Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 689
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Dyktig Kjekt med heimemekk då!
  2. Me brukar desse. Kom over ein haug i ei 50 kroners-korg på Coop for nokre år sidan, og plukka med meg litt ulike storleikar. Hjelp utruleg bra på.
  3. Men om den funkar for deg er jo det topp!
  4. Eg hiv meg med umiddelbar effekt på denne forklaringa! #sjokoladetillunsj
  5. Og det er jo ein velsigna tilstand! Eg er eigentleg ikkje så veldig slik på optimalisering. Når andre moddar, rigga, bytter ut og ordnar for å optimalisere tenkjer eg som regel at det funkar fint som eg har det. Men på akkurat dette feltet, synes eg faktisk at det har ein praktisk betydning. Men, eg hadde komt meg fram med det første paret mitt med fjellski også, utan tvil
  6. Eg er samd i at ein ikkje treng gjere dette til rakettforsking. Det er forskjell på langrenn og fjellski. Men likevel, skal ein gå langt og lenge, eller har hyppig frekvens i fjellet, tenkjer eg at eg må protestere litt. Det heile synes eg kjem litt an på kva ein vil ha att for det ein legg i beina. Altså handlar det litt om energiøkonomi. Eg er veldig glad i mine lekne Nansen, over Josten, i store mengder laust på Svalbard og i bratte sider på Sunnmøre har eg mora meg med dei. Men det er heilt klart at eg får att meir for det eg trykker ned i mine Amundsen, på dei flatare turane. Ei ski med spenn, og rett spenn, gir betre glid. Det er god økonomi,anten ein går med fellar eller ei. På lengre turar vil eg også vite at når eg svingar inn på eit scooterspor, elle når snøen sett seg fast og fin, så kan eg lange ut. Og jau, faktisk på lange slake parti, i noko som kan likne diagonalgang. Og eg smører skia mine ein del, også når eg går med pulk Det morosame er at desse "nerdedetaljane" også har vist seg gyldig for dei med mindre erfaring. Eg har siste 2 åra ferdast mykje på ski med ei og same venninne, som har eit par Cecilie skog. Litt for mjuke til henne og hennar bruk, men ho var nøgd, brukte dei på Svalbard på tur mellom anna, og synes livet var topp. Så lurte eg henne til å spenne på seg sin sambuars Amundsen før ein vekestur i viddelaandskap. Etter ein km stoppa ho opp, lett indignert "desse skia går av seg sjølv! Det erkje rart eg støtt slit med å halde fylgje i slakt terreng". Klårare tale kan ein vel knapt få, frå ein person som tidlegare ikkje hadde hatt noko forhold til ski, spenn osv. Eg er samd i at ein ikkje treng all verda for å komme seg i gang med fjellskiturar. Men at skilnadane ski imellom er ubetydelege i den samanheng er eg ikkje samd i, når ein har eit visst volum på skidagar.
  7. Varmeskjørt. Kanskje eit av mine mest brukte plagg. Genialt.
  8. Difor har eg faktisk 187 cm i Amundsen. 21 cm lenger enn meg. Eg kunne gjerne hatt dei endå nokre cm lenger, men då ville eg fått trøbbel med spennet ved lettare oppakning. Må allereie jobbe godt i leggen med dei på 187.
  9. Eg har allergi mot korte ski, og mine Nansen er 185 cm (eg er kvinne på 166). Så om du er habil på ski, og ikkje synes litt lengde gjer noko, er det vel berre digg med den auka bæreflata? Det langmjuke spennet på Nansen gjer at ein har relativt stor margin å gå på før det vert fr hardt spenn, om det nokon gong vert det.
  10. Eg har også to gamle hengande, den eine meinar eg er frå fjellsentralen og den andre er Husky. Kanskje din og er frå fjellsentralen?
  11. Ja kva er det med den lårdigginga eigentleg?? Alle mine bukser får hol på innside lår....(kan det ha noko med mitt sjokkoladeinntak å gjere? Neis......)
  12. Lurer på om eg skal ta med meg denne lyden til ordnitologen eg går på førelesning med når eg skal på samling ved NORD igjen Om de ikkje har funne ut av det til då
  13. Rett i kjerna av det eg tenkjer. Sjølvrealisering er høgt på lista for tida, for oss alle. På bekostning av miljø, og nokre gonger også tryggleik. Sjølv om eg også trur at "moderne utstyr" på enkelte områder også kan ha berga liv og bidrege til auka tryggleik. Men altså, naturens eigenverdi, altså verdien den har utanom å vere nok ein arena for våre "meistringsbehov", kan avogtil synes vanskeleg å få auge på. Så var det dette med å barbere seg og skjære av seg haka.....bestefar min plar seie "...ein kan ikkje leve og ha utvikling i eit museum". Altså om alt skal vernast, meir av prinsipp enn noko anna, vert det vanskeleg med den stendige befolkningsauken som finn stad. Eg tenkjer altså at det samme gjeld for naturen. Eigenverdien må leggast til grunn, men omsynet til menneskets behov må også vektast. Om færre brukar naturen, blir fleire fjern frå den....og færre vil hegne om den. Kanskje?
  14. Korleis er denne montru? http://www.nordiskfritid.no/products/topp-anorakk-asnes
  15. For meg er dei fleste diskusjonar kring dette likegyldig, så lenge det ikkje handlar om miljø. Derimot når det handlar om miljø, synes eg det er viktige diskusjonar å ta. Og då forbeheld eg meg faktisk retten til å meine noko om andre sitt forbruk også ( i tillegg til mitt eige). Det er ikkje fordi at eg er nokon helgenaktig asket, pendlar som eg er. Men eg prøvar tenke miljø i alle valg, og nytte tinga mine i det lengste. Eg har lite til inga forståing for at folk må ha ny skalljakke kvart år, slik er det berre. Og det handlar ikkje om kva dei har av pengar, om det vert definert som snobbete eller om folk brukar ein milliard kroner på å "snobbe ned" med nostalgisk "gammaldags" utstyr nytt frå fabrikken. Det handlar om miljø. Og sjølv kor oppteken eg er av folkehelse, er eg IKKJE viljug til å la det kortet forsvare eit kvart overdrive forbruk. Snever? Lite raus overfor mine medmenneskjer? La gå. Eg tenkjer at det er lite raust å etterlate kloden som ein dass som resultat av vårt forbruk også, uansett kva "heilagt mål" som er lagt til grunn.
  16. Eg plar ynskje debattar ring utstyr og hyesteri velkomment, men meinar samstundes at det er ein debatt som treng nyansar framfor motpolar.
  17. Ja takk gud! Lat meg no inderleg sleppe den REALen
  18. Kjenner skullfelsen heilt hit eg også! Klar for eit vakkert vinterfjell og får.... meir eller mindre vinteren på Sunnmøre. Hvilket ikkje er spesielt sjarmerande når ein har drømt om blåswix og frostrøyk. Då lyt ein berre gjere som du; minne seg sjølv på at dette friluftslivet skal vere eit plussprosjekt, og ikkje eit minusprosjekt med tapt glede og potensielt tap av helse.
  19. Bliz motion har ulike glas og ok kvalitet til en spiseleg pris
  20. Ei anna fin greie om ein har litt større kids som orka nokre km på ski er basecamp på leirbrean i tidleg Mai, og aktivitet ut frå interesse, anten det er skileik i camp, topptur til lyte eller stor topp i massivet eller ein runde over på Smørstabbreen.
  21. Ja det er det absolutt, lang kjøretid for dykk berre tenkte at om Sognefjellet er innafor så er det ikkje stort lenger til Grotli. Men samd, det er langt for ei vanleg "reise etter jobb Fredag" helg.
  22. Har eit dels utprøvd konsept med basecamp på toppen av skianlegget på Grotli (barnas turlag), som vi kan kopiere til FF-barnetreff Enkelt å fylle pulken og ta han opp, enkelt å renne til bilen etter meir ved. Mogleg ski i bakke, eller mogleg tur innover i fjellet. Alle måltid i camp, eller spenne på seg skia, renne ned skianlegget, og ta frukostbuffet på hotellet, som er nokså prisvennleg, middag og kveldssnop i camp. Om det skulle klaffe slik vil eg gjerne vere med på det, med mine to bonusbarn. Kan eg lokke med litt kjøring i skianlegg kan det jaggu hende eg får med tenåringane mine også Edit: @Hammerikkje stort lenger til Grotli enn til Sognefjellet. Kanskje 20 min lenger.
  23. Sunnmøre er eventyrleg om dagen, då vert det ski og tur kvar dag, og eit og anna bål i bikkjegården, medan det gode veret og snøen varer.
  24. Dette var eit supert innlegg, fordi eg leita etter eigna område for bål og isfiske saman med ei venninne som førebels har nokre begrensingar etter ei paraglidingulykke. Femundsmarka frå Langen og innover er plan B om veret ikkje er så stabilt vestpå, men det er hakket for langt for ei helg, og for nokre dagar sidan nemnde eg på Lesjaområdet til sambo. Så dukka dette opp 👌🏻 Då ser eg, at plan-a område har dukka opp, så får femundsmarka stå som eit ver—alternativ.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.