-
Innlegg
3 667 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
68
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Ja detta var nyhende av den gledelege sorten, for ein gongs skuld.
-
Mobildekning hardangervidda, Finse - Haukeliseter?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Mja. Har ikkje gått den sørlege delen av ruta sidan 2017 og har gullfiskhukommelse men prøvar. Har som regel hatt mobilen vekkpakka heile vegen, men 2017-turen brakte med seg ymse som gjorde at den måtte fram fleire gonger. Generelt gjeld at dess lenger vest, dess meir "punktvis" må ein treffe for dekning. Forskjelane er store innanfor små områder, så det er lettare å seie noko om du har ei spesifikk rute. Eg hugsar ikkje koss dekning er mellom Finse og rv7, kanskje @Sig Man hugsar frå vi var der i 2019. Etter kryssing Rv7 og strekninga mot Sandhaug meinar eg det er noko lite og flekkvis dekning. Rundt Sandhaug og vidare mot Hellevassbu er det dårleg, om ein ikkje trekkjer opp i høgda. Etter Hellevassbu er det dekning opp i bakkane til Mannevatn om eg ikkje hugsar feil, trur eg tok ein telefon der. Elles står det oppslag om næraste punkt med telefondekning på fleire av DNT sine hytter, så kanskje spørje DNT?- 14 svar
-
- 1
-
-
Sikkerhet mellom Finse og Haukeliseter om vinteren
Tessatroll svarte på Hafrak sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ikkje nede på vatnet, men har lagt oppe på Finsefetene og nede på Midtnutevatnet med sterk kuling til liten storm middelvind. Der gjorde breen/Jøkulen og terrenget sitt til at det ikkje nett blei ei tydeleg framherskande retning, sjølv om veret kom frå vest og sørvest. Det var igrunn vind frå "alle kantar" om eg ikkje hugsar feil. Lenge sidan februar 2019 for ei med gullfiskhukommelse 😳😂 Har ikkje hatt skikkeleg drittver ned på Finnsbergvatnet nokon gong så veit ikkje koss vestingen vert der. Dalen går no aust-vest, men det er no så mykje anna som spelar inn.- 9 svar
-
- 1
-
-
Sikkerhet mellom Finse og Haukeliseter om vinteren
Tessatroll svarte på Hafrak sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Kjem no an på kar du legg ruta. Du kan gå via Kjeldebu (sjølvbetent) og krysse vegen ved Dyranut. Dårleg ver; følg "vassvegane" ned til bua frå Finsbergvatn. Godt ver; gå litt høgare, over Finsbergvatn, ta opp fjellsida i sør, mellom 1366 og 1376 (evt opp skaret på 1249 og vest gjennom Krobuhalsen). Følg dalen aust om Kjeldenuten og ned i Kjeldedalen, inn mot Kjeldebu, eller innom, alt etter som. Vidare etter du har kryssa 7'ern er det ein sjølvbetent del på Sandhaug (var i alle fall?). Er det fint ver går du austre Lakadal - Hansbu - over Låven og tek ei natt i telt på høveleg stad, før Hellevassbu. Er det ustabile tilhøve tek du stikkaløypa via Litlos? På DNT sine sider er det litt krøkette å forstå om Litlos har sjølvbetent kvarter heile året det ikkje er ope, eller berre delar. Send dei ein epost å spørje? Elles er det no slik at om det vert reell naud, så er det no ein del hytter på vegen. Er det reell naud (står om liv og helse) så kjem ein seg inn.- 9 svar
-
- 1
-
-
Vil tru det er enklare å gjere noko med dette før du eksporterar det i Pdf, men det har du kanskje ikkje høve til? (sidan du spør typ)
- 8 svar
-
- 1
-
-
Fjellskisko Alfa Outback APS 2.0 eller Crispi Svalbard BC?
Tessatroll svarte på Markagutten sitt emne i Vinterutstyr
Har Crispi Svalbard. Kjøpte til eg skulle til Grønland. 1 str større enn min Stetind. Brukte vanlege sokkar samt dampsperre i, ikkje kartank. Holdt varmen godt. Støvlane har no fått også fått eit nytt bruksområde for meg, på jakt. Den fysiske intensitete er lågare enn ved reine skiturar med sekk eller pulk, og eg må kle meg varmare. Då vert vanlege skisko for snippent på dei kaldaste dagane.- 4 svar
-
- 2
-
-
-
- fjellski
- fjellskisko
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Eg har traverse på Nansen. Går fint. Sko: Har prøvd nokre 75 mm siste to åra, og endar nok på eit par Andrews. Crispi sine ymse 75mm er pyton på min fot (prøvd i butikk og på tur). Alfa kan eg generelt ikkje ha pga utforming hælkopp. Asolo eller varg kan eg sørgeleg nok heller ikkje ha (har lånt og prøvd på tur). Passar ikkje fot, så alle fint brukte par som ligg på finn får vere i fred. Fischer sin bcx har eg prøvd, den er mjuk og skrekkeleg romsleg, vanskeleg for meg å få til å sitte på foten. Svømde rundt.
- 19 svar
-
- 1
-
-
Detta er ein nokså mjuk sko, som er lite stiv i solen. Då blir det vanskeleg med kraftoverføring og dermed kontroll. Eg ville prøvd meg opp ei prisklasse eller to, og fått ein klassiskstøvel med stivare sole. Eg personleg ville styrt unna kombistøvel eller skøytestøvel til klassisk ski, då det vert litt lite fleks ibdei, og dårlegare med skyv i tråkket (i alle fall hjå meg).
-
Cecilie skog, Nansen eller noen andre fjellski?
Tessatroll svarte på Lillian87 sitt emne i Vinterutstyr
Optimalt sett skulle dei vore lenger enn 180 cm, men alle slike rettleiarar som går på høgde og vekt er nettopp det; rettleiande. Ditt bruksområde og dine skidugleikar er også ein del av biletet. Det er også slik at lengde ikkje er lengde. Mountain touring er sp vidt egvhugsar ei nokså rank ski. Nansen i samme lengde vil nok oppneves meir manøvrerbar. Det samme gjeld Gamme i 190. Den har meir innsving og pga løft (rocker) i framski er nok effektiv lengde kortare enn 190. Eg ville gått for ei av desse. Men om du først skal gå for ei ski som er litt i underkant på vektklassa di ville eg kanskje gått for Gamme i 180, der smørelomma er meir markert enn på Nansen. Må også seie at faktorane eg nemner over i det store biletet er "flisespikkeri" for dei fleste "nybyrjarar", og at du truleg vil få meir skiglede med både Nansen og Gamme i 180 enn den du har (som elles er ei god ski men med andre eigenskapar enn det du søkjer). Stetind er ein god støvel til båe desse. Eg har hatt Stetind på både Nansen og Finnmark (same ski som Gamme men utan stålkantar). Eg er 166 cm og har Nansen i 185 og Finnmark i 190, trivas med det. Men, eg er noko meir van med skigåing enn du fortel at du er. Kjøp det du trur gir mest skiglede -
Cecilie skog, Nansen eller noen andre fjellski?
Tessatroll svarte på Lillian87 sitt emne i Vinterutstyr
Samd i at Cecilie kan bli mjuk. Hadde eg vore deg og hatt hytte der du har, ville eg truleg gått for Nansen eller Gamme. Dersom du ikkje har andre ski, sett eg eon halv knapp meir på Gamme enn Nansen. -
Råd til sekk for topptur på ski og klatring
Tessatroll svarte på Markagutten sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Den nyaste modellen kan vel strippast ned, men har ikkje sett den live Har sjølv en BD-sekk som eg likar godt.- 12 svar
-
- 1
-
-
Plar vere ein del kvista rundt vinterferietid, men det kjem sjølvsagt an på årets tilhøver.
- 3 svar
-
- 1
-
-
Fleks og stabilitet omhandlar no om mjukheit både i skosolens lengd og sidevegs/vridning.
-
Ein kan alltids drille ting til å gå raskt. Eg får sett opp eit Bergans Helium raskt. Eg synes likevel det er meir plundrete å sette det opp enn mange andre telt 🤷♀️ Og så kan det no hende at du hadde vore rask også med kompisens telt, og han treg med dit
- 25 svar
-
- 1
-
-
Vel....eg har nokså grei tolegrense for teltoppsett, likevel er saitaris langt oppe på "never to be owned" lista mi, etter nokre gjesteopptredenar på tur.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Råd til sekk for topptur på ski og klatring
Tessatroll svarte på Markagutten sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Black Diamond har brukt å vere god slike sekkar, utan at eg er oppdatert på modellane som er no. Kan den nye alpinistoen til Gregory vere aktuell? Edit; meinte nye Targhee'en, som kan strippast ned.- 12 svar
-
- 1
-
-
Dersom det er av typen NNN så er det i alle fall mykje å finne på finn.no. Det er ein del Alfa til barn av typen Hot Kid, fora skinnstøvel. Det kan elles vere eit triks å sjå etter Garmont, dei har/hadde også greide skinnstøvlar til kids.
-
Kva bindingstype? NNN?
-
Smøring av fjellski - hjelp til ei som ikke har peiling!
Tessatroll svarte på tepose sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg nyttar både kortfellar, langfellar og smøring om kvarandre. Dei er alle verkty for det samme; framdrift. Vel til ei kvar tid det som er mest energieffektivt og gir mest skiglede. Som regel smurning.- 32 svar
-
- 1
-
-
Smøring av fjellski - hjelp til ei som ikke har peiling!
Tessatroll svarte på tepose sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Samd. Eg nyttar også kortfellane utanpå festevoks. -
Smøring av fjellski - hjelp til ei som ikke har peiling!
Tessatroll svarte på tepose sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ja. Variert fjellterreng på rett smurte ski kan gje ei skiglede kortfellar aldri når opp til. I mi verd.- 32 svar
-
- 2
-
-
Smøring av fjellski - hjelp til ei som ikke har peiling!
Tessatroll svarte på tepose sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Start enkelt ; swix - lysegrønn, blå og blå ekstra. (evt polar/kvit om du er i eit veldig kaldt område). Sett deg inn i symbol for ny og gammal snø (gammal snø har "avrunda" former på snøkorn). For varmare temperaturar (der du må over på mjukare voksar) nyttar du fellar, til du har fått litt meir kål på det heile. Legg voks frå omlag kortfellefeste og til bakkant helkloss. Evt forleng smøresona om det trengs. Er du i tvil om festevoks ein dag, tek du på den kaldaste/hardaste heime og tek det mjukare alternativet med i lomma. Det et betre å smøre seg frå kaldt til varmt enn omvendt (voks for kalde tilhøve er hardare). Eit tips til grøn og blå på tur, er å ha ein lighter på lomma som du held så vidt borti voksen før smøring, dersom den har blitt veldig hard i kulda. Det er ABSOLUTT verdt å lære seg å smørje kontra å gå på kortfell heile tida, spesielt gjer dette seg gjeldande på lengre dagsturar/og eller tur over fleire dagar.- 32 svar
-
- 3
-
-
Breidablikk krev ein vridningsstiv sko i variert fjellterreng, eg ville difor prøvd å finne noko data/særiøs test på desse to, dersom begge elles kjennes grei ut. Det er som det er sagt over her, det hjelp ikkje om støvelen når til lysken, om kraftoverføringa blir minimal pga vridning i sko. Dårleg kraftoverføring og vridning, gir mellom dårlegare kantingseigenskapar.
-
Det viktigste spm eg stiller meg når eg kjøper ski er i kva type område eg skal bevege meg mest. Det er avgjerdande for kva eigenskapar eg skal vektlegge som viktigst. Eg bur i smørefriland (nordvestlandet), men brukar aldri mine smørefrie ski, eg er allergisk mot dei. Som allroundski med greie kantingseigenskapar på hardt føre, grei i løype, flyt i laussnø og gode styringseigenslapar ville eg valt Finnmark framfor Breidablikk, i alle fall om du skal ha BC-binding.
-
Ein merkar faktisk ganske stor forskjell. Brukar ikkje min med mindre lågt fuelbruk er naudsynt, altså på lengre turar.
- 5 svar
-
- 2
-