Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

FU vant dagen sist 26. juni 2012

FU hadde mest likt innhold!

Nettsamfunnsomdømme

4 Neutral

Om FU

Profile Information

  • Gender
    Not Telling
  • Sted
    Bergen

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Vøringsfossen er ein av Norges mest besøkte attraksjonar, og ligg som Dag skriv like ved riksvegen. Eg tenker det er betre å kanalisere masseturismen inn mot nokre få ting, og tilrettelegge desse, heller enn mange mindre installasjonar av ymse kvalitet rundt om. Ei slik bru treng slett ikkje verte verken stygg eller dum, og meiningslaus vil den i alle fall ikkje vere. Meininga er jo å gje, fortrinnsvis utanlandske, turistar ei naturoppleving. Det er ei formål ein kan like eller ikkje, men det er ei anna sak. Unødvendig er den for såvidt. Det er få ting som er nødvendige. Men samd med Dag, det må gjerast på ein skikkeleg måte. Få inn nokre dyktige arkitektar til dette. Statens vegvesen har forøvrig lagt til rette andre stader, om enn i mindre skala, som har vore vellykka, som Stegasteinen over Aurland: http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=103820&spraak_id=1&ptype=single
  2. Ved Kvitanosi på Voss ligg det også restar etter eit tysk flyvrak frå krigens dagar. http://www.vossnow.net/Database/vis.asp?Kriterie=2&sok=flyvrak&alt=AND&Kriterie2=2&sok2=&felt=tekst&sortering=tekst&nyttsok=ja
  3. No er det ikkje alltid like fint haustver på Gulfjellet som når Dag G var der. Gulfjellet, med nesten 1000 høgdemeter nesten uti havet, er særdeles verutsatt. I tillegg er tett skodde svært vanleg. Toppunktet ligg like ved eit stup på nokre hundre meter- Glamragjelet, og i dårleg ver seier det seg sjølv at området ikkje er heilt utan risiko, særleg om vinteren i skodd og whiteout. I 1934 var det dårleg ver då eit lag på på 20 skulle gå på ski over frå Gulbotn. I tett skodde på toppen mista dei første retningssansen og seks av dei skrei rett utfor Glamragjelet. Den første blei sittande på en knaus like under kanten, men dei fem etterfølgende ramla hundrevis av meter. Fire av dei ble drepne, mens éin utroleg nok overlevde og klarte å ta seg til folk sjølv. Gulfjellet er eit svært mykje besøkt område til alle årstider, av folk med alle slags erfaringsbakgrunnar. Det er nok for å redusere faren for at fleire skal ta feil i whiteoutsituasjonar at slikt "tull og tøys" er sett opp. I det nydelege haustveret som Dag -G opplevde kan det virke unødvendig. Men gjerdet kan ha hindra eit alvorleg uhell eller to eller tre. Det er ikkje alltid fint klarver der oppe...
  4. Det er jo vanskeleg å seie no kva temperatur det vil bli i oktober. Men dette er verken spesielt høgtliggande eller vanskeleg terreng (har ikkje gått opp frå Dale, men gått Storafjellet-Vaksdal). Sjansen for ein fin tur i oktober er god, du må nesten kikke ut vindauga og sjå om det er snø på toppane den dagen du tenker å gå.
  5. Køyr til Bjergane på Vikafjellet, då kan du padle, med noen mindre bereparti, forbi Selhamarhytta og vidare. Elles er vel Haugsdalen ein fin stad for padling?
  6. Sjansen for å bli kasta av toget når du kan betale billett er vel minimal - har aldri høyrt om det, men du kan risikere å måtte stå eller å måtte kjøpe ein kaffi. Til og særleg frå Finse er det ganske vanleg å ta toget sjølv om det er fullt Om du ikkje kan betale, eller er til sjenanse, kan du bli kasta av. Nsb seier sjølv det er greit å kjøpe billett ombord, men det koster 20 kroner ekstra. Eg hadde aldri nølt med å ta eit fullt tog til Finse om andre alternative tider ikkje går.
  7. Du kan også kjøpe billett ombord i toget og sitte i restaurantvogna. At New Public Management fører til kommunisme var jo ein artig observasjon, forøvrig...
  8. Hundevennlege hytter veit eg ingenting om, men eit tips er å køyre til Trondsbu, gå til Hadlaskard og overnatte der. Dagen etter forbi Hårteigen til Litlos før de tredje dag går til Besså eller Sandhaug. Tilbake til Trondsbu siste dag. Det er ein flott tur i ganske lett terreng.
  9. Då er det gågata Rose Street som tel. Her finn du Nevissport, Tiso og Cotswold (http://goo.gl/maps/bZLN). I eit par av sidegatene ligg også ein North Face-butikk og ein Tresspass-butikk (engelsk merke av ukjent kvalitet for meg). Det går mykje i Berghaus, men også litt i andre merker. Prisane er ikkje så mykje lågare enn her, men akkurat skalljakker kan du nok få bra prisar på.
  10. Eg veit ikkje om du skal gå med telt, eller har tenkt å overnatte på andre måtar. Men ei rute kan jo vere Raundalsryggen (litt kjedeleg start frå Voss, men elles flott! Ryggen passar elles best i nokolunde ver). Frå Olsskavlen kan du ta ned til Vollabotnen og over til Vesetvatnet, og over til Slondalen via Tryglabotnen. Ned øvst i Raundalen og opp til Upsete og vanleg sti over til Myrdal.
  11. Om du meiner eggen frå tårnet og bort til sjølve toppen på Gaustadtoppen, så er vel den ikkje å rekne som spesielt luftig, sjølv om det er enkelte steinblokker som må forserast. Eg gjekk der sjølv for eit par år sidan med ein toåring i bæremeis, og det var litt knotete enkelte stader. Kyrkja er meir luftig synes eg. Det er eit lite parti der det krevs ørlite klyving, og for den som slit med høgdeskrekk kan den tenkast å vere utfordrande. Det er jo også litt luftig på sjølve toppen, meir enn det kan seiast å vere på Gaustadoppen. Det litt luftige partiet på Kyrkja ser du her: http://dokkeveien.ui...ilnamn=IMG_3807 Eit litt lenger alternativ, som ikkje er luftig, er Skardalstinden (2100 moh) på ruta mot Olavsbu: http://dokkeveien.ui...ilnamn=IMG_3786
  12. Apropos oppfyring av primus... http://www.h-avis.no/nyheter/kaffekoking-arsak-til-storbrann-1.7372365
  13. For ordens skyld, det var Fessene som ligg under Storebreen eg meinte, ikkje der som du har markert inn Fessene. Eit (omtrentleg) forslag kan vere dette: http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/viskart.asp?fil=forslag&farge=red&zoom=11&senterpunkt=60.82967,6.93171 (Kartet er visst litt lite detaljert, men det kjem seg når du zoomar) For ordens skyld, eg har ikkje gått Brekkedalen (rett nord for Vassetevatnet) og kjenner ikkje til korleis det er der. Eg har heller ikkje sjølv gått ned til Hovdungo frå Stiganosi, berre til Stigen, men kjenner folk som har gått der utan nokon som helst problem.
  14. De kan jo ta toget til Upsete (evt. Myrdal og så gå over til Upsete), vidare oppover Breidalen mot Fossdalsskavlen. Om de vil unngå t-stien mot Grindafletane, der de sikkert ikkje møter frykteleg mange uansett, kan de jo gå mot Vassetvatnet (er litt usikker på korleis elva er å krysse oppover mot vatnet, ved Elvamote lenger nede er det bru. I staden for Jøtebotnen, kan de gå innover Soleiefletene. Forbi Grindafletane (der det ligg ei dnt-hytte) og vidare oppover mot Skammadalshøgdene og Stiganosi (1761 moh). På veg ned mot Fessene er det eit veldig flott fangsanlegg for reinsdyr frå "gamle dagar". Frå Stiganosi kan ein gå til Stigen (men då blir ein avhengig av båttransport til Undredal), eller det går an å gå ned til Undredal direkte (litt usikker på kor tydeleg stien er der). Eller sekken kan stå att ved Storebreen og gå t-stien ned til Langhuso (og E16) der det går bussar til Oslo/Bergen/Voss/Flåm. Frå Grindafletane er det også råd å gå direkte ned til Flåm. Denne ruta vil gi eit stort spenn i naturen, frå Hardangervidda-kjensle i traktene mot Grindafletane, til fantastisk og dramatisk utsikt mot fjord og isbrear frå Grindalfletane og vidare mot Stiganosi. Det er i alle fall fisk i vatna ved Grindafletane, ellers kjenner eg ikkje til korleis det er. Nokre bilete frå området: http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=IMG_3458 http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=IMG_3476 http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=IMG_3505 http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=CRW_4760_JFR http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=CRW_4787_JFR http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=P8226115 http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=P8220001 http://www.vossnow.net/Database/visbilete.asp?filnamn=foto44957.jpg
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.