-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
I dag gikk det muligens opp ett lys for meg angående kroppen min...
Tessatroll svarte på Stv sitt emne i Bekledning
Dersom du ligg i grenseland trekkjer kroppen blodet inn til indre organ. Du kan godt vere litt "nedkjølt" uten å fryse, på same vis som ein kan fryse utan å vere nedkjølt. Å halde kjernen varm er ein fin måte å halde fingre og tær varme. Av den grunn synes eg vest er eit genialt plagg. Gjer mykje for temperaturen når den er lukka. Lite om ein opnar den. Genialt reguleringsplagg.- 25 svar
-
- 1
-
-
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Då kan me einast om å vere usamde. Kontekstuelt les eg det ikkje som usikker. Men konteksttolking er auget som ser og definitivt med rom for feiltolking. Det er sannsynleg at eg feiltolkar. Bastant? Ja kanskje. Eg er nokså bastant på at det er vanskeleg å seie noko sikkert om effektar. Difor synes det meg vanskeleg å utelukke effekten av enkelte tiltak. Og utilsikta konsekvensar? Ja, over heile fjøla. Berre ved at vi verkar. Det vert vanskeleg å verke med utgangspunkt i at vi ikkje veit noko i det heile, når vi veit noko. På same tid kan me ikkje operere utfrå at me veit alt, for det gjer me slett ikkje. Så kan ein vere usamde om kvar ein vil legge seg langs linja imellom. Utover det trur eg ikkje me har det store utbytte av vidare skifte. Det synes meg at me er samde om kompleksiteten. -
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
....og det er nettopp mitt poeng. Kompleksiteten i samanhengane er stor, på same tid som me har kunnskap om ein del grunnleggande mekanismar. Det synes eg borgar for at ein ikkje kan vere bastant nokon veg, og slik heller ikkje avskrive ein faktor fordi den er usikker. Det er mange usikre faktorar her, som eg tenkjer likevel ikkje skal av spelebrettet. Vinteren er tøff for rypa. Ein veit også at "måten" menneske og andre predatorar tek bytte på er ulik, både i utval og effektivitet. Det er mange sider ved dette, og det skil seg mellom artane sjølvsagt, og rammevilkår. Rammevilkåra for mellom anna rypa er i endring av mange grunnar. Om ein kan avhjelpe situasjonen med begrensingar på jakt og med å ta ut predatorar, så er vel det ikkje dumt, sjølv om det ikkje er heile hverken svaret eller biletet. I det området eg jaktar vert det i alle fall rapportert om vesentleg oppgang i hare, og noko oppgang i skogsfugl. Det samanfell med effektane av ein ganske stor innsats på mellom anna raudrev og mårfeller. Tilfeldig? Kanskje. Finn me andre plausibel forklaringar? Truleg, men ikkje gode nok til forklare heile oppgangen (trur eg). Har me då råd til å avskrive det som bra tiltak? Etter mitt begrep: nei. Så er det klart, at om ein er grunnleggande usamd i det som av mange vert kategorisert som eit antroposentrisk syn på det hele, så skal jo alt berre få vere i fred, og konsekvensane av vår tidlegare inngripen og nedbygging av areal osv skal berre få komme og gå, det skal "balansere seg sjølv". Så er det mange nyansar innanfor grunnleggande naturfilosofi, og ikkje berre ytterpunkta. Heldigvis. -
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Sjølvsagt er det sammensett, men det vil ikkje seie at enkeltfaktorane er ugyldige. Predatortrykk er ein faktor. Synes @Jaahan forklarar dette på ein greit måte. Det er bakgrunnen for at eg faktisk måtte få presisert at du er usikker på om predatortrykk har noko å seie. For meg vert det heilt snodig, når det "i stort" kokar ned til næringskjeder, habitat og konkurranse, og korleis ulike endringar (inkl menneskeleg aktivitet) påverkar desse. -
Ikkje erfaring med modellen men andre fischer fjellski. Det eg kan seie om dei er at dei har vore kjent for hakket betre kvalitet på solen, noko eg synes verkar å stemme. Om dette held seg oppe på dagens modellar veit eg dog ikkje. Elles kan eg seie at mi oppleving av Fischer 109 var at det var som å gå med ei dau sild under føtene. Det er dog mange år sidan, så kanskje er dei annleis i dag. Eg trur heller ikkje eg hadde giddi Ingstad på kvista spor over mange mil, men eg har ikkje erfaring med Ingstad så skal vere forsiktig med å vere for bastant på den. Så er ein også ulike. Må eg velje mellom ei rank ski som gir respons på trøkket du legg i og som kantar godt, og ei "slapp" ski som er leiken/enkel å manøvrere men verre å få kanta og som gir lite respons, vil eg nok alltid gå for det første.
-
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Forstår eg deg rett: du er usikker på om uttak av predatorar har verknad på bestandar? -
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Spesifikt kva er det du er usikker på om det er rett? -
Ikkje erfaring med modellen men andre fischer fjellski. Det eg kan seie om dei er at dei har vore kjent for hakket betre kvalitet på solen, noko eg synes verkar å stemme. Om dette held seg oppe på dagens modellar veit eg dog ikkje.
-
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Eg er hverken samd eller usamd med deg, så det er sagt. Eg berre presiserar at den er nær truga, ikkje truga, og at det med denne arten som med andre er vanskeleg å trekke bastante slutningar, då det er så mange faktorar i samvirke. Meir forskningmidlar vil vi ha, hurra! -
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Sist eg sjekka var hare lista som NT, altså nær truga (ikkje truga), på grunn av ein nedgang siste 10-15 år. Så er det med denne som med mange andre artar vanskeleg å vite nøyaktig kva som årsakar det, truleg fleire faktorar, mellom anna ser ein på nedgang i jaktutbytte. Og det er'kje godt å vite om ein har nedgang i jaktutbytte fordi det er mindre hare eller om det er fordi det er mindre harejeger. Men i raudlista omtalar ein det ein meinar er grunnlag for å anta at jaktutbytte har gått ned grunna nedgang i bestand. -
Har både Amundsen, Nansen og Finnmark (Gamme uten stålkant). Syns Finnmark/Gamme er eit fint kompromiss til det du skisserer, den fell litt raskare gjennom enn Nansen i djup snø men gir meir att for tråkket bortover. Meir leiken og styrbar enn Amundsen om ein skulle råke utfor litt moroterreng med fin snø. Det sagt er alle tre gode ski, og det er lite truleg ein blir skikkeleg misfornøgd med nokon av dei, men ville kanskje ikkje valgt Amundsen til topptur med ambisjon om å sette telesvingar. Om eg skulle hatt berre eit par ski fjellski trur eg det ville vore Gamme, med BC dersom ikkje plan om topptur, med 75 mm dersom plan om topptur.
- 24 svar
-
- 1
-
-
Nekte folk å lage turmål i bok eller på nett?
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Samfunnsdebatt
Spennande problemstilling. Sjølv veit eg av grunneigarar som fortviler over dette, med bakgrunn i vanskeligare tilhøve for hjorteforvaltning. Dette i eit område der det tidvis har vore utfordrande å få skutt ut dyr i henhold til bestandsplan. Når ferdselen aukar, i til dømes eit område som tidlegare har vore ein god stad for å få opp avskytingstal, risikerar ein å presse dyra, og så blir dei ståande slik at det vert praktisk vanskeligare å få teke dei ut. Med tanke på at auken i hjortestammen i ein del områder vert problematisk, kan eg forstå grunneigarane som skulle ønske "trimboka" dit peppern gror. På same tid er allemannsretten viktig og må hegnast om. Eg meinar dog likevel at vi kjem lengt om ulike interessegrupper tek omsyn til kvarandre. Det vil seie at eg tenkjer det er lov å la vere å springe rundt på alle ryggar i fjellet i dei mest sentrale områder for villreinjakt når ein veit jakta pågår (føresett at ein veit det). Det er også lov å plassere turboka ein annan stad dersom ein mottek kunnskap som fortel at ein skaper vanskar for andre, til dømes gjer det vanskeleg å få opp avskyting på hjort. Å ferdast med fornuft og omsyn tenkjer eg kan bidra til at allemannsretten får stå, også i ei framtid der presset på slikt areal truleg vert endå større enn i dag.- 27 svar
-
- 2
-
-
Trenger tydeligvis hjelp til å finne en bra skallbukse...
Tessatroll svarte på Stv sitt emne i Bekledning
Arcteryx Beta, Theta eller Alpha. Har hatt. Tilaq? Har ikkje sjølv, men venner har. Skryt. Rab sine kraftigere salopetter. Har hatt, dritbra, mogleg ute av prod. Med eVentmembran. Bergans sine 3L med den minst fancy membranen (ikkje element eller stretchgreier). -
Har nytta løysing brett og sekk ved fleire høver, brillefint.
- 10 svar
-
- 1
-
-
Deerhunter får du i brun Elles har no Norrøna lang og vanntett anorakk men til prisen av mange (tur)- dagar uløna permisjon frå jobb 🙄
-
Deerhunter? Swedteam?
-
Tilak og Ravnø er vel også namn å nemne når ein snakkar Ventile.
- 48 svar
-
- 1
-
-
Med andre ord treng du en MSR XGK. Ja, den ER dønn solid. Og skulle den ikkje funke optimalt funkar den likevel. Og er enkel å fikse på i felt. Lyden gjer at du nesten kan diagnostisere berre utfrå den, og eg opplever den som den bensinbrennaren det er enklast å få ei kontrollert forvarming på med bensin. Den har eit klart og tydeleg "språk" (bråk).
-
Sjølvsagt! Daua litt av meg sjølv no, anten var det morgontåka som gjorde seg gjeldande eller så er det den nyvunne statusen som menneske i 40-åra 🙄
- 11 svar
-
- 1
-
-
Tegsnas (med tødlar over a som eg ikkje får til med tlf 🤣).
-
Har brukt Nallo 2 og 3 med enkle underlag. 2'ern funka fordi eg har str M underlag. To LW ser eg føre meg funker dårlig ja. Svaret då må vel kanskje vere å ligge anføttes, med underlag som smalnar i fotenden. Eller kjøpe større telt, om ein må ha LW 🤷♀️😆
-
Kjem an på kor intim ein ynskjer å vere med teltmakker'n, men om de er av den nærgåande sorten (partnerar i ein eller annan variant) kan de no vurdere eit duo-underlag?
-
Det er ein del jegerar her inne, men generelt trur eg du får betre respons om du forsøker kammeret.no. 😀
-
Eg tenker du treng meir proteinar. Nøtter? Tørka kjøtt?
-
Med stavar går det greit. Stort sett ok stiar som gjer det greit å avstemme steglengde og dybde.