begge (eig sistnemde) og dei er veldig bra. 3 antennesøkerar er m a barryvox pulse og pieps, begge veldig gode og enkle å bruke. 3 antennesøkerar er litt dyrare men har eit par finesser som ein ikkje finn på 2 antennesøkerar. Det aller viktigaste med skredsøker er ikkje kva merke du kjøper men at du trener med den gjennom kvar sesong!
-
Hyttebyen ovenfor er eit eksempel på dårleg tilrettelegging og dårleg planlegging. Her kan ein sitje og nyte synet av SUVane om sommarskvelden Verdiskapning i lokalsamfunnet er viktig men under rammer som tek hensyn til andre ting enn berre økonomi.
-
Naturmangfaldlova! Så det skjedde ein god del bra ting, men om dette hadde skjedd uansett er jo noko heilt anna...
-
Klimaskoger - har det noe for seg?
josteink svarte på Kjell Iver sitt emne i Generelt om friluftsliv
Binding av CO2 vert brukt som eit kjempeargument her for at ein skal plante meir skog, og at industriell skog bind meir ergo skal ein ikkje ha gammal skog. Eit argument som bør vegast opp mot ein auke i skoggrensa og auke i volumet med skog i noreg. Granplantefelta på vestlandet er nokre av dei mest sterile områda vi har i høve til artsmangfald. Trea vert planta tett for å utnytte arealet og for at skogen skal strekka seg raskast mogleg. I tillegg har ein herleg Sitkagran som spreiar seg raskt og som dominerar over lokal flora. I Hordaland har ein enkelte stadar starta å hogga ned sitkagranfor å ta vare på artsmangfaldet i mindreområder. Vanleg kystlauvskog eller lynghei er veldig rike på på sopp, flora og fauna. Når det indirekte vert vist til at gammelskog ikkje er bra fordi denne bind mindre co2 i tillegg til at den er mindre produktiv så blir eg litt oppgitt. Ofte må Furuskog vike for rasktvaksande gran eller lerk. Gammelskog av furu er ein svært viktig biotop for storfugl. På kysten av vestlandet er det ikkje gammel granskog fordi denne vert hoggen ned då den er planta. Og over alt så er jo gran ein innført art på kysten på vestlandet. Gran på vestlandet er av elendig kvalitet, den veks svært raskt, noko som gjer at den er lite kompakt i trevirke og stort sett går til papir. Det vert her argumentert med at ein kan nytte skog til å lage papir, men det er jo ein overproduksjon i verden i dag av papir. Eik, bøk, lind furu eller askeskog gjer trevirke som er av mykje betre kvalitet men denne veks mykje saktare (og er difor av betre kvalitet). Og skal ein ha ved på vestlandet så fyrer ein med alt anna enn gran og lerk. Dette er ved som har liten brennverdi, mykje betre med bjørk! Eg meiner at å drive granplanting på kysten av vestlandet er tull, ein bør kunne nytte tresortar i området til å ved og tømmer. -
Skralt med fugl lenger vest i hordalandsfjella òg. Blir noko mest sjøfugljakt i år.
-
http://www.voss.kommune.no/Artikkel.aspx?AId=3575&back=1&MId1=11&MId2=684&MId3 Hm, 3500 nye fritidsbustadar i følge Voss kommune.... og dette kjem i tillegg til den storstilte utbygginga som skjer over Røldal. Myrkdalen kan søka om bystatus Skjønar heller ikkje at det kan vera marked for dette... men no vert vel prisane pressa ned så då kan vel nokon og ein kvar få kjøpe seg hytte.
-
Hm, godt tips. det skal prøvast.
-
Koppen: har du problem med luker som lekker på Seabirden?
-
Sikkerhet i fjellet krever bare bittelitt utstyr
josteink svarte på DoktorGjørelite sitt emne i Generelt om friluftsliv
Interesant lesning doktor! Spesielt med telsesevne og dehydrering, har sjølv vore dehydrert og veit kor fort det kan gå nedoverbakke.. -
Hei, nokon kyndige som kan sei om det eksisterar artar som kan forvekslast med krittøsterssoppen?? mvh J
-
Sikkerhet i fjellet krever bare bittelitt utstyr
josteink svarte på DoktorGjørelite sitt emne i Generelt om friluftsliv
Har alltid med meg jervenduken og førstehjelpspose + signalpenn. Dette i tilfellet noko skulle skje. Skal ikkje så stora fallet til før ein ligg der med broten fot, då er det greit å ha utstyr som held seg i live over ei natt. -
Mindre jobb = mer tur og mindre/billigere utstyr?
josteink svarte på knutis sitt emne i Generelt om friluftsliv
Offshorearbeid: ligg 100 vis av offshore jobber ute. Som nyutdanna søkte eg hos 3 ulike bedrifter innen offshore, fekk jobbtilbod hos alle. Og eg har inga spesialisert offshore utdanning eller nokon kontakter innad i bedriftane. -
Mindre jobb = mer tur og mindre/billigere utstyr?
josteink svarte på knutis sitt emne i Generelt om friluftsliv
Bra, heia heia, du er på rett veg. Har skifta jobb, tener MYKJE mindre i månaden, men har 2,5 t + lite/ingen overtid i veka og mykje meir tid til friluftsliv. No kan eg bruka alt utstyret eg har kjøpt før og aldri fekk tid til å bruka då