-
Innlegg
3 689 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Eg synes dei fleste slike ekstra padda selar blir "mykje greier", og har av den grunn enda opp med vanleg "standard" pulksele frå Fjellpulken (som faktisk også avogtil er for lang rundt, i alle fall når eg var yngre og *hostlettarehost*). Vanleg sele har funka med turpulk opp til 75 kg og treningspulk (kortare økter) opp til 110 kg. Mogleg eg hadde trengt meir polstring med tyngre pulk, men førebels har eg ingen planar om det.
-
Jepp. Finnast ikkje eit bruk der eg kjem frå som ikkje har mykje rart nedgreve....med påfølgjande moro for dei som sel det ut av slekta, for så at den nye kjøparen kjører ein runde med forureiningslova 🤣 Og min tidligere svigerfar sa også; "nei vi heiv det nu på have, det va nu slik det blei gjort. I dag så skjæmmes eg" .
- 16 svar
-
- 1
-
-
Eg forstår at du meiner kano og ikkje kajakk? I tilfelle greit å endre overskrift så får du truleg betre hjelp
-
Nok ein gondol? - på Sulafjellet denne gong
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Samfunnsdebatt
Og den flotte Eggenipa skal byggast ned med sherpatråpper og nødbuer....altså..nødbuer på det som for mange lokale er ein joggetur kvelden? Og sherpatråpper er jo berre vonde å gå i #rivmegihåret- 62 svar
-
- 3
-
-
-
Herleg at de fekk ein fin tur! Eg har berre vore delvis rundt, på sommarskitur. Frå Finse og ned i Simadal, via Luranuten, Demmevasshytta og Skåkje. Sidan den gong har eg tenkt at eg gjerne kunne tenke meg attende å gå rundt Jøkulen om sommaren. Del gjerne landskapsfoto om du har (og vil)
-
Eg tenkjer me roar dette pent ned utan å avkrevje nokon noko pakkeliste. Det er likegyldig kva folk sine sekkar veg, med mindre det vert bedt om tips. Moderator.
-
Det kan eg absolutt gjere når eg er attende på ein PC. No blir det nok å komme seg til Reykjavik og få leigd seg ein bil og køyre nordover
- 254 svar
-
- 4
-
-
-
Vi bodde i telt, men også fint mogleg å bu i hytte. Send meg ein PM så kan eg prøve å samle saman informasjonen eg har på kostnadane med å bu og busse til og frå Reykjavik, og litt andre tips
-
Har brukt nokre dagar på å gå Laugavegur Trail på Island, med sideturar. Planen er å gå vidare over Fimmvörðuháls, men med 71 mm nedbør meldt dette døgeret, vert det venting i Básar. Dumt å gå ein slik tur å ikkje sjå ein skit av alt det flotte. Me håpar at det vert mindre nedbør i morgo. Skulle det vedvare med pissregn, så er det meir freistande å stikke attende til Reykjavik, leige ein bil og ta seg nordover til betre vêr. Nokre foto. Vanskeleg og stort landskap å få fanga med mobilkamera, men flott er det. For oss var dette ei relativt spontant avgjerd, og første gang vi testar eit slikt nokså kommersielt "Trail konsept". Vi bestemte oss for å halde eit ope sinn, men skepsisen var der. Den vart ikkje mindre når me ankom "Sirkus Landmannalaugar" (utgangspunktet for turen). Denne vart dog gjort til skamme. Vi lev godt med dette konseptet i bytte mot det denne turen har å by på. Annaleis enn "tradisjonelt" friluftsliv til fjells? Ja. Likevel verdt det? Ja.
- 254 svar
-
- 17
-
-
Du er i heimbygda mi, er det også heimbygda di? Liasalsnipa har eg frektventert ofte, men lenge sidan eg gjekk austegga no. Har ikkje haurt noko om noko meir sikring, men det kan no ha skjedde utan at eg har fått det med meg.
- 254 svar
-
- 1
-
-
Det er mange nordmenn som er oppvokst med blekkulf og søppelsortering, som ikkje greier å halde sin "sti rein". Då er det etter mitt syn heller ikkje ei sjølvfølgje at mennesker som kjem frå delar av verda der søppelhandtering ikkje er eit tema, skal ha eit veldig bevisst forhold til det. Eg har drive opplæring av mellom anna flyktningar i mange år. Forskjellane er store, noko som handlar både om landbakgrunn, sosioøkonomisk status før flukt, utdanning, om ein kjem frå by eller land osv osv. Vi har ein tendens til å ta våre verdiar og ikkje minst vår forkunnskap å legge den til grunn for andre. Det vert ofte feil. Derimot vil ei forklaring på KVIFOR dette ikkje er bra ofte funke, altså ei tydeleggjering av konsekvensar. Eg har fleire gonger kjørt natur - og miljøveke, med alt frå strandrydding til besøk på bre, besøk på nærliggande fuglefjell der ein finn reir av søppel, fellesøkter med opplæringsvideoar på YouTube, foto av vilt innvikla i gamle gjerdet eller fiskenot osv. Mi oppleving er at det for mange skjer ei dryppvis endring i måten ein då betraktar natur og menneskests rolle i den på. Fleire har enda med fiskestang og eit ønske om å ta jegerprøve. Fleire har også på seinare tidspunkt, når liv og økonomi har blitt meir ordna, teke med born og familie som kanskje har kome på gjenforeining med, for å gi dei same opplevingane og kunnskapen. Så @Gabs88 keep up the good work. Det er ikkje forgjeves fordi om poletten ikkje dett ned umiddelbart.
- 13 svar
-
- 9
-
-
Nokre skotips til deg med breie føter eller andre fotraritetar
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Fottøy
Sambu med samme storleik som deg både på føtter og hanskar, og han gir deg absolutt og 100% medhald 😅😆 -
Ja denna har eg haurt fleire snakke varmt om, skal gje den eit forsøk. Kjøpte meg nett bukse frå Craghoppers, skal gi den eit forsøk før eg evt kjøper skjorte, men fint å kunne re-behandle. For ein stakkars vestlending som stort sett er van berre med knott, er det uansett så ulideleg at eg jamleg gjennom sommarhalvåret trugar med å flytte. Eg skal ta klabbeføre, konstant pulkvelt, overvatn og grinete kids lenge før mygg 🤣🤣🤣🤣 (Det skal dog seiast at etter eit par år så klør eg mindre av myggstikka, og verda har blitt pittelitt betre. Men, livet om sommaren er uansett best på kysten).
-
Fylgjer. Har busett meg i eit mygghøl av dimensjonar (Rena), og skal ein få gjort noko i hage eller på hus utvendig er det berre å dra på seg kle med insektbeskyttelse.
-
Stiv fot som forblir stiv etter laaaaang tur? (+ en liten historie)
Tessatroll svarte på Frihet85 sitt emne i Helse på tur
Høres ut som du kanskje var litt uheldig ja ... Har du undersøkt om det er nokon i nærleiken som er god på idrett/skadar? -
Nokre skotips til deg med breie føter eller andre fotraritetar
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Fottøy
Supert med tips om nye merker! -
Stiv fot som forblir stiv etter laaaaang tur? (+ en liten historie)
Tessatroll svarte på Frihet85 sitt emne i Helse på tur
Eg får dekka eit par i året, berre eigenandel på 500. Vil eg ha fleire par må eg betale sjølv. -
Stiv fot som forblir stiv etter laaaaang tur? (+ en liten historie)
Tessatroll svarte på Frihet85 sitt emne i Helse på tur
God presisering! Takk. Eg ser at ho eg har nytta meg av er manuellterapeut. Kiropraktoren eg nyttar har også henvist til MR, og på førespurnad fått tilsendt bileter for andregangs gjennomgang og vurdering. -
Stiv fot som forblir stiv etter laaaaang tur? (+ en liten historie)
Tessatroll svarte på Frihet85 sitt emne i Helse på tur
Til TS: Så bra at de har funne ut kva som feiler, vonar det ordnar seg. Ein treng friske føter med våre interesser 😅 Elles: Fysioterapeutar driv i dag i større grad utredning enn før, henviser vidare og ordnar ut med det meste. Eg står framleis i fastlege -kø etter eg flytta for 2 år sidan. Desse to åra har eg gått både til kiropraktor og fysioterapeut når eg har hatt skadar og anna trøbbel med strukturane (plantar fascitt, tær som dovna bort, akutt skade i kne og ankel med påfølgjande betendelse i heile venstre bein frå ankel til hofte, slitasje i kne). Dei har ordna med MR, røntgen, og henvisning til ortoped, som igjen enda med fotsenger som eg får fornya ein gong i året. Ein må ikkje lenger gjennom fastlegen for "alt mellom himmel og jord". Heldigvis, for eg opplevde det meir effektivt å gå rett til fysio/kiro.- 26 svar
-
- 1
-
-
Sovepose og liggeunderlag for fersking!
Tessatroll svarte på NRTGP sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
+ 1 på denne. Minusgrader og snø i sommarfjellet er noko som oppstår rett som det skvett i heile landet. Skal eg vere i fjellet lenger enn eg lit på vermeldingane (som stort sett er semipålitelege maks 2-3 dagar) så vel eg ein pose som går nokre grader ned på minussida. Kanskje med unnatak av dei få gongane ein er inne i ein langvarig stabil varmeværsperiode. Skal eg opphald meg meir i skog eller langs kysten så vel eg gjerne lettare pose. -
Nydelege foto frå ein vakkerskatt av eit område. Dovrefjell står seg liksom utruleg godt! ❣️
- 8 svar
-
- 1
-
-
Nok ein gondol? - på Sulafjellet denne gong
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Samfunnsdebatt
Det er summen av inngrep som er problemet. I tillegg er det slik at dette er ikkje berre ein "liten del" av eit fjellområde.Dette er det "storfjellet" sentralt på ei øy, og det er ikkje masse anna fjell rundt. Elles samd i bekymringane dine rundt utgifter for kommunane. Det ser vi no på vindkrafta. Det er allereie eit problem at kommunar ikkje får dei inntektene som var førespegla, i tillegg er det truleg dei som vert sittande att med utgiftene til opprydding den dag første eigar for lengst er fordufta, ingen har ansvar for opprydding og grunneigarane ikkje greier å løyse det økonomisk. -
Nok ein gondol? - på Sulafjellet denne gong
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Samfunnsdebatt
DNT Sunnmøre tek standpunkt (lenke nederst). Herleg. Sulafjellet er eit viktig rekreasjonsområde, og verdifulle som eit såpas stort og samanhengande område nært byen (dog er stort relativt). Rollonhytta har lange tradisjonar for å ha servering, og litt tilrettelegging på den sida av fjellet gjer området tilgjengeleg for mange grupper. At ein kan få fine opplevingar som barnefamilie i randsona, medan det framleis er mogleg å få "viddekjensle" midt inne på fjellet, gir området verdi for mange. Difor er det også mange kjensler knytt til nedbygging av Sulafjellet, og eg har til gode å sjå at initiativet vert veldig bejubla av så mange utover dei som skal tene peng på det. https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/GyM0WV/ingen-attraksjon-er-finare-enn-uroert-natur-stans-sula-gondol- 62 svar
-
- 1
-
-
Nokre skotips til deg med breie føter eller andre fotraritetar
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Fottøy
Kjenner til problemet med smal hæl. Difor har det vore vanskeleg for meg å gå over på herremodell for meir breidde framme, då skoa då stort sett vert for rome i hælen.