Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Eg opplever naturgummi som varmare. Har eit par frå tretorn som er nokre år gamle og framleis held. Naturgummi skal visst også vere lettare. Her er elles saksa frå Viking:
  2. Om de skal fylgje stikkaløype og tilhøva elles er noko lunde vårlege med fast "vårsnø" så bør detta gå heilt fint. Eg har monge gonger ynskt meg langrennskia farnfor fjellskia på slike turar på den tida. Skal også seiast at eg monge go ger har vore sjeleglad for fjellski, grunna tilhøva. Så tenkjer at trikset her er å sjå an føret, og kanskje sende en e-post til nokre av hyttene når det nerma seg, med førespurnad om føre og forhold.
  3. Så lenge ein er habile på orientering vil eg hevde at det kjem meir an på føret enn været. Sjølv om vær kan bidra til forseinkingar, er mi oppleving at med mindre det er "full dryler" så påverkar dårleg føre marsjtempoet meir, også med bikkjer. Kanskje avogtil også på grunn av bikkjer? Enkelt typar føre er verre for dei enn andre. Elles tenkjer eg at 9 dagar er greit, føresett god form, greide skiskills og at ingenting skjær seg. De har dog ikkje mykje marginar, og får de overraskande dårleg føre eller vær så lyt de bu dykk på forseinkingar. Alt etter kor forståelsesfulle heimebana og arbeidsgivar er, ville eg kanskje lagt til litt buffertid, eller budd både jobb, matlager og heimebane på ein dag eller to ekstra. På vinteren plar eg legge til ein dag meir per 4 dagar på tur, for å ha marginar, dersom eg ikkje har høve til å verte forseinka.
  4. Eg ser elles ved googlesøk at ein finn heilt ok foto av en slik willykjel. Til vindskjerm har eg nytta ulike løysingar, mellom anna skjært botnen ut av en trangia leirkjel, snudd den oppned og sett vinklar i for å sette willyen på. Den funka godt, men meina eg kvitta meg med den etter ei grønlandskryssing, for å ha minst mogleg bagasje heim.
  5. No ligg den begravet i et stort flyttelass, med eigar av flyttelass vekependlande mellom to heimar. Så kva tid den smeltar fram igjen er uvisst.
  6. Dette hjelp ikkje på punktet om peng, men Crispi har også ein slik type modell med integrert gamasj, om Crispi høver foten betre. Den kan kjøpes romslig og så kjøper ein kartank til. Dei er innimellom å finne på finn.no. Edit: elles samd med dei over. Den ikkje-isolerte versjonen funkar fint. Elles kan overtrekksboot av typen ein brukar til langrenn vere eit alternativ. Sjekk ut Alpina og Fischer.
  7. Har kryssa Hardangervidda nokre gonger i februar. Normalt ikkje stikka då.Hvilket for meg er den beste grunnen til å gå i februar! Det er både penare og fredeligare
  8. Crispi kjem også med sko til xplore.
  9. Detta hadde eg ikkje stressa med, går fint utan tenker eg. Men dersom du skal kjøpe noko for å skåne, så treng det ikkje vere Halite nei. Eg har i mange år brukt en billig, tynn og lett syntetpose frå Helsport som del av to-pose system.
  10. Vil tru det går heilt greit? Gode telt toler jo enormt mykje sjølv med enkle stangsett. Har nytta dobbelt stangsett ein gong, det var på Grønland under i tidenes "møkkaværssesong" (iflg backoffice). Då hadde me doble stenger i den buen som stod lengst vekk frå lemur, enkle i resten. Eg opplever generelt at det er andre tiltak som er vel så viktige dersom det er veldig heftig, og det er å grave ned tomta litt før oppsett (dersom det er mogleg å få til) eller evt å surre teltet ned med noko ekstra tau. Så skal det seiast at eg har hatt nokre runder med bøygde stenger etter skiftande vindar og overraskande vêr, men nesten så eg føretrekk at teltet lever litt med vinden enn å ha veldig rigide stenger. Dette er dog berre mine erfaringar og preferansar, her er det like mange delte meiningar som det er om stormmatter på telt Tillegg: Innbiller meg at doble stenger kjem best til sin rett i middels drittver? Er det skikkeleg ille må ein til med andre tiltak. Middels ille så bidreg det til roligare telt og mindre bråk.
  11. Eg tenkjer at valet som regel står mellom bensin og parafin? Diesel gir meir vedlikehald og er igrunnen eit "krisebrennstoff" som har sin eine fordel med å gi fleire alternativ på reise der ein har vanskar med tilgang til drivstoff.
  12. Mjau, superenkel forskning viser at ein får dei på seg både i tett og glissen skog. Men ein markant auke i tett skog sjølvsagt. Ja det vet mindre fugl, og også kanskje noko tvilsame takseringsresultat om dei skal få bestemme. Så er berre å gi beng og gjere jobben. Men at ein kan lære seg å leve med, er ikkje det same som at eg på noko tidspunkt kjem til å synes dei er trivelige 😬
  13. Tett bekledning, bøttehatt og netting. Rist godt før du sett deg i bil
  14. Var der i området også og takserte førre veke. Var vesentleg mindre enn i Hobøl, men det er ein del variasjonar ift mikroklima og au... I Hobøl var det leveleg på høgareliggande formasjonar med litt vind og tørt underlag, ein og annan på nakken som du kunne plukke og skvise. Men når eg kom ned i sumpskogen derimot... Eg skal tole fleire runder, men eg har lært noko i høve bekledning.
  15. Straumshornet, Stokkehornet, Fingeren, Grøtdalstindane, Lisjetinden, Matøskja, Slogen, Hellefjellet (undervurdert), Råna (blandt Sunnmøres topp 3 utsikter?), Kjerringa, Vassdalstinden, runde frå Tverrfjellet/Hestefjellet i Liadalsdalen osv osv osv. Desse har ulik grad av eksponering, men stort sett mindre nedslitt vegatsjon, som gjer at ein opplever å fote seg tryggare enn på "nipå". Kanskje med unntak av Vassdalstinden, der kan det vere noko tørt og rullegrus. Ein av mine favorittar for kveldstur er Kjerringa frå Mosetra og via Ljosadalen. Så ein har å velje mellom. God tur
  16. Ein ting er når det er nokre få.... Men takserte skogsfugl i Hobøl tidlegare i veka, å fyttigrisen å helv....for nokre mengder! Eg plukka og plukka ut av håret og i nakken. Når eg kom heim valde eg å gi beng i alle konvensjonar om nakenheit og kle av meg til trusa på tråppa utforbi blokka eg har for tida har hybel i. Alle kle på vranga og dengt omhyggeleg. Ein runde lusekam eg hadde liggande etter den gongen ein hadde ungar som kunne få slikt i skulen. Omhyggeleg dusj og skrubb. Likevel fann eg eit par jævlar i senga dagen etter 🤮 samt ein i jakka og eit par i holder for feltskjema. For ein sunnmøring som ikkje er van med driten, og som skal prøve bli like glad i skogen som i fjellet, var dette eit aldri så lite setback 🙉😂👹
  17. Mammut har nokre kompakt-posar i syntet som kjem i mange ulike lengder. Eg nytta dei i overgangen juniorpose/voksen.
  18. Men kvar går grensa for akseptabel risiko? Eg berre spør. Dersom bestemora mi skulle fått bestemme, hadde eg til dømes ikkje kunne reist på skitur med telt på vinteren, nokon stad. Eg sjølv synes at det mest skumle eg nokon gong har gjort var dagleg pendling i 10 år utover frå inste fjord mot havet. Over 2 mindre fjellovergongar, på vinteren stort sett slapsete og sleipe. Daglege episodar vinterstid med storbilar med austeuropeiske skilt som står i alle retningar i bakkane. 2 gongar har eg tenkt att no ryk eg. Båe gonger har eg ringt politiet pga uvett hjå den andre sjåfør. Er det akseptabel risk med omsyn til familie? Jobb må ein ha, og eg var veldig glad i jobben min. Men skulle tross alt heim å lage middag til 2 kids. Altså, ein lyt ta utgangspunkt i at folk vurderar sin risk sjølv, og har snakka med familie om dette. Ein lyt også ta utgangspunkt i at folk har gått ein runde med seg sjølv i høve eigen risikoaksept opp mot trivsel og helse. No er eg klar over at K2 har noko meir risiko enn veldig mykje av det vi driv med i dagleglivet, men spørsmåla meinar eg uansett er relevante, og prinsippa dei same.
  19. Større brennarhaud/brennar som sprer betre. Synes Primus Gravity er av dei betre til nettopp det.
  20. Har hatt Deuter Fox 30 og 40 til tre born, funka fjell. Solide og i følgje kidsa god komfort. Dei 3 kidsa har hatt veldig ulik bygning, men den har høvd dei likevel.
  21. Kjenner ikkje til fyren, men tenkjer at kvar einskild person som ynskjer klatre høge fjell må kunne tilkjennegis mynde og kompetanse i eige liv, til sjølv å trekke grensa for risikovilje. Det er altså begrensa kor mykje påverknadskraft eg vil tillegge fyren, og det er grenser for kor teite eg vil tillegge andre mennesker å vere. Risikoviljen hjå folk er ulik, vi må kvar av oss stå inne for våre eigne val. Så skal vi ta innover oss om me utsett andre for risiko sjølvsagt, men det gjer me no stort sett på dagleg basis alle sammen, med vårt liv og laden i det moderne samfunn. Så dette er i bunn og grunn berre ein diskusjon som botnar i at ein trekkjer grensa ulike stader. For meg borgar ikkje det for så krasse karakteristikkar som TS deler ut.
  22. Dei to siste vil i alle fall gi deg ein bra pose. Første har eg lite kjennskap til. Eg må også berre seie at dersom ein les litt for lenge her inne når ein er i villrede og skal handle, kan ein fort verte i meir villrede 🙉 sjølv om det er kjekt å kunne gjere informerte val, så er det ikkje avansert kvantefysikk (sjølv om ein innimellom skulle tru det 😂). Bestem deg for kva comforttemp du treng, storleik, kva slitestyrke du vil ha og kor mykje du er villig til å betale for gram som ikkje finnast. Heng alle alternativ på veggen, lat att augene, snurr rundt og fest halen på grisen 🤷‍♀️ Ikkje vondt meint altså, litt meir meint som ein liten puff til å ikkje verte fullstendig avgjerdslamma over doktorgraden som skal avleggast i val av pose 😳😆
  23. Varmeflaske og godt liggeunderlag. Det siste er minst like viktig som posen. Så eg ville gått for det rimeligste av alternativa dine, og så kjøpt meg eit godt isolert liggeunderlag. Legg bamsen på toppen.
  24. Mange fine moglegheiter, eg kjenner ondre delar best. Eit forslag er Skorgedalen frå Vartdalssida. Fine fiskevatn og mange moglegheiter for å vandre dal og overgangsturar Liadal/Skorgeura/Ørstamunnen/Leitet/Risaskaret osv. Parkering ovanfor Busetsætra.
  25. Veslesmeden heilt ok med born. 22 km er ein voksen etappe for ein tiåring. Å ta båten vil spare dykk for omlag 5 km om eg hugsar rett, og litt høgdemeter. Marsjtempo varierar no veldig frå person til person, kor tung sekk ein har samt terreng. Men tek du utgangspunkt i eit hyggeleg tempo for dei fleste, moderat sekk på 10-åringen og middels terreng er det greit å rekna eit snitt på 3 km/t. Altså omlag 6 t marsj i tillegg til båttur. Så kjem evt lenger pause osv i tillegg. Å berekne tid for andre er vanskeleg. Det beste er å nytte kart godt i forkant, og å gjere seg litt erfaringar på eiga hand i høve terreng, høgdemeter, oppakning osv.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.