Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
523 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Alt skrevet av Skal bare...
-
Akkurat det same skjedde mine syntet-feller frå Åsnes. Men dette er meir enn 10 år sidan no. Den fellen som knapt har lim på seg, sitt sjølvsagt ikkje dårleg på skia. Eg var ikkje klar over at finnest andre måtar å oppbevare fellene, enn lim mot lim.
-
Eg ser absolutt ingen problem med å smelte snø i kaffekjelen, eg gjer jo det dei gongene eg har eit kaffebål i skogen. Men eg gjer det ikkje på telttur. Eg har ein større kjele til snøsmelting og denne er fungerer også til kaldtvatnoppbevaring i leir. Så sant eg har pulk. Dei få gongene eg ikkje har pulk på vintertur, vanlegvis på seinvinteren (mai-juni), droppar eg både den store snømeltingkjelen, kaffekjelen og termosen. Då brukar eg bare ein passe stor matlagingkjele til alt, og då har eg også eit lettare kokeapparat, typisk Manaslu 96 eller Primus 210.
- 22 svar
-
- 2
-
-
Vinterstid brukar eg kaffekjelen til koking av vatn. Det er den mest hensiktsmessige kjelen eg har til å fylle kokande vatn i termosen utan søl.
- 22 svar
-
- 1
-
-
Det fine med Trangia, er at kvar enkelt del er tilgjengeleg i lausvekt. Dette gjer det enkelt å erstatte øydelagte delar, eller bytte ut enkeltdeler med andre materialvalg. Sjølv brukar eg ein kjele med non-stick-belegg for matlaging. Og ein kjele i hardanodisert aluminium for alt som ikkje treng non-stick. Det forundrar meg at dette ikkje er den vanlege samansetninga av kjelesett. Trangia lar meg velge dette, og det til tross for at ingen av valga var tilgjengeleg den gongen stormkjøkkenet mitt var nytt.
- 22 svar
-
- 1
-
-
Post bilde av din brenner i bruk
Skal bare... svarte på Kristoffer Sandnes sitt emne i Primus og kokesystem
Ein skal vera ytterst forsiktig med bensinsøl innendørs. https://www.nrk.no/innlandet/primus-var-arsak-til-leirskolebrannen-1.12269755 -
Post bilde av din brenner i bruk
Skal bare... svarte på Kristoffer Sandnes sitt emne i Primus og kokesystem
Nei. Omnilite og Nova fungerer nok med parafin, men ikkje Svea123. -
Eg har for dårleg oversikt over teltprodusentar til å vite om nokon som lagar både heilårstelt og vintertelt, så eg kan ikkje koma med nokon eksempel på dei som faktis skil på det. Eg veit derimot at Norrøna, då dei var ein anerkjent teltprodusent, hadde både heilårstelt og vintertelt. Og den aller viktigaste forskjellen var netopp vatntettheit. Vinterteltet deira var i pustande bomull og hadde derfor veldig lite kondensproblem i forhold til vatntette heilårstelt. For å prøve å svare på spørsmålet i tråden, og ikkje bare spørsmålet i trådtittel, måtte eg søke opp teltmodellen, og fann den på https://helsport.com/no/tents/all-tents/3-person/lofoten-x-trem-3-camp--170-095-V Der står det at teltduken er vatntett, og då skal det vera det. Men telting på snø i kraftig regnvêr, er jo garantert forhold for betydeleg kondensproblematikk. Så eg ville ikkje avskrive teltet utan å ha testa det under hageslangen i ellers tørre forhold for å vera heilt sikker på kva side av tetduken vatnet kjem i frå.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Det du beskriv er heilårstelt. Heilårstelt må takle både sumarvêr og vinterforhold, vera regntette og ha god ventilasjon og styrke. Reine vintertelt er ikkje laga for regnvêr. Pustande teltduk i bomull til dømes, har sine klare begrensingar sumartid, men fungerer særs godt under kalde forhold. Utan å ha fulgt veldig godt med på teltfronten, har eg inntrykk av at Barents Outdoor ikkje lagar vintertelt, bare heilårstelt og sumartelt. Med dagens klima, er det mest fornuftig å velge heilårstelt til vinterbruk her til lands, og la vintertelta vera til Antarktis-bruk, sjølv om mange vel heilårstelt der òg.
-
Her vart eg litt satt ut. Den fyrste, som deltakarane skal forhalde seg til, er ein krevande tur intill 25 km totalt. Men turleiaren har ein annan mal, som seier at ein krevande tur kan vera inntil 20km kvar veg og inntil 1000 høgdemeter. 39km og 990 høgdemeter i steinur og myr ville eg kalle ekstremt krevande. Det er ikkje rart at det vert missforståingar.
-
Forskjellen på eit vintertelt og eit heilårstelt, er nok at vinterteltet ikkje er regntett. Sjølv har eg alltid brukt heilårstelt om vinteren, så eg har ikkje hatt dette problemet sjølv om mildvêret skulle slå til. Når det er sagt, eit telt som er brukt hundrevis av netter, er neppe så vatntett som eit nytt telt.
-
Føret er vanlegvis avhengig av vêret.
-
Tips til enkel prepp av langrennski
Skal bare... svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg følger med på sport akkurat så mykje at eg har fått med meg at proffane bytter ski 1-2 gonger i løpet av 5 mil, pga av glideren har mista funksjonen sin. Det seier meg at det har ingen funksjon å glide fjellskia mine 1 gong pr sesong. Men ved spesielle forhold, slik som det fjellræv opplevde i helga, vil nyglida fjellski ha ein fordel, men då må dei faktis vera nyglida. Kor grundig denne glidinga er, etter mi erfaring, ikkje så viktig. Det finnst flytande glider som fungerer til formålet. Sjølv har eg med meg ein klump vanleg glider, og gnir denne på som vanleg skismurning utanom i smurningsona, og klossar ut med vanleg kork. Dette har redda meg når det har vore føre som fjellræv beskriv. Dersom ein ikkje har med glider, kan blå eller grøn festevoks gjera same nytten, men ikkje vera så positivt for gliden. Rens av skia utanfor smurningsona, særleg bak smurningsona har også stor nytteverdi for å hindre framtidig klabbing. Men dette er greiast å gjera heime. Glider i fellelimet, er noko ein bør prøve å unngå. -
Det høyrest ut som rusk i dysa. Dersom du renser dysa ved å trykke renselåle ned i dysa, utan å ta denne ut, trykker du bare rusket ned i brennaren og det er bare eit tidsspørmål før det er tett att. Det kan ta 5 eller 30 sekund. Dysa må demonterast og rensast slik at rusket vert fjerna. Brennaren produserer ikkje rusk, så når denne er rensa ordentleg, vil han fungere lenge, akkurat som andre brennarar. Einkvar annan brennar vil også vera upålitleg dersom det er eit rusk inni han,og du ikkje fjernar det eine rusket.
-
Skal ein halde skistøvlane tørre, kan ikkje sokkane puste.
- 16 svar
-
- 2
-
-
-
Det der ser ganske normalt ut. Det same har skjedd med Fischer-ski eg har hatt. Og kundeservicen var rein ansvarsfråskriving. Eg skal aldri kjøpe ski frå Fischer att. Eg har hatt same problemet med adskillige fjellski frå Madshus og Åsnes også, men der har i alle fall kundeservicen vore upåklageleg. Stålkant kan vera kjekt til tider, men for ski som skal halde lenge, er mi anbefaling ski utan stålkant. Åsnes Finnmark er ein god kandidat.
-
Når stigane er fjerna frå turrutebasen (https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/turrutebasen/d1422d17-6d95-4ef1-96ab-8af31744dd63), forsvinn dei som merka stig frå kart-appar, online-kart og nytrykk av fysiske kart etter kort tid. Sjølve stigen vil fortsatt vera der i lang tid, men bruene vert fjerna og dei raude T-ane vert ikkje vedlikehaldne og vil falme bort med tida. Og heile poenget med å redusere tilrettelegginga i sårbare område, er at trafikken vert mindre, sjølv om kven som helst fortsatt kan gå kvar dei vil. Merka stigar og skiløyper er (skremmande) effektivt for å styre trafikken. Basert på turrapportar på dette forumet, ser det ut til at også ein stor del av dei som ligg i telt, vel å følge dei merka rutene.
- 167 svar
-
- 5
-
-
-
I denne samanhengen, er det rein som vert forvalta etter viltloven (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1981-05-29-38) i motsetning til tamrein som vert forvalta etter reindriftsloven (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2007-06-15-40)
- 167 svar
-
- 2
-
-
Mi erfaring er at myggnetting ikkje stoppar snødrev (riktignok ikkje erfaring med Fjãllrãven, men med Hilleberg) .
- 9 svar
-
- 1
-
-
Eg er ikkje einig i at gass er så mykje enklare enn bensin om sumaren, men det er ein annan sak, og veldig avhengig av kva brennar ein har. Problestillinga for tråden er uansett den same. Kor mykje drivstoff ein brukar, må ein finne ut av sjølv. Eg ville aldri stolt på kva andre seier at er nok. Utan eigne erfaringar, må ein altså ta med seg meir enn det ein reknar å bruke. Tala som har kome fram i tråden, er omlag som mine eigne erfaringar, så det kan vera eit greitt utgangspunkt. Men mine erfaringar fortel meg også at forbruket kan variere betydeleg frå tur til tur. Andre forhold som gjer at mitt forbruk ikkje er så relevant, er at eg ikkje drikk 1,5l kaffi om dagen, og eg lagar mat som skal småkoke ei tid. Kor store marginar ein skal satse på, vert eit spørsmål om kva ein risikerer dersom ein går tom, og kor lite lyst ein har på at det skal skje. Det hjelper også mykje dersom ein greier å følge med på forbruket undervegs, så ein eventuelt kan justere kaffiforbruket om ein ser at det er behov for det. Mange småboksar i staden for 1 stor boks, gjer dette enklare, men også betydeleg dyrare. Med flytande drivstoff som bensin, er det også mykje enklare å ha kontroll på forbruket (i tillegg til at prisen bare er ein brøkdel av prisen for gass).
- 23 svar
-
- 1
-
-
Hvordan "lese" terrenget for teltmuligheter?
Skal bare... svarte på Guggen sitt emne i Fjellvandring
Det er det sikkert. Men eg brukar bare å sjå meg rundt, og det fungerer godt nok for meg. -
Hvordan "lese" terrenget for teltmuligheter?
Skal bare... svarte på Guggen sitt emne i Fjellvandring
Dei fleste fjellområda er bare dekt med omløpsfotografering (https://kartverket.no/geodataarbeid/program-for-omlopsfotografering) med bakkeoppløysing på 25cm, altså 8 pikslar pr 1m². Einmannsteltet mitt er 2,5m², det er bare 20 pikslar i norgeibilder.no og norgeibilder.no fortel meg ikkje om desse 20 pikslane er nokonlunde flate. Det er nok tusenvis med fine teltplassar mellom kvar plass ein kan finne på norgeibilder.no Eg har aldri studert kart på denne måten for å finne ein teltplass. Når det nærmar seg kveld, byrjar eg å sjå meg omkring etter ein plass, og eg har alltid lykkast med det i løpet av ein halvtime. Går eg i terreng der det er langt mellom dei brukbare plassane, byrjar eg å leite litt tidlegare, enn der det er flusst med plassar. I forhold til å lese terrenget, prøvar eg å unngå morgonsol i den varme årstida. I den kalde årstida prøver eg å få mest mogleg morgonsol. Er det mykje mygg, prøver eg å få ein mest mogleg luftig teltplass. Dersom det er mykje vind, prøver eg å finne le. Finne eg ein fin teltplass i område der det er langt mellom dei, legg eg han inn på gps'en for seinare bruk.- 17 svar
-
- 1
-
-
Sjølv om du ikkje har høyrt eller sett det, betyr det ikkje at det er ikkje-eksisterande. Eg har sjølv opplevd det. Fyrste gongen med eit Bergans tunneltelt på -80-talet. I motsetning til dagens tunneltelt-teltstenger, stod ikkje desse i spenn, men var ferdig bøygd til teltprofilen. Det var ein konstruksjon som ikkje tålte tung juni-snø. Halve teltet låg flatt under snøen, og det vart heller aldri seg sjølv att. Andre gongen var Helsport Ringstind med tung august-snø. Litt risting i stanga midt på natta, var det som skulle til for at teltet reiste seg att.
- 127 svar
-
- 1
-