Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 061
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Kan stemme det. Vi løyste det ut tidleg på ettermiddagen skjærtorsdagen. Mange hadde gått opp der tidlegare, nokre hadde køyrt ned og fleir var på veg opp. 10 til 15 centimeter fokksnø på eit ispanserlag låg berre å venta på ei unnskyldning...
  2. Rute 1 på kartet til Vagvær er ei av normalrutene til Rasletind men rasfare bør vurderast. Vi løyste ut ras på den ruta no i påska. Har køyrt ned fonna Lompa omtaler ein gong. Den er brattare enn fonna på normalruta men kan greitt køyrast av kunnige. Nedfarten er som kommentert bratt og aukande helling nedover får ruta til å "forsvinne" noko som gje ein del ekstra sug i magen. Følast som å køyre mot ein stupkant sjølv om ein veit det løyser seg opp.
  3. http://naturvernforbundet.no/stillenatur/ For dei som støttar saka og ikkje har sendt inn enda.
  4. Mine Montanafeller har vært med mykje lengre enn 30 mil (og det synast...).
  5. @Pearl: Trur eg hadde satsa på buss til Mysusæter. @Larsdx: Har vitja både Rondslottet, Storronden og Veslesmeden dei siste vekane. Gjekk heile vegen opp på Storronden på fjellski helga før nemnte gruppe snudde. Rondslottet er steggjerntopp frå sør. Normalruta til Veslesmeden er grei men også sørsida ned til Indre Kaldbekkbotn (solside) på Veslesmeden var glasert. Mykje spesielt føre i Rondane no, mogleg snøværet i helga endra det noko men helst har det blåst/smelta bort att allereie...
  6. Dassa litt rundt i Rondane førre helg. Greitt med snø i område rundt Rondvassbu (det er tross alt Rondane så det er litt begrensa kva ein skal forvente). Hardt på topper og i solsider. Møtte folk som hadde snudd på Storronden da dei ikkje kom opp utan steggjern. Det kom litt snø i helga som kan ha gjort det betre. Jo lengre nord i Rondane du kjem jo dårlegare er det med snø. Dei vurderer å halde Grimsdalshytta stengt i påska på grunn av manglande snø.
  7. Scarpa T4 hytte til hytte er i utgangspunktet ikkje noko problem men det som er "litt ømt" etter eit par dagar i alpinbakken kan bli veldig ømt etter fem dagar med gåing i Heimen.
  8. Kan godt stemme. Har tre par steggjern og to av dei har ikkje gummibeskyttelse, men det er petzl og Black Diamond. Det tredje paret er Grivel og dei har gummibeskyttelse. Elles ser ikkje eg nokon forskjell på dei avbilda jerna bortsett frå at innfestingsskruen til plastikkplata er forskjellig. Men det kan være (sansynlegvis er) vekt og material forskjell.
  9. Bruk avgjer val. Skal du klatre is, gå skarpe toppar, gå på bre eller berre tusle rundt på ein hål gardsplass? Forskjellen på avbilda steggjern ser ut til å være gummibeskyttelsen på mellomleddet. Elles går forskjellen i material val (styrke og vekt), antal piggar, frontinnfesting, hælinnfesting, vertikale eller horisontale frontpiggar, plastikkløysing på undersida for å motverke klabbing, pluss ein del andre tekniske finurlegheitar.
  10. Ein kamerat av meg kjøpte omn frå kifaru og har god erfaring med den. Her er hans vurdering av den: http://www.fjellforum.no/topic/18316-turtips-sammenleggbar-teltovn-3kg/?hl=kifaru
  11. Gamalt foto på meg. Nyttårsdagen 2010 på Puttegga (turrapport ligg ein stad på forumet). Ein av dei verkeleg finare turane mine og sjølv om dette bilete ikkje er i nærleiken av korleis det verkeleg var deroppe får eg fortsatt eit fårate glis når eg ser på det.
  12. Er vel godt på sida av diskusjonsemne no, men.... Ein skal ikkje mange år attende i tid før det var heilt andre tal på felte ryper enn i dag. Skal bli interessant å sjå kva fellingsstatistikken seiar om 2014/2015 sesongen men det er ikkje nødvendigvis bra sjølv om det er betre enn 2012/2013 sesongen... http://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/srjakt/aar/2014-08-11?fane=tabell&sort=nummer&tabell=190711
  13. Vel, no er det rettnok ikkje formelt vedteke enda sjølv om det ser ut til å gå i orden. Bevilgar meg likevel ein liten sup med noko brunt brennvin og håpar på det beste. Berre rypestamma tek seg oppatt til eit fornuftig nivå no, so skal hagla snart ut av skåpet og få litt fjell luft att.
  14. Står ikkje noko merke på dei men vart bestilt gjennom Sport1 i sin tid, inkludert hællyftar bøyle.
  15. Hællyftar kan enkelt improviserast med ein trekloss og ein strikk/reim rundt foten. Det funkar på både 75 millimeter og BC.
  16. Sjølv har eg 15 millimeter på Åsnes Ingstad med Voile 3-pin binding. Syns det er passande oppbygning.
  17. Var innom der i haust, ikkje mykje å spare på å handle der var mi erfaring. Danmark og Norge har ei spesialavtale så vi i Norge får ikkje refundert momsen på det vi handlar i Danmark.
  18. Diskusjonar på verdsveven er noko herk. Ein slenger ut ein påstand, logger av og når ein loggar på att eit par dagar seinare er påstanden "grusa" og diskusjonen er for lengst over. Men hansken er kasta og eg skal forsøke å plukke den opp... Les avsnittet under barnevenleg her: http://no.wikipedia.org/wiki/Tamhund#Statistikk Skroll nesten ned til midten og les kommentaren til Norsk Kennel Klub og Norges Jeger og Fiskerforbund her: https://www.regjeringen.no/nb/dokumenter/otprp-nr-48-2002-2003-/id172933/?docId=OTP200220030048000DDDEPIS&q=&navchap=1&ch=14 Sitat: En undersøkelse for vel 20 år siden, viste at de fleste hundebitt var forårsaket av hunder av rasen Golden Retriever. Grunnen var ganske enkelt den at da var rasen den tallrikeste i Norge. Nå er schäferen den vanligste. Sitat slutt. (Ok, 20 år gamal i 2002, men...) Dansk undersøking som plasserer GR høgt oppe på statistikk over både bitt mot folk og andre dyr: www.fairdog.dk/elements/.../2012_undersoegelse.pdf Sjølv las eg om det på VG, DB eller noko liknande men finn ikkje att den artikkelen. For andre interesserte er det berre å google hundebitt, statistikk og GR. Det er eit bikkjeslagsmål om temaet, sjølv på hundeforuma.
  19. Golden Retriver har tidlegare toppa bittstatistikken i Norge. Delvis fordi den er av dei mest utbredte rasane men også fordi GR er ei rase som lett kan ty til biting. Bandtvang er ikkje berre for å beskytte folk men i like stor grad (eller større grad) for å beskytte bufe, fugl og vilt. Og her er nok ikkje GR noko mindre aggressiv enn dei fleste andre hunderasar. GR er med andre ord eit svært dårleg eksempel på kvifor bandtvang er unødvendig.
  20. Har før nemnte gipronstavar og opplevd maaange tryn med dei utan at dei vert bøgd. Har i tillegg brukt dei i alpinbakken so dei har fått mykje juling. Men sjølvsagt kan ein jo være uheldig.
  21. Korleis er det å køyre nedover med ski på sekken?
  22. Allereie den grunnregelen din om nord/syd sider vil ofte være feil for eksempelvis Rondane da nordsidene der som regel er avblåste og snøfrie. Men som Dag G og afe seier, vurderinga der og da er såpass essensiell at ein generell regel vert lite nyttig.
  23. Fortsett dette berre litt til får Møre&Romsdal snart ein fylkestopp over 2000.
  24. Faller nesten av stolen no... At tømmerhogging er godt og fint arbeid er eg einig i, men at det er noko ein kan lære på nokre få timar??? Motorsag er særs farleg reiskap og det er mykje som skal takast omsyn til når ein feller eit tre, spesielt i vanskeleg terreng. "Nokre få timar" med opplæring vil berre gje ein overflatisk gjennomgang. Og om ein skal byrje å dra hest inn i terrenget i tillegg...???
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.