-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Godt poeng med solen. Fischer har betre solar.
-
Ok. Eg har ikkje opplevd noko praktisk problem med at andre tek att første, tvert om opplever eg at det i krøkkette terreng er betre fordi at pulk nr to får finne vegen sjølv i staden for å måtte vere ei "rett, stram" linje frå meg, som med eit langt tog bak meg kanskje må gjere justeringar på retning før siste pulk er"klar", eller opp og ned av små formasjonar i terrenget. Men smaken er som baken på kva ein føretrekk, også på dette Tippar båe deler vil funke greit
-
Lag ein hanefot på brett nr to slik som på du truleg (?) har på det første, ein skrikarabiner i "taustumpen" frå pulk 1 bak på hanefoten. Funkar greit for meg. Alternativt hanefot bak på pulk 1 også, og elles likt som skissert, om du ynskjer endå meir vandring sideveis pulkane mellom.
-
Artig å sjå, eg får både eine og andre tipset! Sjølv bur eg på ein kant av landet som i stor grad krev vasstette plagg. Så no har eg klipt brukbare stykker av kasserte skallkle eit par sesongar, og skal ved hjelp av gamle mønstre frå Flø Fjellklefabrikk sy både vottar og barnegamasjar, om materialane strekk til. Edit: kunne tenkje meg å prøve meg på eit par slike traktforma vottar også, vil du dele mønster?
- 9 svar
-
- 1
-
-
Folk kjem vel berre med sine oppfatningar, utan at det nødvendigvis handlar om at dei må ha det dyreste/sværaste? Få av oss i denne tråden som driv med sydpolturar så vidt meg bekjent Mi erfaring er likevel at ein kan ha vel så tøffe tilhøve til dømes på vidda her til lands, som i andre delar av verda. Kan hende (truleg) er de både varmare og tøffare i kroppen enn meg, men når 15 minus, høg luftfuktigheit og kuling går i ekteskap har eg faktisk behov for litt verbeskyttelse Og dei fleste her har formulert omlag noko slikt "sikkert bra jakke blablabla, men til fjellet er den for blablabla....". Altså ingen som har sagt noko om at plagget er dårlig, men dei har sagt noko om kva dei tenkjer om plagget føresett slik og sann
- 58 svar
-
- 1
-
-
Har opplevd det samme, og har opplevd det motsette. Varmevatn har super effekt. Men, eg tek dei ikkje av og på mange ganger ila sesongen. Dei får stå på gjennom sesongen, evt til eg treng å smørje
- 14 svar
-
- 1
-
-
Og ikke heter det fjelltur lenger, nå heter det topptur.
Tessatroll svarte på josteink sitt emne i Samfunnsdebatt
Eg har ikkje fullt brukbare ski til formålet har berre ski med stålkantar. Etter at me fekk fleire bikkjer i hus, som me er på mykje på ski med, melder behovet for stålkantfrie ski seg. Og så sant det let seg gjere vil eg kjøpe brukt det gjer eg alltid. -
Teknikk og utstyr med pulk etter seg - teori/praksis
Tessatroll svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Du kan definitivt smørje og bruke fellar omeinann. Cecilie har ikkje ei markert smørjelomme. Det vil ikkje seie at du ikkje kan smørje feste, men det vil slitst vekk raskare enn med smørjelomme, og glien vil vere noko dårligere enn ei ski med markert smørjelomme -
Om du ynskjer å kjøre litt tele så er det 75 mm som gjeld. Ein kan kjøre det på NNN BC også, til ei viss grad, men har lettare for å knekke om du ikkje trykker hardt ned i tåballen/forfoten heile tida. Gamme ser ut som ei artig ski ein allrounder rett og slett. Elles er eg veldig glad i mine Nansen. Leiken ski. Ikkje den største km slukeren, men godt nok til at mange har gått langt med den. Eit godt val om ein skal ha et par fjellski som også funkar til litt leik og tele. Det trur eg også Gamme kan vere, men den har eg ikkje personleg erfaring med. Edit; Nansen går heilt fint å gå med i preppa løype i den forstand at dei ikkje lev sidelengs nevneverdig, som ein kan oppleve med endå hakket breiare ski. Men dei går jo ikkje nedi trikkeskinnene sjølvsagt
-
Teknikk og utstyr med pulk etter seg - teori/praksis
Tessatroll svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Absolutt. Og om det er det ein skal gjere mest vil det jo ikkje spele noko større rolle. Då er kanskje bæreflate vel så viktig? -
Teknikk og utstyr med pulk etter seg - teori/praksis
Tessatroll svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Amen!- 54 svar
-
- 1
-
-
Og ikke heter det fjelltur lenger, nå heter det topptur.
Tessatroll svarte på josteink sitt emne i Samfunnsdebatt
Treski er på mange måtar digg, og står oppført som eit av to punkt i årets budsjett på "ut - sida". -
Elles er det jo som alltid, Yeti sine forsvarsbrukte frå UK. https://www.ebay.com/itm/Berghaus-Yeti-Attak-Gore-tex-polainas-Braga-XS-UK-3-3-5-UE-35-5-36-5-US-4-4-5/192374539851?epid=2037871408&hash=item2cca6a864b:g:464AAOSwygJXhL6E I alle fall til dei litt større kidsa. Har hatt slike sjølv, gulle`go, men føresett ei arverekke for å forsvare økonomisk Trur eg gav 450 inkl alt sist. Har ein tre som skal ha på same tid er det jo ei langt dyrare løysing enn ditt supre DIY prosjekt Men likevel ei moglegheit å vite om for thosesom ikkje fekk symaskinsertifikat i grunnskulen.
-
Lytt alltid til værvarslene - osv
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Generelt om friluftsliv
Og her "bardunerte" me det meste, på grensa til å grave oss ned med både bikkjer, bil og playstation....og hadde knapt nok eit vindpust i hagen. Yst i havgapet der eg arbeidar (nord om stadten) hadde mine kollegaer hatt ei særs rolig helg. Det var som forventa, for sjølv om yr meldte bra heftig, såg me som var lokalkjende at det skjer ikkje. Han dreia aust Fredagen, og då vert det ikkje så heftig her ute. i Dalen der eg bur kan me få det sjølv om han er austleg, så me budde oss som sagt, men fekk ingenting. Elles kan ein kanskje seie noko om å nytte erfaring si andre vegen også....eg har nokre gonger lagt avgårde på tur når andre har meint at vermeldinga ikkje tillet det. Eg har labba avgårde likevel, og stolt på eigne vurderingar. Eg har fått sjukt fine turar. -
Gjenstår å sjå for min del. Har fått små hol i tyet etter omlag 40-45 bruksdøger.
-
Søker turvenninner og turkamerater til langtur.
Tessatroll svarte på Per Martin Steen sitt emne i Fjellvandring
Det høres ut som du skal avgårde på ein fin tur Å bruke pulken som seng var nytt for meg, utanom til nødstilfelle. Det var litt spennande, ser fram til å høyre litt meir om det! Hadde eg hatt 18 dagar til rådvelde hadde eg kasta meg rundt, men av ein eller annan grunn har eg ein tendens til å gjere dette friluftslivet som skal gje meg fridom og låge skuldrar til noko som til stadigheit fyller kalenderen min langt fram i tid! Eit lite paradoks eigentleg God tur -
Dyktig Kjekt med heimemekk då!
- 14 svar
-
- 1
-
-
Me brukar desse. Kom over ein haug i ei 50 kroners-korg på Coop for nokre år sidan, og plukka med meg litt ulike storleikar. Hjelp utruleg bra på.
-
Men om den funkar for deg er jo det topp!
-
Eg hiv meg med umiddelbar effekt på denne forklaringa! #sjokoladetillunsj
- 39 svar
-
- 1
-
-
Teknikk og utstyr med pulk etter seg - teori/praksis
Tessatroll svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Og det er jo ein velsigna tilstand! Eg er eigentleg ikkje så veldig slik på optimalisering. Når andre moddar, rigga, bytter ut og ordnar for å optimalisere tenkjer eg som regel at det funkar fint som eg har det. Men på akkurat dette feltet, synes eg faktisk at det har ein praktisk betydning. Men, eg hadde komt meg fram med det første paret mitt med fjellski også, utan tvil- 54 svar
-
- 1
-
-
Teknikk og utstyr med pulk etter seg - teori/praksis
Tessatroll svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg er samd i at ein ikkje treng gjere dette til rakettforsking. Det er forskjell på langrenn og fjellski. Men likevel, skal ein gå langt og lenge, eller har hyppig frekvens i fjellet, tenkjer eg at eg må protestere litt. Det heile synes eg kjem litt an på kva ein vil ha att for det ein legg i beina. Altså handlar det litt om energiøkonomi. Eg er veldig glad i mine lekne Nansen, over Josten, i store mengder laust på Svalbard og i bratte sider på Sunnmøre har eg mora meg med dei. Men det er heilt klart at eg får att meir for det eg trykker ned i mine Amundsen, på dei flatare turane. Ei ski med spenn, og rett spenn, gir betre glid. Det er god økonomi,anten ein går med fellar eller ei. På lengre turar vil eg også vite at når eg svingar inn på eit scooterspor, elle når snøen sett seg fast og fin, så kan eg lange ut. Og jau, faktisk på lange slake parti, i noko som kan likne diagonalgang. Og eg smører skia mine ein del, også når eg går med pulk Det morosame er at desse "nerdedetaljane" også har vist seg gyldig for dei med mindre erfaring. Eg har siste 2 åra ferdast mykje på ski med ei og same venninne, som har eit par Cecilie skog. Litt for mjuke til henne og hennar bruk, men ho var nøgd, brukte dei på Svalbard på tur mellom anna, og synes livet var topp. Så lurte eg henne til å spenne på seg sin sambuars Amundsen før ein vekestur i viddelaandskap. Etter ein km stoppa ho opp, lett indignert "desse skia går av seg sjølv! Det erkje rart eg støtt slit med å halde fylgje i slakt terreng". Klårare tale kan ein vel knapt få, frå ein person som tidlegare ikkje hadde hatt noko forhold til ski, spenn osv. Eg er samd i at ein ikkje treng all verda for å komme seg i gang med fjellskiturar. Men at skilnadane ski imellom er ubetydelege i den samanheng er eg ikkje samd i, når ein har eit visst volum på skidagar.- 54 svar
-
- 3
-
-
Varmeskjørt. Kanskje eit av mine mest brukte plagg. Genialt.
-
Difor har eg faktisk 187 cm i Amundsen. 21 cm lenger enn meg. Eg kunne gjerne hatt dei endå nokre cm lenger, men då ville eg fått trøbbel med spennet ved lettare oppakning. Må allereie jobbe godt i leggen med dei på 187.