-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Treski frå Rønning med lignokantar - eit alternativ for hundefolket?
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Vinterutstyr
Anar ikkje, er nysgjerrig på den sjølv Sambo vurderar prøve den Eg var glad i gamle Fischer Backcountry wax eller ka i svarten dei heitte, men dei er heller ikkje å få tak i lenger. -
Går godt an, i alle fall tråkl det, om saumen skulle by på trøbbel seinare.
-
Valg av turmål/ting - Instagram
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Generelt om friluftsliv
Men eg må no seie at eg synes desse bileta er koslige. Sjølv om eg aldri kjem til å få teke dei fordi det krev a) blikk for motiv b)å gidde dandere ting c) å faktisk gidde ta bilete. Eg har tildømes typisk bilete frå dag 1,2 og 7 på tur. Eg er heilt elendig med andre ord, men sett stor pris på at andre er gode! På mine bileter ligg det alltid ein glømt Kiwipose, ein usexy plastkopp, ei nalgeneflaske, ein morakniv frå jernia fordi eg ikkje fann noko ann når eg stressa ut døra osv osv. MEN, eg har bestemt meg for å i det minste verte betre på å fotografere turkameratane mine. For når me kjem att frå tur, er det alltid flust av artige bileter av meg teke av mine fotoglade venner, og så er det fint lite bileter av turfølgjet mitt, noko som i lengda vert litt kjedeleg. Så no har eg lovd bot og betring. Trur eg må til med eit fotokurs.- 30 svar
-
- 6
-
-
Valg av turmål/ting - Instagram
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Generelt om friluftsliv
Har lite å komme med der du. Eg har ikkje talent for dette, og har innsett for lengst at det einaste eg uansett har med som er fotogent er mine raude telt....elles er det nok mitt noko ufotogene (tur)liv som vert presentert der- 30 svar
-
- 2
-
-
Treski frå Rønning med lignokantar - eit alternativ for hundefolket?
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Vinterutstyr
Forøvrig ein anna spanande variant https://www.hektapatur.no/vintersport/ski-og-staver/fjellski/sporten-favoritt-relax -
Mitt skjørt er i primaloft, det funkar gull. Elles har eg mange kompisar som også nyttar desse skjørta, så her på Sunnmørsk herskar det ein tverrkjønnleg kjolefest på snart kvar ein topp
-
Treski frå Rønning med lignokantar - eit alternativ for hundefolket?
Tessatroll publiserte et emne i Vinterutstyr
På leit etter ei god ski utan stålkant, dukkar denne opp som eit alternativ. https://ronningski.no/produkt/discover-bjork/ Spesifikasjonsmessig er den det meste eg ynskjer meg i ei allround-fjellski, skulle verkeleg ynskje at Åsnes kunne lage noko liknande, med sitt kortfellesystem. At den krev litt ekstra stell er greit, då me er to som er over gjennomsnittet glade i å bruke tid i "bua". Synes eg såg ein del Rønningski til halv pris på g-max i Ålesund her for noko sidan, trur eg må ta ein telefon. -
Har nett prøvd min første multifuel! 🙈
Tessatroll svarte på TonePåTur sitt emne i Primus og kokesystem
Er i grunn den haldninga eg og har, det er ikkje så himla mykje hokus pokus med ein bensinbrennar. Og det har jo vore praktisert frakt av bensin på PET av gud vite kor mange på alpine lettpakkarturar o.l. "alltid". Men eg er ikkje så veldig god på dette med statisk elektirsitet osv, så eg skal slett ikkje krangle på det. På den andre sida krev det veldig lite å gjere noko med det. SKal eg ha med mykje er det jo å frakte på dunken, det gjer eg som regel også då. Skal eg ha med berre eit åar liter er det snakk om å kjøpe eit par flasker til i tillegg til dei fuelflaskene eg har til brennaren min.- 107 svar
-
- 1
-
-
Om du finn mønster til eit a-forma, knelagt skjørt, og går opp nokre storleikar slik at det høver utanpå skallkle er det ein god start. Litt utfordring med å ikkje tappe kammera for dun når du tek til å klippe i det. Teikn på jakka og planlegg godt i forkant korleis du kan nytte materialet med minst mogleg klipte kammer/kantar. Vidare modifiserar du etter eige ynskje med evt snøring oppe og nede. Heilvegs, tovegs glidelås i eine sida slik at det er enkelt å glide på og av, og at du kan lage splitt nedanfrå og opp. Då kan du ta større skritt/gå motbakkar utan trøbbel, men kunne glide att når du er stillesittande/ståande. Har eit varmeskjørt sjølv som er vanvittig mykje brukt, anten av meg, turvenner eller dotter mi. Av samme grunn har eg tenkt å lage skjørt av ein utrangert sommerpose i syntet som eg har liggande.
-
Stem på meg i Fjellreven Polar!
Tessatroll svarte på Arcticpeak sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Eg har stemt- 16 svar
-
- 1
-
-
Utan å ha studert inngåande kan det sjå ut som Acapulka har ein del detaljar som i alle fall seier ja i mitt hovude. Det er i første omgang hoftebeltet. Utfrå bilete kan det sjå ut som det er lenger. Så synes eg at festa for ski, evt økser, spader o.l. ser betre ut, slik at sekken eignar seg betre både som dagstursekk vinterstid og som selesekk på kombinasjonsturar. Og det er jo på typisk krevjande kombinasjonsturar at eg kanskje vil finne på å bruke selesekk, turar der eg kanskje må til med ski på sekk og plastbrett over morener og ymse underlag, og til dømes på pulktur i vekslande alpint terreng. Men dette vart ekstremt teoretisk utan å sett på og kjent på dei to ulike modellane, så med atterhald om at verkelegheita ser annsleis ut. Eg har stort sett brukt vanleg sekk ved behov for ekstra kilo på motor .
-
Eg er glad i bomull, likens min litt (sære) tradisjonelle samboer. Me er likevel nokså samde om at med dei vinterane me no står overfor, ikkje berre i vest, så er det ikkje eit tema på mange dagers turar utanfor rekkevidde for "vermelding som sannsynlegvis kjem til å stemme". Dømer berre frå siste sesong; Hverken på Hardangervidda i Februar som var eller på Grønland i september eller i Tafjordfjella i Mars hadde me stabilt tradisjonelt og tørt vinterver heile tida. Eg kjenner meg ferdig med å kakke, pirke, grave og skjære is ut av bomullsfibrane, fordi me A) har sveitta meir enn bomull greier puste har vekslande ver med vind og høg luftfuktigheit som då isar nede hette og alle detaljar, spesielt på vindsida eller C) har kombinasjon/variasjon nedbør og kulde eller vind, som smeltar og isar om einann. Når gtx frys til, anten det er på utsida eller innsida, er det langt enklare å få den isfri til neste dag enn eit bomullspanser. som skal gjennom ulike stadier av kakke/smelte/tørke/kakke osv. På dagsturar og på 2-3 dagers i klart gode tørrversperiodar derimot, er bomullen genial. Reknar dog med at du her kjem til å få like mange svar som det finnast medlemmer som svarer
- 15 svar
-
- 5
-
-
Ryggsekk er også genialt om ein dreg pulk som er veldig tung relativt til kroppsvekt, eller om ein skal opp mykje bakkar, då det legg nokre ekstra kilo til motoren. For damer er det ofte ein føremun, og det utgjer litt forskjell faktisk. Godt feste og litt fleire kilo på eigen kropp gjer det enklare å stå mot draget nedover der bak Eg har ikkje hatt så mykje bruk for det sjølv, då eg sjeldan kjem opp i så tung pulk, og heller ikkje er i kategorien veldig lett, men dei gongane eg har nytta meg av det har det vore føremålstenleg.
- 30 svar
-
- 1
-
-
Rago - Ny soveposeserie fra Helsport
Tessatroll svarte på whistler sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Ja eg har prøvd dei. Men som eg vart merksam på i posten over her, så finnast også dei som var for korte til meg (Huldreheimen) i ein long variant. Rago-serien ser eg berre kjem i standard lengde, men kanskje kjem long etterkvart? -
Rago - Ny soveposeserie fra Helsport
Tessatroll svarte på whistler sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Og NOKON har ikkje orientert seg godt nok, for eg kan jo godt få plass i ein longvariant EDIT: Ser at Rago førebels berre kjem i std lengde. -
Rago - Ny soveposeserie fra Helsport
Tessatroll svarte på whistler sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Merkjeleg, kva modell har du? Dei eg har prøvde er mi dotters Huldreheimen -
Rago - Ny soveposeserie fra Helsport
Tessatroll svarte på whistler sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Ved første augekast tenker eg "endeleg er Helsport inne på noko". Så får me sjå kva rapportane seier etterkvart. Dameposane frå Helsport utgår for min del. Eg er 166 cm, og likevel vert dei for korte. -
Samd. Har brukt det som fot armer ved nokre høver, og det funkar gull. Føresett eit bål dog
-
Når du seier det kan det hende at det stemmer ja. Eg har nokre Devoldar etter fattern`s jobb (linjemontør) som er workwear. Dei er faktisk litt slaskete på ermane. Tenkte ikkje over dei, då eg ikkje kjøper dei sjølv, dei generelt er litt slaskette til meg fordi dei er for store og eg mest nyttar dei til skogabruk og "rusk", hagearbeid og hundegård.
-
Kremt! Eg er her framleis altså!
- 123 svar
-
- 1
-
-
Kjem jo nett an på kva pose du kjøper. Men HPT har jo ein del fine illustrasjonabileter på posane frå Warmpeace ved sida av kaffikopp m.m.
- 21 svar
-
- 2
-
-
-
Ler meg skakk eg fekk nemleg høyre ein gong av ein kirurg "du har så seigt skinn, eg trur du må ha noko portugiser/spanjolblod i deg frå hine hårde dagar med handel sjøvegen". Hehe, du skal sjå det er difor Devold høver meg godt Mtp krymp opplever eg ikkje at Devold krympar. Derimot synes eg Aclima krympar ein heil del, og det er dels eit av dei store irritasjonemomenta.
-
Eg brukar stort sett dei kortast snøpluggane, sjeldan eg dreg med meg dei eg har på 50cm. Pudder og laussnø må bearbeidast litt. Tråkk rundt, med ski eller to fots, jobb litt med snøen på tomta, ordne så med bålet, så er snøen stort sett satt nok. Er det mykje snø lønner det jo seg å tettrakke heile tomta med ski på beina, inkl nok til pugging, i alle fall av markløkkene. Ein kan få overraskande godt feste i snø som er bearbeidd, som i utgangspunktet har vore heilt håplaus. Eit døme frå Røros i anledning stormen Ole (trur det var Ole i all fall): eit tynt lag pudder/sukker på marka på idrettsplassen, som eg jobba med ganske intenst i en tre kvarters tid. Trudde aldri eg kom til å få hold til lavvoen. Når stormen vel kom var det alt anna en plugg/bardun som gav etter. Men midtstanga knakk som ein fyrstikk.
-
Eg synes i alle fall dei er supre. Evt kombinert me ei tynn brynjenetting for sveittetransport under så er du rusta for det meste!
-
Nalgeneflaska som varmeflaske, evt med ein sokk utanpå enkelte netter. Ei venninne av meg seier det slik : livet før og etter varmeflaske