-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Det er mange nordmenn som er oppvokst med blekkulf og søppelsortering, som ikkje greier å halde sin "sti rein". Då er det etter mitt syn heller ikkje ei sjølvfølgje at mennesker som kjem frå delar av verda der søppelhandtering ikkje er eit tema, skal ha eit veldig bevisst forhold til det. Eg har drive opplæring av mellom anna flyktningar i mange år. Forskjellane er store, noko som handlar både om landbakgrunn, sosioøkonomisk status før flukt, utdanning, om ein kjem frå by eller land osv osv. Vi har ein tendens til å ta våre verdiar og ikkje minst vår forkunnskap å legge den til grunn for andre. Det vert ofte feil. Derimot vil ei forklaring på KVIFOR dette ikkje er bra ofte funke, altså ei tydeleggjering av konsekvensar. Eg har fleire gonger kjørt natur - og miljøveke, med alt frå strandrydding til besøk på bre, besøk på nærliggande fuglefjell der ein finn reir av søppel, fellesøkter med opplæringsvideoar på YouTube, foto av vilt innvikla i gamle gjerdet eller fiskenot osv. Mi oppleving er at det for mange skjer ei dryppvis endring i måten ein då betraktar natur og menneskests rolle i den på. Fleire har enda med fiskestang og eit ønske om å ta jegerprøve. Fleire har også på seinare tidspunkt, når liv og økonomi har blitt meir ordna, teke med born og familie som kanskje har kome på gjenforeining med, for å gi dei same opplevingane og kunnskapen. Så @Gabs88 keep up the good work. Det er ikkje forgjeves fordi om poletten ikkje dett ned umiddelbart.
- 13 svar
-
- 9
-
-
Nokre skotips til deg med breie føter eller andre fotraritetar
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Fottøy
Sambu med samme storleik som deg både på føtter og hanskar, og han gir deg absolutt og 100% medhald 😅😆 -
Ja denna har eg haurt fleire snakke varmt om, skal gje den eit forsøk. Kjøpte meg nett bukse frå Craghoppers, skal gi den eit forsøk før eg evt kjøper skjorte, men fint å kunne re-behandle. For ein stakkars vestlending som stort sett er van berre med knott, er det uansett så ulideleg at eg jamleg gjennom sommarhalvåret trugar med å flytte. Eg skal ta klabbeføre, konstant pulkvelt, overvatn og grinete kids lenge før mygg 🤣🤣🤣🤣 (Det skal dog seiast at etter eit par år så klør eg mindre av myggstikka, og verda har blitt pittelitt betre. Men, livet om sommaren er uansett best på kysten).
-
Fylgjer. Har busett meg i eit mygghøl av dimensjonar (Rena), og skal ein få gjort noko i hage eller på hus utvendig er det berre å dra på seg kle med insektbeskyttelse.
-
Stiv fot som forblir stiv etter laaaaang tur? (+ en liten historie)
Tessatroll svarte på Frihet85 sitt emne i Helse på tur
Høres ut som du kanskje var litt uheldig ja ... Har du undersøkt om det er nokon i nærleiken som er god på idrett/skadar? -
Nokre skotips til deg med breie føter eller andre fotraritetar
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Fottøy
Supert med tips om nye merker! -
Stiv fot som forblir stiv etter laaaaang tur? (+ en liten historie)
Tessatroll svarte på Frihet85 sitt emne i Helse på tur
Eg får dekka eit par i året, berre eigenandel på 500. Vil eg ha fleire par må eg betale sjølv. -
Stiv fot som forblir stiv etter laaaaang tur? (+ en liten historie)
Tessatroll svarte på Frihet85 sitt emne i Helse på tur
God presisering! Takk. Eg ser at ho eg har nytta meg av er manuellterapeut. Kiropraktoren eg nyttar har også henvist til MR, og på førespurnad fått tilsendt bileter for andregangs gjennomgang og vurdering. -
Stiv fot som forblir stiv etter laaaaang tur? (+ en liten historie)
Tessatroll svarte på Frihet85 sitt emne i Helse på tur
Til TS: Så bra at de har funne ut kva som feiler, vonar det ordnar seg. Ein treng friske føter med våre interesser 😅 Elles: Fysioterapeutar driv i dag i større grad utredning enn før, henviser vidare og ordnar ut med det meste. Eg står framleis i fastlege -kø etter eg flytta for 2 år sidan. Desse to åra har eg gått både til kiropraktor og fysioterapeut når eg har hatt skadar og anna trøbbel med strukturane (plantar fascitt, tær som dovna bort, akutt skade i kne og ankel med påfølgjande betendelse i heile venstre bein frå ankel til hofte, slitasje i kne). Dei har ordna med MR, røntgen, og henvisning til ortoped, som igjen enda med fotsenger som eg får fornya ein gong i året. Ein må ikkje lenger gjennom fastlegen for "alt mellom himmel og jord". Heldigvis, for eg opplevde det meir effektivt å gå rett til fysio/kiro. -
Sovepose og liggeunderlag for fersking!
Tessatroll svarte på NRTGP sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
+ 1 på denne. Minusgrader og snø i sommarfjellet er noko som oppstår rett som det skvett i heile landet. Skal eg vere i fjellet lenger enn eg lit på vermeldingane (som stort sett er semipålitelege maks 2-3 dagar) så vel eg ein pose som går nokre grader ned på minussida. Kanskje med unnatak av dei få gongane ein er inne i ein langvarig stabil varmeværsperiode. Skal eg opphald meg meir i skog eller langs kysten så vel eg gjerne lettare pose. -
Nydelege foto frå ein vakkerskatt av eit område. Dovrefjell står seg liksom utruleg godt! ❣️
- 8 svar
-
- 1
-
-
Nok ein gondol? - på Sulafjellet denne gong
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Samfunnsdebatt
Det er summen av inngrep som er problemet. I tillegg er det slik at dette er ikkje berre ein "liten del" av eit fjellområde.Dette er det "storfjellet" sentralt på ei øy, og det er ikkje masse anna fjell rundt. Elles samd i bekymringane dine rundt utgifter for kommunane. Det ser vi no på vindkrafta. Det er allereie eit problem at kommunar ikkje får dei inntektene som var førespegla, i tillegg er det truleg dei som vert sittande att med utgiftene til opprydding den dag første eigar for lengst er fordufta, ingen har ansvar for opprydding og grunneigarane ikkje greier å løyse det økonomisk. -
Nok ein gondol? - på Sulafjellet denne gong
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Samfunnsdebatt
DNT Sunnmøre tek standpunkt (lenke nederst). Herleg. Sulafjellet er eit viktig rekreasjonsområde, og verdifulle som eit såpas stort og samanhengande område nært byen (dog er stort relativt). Rollonhytta har lange tradisjonar for å ha servering, og litt tilrettelegging på den sida av fjellet gjer området tilgjengeleg for mange grupper. At ein kan få fine opplevingar som barnefamilie i randsona, medan det framleis er mogleg å få "viddekjensle" midt inne på fjellet, gir området verdi for mange. Difor er det også mange kjensler knytt til nedbygging av Sulafjellet, og eg har til gode å sjå at initiativet vert veldig bejubla av så mange utover dei som skal tene peng på det. https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/GyM0WV/ingen-attraksjon-er-finare-enn-uroert-natur-stans-sula-gondol- 62 svar
-
- 1
-
-
Nokre skotips til deg med breie føter eller andre fotraritetar
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Fottøy
Kjenner til problemet med smal hæl. Difor har det vore vanskeleg for meg å gå over på herremodell for meir breidde framme, då skoa då stort sett vert for rome i hælen. -
Nokre skotips til deg med breie føter eller andre fotraritetar
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Fottøy
Absolutt, og litt om Keen kjem også i seinare innlegg. Dei høver sambuar godt, men for meg blir det for mykje volum. Kom gjerne med dine erfaringar! -
Nokre skotips til deg med breie føter eller andre fotraritetar
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Fottøy
Absolutt. Skal prøve å få sambuarens skogarderobe inn også Så er håpet at fleire bidreg, så vi kan få samla mange ulike føter og erfaringar i ein tråd her -
Nokre skotips til deg med breie føter eller andre fotraritetar
Tessatroll publiserte et emne i Fottøy
Når begge i hushaldninga har breie føtter, gir det utfordringar når ein skal kjøpe nye sko. Eg har breie føtter, rett stortå og låg vrist. Breiaste punkt er veldig langt fram (kvalifiserer for personnummer i Andeby). Sambo har breie føter, høg vrist og volum, og meir "vanleg" stortå. Han har breiaste punkt litt lenger bak på foten enn meg. Vi er begge aktive med friluftsliv og jakt, og treng gode sko til varierte aktivitetar. No har vi nettopp hatt eit nytt handlerafs, då mykje var utslitt både for sommar og vinterbruk. Mange par sko har kome i posten, og mange i retur. På grensa til pinleg overfor postdama. Etter denne handlerunden tenkte eg her oppsummere litt "dagens" skogarderobe, kanskje kan det hjelpe andre med liknande kroppslege raritetar 😂 Fint om andre med breie eller utfordrande føter hiv seg på med sine tips Skogarderobe frøken Andeby; Women's Kayland Globo goretex. Nokre av dei breiaste støvlane eg har prøvd nokon gong, skal no tas i bruk. Nokså stive for skafthøgda si, og krev nok ein tur eller to med litt inngåing. Skal få bli med i norske fjell når sekken er tung, terrenget tøft og på jakt. For den med vanleg stortå vil eg tru den sitt med ein gong. For meg som har rett stortå, kan det hende eg tek han med til skomakar for å få nokre mm til for stortåa sidevegs, dersom det ikkje ordnar seg etter inngåing. Uansett den støvelen eg har prøvd som truleg krev minst arbeid sidevegs for stortå. Bra med volum, så eg må snøre tett. Brukar min vanlege storleik. Scarpa women's SL active Utan membran. Ikkje fullt så breie som Kayland i heilt front, men god breidde baketter. Sitt godt rundt foten for meg som har lågt volum, men eg trur at den også kan høve den med meir volum då snøringa går langt fram. Ikkje fullt så stiv som Kayland. Skal få bli med på tur i fjellet i moderat terreng eller ved sekk under 20-25 kg. Blir med til Island på 6 dagerstur med 4 dagar moderat terreng og 2 dagar meir krevjande. Vonar å kjøre sekken under 20 kg. Gjekk opp ein halv storleik. Topo traverse God terrengsko utan membran. Litt demping slik at han funkar greit å hardare underlag med dagstursekk. Tåbeskyttelse som faktisk funkar. Veldig god plass til mi rette stortå, den får verkeleg gjere jobben sin. Sitt tett på foten, kan kanskje bli knapp om ein har stort volum/høg vrist? Usikker. Både drenerer og tørkar raskt når ein har plumpa i vatn. Brukar same str som fjellstøvlar og skisko for å fære fint med tæra. Altra Olympus gtx Gode terrengsko med mykje demping, stabil sole. God plass til mi rette stortå. Ein del volum, så denne må eg snøre tettare enn Topo, og lage kameløyrer med dei to bakaste hola. Blir med som eit ekstrapar til Island. Mistenker mykje harde parti og har hatt nokre utfordringar med bekken siste månadane, så harde støt kan bli litt tøft i lengda. Same storleik som for Topo. Bergans jaktstøvlar Breie og god, plass til stortåa mi. Blir berre brukt når eg absolutt må då eg eigentleg likar å gå med så lett fottøy som mogleg. Det vil sei i veldig vått og myrete terreng, der eg treng meir støtte enn eg ville fått i ein gummistøvel. Noko rette i hælkappa, så eg har levert dei til skomakar for å få banka hælen litt mjukare og "hole" den litt. Steike god yttersåle, både i gjørme og på stein. Brukar min vanlege storleik. Nytt innlegg med ymse Crispi, La Sportiva og Meindl kjem ved høve.- 17 svar
-
- 1
-
-
Ledige nasjonalparkforvalter-stillinger i Midtre Nordland
Tessatroll svarte på ingen87 sitt emne i Samfunnsdebatt
Desse dukka opp i mine søk au gitt. Absolutt freistande stillingar å søkje, med spennande områder å forvalte. Men med to ferske barnebarn i sør så kjenner eg på ein viss motstand mot å flytte. I tillegg har eg insett at eg har potensiale for å forbli evig kommuneslusk 🤭 Eg trivast godt i kommunal forvaltning. Velvel. Lukke til med rekruttering, det blir vel ikkje så vanskeleg å besette desse vil eg tru. Og lukke til i ny jobb.- 16 svar
-
- 1
-
-
Kva med å gå så langt de kjem frå Dovrefjell til Lillehammer? Evt er jo Forollhogna og områda mellom Oppdal og Folldal snilt og med moglegheiter for fiske
- 6 svar
-
- 1
-
-
Eg brukar ikkje kart på. Brukar den som TS er ute etter; kun til koordinater. Så detta problemet har eg ikkje
-
Vi skulle hatt ein hjarte-emoji i reaksjon ❣️
- 2 svar
-
- 1
-
-
Ja eg synes det er ein del forskjell, både i høve kor tjukke dei er, men også mellom modellar med noko lunde lik "tjukkelse". Dei mest slitesterke eg har hatt er nok frå Exped og Ortlieb. Dei frå Exped som heiter Drybag bs har ein fin kombinasjon av pakkbarheit og slitestyrke. Silva sine i blank silikon er bra, men tjukke (og veldig dyre). Og så er kompresjonssekken til sea to summit med membran ganske slitesterk (brukar til sovepose). Eg brukar mine både i sekk og pulk. Tidlegare var dei også ofte dytta i havkajakken.
-
brukar Garmin eTrex til samme formål.
-
Om du går til fysio og er pliktoppfyllande og disiplinert så vert det ofte bra til slutt, er mi eiga erfaring og frå folk eg kjenner. Men det tek tid og krev litt.