Gå til innhold
  • Bli medlem

Tullebukken

Medlem
  • Innlegg

    3
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Tullebukken

  1. Kjøpte ovnen sjøl på "romjulssalg" i nettbutikken, etter å ha starta denne tråden litt tidlegare. Den blir veldig god og varm, men vil ikkje holde ein lunk i lavvoen gjennom natta. Full av god, tørr ved og med trekken nesten heilt igjen har du veldig god varme i ein god time, men så blir det fort kaldt. Har ingenting å sammenligne med, men går ut frå at slik er det berre med alle lavvoovnar, fordi godset er tynt. Ellers er eg god fornøgd, ovnen virker å vere solid bygd. Fyrt med nokså finkløyvd, tørr ved er forbrenninga rein og fin. Steikeovnen bakerst er eg litt usikker på. Den gjer at du kan fyre med 30 cm ved nederst, men berre 20 cm øverst, og det kan jo lage litt heft, avhengig av kva du fyrer med. Dessuten blir steikeovnen så brennheit at det er ein liten kunst å lage mat der, men det seier sikkert meir om meg. Fyrer i helsport Finnmark, og det er ikkje vanskelig å lage det nesten ubehagelig varmt (dersom det er målet) med ti minus ute. Men som sagt; det må fyrast heile tida for å holde varmen. Samla sett klart tommel opp.
  2. Zimwalker: Ja. Tor Magnus og resfjellet: takk! Har for øvrig fått langt svar (og positivt) svar på DM frå ein annan, skal oppfordre vedkommande til å poste det også her. Syns totalpakka til denne prisen (3500) med vanntanken, steikeovnen og tørkestativet er fristande. Vekta kan eg leve med. Så først og fremst er eg nysgjerrig på om dette faktisk er solide greier. Uten å ha prøvd, kunne eg nok riktignok bytta bort steikeovnen mot muligheten til å fyre med 30 cm ved i heile ovnen.
  3. Denne ovnen ser interessant ut. http://www.g-stove.no/shop/product/g-stove-komplett?tm=nettbutikk https://tur365.wordpress.com/2014/10/17/testrapport-g-stove-lavvo-ovn/ Fin kombinasjon av vekt, funksjonalitet og pris. Men eg blir litt skeptisk til eit produkt som berre er omtalt av produsenten sjøl og på kun ein blogg, og ellers ikkje nemnt i det heile på fjellforum. Så: er det nokon her inne som har fyrstehandskunnskap om byggekvalitet og funksjonalitet på denne?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.