-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Snøforhold og turvalg Hardangervidda påsken 2025
Tessatroll svarte på iselinhe sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det vert meldt at vestvidda held normale snøtilhøve og austvidda har dårleg med snø.- 12 svar
-
- 3
-
-
Samd. Det er ingen tvil om at kreftene som er sett i sving med bikkjer og nordisk slede eller snørekjøring på variert fjellføre er noko heilt anna enn det som vert sett i sving av ein vanleg skiløpar. Det er likevel krefter eg meinar ein kan forvente at både ski og binding skal tole. Sjølv eg som er ein del mindre enn @Sig Man ser at belastninga på skia eg brukar med robuste trekkhundar er vesentleg større enn på skia eg brukar utan. Dei vert også raskare slitt og uttråkka for spenn.
- 97 svar
-
- 1
-
-
Fjellpulken Transportpulk vs Pariserpulk
Tessatroll svarte på Bokhylla sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Dette er så individuelt korleis ein opplever. Eg har slitt ut nokre Parisbrett, med taudrag. Eg har ferdast i alt av terreng og forhold med det. Eg har hatt moglegheit for å ha på fastdrag for dei turane det skulle vere ynskjeleg. Noko det sjeldan/aldri har vore. Eg kjøpte også etterkvart ein glasfiberpulk (Acapulka Scandic Tour 150). Kva tid eg synes det funkar med taudrag og ikkje, ser eg er veldig ulikt for desse to, noko som hovudsakleg skuldast meiane/kor retningstru dei er. Acapulkaen med taudrag har lettare for å velte under nokre tilhøve, fordi den har veldig retningsgjevande meiar. Så, mitt val av drag heng saman med ikkje berre terreng, men terreng, føre og type pulk vurdert saman. Men, i høve Parisbrett, er mi erfaring at det stort sett funkar gull med taudrag og er meir fleksibelt enn å ferdast med stive drag.- 14 svar
-
- 1
-
-
Ei lita veke med nordisk slede i Rondane på meg og @Sig Man, som første litt lengre tur for to unghundar på 7mnd og vel halvanna år. Start Måndag vart forskyvd til Tysdag grunna matmors behov for litt kiropraktisk assistanse før ei veke med kjørebeltet på. Med ein hund mindre i hushaldninga enn ved inngangen til vinteren, og to skiløparar på ein slede, var målet kos og hygge, god tid til samvær og innarbeiding av langtursrutinar hjå dei unge. Planen var Høvringen - Vetåbua - Øksendalen. @Hammer hadde ein dag mindre til disp, og gjekk oss i møte frå Venabygdsfjellet Med ein binding som rett og slett losna heilt frå skia, og medførte ein kveldstur med snørekjøring til Venabu for å leige eit par ski, tapte vi endå ein halv dag. Vi enda difor opp med Høvringen - Jammerdalsbu - Øksendalen. Ein veldig flott tur med mykje god tid og godt samvær. Vi har hatt alle sortar føre, og eg har sjeldan vore så glad for xplorebinding og stive Lundhagsstøvlar som eg har vore denne veka, i skarpe unnarenn med sterke bikkjer framfor sleden. Liten stemningsrapport under. 20250327_130056.mp4
- 261 svar
-
- 23
-
-
-
Hiv meg på denne tråden, då eg er uroa over kva eg skal gjere når mitt tredje og siste par Bolé travers går tapt. Eg har desperat leita etter erstatning i fleire år, men finn ikkje noko som funkar. Oakley sine synes eg ikkje vert mørke nok for bre/vårski. Cebe høver meg dårleg, det samme med dei mest aktuelle modellane til Julbo. Bolé har nokre nye modellar som ser fine ut, men håplaust å ikkje få prøvd. Førebels er Smith Embark den heitaste kandidaten den dagen mine kjære travers ryk. (At ein i det heile teke slutta å produsere denne fantastiske klassikaren er forbi mi fatteevne). Tips til mindre kjende men gode kandidatar mottas med takk (fotokromatiske til kat. 4 eller rein kat. 4 er båe aktuelt).
-
+ 1. FP må skjerpe seg.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Detta meinar eg faktisk at ikkje er godt nok. Yste laget på skroget bør definitivt tole sopass. For meg hadde detta vore ein no-go i forhold til å stole på doningen til dømes på ein langtur. Vonar du får godt svar frå FP. Må ha vore ei svakheit i skroget der.
-
Det kjem rett og slett an på kva du er van med å gå med og kva terreng du er van med å ferdast i. Nokre vil sverge til stødige skinnstøvlar på ein slik tur, andre vil gå i joggesko. Eg ligg nok nærast det siste. Så eg personleg ville teke den lettaste.
-
Kjøpe mine første fjellski og sko - hjelp?!
Tessatroll svarte på Drømmeren sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg synes tipset du har fått om Åsnes Gamme er bra. Dei har nok spenn til å å halde på smurning og ta kilometer greit, på same tid som dei har spesifikasjonar som gir noko meir køyre/skiglede/manøvrerbarheit enn til dømes ei veldig rank og stiv ski som Åsnes Amundsen (som elles er ei fantastisk ski om ein berre skal sluke km på vidda).- 21 svar
-
- 1
-
-
Fint vêr og ingen møter på jobb = avspasere siste to timar av dagen, hive bikkjer i bil og komme seg avgarde.
- 261 svar
-
- 13
-
-
Spiterstulen eller Senja i slutten av April?! (Rando)
Tessatroll svarte på martinjahr sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det løner seg elles å fylje turisthytter og skiløypelag på facebook for å få oppdateringar på snøtilhøve. Edit: samt webkamera Leirvassbu m.m.- 11 svar
-
- 1
-
-
Spiterstulen eller Senja i slutten av April?! (Rando)
Tessatroll svarte på martinjahr sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ein seier brøyting opp på Sognefjellet 1.mai, men siste åra har ein brøyta ein del tidlegare. Dette tilgjengeleggjer høgareliggande strøk. Normalt sett så skal det tidsrommet vere ein veldig fin periode for topptur i Jotunheimen, og i høgda skal det vere eit veldig begredeleg år for å ikkje få snø. Eg trur det skal godt gjerast det ikkje er skiføre i til dømes området Smørstabb på den tida. Det er jo også mars som er den store snømånaden, så er litt tidleg å avlyse seinvinterens topptursesong enno, basert på at det til no har vore ein dårleg vinter. Eg bur i Lom og skal inn Bøverdalen/Visdalen/Raubergstulen på ski i helga dersom eg vert frisk nok etter influense. Kan melde attende litt om forholda då (utan at det nødvendigvis seier så mykje om korleis det er om ein dryg månad).- 11 svar
-
- 2
-
-
Beste liggeunderlag for dame med muskel og ledd-smerter
Tessatroll svarte på Ergotur sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Samd i dette. Har også muskel- og skjelettplager, og hatt prolaps i nakke. Det som fekk meg ut i ein særdeles dårleg periode var exped Downmat 9 med thermarest ridgerest på toppen. 9 cm er tjukt nok til at ein ikkje MÅ pumpe fullt av luft, så kan halde den litt mjuk. På same tid gjer "rillene" på ridgeresten, som går motsatt veg av kanalane på underlaget, at eg opplever at skumplasten på toppen gir meg støtte/vektfordeling, nesten som ein overmadrass. Når eg har lite trøbbel med skroget spelar det nesten ikkje noko rolle kva eg ligg på, men i dårlege periodar er det dette oppsettet som bergar meg. Eg er mindre påverka av vekt på sekk, men meir påverka av passform, og er avhengig av å varierer kvar på kroppen eg bær tyngda. Eg løyser og strammar difor på reimene gjennom dagen.- 10 svar
-
- 1
-
-
Eg er ikkje spesielt "gadgetfreak", og har med åra blitt ei gretten gammal bestemor som er skeptisk til alt som er nytt og unødvendig, og likar å gjere ting som eg alltid har gjort det. Dersom det funkar, kvifor endre osv. Men, desse packpodsa frå HMG såg faktisk litt snåpe ut. Eg kan nok ikkje tenke meg å pakke heile sekken slik, men eit par stk til utvalde delar av det eg har med hadde vore kjekt.
-
Om du kjøper flz er dei regulerbare innanfor eit mindre spenn av lengde. Eg har flz i 125. Er 166 cm. Synes då eg får justert dei greit til variert terreng.
- 24 svar
-
- 1
-
-
Heilt samme faktisk, eg hadde sett inn feil lenkje 😅
- 24 svar
-
- 2
-
-
-
Skitur på Dovrefjell fra 1. - 8. mars - Aktuelle forhold
Tessatroll svarte på ClemensB sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Dette er ein veldig fin tur. Reknar med de er obs. på at dette er eit villreinområde -
Eg er veldig nøgd med desse (dvs. foregående modell). Brukt ganske hardt. Små og enkle og pakke, lette. Fine til avlastning av kne og elvekryssing.
- 24 svar
-
- 1
-
-
Du får Sverige Topo med Norgeskart premium. Elles er det jo dei ulike løysingane for Finland, Sverige osv kvar for seg.
- 8 svar
-
- 1
-
-
-
Har grønlandshundar
- 261 svar
-
- 1
-
-
Høyde vs. vekt ved valg av fjellski
Tessatroll svarte på gormaar sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg personleg brukar fjellski som ligg over mi vektklasse eller i øvre sjikt på spenn. Synes det funkar greit, men her er preferansane ulike. Eg likar ikkje korte ski så då blir det slik. Men dersom du gjerne vil ha kortare, kan det vere eit alternativ å kjøpe brukt? https://www.finn.no/recommerce/forsale/item/392722848 Redigert: hugs å tenke over om du skal ha sekk eller pulk. Då kan du med fordel ha litt stivare ski (altså opp i "vektklasse"). Dersom 180 er ideelt for deg, så tvilar eg uansett på at 185 vert for stivt. Nansen er grunna sitt langspenn ikkje noko utprega vanskeleg ski å få feste med uansett. -
Tursekk til dame på vinteren. Anbefalinger?
Tessatroll svarte på Superfjell sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Prøv å avgjere kor mange liter meir du hadde trengt? Kva var det du ikkje fekk plass til? Her får du nemleg like mange svar som det finnast folk. Eg har både 85l og 120l. Det er nok den første som vert brukt oftast, også på skitur med breutstyr i tillegg til overnattingsutstyr. Mest grunna eigenvekta på den største. Er du i tvil så ville eg gått for den største, gitt at den har fornuftig eigenvekt. Det er ingenting som er så irriterande som å sjå ut som eit dårleg pynta juletred når ein legg avgårde med sekken. Altså at du har halvparten av det du treng på utsida. At der er plass til meir vil ikkje seie at du må ta med meir. Litt sjølvdisiplin i pakkinga ordnar faren for unødvendig overpakking I starten er det dog vanskeleg å vite kva som er overpakking. Prøv deg fram. Pakkelista plar krympe med aukande erfaring. -
Ville satsa på kysten eg då. Evt Elgå - Svukuriset/Haugen gård - Røvollen om det er snøfritt nok og Svukuriset eller Haugen gård er ope. Røvollen er sjølvbetjent. Køyrer de rundt og til nordenden av Femunden er moglegheitene til sjølvbetente hytter eller Statskogbuer fleire.
- 6 svar
-
- 1
-
-
Med flytting til ny region følgjer utforsking av skiløyper. 20250215_114112.mp4
- 261 svar
-
- 10
-
-