Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Sko for rett stortå eller for hallux valgus. Både Meindl og Hanwag har det. Held ein knapp på Meindl. Evt hikingsko frå typiske barfotmerker, som til dømes Vivo barefoot, eller hikingsko frå Altra eller Topo.
  2. Eg veit at Madshus kan levere stivare ski på forespørsel, så om du sender ein e-post til Madshus direkte kan det vere det løyser seg
  3. Samd i dette med å få dei spennmålt. Første gang eg ba om det på fjellski på ein lokal sportsbutikk såg seljaren rart på meg... Han såg ikkje rart på meg etter å ha målt. På Oslo sportslager såg dei ikkje rart på meg i det heile. Så det kjem nok litt an på om seljaren sel mest handballklister eller mest ski 😅
  4. Amundsen med ekstra spenn dersom dei framleis er å oppdrive i bruktmarknaden. Meiner dei heitte Åsnes Amundsen Fram eller noko slikt. Evt Amundsen i 194? Då blir det same lengde som ein tilrår på vanlege langrennski, og det funkar supert på vidda og i scooterspor. Eg er 166 cm og har Amundsen i 187. Det er litt stive om det berre er meg på toppen, men som regel er dei i bruk med ein tyngre ryggsekk eller pulk så då funkar det veldig fint. Edit: her kan du framleis finne dei. Desse i 194 trur eg vil høve deg godt. https://www.hektapatur.no/vintersport/ski-og-staver/fjellski-1/asnes-amundsen-fram-skinlock
  5. .......så bestemmer du deg for å gå for futura så har eg eit par i str 39 til salgs 😅
  6. Med trøblete kne vil eg tru at vridningsstivheit i sålen er like viktig som støtte oppover ankel? I alle fall på toppturar. Eg kjøpte i fjor futura og lundhags expedition for å bruke når eg går med bikkjeskia mine. Tanken var expedition der eg vanlegvis ville brukt Crispi Svalbard (kaldt) og futura elles. Men, eg synes futura er for lite vridningsstive, noko ein merkar spesielt godt når bindingen elles er veldig stabil. Eg står mykje bak hund, og endar opp med å ta lundhagsstøvelen 9 av 10 gonger.... Er det veldig fine forhold i løypa går eg over til vanlege langrennski. Med andre ord har futura eigentleg ikkje nokon plass i min skigarderobe. Har eg ikkje hund så nyttar eg ski med BC-binding og har då andre sko. Har du ikkje hund og stort sett skal gå moderat terreng så er nok futura ok, men er det krevjande tilhøve og/eller terreng så synes eg den kjem til kort, og Crispi har (desverre) ikkje greid å matche bindingen. Så for å konkluder: Til variert bruk ville eg vurdert noko anna. Er gåing på Finnmarksvidda det primære vil truleg futura funke ok. Må legge til at eg vanlegvis er Crispifan og har "Crispifot", men futuraen vart diverre ikkje nokon favoritt hjå meg.
  7. ...og sjølv med taudrag er det mogleg å pakke så ein ikkje vert plaga av pulkvelt 😉
  8. Veldig samd her. Evt Madshus si smørefrie barneski. Eller brukte Åsnes snømann on du finn på Finn.no. Alt anna enn dei moderne Fisher barneskia.
  9. Det stemmer ganske godt, eg har sjekka no og har str 8. Er som sagt m/l i gummihanskar.
  10. Eg meiner også eg er ein m/l I gummihansker, som er ganske grove hender for dame å vere. Eg har eit par Hestra ergo grip. Kan sjekke str når eg kjem heim.
  11. Når ho er tre ville eg kjøpt vanleg binding. Av og på er like enkelt med dei som ned desse reimene som skal festast er mi erfaring. Og så vil det nok gi meir skiglede, kanskje spesielt neste år når ho er 4. Då er det berre å kjøpe større skisko på skibyttedag eller liknande, så er ein i boks. Ein 4-åring på slike andre ski ville eg ikkje anbefalt om målet er skiglede
  12. Prikk lik min gamle willykjel.
  13. Det er rart, strengt teke burde det vere omvendt...eller at den faktisk sitt betre, fordi hoftebeltet på sekken klemmer betre rundt hoftene. Men, vi er jo ulike anatomisk.
  14. Non stop Canix funkar greit, montert på kropp oppleves den i stor grad å sitte slik ein tynn lettvekts klatresele ville sitti, berre langt rimeligare. Elles er det jo festepunkt for hanefot på recon om eg ikkje hugsar feil, så ville kanskje verre laga det?
  15. Eg tenkjer at det første du bør grovsortere er om du ynskjer å gå "indre"rute (og slik unngå ein del fjordar som må kryssast eller omgåast) eller om du vil gå "ytre" rute. Deretter er det litt enklare å komme med tips og råd på delar av ruta
  16. https://www.kk.no/livet/du-trenger-ikke-ha-adhd-selv-om-du-er-aktiv/81902389 Slår meg som ei kompetent og målbevisst dame. Elles er det slik at ein tur til Sydpolen er så dyrt, at det er neppe denne trusa som gjer at den kan gjennomførast (og om den gjer det; supert). Den gong då vi flørta med tanken på Sydpolen og rekna litt på det, var den "billigste" varianten 400 000 (det er nokre år sidan). Ein slik type tur eg og turfølget kunne tenke oss, meinte "ekspertisen" ville lande på 4 mill. Elles er vel polarhistorien full av dømer på mindre høvisk framferd for å nå sine mål? Eit stikkord kan til dømes vere praiing av eit visst skip...
  17. Takk og amen! Først på reise og så i omgangssyke-tåka låg eg og håpa at nokon berre plasserte skapet kort og konsist. Godt!
  18. Forstår ikkje kven "noen" er 🙄😬
  19. Dragonfly funkar sjølv om det er kaldare enn -15 er mi erfaring. Eg har, heilt ærleg, problem med å forstå desse problema med pumper i kulde, men kanskje har eg vore særdeles heldig eller har andre rutinar.
  20. Aha, slik ja. Løyser det som regel med å ha med ein dragonfly i tillegg, eller regulere XGK med trykk og lågaste bluss. Det siste funkar greit nok, men ikkje nett ideelt til å steike pannekaker kanskje 😆
  21. Pumpekopp i lær får ein kjøpt laust hjå Needlesports. Fekk i alle fall før. Eg har nokre slike slengande (som eg ikkje brukar vel og merke, fordi eg rett og slett ikkje har hatt problem).
  22. Beklager, eg streva med noko greier som ikkje funka på telefon i går, og har sitert feil få innlegget ditt. Det eg skulle sitere, var at du meinar XGK er ueigna, og spørje kvifor? For meg er det ein favoritt og har vore det i mange år, er difor nysgjerrig.
  23. Spørs litt kva du meiner med det ordinære draget? Er det eit fjellpulkendrag til menneske du meinar? Edith; då ser eg at @foroll posta ei fornuftig attendemelding medan eg skreiv.
  24. Kva er det som gjer at du opplever den som ueigna?
  25. Fyrer, kokkelerar og tørkar ting der det høver meg best for augneblinken/dagen/turfølget, i innertelt eller yttertelt. Er eg åleine så fyrer eg som regel i innerteltet, til alle formål. Er vi fleire på tur så fyrer eg gjerne for matlaging i ytter, og så legg vi oss langs veggane i innerteltet og plasserar brennar i midt når vi skal vere sosiale. Særdeles hyggeleg med litt ok temp. til kveldspraten. Eg er i stand til å leve særdeles spartansk på bensinen om det er påkravd, uten noko form for kosefyring eller tøytørk, berre med bensin til smelting av vatn, men kan også glatt finne på å pakke med halvanna liter bensin per dag for å velte meg i luksus og tørk, om det er høve til det. Som regel vert det ein mellomting, med rasjonelle dagsrasjonar bensin og litt ekstra dersom det skulle bli pisseblautt (har sitti på Hardangervidda i februar under så blaute tilhøve at det har "regna" i innerteltet) eller om det skulle bli veldig vekslande vêrtilhøve. På bre med mykje luftfuktigheit kan det også vere digg å ha moglegheita til å tørke skikkeleg godt opp ein gong i ny og ne.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.