Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Mogleg eg er inhabil, ettersom det er bilete av meg i alle fall ei av bøkene, men Drømmelandet og Frøya av Jan Grønseth kan anbefalast. https://www.tanum.no/_barn-og-ungdom/faktab%C3%B8ker-6---9-%C3%A5r/dr%C3%B8mmelandet-jan-gr%C3%B8nseth-9788299605632 https://www.tanum.no/_barn-og-ungdom/faktab%C3%B8ker-6---9-%C3%A5r/fr%C3%B8ya-jan-gr%C3%B8nseth-9788299605618
  2. Kvelden 1. august (som eg reknar som midt på sumaren) satte eg opp teltet i kuling og styrtregn. Tidleg på natta gjekk det over i snø før vinden stilna. Med tanke på at ein gjerne har ein sovepose som vert i snauaste laget når det kryp mot kuldegrader, vert også eit telt som Ringstid i luftigaste laget. Eg kan også føye til at Ringstind fungerer svært dårleg under mykje blaut snø. Det fungerer også dårleg oppå snøen. Eg reknar det som reint sumartelt, altså ikkje for 3 sesongar. Derfor passar det også dårleg til eit av krava til trådstartar. Men eg har ein misstanke om at mykje av det som er foreslått i tråden, ikkje er stort betre.
  3. Nei, det skjer nok ikkje ofte, men det kan skje, og det vil skje før eller sidan. For propananlegg, er det anbefalt å bytte slange kvart 3. år. For små turkokeapparat som det handlar om her, er det neppe nokon som bytter før det skjer noko. Forhåpentlegvis oppedagar ein lekkasjen før det skjer noko alvorleg, men utan reservedeler er ein utan kokeapparat for resten av turen. På eit kokeapparat utan slange, skjer det ikkje. Men også desse apparata har nokre pakningar som har begrensa levetid. Ute i friluft betyr det ingenting. I den varme årstida er det bare i dårleg vær at ein kokkelerer inne i teltet (pass i så fall på brannfaren). Og i dårleg vær, er det aldri vanskeleg å få god nok ventilasjon, og kokkeleringa skjer i eit veldig begrensa tidsrom. Vinterstid er det ein heilt annan sak, med snømelting som gjer at kjelen står på kokeapparatet i lengre tid, samtidig med at ein gjerne vil begrense varmetapet frå teltet, og derfor luftar litt dårlegare. Men ein skal sjølvsagt vera obs på faren, og sørge for ordentleg god ventilasjon, men det vil du ha uansett, bla anna på grunn av mykje kondens ellers. Det er oppgjeve i bruksanvisninga som du finn på trangia.se
  4. Det er sjølvsagt lettare å vindskjerme ein brennar som står på bakken, og denne vil også stå stødigare enn ein toppmontert. Sikkerheit kan derimot diskuterast. Dersom du er redd for at kokeapparatet skal velte, er ein slangebrennar meir sikker, men ein slangebrennar er langt meir utsatt for lekkasje. Det finnst føtter til å plassere under gassboksen for at han skal stå stødigare. td: http://www.primus.se/fotstodog http://www.optimusstoves.com/seen/optimus-products/products/katadynshopconnect/optimus-zubeh246r/optimus-st252tzfuss-f252r-gaskartuschen/
  5. afe

    Aurlandsdalen

    Eg reknar med at det er Bjørnestigen du siktar til. Den lave ruta er den som er mest eksponert med fleire parti med smal stig på fjellhylle høgt over elva, altså bratt på sida av stigen. Den høge alternativet (Bjørnestigen) er god utsikt og bratt stig, men ingen parti med bratt på sida av stigen.
  6. Ja, Primus Gravity har god varmefordeling. Men heile brennaren ser så skjør ut, at eg har aldri teke sjansen på å pakke han ned i ein sekk. Primus Mimer og MSR superfly er breittbrennande alternativ for toppmontering. Gassbrennaren i Trangia stormkjøkken har også litt mindre effekt, truleg for å unngå at aluminiumen i stormkjøkkenet skal smelte. Steikepanne på Trangia stormkjøkken eignar seg eigentleg ikkje uansett på grunn av avstanden til brennaren, i tillegg til at vindskjerminga vert dårleg når panna ligg litt over vindskjermen. Det er derfor ingen grunn til å skulde på kokken.
  7. Det er ein jungel av utstyr der, men alt i den jungelen vil gjera jobben for deg. Gass er enkelt å bruke, og kokeapparatet er billig og lett. Vintertid er det bare flytande brennstoff som fungerer, men kokeapparatet er dyrt, og ikkje like enkelt å bruke. Til behovet du har skissert, vil eg anbefale ein enkel, billig gassbrennar. Når du ser at du har behov for brennar til vinterbruk, kjøper du det i tillegg. Dei brennarane som fungerer på både gass og flytande brennstoff, er langt dårlegare gassbrennarar enn reine gassbrennarar. Så dersom meininga er å brenne gass, kan eg ikkje anbefale multifuel. Kjøp heller to, det treng ikkje verte dyrare. Og den dyre brennaren for flytande brennstoff vert ikkje slitt¹ ut på turane der du likevel brukar gass. ¹OK, du slit ikkje så mykje på brennaren ved bruk. Men mykje bruk og mykje pakking i ein trang sekk, slit litt her og litt der, så levetida er ikkje uendeleg.
  8. Eg har brennaren i ein plastboks i kjelen. Men dette er sjølvsagt enklare å få til å passe med ein sylindrisk brennar som Svea 123r. Plastboksen beskyttar belegget i kjelen både mot riper og mot eventuelt bensinsøl. At det heile er lett å pakke kompakt har vore viktig ved valg av både brennar og kokekar.
  9. I følge https://lovdata.no/dokument/MV/forskrift/1981-04-10-4830 pkt 4.6.4 skal forvaltningsplanen definere kva som er godkjente traktorsleper. I forvaltningsplanen står ikkje slepa Sandhaug - Hansbu blant dei godkjente traktorslepene, men er nevnt i eige punkt: http://tilsynsutvalet-hordaland.net/?p=333 Om det betyr at det også kan syklast der, men bare i samband med villreinjakta og tre dagar før og etter, eller kva dette betyr for sykling, kan sikkert avklarast ved ein henvendelse til tilsynsutvalet. Men denne slepa går uansett ikkje forbi Besso.
  10. Eg brukte Nova i mange år, og eg savna aldri å måtte bytte dyse.
  11. Det er ikkje fyrst og fremst i naturen prestasjonane er så viktige. Det er når noko skal presenterast, at prestasjonane vert viktige, derfor vert det så synleg i alle media. Skal det selgast bøker og blad, lagast TV-program osv, må det vera noko nytt å skrive om og filme. Å ligge å late seg i lyngen har folk gjort til alle tider, og det er begrensa kor mykje spanande det går ann å skrive om det. Det er det få driv med, som er lett å selge. Så bildet skapt av media, er neppe heilt representativt for korleis folk flest driv friluftslivet sitt. Men dette er ikkje noko nytt. I tidlegare tider var det lister med siste årets fyrstegongsbestigningar i alle årbøkene til DNT.
  12. afe

    Skarvheimen

    Når løypestikkene fortsatt står på isen 1. august, vert det sein vår. Men sumarsnø er som kjent grei å gå på, men isen kan nok vera usikker mange stader. Jøranvatnet, legg merke til løypestikkene som fortsatt står på isen: Jøranvatnet 1. august 2015 by Asle Feten, on Flickr Nedover Mjolgedalen: Mjolgetjørne 1. august 2015 by Asle Feten, on Flickr Og 2. august vakna eg til nysnø. Svorbotn 2. august 2015 by Asle Feten, on Flickr
  13. afe

    Sykkel og vinteren.

    Sjølv foretrekk eg skjermar som heng høgt over hjulet. For vinterbruk byttar eg faktis ut skjermen som sitt på bakhjulet med ein skjerm som er festa i setestammen. Er det for trangt mellom hjul og skjerm, er det eit lite helvete å få hjulet til å gå rundt kvar gong det er litt kram nysnø. Kombinasjon felgbrems og snø er omtrent like godt som ingen brems.
  14. Er det snø, er det alltids enkelt å plassere eit telt. Det er verre på barmark der det bare er stein.
  15. afe

    Varme i teltet

    Det er nettopp denne bensindampen som er farleg i eit telt. Å tru at faren er borte, når bensinen har fordampa, kan føre til noko eg ikkje vil vera vitne til. Eg brukar kun parafin til teltvarme, og grunnen er fyrst og fremst fordi det ikkje fordampar så lett. Eg brukar heller ikkje slangebrennar, ettersom eg synest det er unødvendig mange plassar det kan verta lekkasje.
  16. I følge reglane skal det ikkje vera det. http://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=extras&section=boardrules §10. Politikk og religion Politikk og religion diskuteres ikke.
  17. Sjølv brukar eg sjølvkoponert havregrynsblanding (havregryn, hakka nøtter, turka frukt +++) med vatn på. Tidlegare hadde eg turrmjølk i blandingen, men av praktiske grunnar har eg slutta med det, og blandingen er like god.
  18. Det er bare å reise ut på eit vatn å telle sjølv. Det er stor sjanse for at du kjem til eit anna tal enn 7.
  19. Eg var i området rundt Litlos i dag. Isen er borte på omlag halve Kvennsjøen. Vest for Litlos er det mykje snø. Sør og vest for linja Litlos-Hellevassbu er det også mykje snø. I høgdene austover Saurflott og Stokkholmen er det mykje snø men noko bart innimellom. Men i lågare lende austover er det stort sett bart. Kvenno og vatna i Kvenno aust for Kvennsjøen er heilt isfri.
  20. Gå lange turar. Ein vert god på det ein gjer mykje.
  21. Litt leik med fiskeauge og panoramaprogram. Dølden by Asle Feten, on Flickr
  22. Eg gjorde litt målingar på 2 bærbare radioar i helga. DAB-radioen brukte 4-5W, FM-radioen brukte ca 0,1W. Salgsgimmiken går nok stort sett på å utruste DAB-radioane med litiumbatteri som kan lagre mykje energi for å få batterilevetid som kan samanliknast med ein FM-radio med AA-batteri.
  23. Før overgangen til digital TV, kunna eg sjå TV med ei lita antenne tilfeldig plassert på veggen. Etterpå har det kun vore mogleg å få inn TV-signal via satelitt og parabolantenne, med det same tilbodet som var der før det analoge bakkenettet vart lagt ned. Så den overgangen førte i alle fall ikkje noko positivt med seg for min del. Men TV har aldri vore noko tema i tursamanheng. I forhold til dekninga av digital TV via bakkesendarar, er nok DAB-dekninga veldig bra.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.