Gå til innhold
  • Bli medlem

kjesso

Aktiv medlem
  • Innlegg

    148
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av kjesso

  1. Javel. Det Erik skreiv var at dersom ingen fekk reint fleirtal, gjekk alle med minst 10% vidare til neste runde. E
  2. Alek, etter ordet "seieren" gløymde du å skriva dei tre orda "i første runde". E
  3. Eg tippar at du bruker 7-8 timar viss du går Leirvassbu-Kyrkja-Visbretind-Leirvassbu. I forhold til Kyrkja ligg Visbretind litt lengre mot aust. Skal ein på ein av desse toppane frå Leirvassbu, går ein vanlegvis same vegen, slik at du greitt kan nå begge toppane på same tur - anbefalt! E
  4. Eg arresterer deg ørlite: Du har smurt litt tjukt på når det gjeld høgda til Styggehø. Flott bilete, forresten. E
  5. flott rapport igjen, eaa! bra at du berre har 100 toppar, slik at me har mange rapportar i vente. E
  6. Har du sjekka datoen på avisa? Kan det vera ei gamal avis frå 1. april? E
  7. Som vanleg ein flott rapport, eea, med flotte bilete, og eit språk det er lett å la seg riva med av. For min del må du gjerne skriva lange rapportar frå alle turane dine, om det så berre er ned i kjellaren for å henta fleire kaker til femtiårslaget. E
  8. I ein bokhandel i Tvedestrand kom eg over heftet "Håndbok 1932", utgitt av Den Norske Turistforening. Heftet kom som tillegg til årboka. Anar nokon kor lenge ei slik handbok kom saman med årboka? E
  9. Det var meg. Takk for sist! E
  10. (Ein turrapport utan dramatikk. Og utan bilete.) Som vanleg hadde eg planar om ei lita veke i Jotunheimen denne sommaren, og som vanleg vart planane endra. Meininga var at Andreas og eg skulle ta ei langhelg i slutten av juli, men den helga vart fyrst sambuar Marit sjuk, deretter Guffen (14 mnd), og til slutt fekk eg samme suppa sjølv – to dagar med oppkast og diaré. Løysinga vart ein kortare tur denne helga, i litt lettare terreng. Formen er ikkje som han skal vera – det er fint å gå med Guffen i barnevogn eller i beremeis, men det har ikkje same treningsnytten som turar til fjells. For ein gongs skuld nærma eg meg Jotunheimen frå Oslo, og turen gjennom Valdres var fin. Det er stort når Jotunfjella dukkar opp i horisonten. Eg køyrde over Valdresflya, vidare til Randsverk, og inn til bommen i Veodalen. Sekken var fullpakka, for fyrste gong på lenge – eg rekna meg fram til at det var minst ti år og minst femten kilo sidan sist eg hadde full oppakking på ein solotur. Eg tok raskt av frå bilvegen, og hadde ein flott tur innover Trollsteinkvelven. Kjem ein fyrst over kanten er det heilt flatt innover, og eg fann meg ein teltplass på nordsida av det smale vatnet, like ved fossen som kjem ned frå Trollsteintjønne (1755). I andre enden av vatnet stod to telt frå før, og der finst mange flotte teltplassar her inne. Medan eg ordna meg til for kvelden kom tre personar gåande ned frå Trollsteinhøene, truleg dei som heldt til i dei to telta. Dag 1: Trollsteineggje – og to til Guffen får altså skulda for at eg er dårlegare trent enn vanleg, og han får òg skulda for at eg også i ferien vaknar mellom seks og halv sju. Ut av teltet, til ein fin soloppgang. Fleire reinsdyr ruslar i nabolaget; i det heile er Trollsteinskvelven ein dal med mykje rein. Eg la vegen innover mot Svartholsglupen, forbi dei svære morenene under Grotbrean, og svinga sørover mor Svartholshøe (2067). Ein relativ anonym topp, samanlikna med det som ventar. Neste topp, Trollstein-rundhøe (2170) har ein imponerande austvegg, og ein like imponerande varde på toppen. Ein liten pause her, med mat og drikke, før eg går ned i det neste skardet, og tek fatt på bakkane opp mot hovudmålet for dagen, Trollsteineggje (2300). Egga vert gradvis meir interessant og spanande. Det mykje omtalte utsette punktet rett før toppen er lett å unngå. I eit lite søkk er der eit område med grus og småstein, der ein tek ein liten runde til høgre før ein lett kjem seg opp att på ryggen. Toppen har flott utsikt, både nedover og oppover. I luftline er toppen på Glittertind rundt ein kilometer unna, og eg ser heile tida nye folk som viser seg der oppe. På veg ned att ser eg det fyrste teiknet til liv i Trollsteinkvelven denne dagen, eit taulag på sju personar som passerer Grotbreahesten på veg vestover. Me krysser kvarandre nesten i skardet nord for Trollstein-rundhøe, og to av dei sju løyser seg ut av tauet, og legg i vegen til denne toppen i eit imponerande tempo, før dei snur nedatt omtrent like fort. Ein rask og effektiv måte å samla toppar på! Eg går same veg attende til teltet, der eg kokar opp litt halvgod mat, før eg slappar av i teltet med ei halvgod bok. Dag 2: Nørdre Trollsteinhøe – og fire til Opp til vanleg Guffen-tid. Eg finn ut at eg satsar på å nå dei toppane i nabolaget eg ikkje har vore på før, og pakkar ein lettare sekk enn dagen før. Eg går frå teltet alt i sjutida, og turen går fyrst opp bakken ved sida av fossen, omtrent rett nord, før eg svingar vestover mot det store platået på Nørdre Trollsteinhøe (2201). Her har eg vore før, men ikkje i så klart og fint ver som no. [Den gongen gjekk ruta via Austre, før eg møtte veggen i form av ei tjukk skodde på veg til Nørdre. Dum som eg var, heldt eg fram til topps, utan å tenkja på at kompasset låg att i bilen. Kva retning eg returnerte i då, veit eg ikkje, men det var i alle fall ikkje den vegen eg burde gå! Kompasset var sjølvsagt med denne gongen – ein lærer jo litt av feila sine – men denne gongen mangla det nyinnkjøpte digitale kameraet. Eg legg difor ikkje ved bilete her, men spesielt interesserte kan når som helst stikka innom i Gamlevegen i Volda for å sjå lysbileta.] Toppen er ein av dei flataste, og er ikkje så veldig spanande, men byr likevel på ei overrasking for meg: Då eg var her for nokre år sidan, stoppa eg ved det trigonometriske trafikkskiltet, og såg ikkje noko anna topp-punkt. No ser eg ein varde berre ti-femten meter unna – skodda må ha vore tjukk sist eg var her. Klokka er rundt halv ni. Eg kjem til å tenkja på at det er Vinjerock-dag, utan at eg høyrer noko til dei. Her er heilt vindstille, alt eg høyrer er elvesus nede i dalane, og min eigen tinnitus i venstre øyre. For å heidra Vinje dreg eg like godt i gang ”Blåmann, blåmann”, alle seks versa, og sidan det er på dagen 193 år sidan sjølvaste Ivar Aasen vart fødd, held eg fram med ”Tidt eg minnest ein gamal gard”. Eg reknar med at det er fyrste gong dette har skjedd, i alle fall så tidleg på morgonen. Etter litt vatn og nokre kjeks går eg sørover mot Søre (2161), og vidare mot Gråhøe (2154). Utsikta mot Galdhøpiggen og nabotoppane er fin frå den siste toppen. Eg tek same vegen attende, og sidan eg har ambisiøse planar for resten av dagen, skippar eg Austre, sjølv om det er ein flott utsiktstopp. Eg er nede ved teltet att i elleve-tida, og tek ein times pause der eg får i meg litt mat. Deretter tek eg fatt på den lange, jamne og seige motbakken opp mot Austre Glittertindoksle (2260). Undervegs merkar eg at beina ikkje er heilt sikre på om dette var ein god idé, men viljen er god, og me kjem oss opp. Flott utsikt også her – også denne toppen ligg omtrent ein kilometer frå Glitterting i luftline. Eg har brukt rundt to timar til toppen, som er den femtiande 2000-toppen eg er på. Hadde eg hatt lut kunne eg feira med lut og kaldt vatn, no vert det berre kaldt vatn. Eg er altså ferdig med dei femti fyrste, men ser ingen grunn til å venta med å koma i gang med dei femti neste. Begge dagane har eg hatt god utsikt til Grotbreahesten (2018). Som så ofte før ser eg meg ut ei god rute, som så ofte før tek eg ein snarveg når toppen nærmar seg, og som så ofte før innser eg for seint at eg burde halde meg til den fyrste ruta. Eg gjekk til topps frå aust, der det var relativt laust, og relativt bratt. Det er nok betre frå sørsida, der eg gjekk ned att frå toppen, som eg nådde rundt klokka fire. Eg var ved teltet igjen bortimot halv seks. På veg til parkeringsplassen morgonen etter er eg godt nøgd. Det er eit fint område her inne, nesten fritt for folk. Eg finn ut at Trollsteinkvelven nok er favorittkvelven min i Jotunheimen. Åtte toppar på to dagar – bra til å vera meg.
  11. Liten smakebit her: http://www.kjendis.no/2006/07/13/471388.html Premiere fredag 13. oktober. E
  12. du kan jo leggja ut eigne turrapportar, kim - "til samvirkelaget med barnevogn", o.l. E
  13. nils: er det søre og store veotind? E
  14. Old Hand, your reading is correct. They are trying to get in touch with the man from Poland. The photo shows his car at the Spiterstulen parking lot. To use this parking lot you have to pay a parking fee at Spiterstulen, and those who do so, write the licence plate number on the receipt, and leave it in the car. If the owner of said car had paid for the use of the parking lot, it would have been relatively easy to track him down, but unfortunately he didn't pay. E
  15. david letterman kallar han Mentally Ill. E
  16. kjesso

    Vakker flytur

    Tom, viss du likar å sjå Jotunheimen i fugleperspektiv, anbefalar eg ein tur med Widerøe til Volda/Ørsta. Widerøe-flya er mindre, slik at dei flyg ein etasje eller to lågare enn SAS. Rundturen Oslo-Sogndal-Ørsta/Volda-slo (eller omvendt) er ein drøymetur i fint ver (er det overskya forsvinn sjølvsagt utsikta, og er det mykje vind forsvinn sjølvsagt lysta til å fly). Dersom du er redd for å sjå fjøresteinar på veg ned/opp på Sunnmøre, kan du jo berre ta på deg ekstremt mørke solbriller. E
  17. du meiner vel sel-følgelig? E
  18. Avisa Hordaland er vanlegvis til å stola på, men det ser ut som om det er den kjelda som har feil her. Kanskje pressemeldinga seier at Trå var fyrste nordmann til topps utan tilførsel av kunstig oksygen (slik Inge Meløy seier i artikkelen)? Fleire feil i Belgia? Eg finn to: Gangdal (og andre sider) opererer med ei anna høgd på fjellet (8046 kontra 8027), og talet 190 er ørlite forelda - Trå er ikkje rekna inn i det talet. E
  19. Lokalavisa Hordaland (Voss) melder at Jarle Trå, som fyrste nordmann, har kome seg til topps på Shisha Pangma (8027 moh). Han er sjettemann på toppen i år, og nummer 190 totalt. http://www.avisa-hordaland.no/servlet/se.ementor.econgero.servlet.presentation.Main?data.node.id=1&data.language.id=3&data.document.id=11867 E
  20. kjesso

    Sykkeltur med vogn

    Hei, ein av mange planar for sommaren er ein sykkeltur med heile hushaldet, inkludert Guffen på rundt eitt år i ei vogn bak sykkelen. Har nokon gode framlegg til aktuelle turområde? Heile Sør-Noreg er aktuelt. Me ser føre oss 3-4 dagsetappar, som ikkje bør vera altfor lange. Det gjer ingenting om turen går i ein slags ring, slik at me sluttar omtrent der me starta. Alle framlegg vert godt mottekne! E
  21. Flat topp, ja? Eg likte meg ikkje heilt då eg stod der for nokre år sidan, tåka kom sigande relativt raskt, og kompasset låg trygt og godt i teltet ved Bergenusshaugen. Eg greidde meg med berre éin bomtur. E
  22. du finn to av dei nemnde bøkene i mammut-katalogen, både "på ski over grønland" og "blant nordpolens naboer". eg kjenner ikkje kåre holts bok om kappløpet mellom scott og amundsen, men, slik eg nemnde over, roland huntford har ei fabelaktig bok om desse ekspedisjonane. på engelsk finst boka med to ulike titlar, "scott and amundsen" (1979 og 2002, i alle fall), og "the last place on earth" (2000). boka var grunnlag for ein flott fjernsynsserie, der bbc var svært sentrale. han vart vist på nrk tidleg på åttitalet, og bør vera obligatorisk til hundreårsjubileet om nokre år. E
  23. Du tek nok bittelitt feil her, Svein. Opphavsrett paa skrivne tekstar gaar ut 70 aar etter at forfattarens doedsaar er over. Pr. i dag er det altsaa tillatt aa publisera tekstar av forfattarar som doeydde seinast 31.12.1935. I praksis vil vel dette likevel seia at dei eldste aarboekene kan leggjast ut paa nettet, dersom nokon har lyst til det. (Beklagar den haltande ortografien - maskinene i London har litt amputerte tastatur) E
  24. Boka er meld i siste Fjell og vidde. Kort, men god melding: De som ønsker å samle på topper over 2000 meter i Norge kan glede seg over det nyeste praktverket om norske stortopper. Toppene er skikkelig presentert i ord, bilder og kart med informativ og inspirerende tekst. Dette bør bli den nye bibelen for toppsamlere i Norge. Og det var alt dei skreiv. E
  25. Du kjenner sikkert Aars betre enn meg, sidan han er frå Valdres, og eg har ingen merknader til di vurdering av han. Stadnamna eg snakka om ligg ikkje akkurat i Valdres, men det kan henda at han er like oppteken av å bruka i-ending i stadnamn også andre stader? Eg blar meg vidare gjennom bokhylla (sjølv om eg eigentleg burde skrive ferdig ein altfor lang artikkel eg burde hatt ferdig for altfor lenge sidan). I Ola Stemshaug: Namn i Noreg (1985) er det teke med "Føresegner om skrivemåten om stadnamn". Desse er frå 1957, og for alt eg veit har dei vore reviderte sidan, men dei er i alle fall skrivne etter at i-endinga gjekk ut av bruk i nynorsk. I punkt A3 står det: Bunde eintal av sterke hokjønnsord får endinga -a der målføret har -a; endinga -i (i serhøve også -a) der målføret har -i, -e eller -æ. E
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.