Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    57

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Kanskje meir aktuelt for dei fleste med skisko no? #bump
  2. Har ein PLB. Skulle eg velge berre ein device på turar der eg vil ha ekstra tryggleik hadde det blitt den. Ein enkel dings som kun skal ha batteri til å sende naudsignal er fint. Har opplevd Murphys kva gjeld kommunikasjonsdippeduttar, backoffice vêrmelding og legekontakt og seinare koordinering av uthenting sjuk person. Min konklusjon etter den opplevinga var at eg for min eigen private bruk opprettheld mitt gamle standpunkt; minst mogleg dilldall er minst mogleg som kan gå til helvette (og mindre forventningar heime om kommunikasjon). Så ser eg jo at det er kjekt å kunne få vêrmelding inn på ein inreach på enkelte turar, og kunne stille legespørsmål. Men alltid som eit supplement. Ikkje åleine. Kun telefon? Absolutt ikkje eit tema, altfor sårbart når det verkeleg blir vedvarande dårlege tilhøve. Og så likar eg å kunne slenge den nederst i pulken 😅
  3. Men det spelar ei rolle når eg opnar kjekspakken og forventar same visuelle oppleving som når eg var 7 år på hyttetur! 🤣 Dessutan trur eg bestemt det er mindre krem imellom (les: mindre krem å slikke av kjeksen).
  4. Heile atomserien har skifta benevning. Omlag like irriterande som når dei gjorde Pepita-kjeksa runde. Kvifor tukle med det som er ein suksess lurer eg på!
  5. Ein gjeng med folk som kjem glidande inn på eit bananskall, med meir eller mindre tilfeldig innhald i pulken høres ut som en kjent og perfekt sesongstart. It's a deal!
  6. Absolutt ingenting. Faren er overhengande for at du kvelden før vinterens første overnattingstur ser berre hælane og raua på meg, stikke ut frå ei av tre lett kaotiske utstyrsboder eller ei av to garasjer. Med på utsikta får du truleg ei og anna glose, og når eg ikkje finn det eg skal, meir eller mindre rasjonelle og rimelege skuldingar retta mot sambuar, born (som ikkje lenger bur heime), katten, bikkjene eller tilfeldig forbipasserande. Det er så godt å ha nokon å skulde på når vinteren, eller dei tre andre sesongane for den saks skuld, kjem som julekvelden på kjerringa. Spøk til side; i år må eg truleg ta meg saman og lappe litt utstyr. Til sommaren vart tresesongaren levert inn til Barents outdoor, og 3 kg sølvtape vart bytta ut med fint lappearbeid. Mistenker at vinteren krev fleire slike operasjonar.
  7. Alldeles samd. Vert faktisk litt grå til sinns av heile bladet, slik som eg blir av mange magasin no til dags. Noko med uttrykk og fargebruk som er gale, i tillegg til dårleg innhald. Edit; At Rigmor Solem kan vere eit interessant intervjuobjekt er eg forsovidt samd i. Har ikkje lest saka, så mogleg den er god.
  8. Samd med deg i høve barfotsko og slikt. Eg har gått over til gode sko med demping, og sko inne også. Frå tidlegare minimalistiske sko. For meg funkar dog dei formstøypte solane frå ortopeden så bra, at eg gjerne kjøper eit ekstra par utover det årlege paret eg har innvilga støtte til (til tross for den stive prisen på 5000 kr.). Desse redda både sommarens feltsesong knytt til studiar og haustens villreinjakt for meg. Så noko forskjellar er det nok på oss mennesker, til tross for like "plager".
  9. Etter mange år med ymse samansette fotplager, inkl plantar, har eg funne at ein kombinasjon av gode sålar (frå ortoped), taping i akutt fase og ved forventa stor belastning, fornuftig kvardagsfottøy og styrketrening funkar best. Styrketreninga har overraskande mykje å seie, likeins at treninga er ulik i akutt fase og når det ikkje er så akutt. Her kan du finne dømer på gode øvingar: https://framsport.no/blogs/news/du-har-fatt-plantarfascitt-hva-bor-du-gjore
  10. Oppbevarer også mine dununderlag liggande tørt med opne ventilar. Innbiller meg at det gjer godt.
  11. Eg har ikkje opplevd det som eit problem. Eg er på mitt andre exped down pump 9. Har brukt dei mykje og i nokså streng kulde (noko og tredve minus på det kaldaste om eg ikkje hugsar feil).
  12. Eg hadde også smått om plass ein periode. Eg fann ut at eg hade litt å gå på i høve å henge opp ting på vegg/i tak. Eg ragar dog 166 cm over bakken så at ting heng frå taket inntil ein vegg på ei lita bod plagar meg ikkje 😅.
  13. Skalljakke over fotenden funkar fjell for meg.
  14. Reinheimen er meget nice, og noko av det beste er den manglande dekninga synes eg 😁
  15. ....for ikkje å snakke om at eg har kome til hytter der ein del reinsjegerar har hatt tilhald, og fått stallsjokk (utan at det vil seie at alle reinsjegerar er slik).
  16. Dette har eg og sambo snakka ein del om. Det går båe vegar. Det han synes er høveleg stivheit blir "stålrustning" på mine bein og omvendt.
  17. Kvinnesko har ofte smalare hælkopp, evt smalare all over. Alpinstøvler og skotøy som går oppover leggen er forma til kvinnelegg, som ofte er kortere og gjerne "tjukkare" lenger ned enn ein herrelegg (mellom anna gjerne kortare skaft på til dømes ein randostøvel).
  18. Her erfarer eg noko anna. Eg har monge gonger fått banka ned mine Hilleberg y-pluggar der eg ikkje får skyvd den ned med foten. Dette er spesielt enkelte stader i fjellet og på Svalbard, der eg opplever at pluggen "skrur" seg ned og finn vegen mellom ujamnheiter og småstein ved banking der den berre "stoppar" når eg skyv. Elles synes eg dei største utfordringane er å få plugg til å sitte ved bruk av tarp i vind og ved laust underlag (typisk der eg legg store steinar på plugg for å unngå at dei kjem oppatt). Men der gjorde siste episoda i podcasten til villmarksliv meg merksam på MSR sin cyclone. Denne er dog hverken lettpakkarplugg eller titan, og difor OT.
  19. Har berre herre ja. Eller unisex. Som i praksis er herre berre at modellen går over fleire storleikar. Sendte epost til Ravnø for eit års tid sidan og spurte om det kom damemodellar, men det var det per då ikkje planar om.
  20. Berre for å få musklane til å jobbe avslappa ved tunge dagar, ei "vanleg dose" frå morgonen/avmarsj, altså før tungt arbeid. Ein Ibumetin og ein Paracet (500 mg) eller 1 til 2 Paracet. Som regel ikkje påfyll, men kjem litt an på lengda på dagen. Ein Paracet eller to på kvelden for å slappe av om natta. Hjå meg er det litt ulikt kva eg brukar, mengder og kva tid, etter kva tur eg er på og om eg har betennelsestendensar eller ei. Dei fleste turar går føre seg utan, men det er ei god hjelp dei gongane behovet er der. Eg må dog presisere at alt dette er i samråd med lege og med utgangspunkt i min helsestasjon
  21. Hadde vore supert om det var damefasong. Herremodellar høver meg sjeldan. Og då snakkar vi ikkje om at det skal sjå bra ut, men faktisk ha ei passform som kan fungere 😅
  22. Eg meinar ikkje noko meir avansert enn Paracet eller Ibumetin, som også har muskelavslappende effekt. Skal faktisk korrigere det i innlegget mitt så det ikkje blir misforstått.
  23. Følger. Synes også dei fleste turbukse i dag er for lite slitesterke over baken.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.