-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Bur her og vil slå eit slag for ein del andre toppar. Veit ikkje kva dugleik de har så nokre stikkord i parentes. Ymse fjell som gir ulik og variert utsikt: Jakta. Råna (lenger tur, FLOTT utsikt). Kårdalstindane. Hellefjellet. Kolåstind om de har litt brekompetanse. Romedalstind. Levandehornet. Vassdalstind (mogleg noko snø att i renna). Kjerringa (truleg behov for brodder over eit snøfelt. Klyving på slutten). Åvasstinden. Solnedgang på Klovetind. Litledalshornet. Av dei du nemner innleiingsvis: Jønshornet eller Skårasalen.
-
Helikopteret tok seg opp i ein kort operasjon mellom tordenbygene.
-
Er eit ganske stort globalt problem, og eit større problem her til lands enn vi kanskje tenker over ja. Her ei sak frå 2016, i storformat. Denne var eit heitt tema når eg tok oppsynsstudium ved NORD universitet i Steinkjer. https://www.nrk.no/trondelag/xl/eggroverne-1.12933735
-
Trur det er mange som har den samme opplevinga. Eg kjenner i alle fall ein del folk som har stor skiglede på fjellski. Har ei to venniner som kjøpte seg Nansen for nokre år sidan. Den eine med 75 binding som ho brukar saman med sine gamle Varg Morgedal. Når ho fer i skitrekket er det no dei ho tek, i staden for dei nye teleskia med plaststøvlar. Ho meinar det gir meir skiglede. Den andre har vore aktiv alpinist, kjører mykje på ski heile tida. Kjøpte seg Nansen fordi vi skulle på ein lengre tur med pulk saman. Etter første tur på Storebjørn med påfølgande moro nedover Leirbrean på fin styresnø fekk eg melding "FOR ei skiglede. Har ikkje hatt det så moro på mange år". Då var det veldig godt føre, og ho er ein dyktig skiløper, men lell. Kjekt at det er andre ting enn vannski og plaststøvlar langt oppetter leggen som kan gi slik skiglede
- 18 svar
-
- 1
-
-
På godt føre er det flott. Eg synes det er vanskeleg om det er varierande/dårleg føre, mykje pga et kne som ikkje er heilt ok. Då blir det ,mykje sikksakk og eg har blitt ei redig pyse. Det samme kneet gjorde dog at eg nokre sesongar tilbake ved dugnad/vakt i det lokale skianlegget stort sett hadde med fjellski (nansen med BC og Crispi Stetind), og kjørte på desse. Då "oppdaga" eg også moroa med å kjøre skikkelege paralellsvingar på fjellski, og kjørte både utforløypa og andre bakkar godt, til glede og forskrekkelse for mine medvakter. Der var det dog ofte gode preppa løyper som eg kjende godt, og eg må seie eg ikkje alltid synes det er lett å ta med seg dette ut i fjellet. Kanskje ikkje fordi det eigentleg er så vanskeleg, men fordi eg er redd for kne og igrunnen har blitt ei stor pyse på ski.
-
Kan eg få lov å spørje om det er førstegangshund? Veit eg no ikkje svarar på spm ditt, men forstår i alle fall at du ikkje har hatt polarhund før, men har du hatt annan type hund evt brukshund?
-
Eg tenkjer at det er fint om folk erfarer at det funke for dei. Så er det faktisk slik at folk også har erfart at det ikkje funkar for dei. For min del gjorde ising og vind sitt. Når luftfuktigheit på bre, kulde og vind slår seg saman, så isar det meste. Då synes eg det vert vanskeleg. Med andre ord, folk har ulike erfaringar
-
+1. Tek alltid på meir isolasjon på rumpe/lår om eg er i kald i posen (varmeskjørt). Flate vs volum er truleg relevant faktor, og kan også vere ei forklaring på kvifor mange kvinner frys lettare enn mange menn; større flate relativt til muskelvolum. At kroppen dersom nedkjølt trekkjer blodet inn til "sentrale" delar er vel så vidt meg bekjent eit faktum. Og kroppen kan vere lett nedkjølt uten at ein frys, og ein kan "fryse" utan å vere nedkjølt. (derav diskusjonen om ein skal tisse for å ikkje fryseeller om ein må tisse fordi ein er på veg å bli nedkjølt). Så mange faktorar som spelar inn her, utover isolasjonsmengde.
-
Eg får heller ikkje GPS med touchskjerm til å funke for meg når det er skikkeleg kaldt og eg må behalde ull-og vindvottar på. Faktisk har eg stått i forbannelse og prøvd bruke nasen som trykkert, langt innom hette-og pelskant. Måteleg suksess 😳 Har elles ein eldre etrex som funkar fint dei få gongane eg har behov. Lånte ein garmin csx60 ein gong eg skulle i eit område uten kart, og hadde behov for å kunne ta ut kurs for overføring til kompass. Den var herleg batterigjerrig.
-
Veivalg Finse - Simadalen på fjellski
Tessatroll svarte på Mikael Angel Oh sitt emne i Fjellvandring
Fint å gå nord om jøkulen, via ramnaberg og over Luranuten. Ville hatt breutstyr over "stovegolvet" dog. Vurdere å gå til rembesdalseter i staden? Elles usikker på koss det er å ta seg ned frå Jøkulen via tresnuten, gpr kanskje utan breutstyr? Kjem vel an på snøforholda.- 2 svar
-
- 1
-
-
Eg tenkjer det er opp til deg å halde karantenereglane Så over til spørsmålet ditt: det er særs sannsynleg at det er skiføre, mindre sannsynleg med fotføre. Kor mykje du må gå til fots avheng av temperaturar og ver utetter Mai. Nokre år kan ein nesten gå frå vegen i juni, andre år må ein godt oppi lia. Det beste er å fylje med utviklinga på ymse webcamera. Om du har instagram kan det vere fint å prøve finne "nyaste" Innlegg med staden eller fjell som hashtag.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Har ikkje alfa-føter. Crispi kan eg labbe rett på tur med, har både Stetind og Svalbard.
-
Alt kan skje på Hardangervidda. Utstyrsrapport for 15 dager.
Tessatroll svarte på hundepatruljen sitt emne i Turrapporter
Stor kjele er no ganske mykje brukt, så vidt eg har observert Eg fyrer også opp snøkjelen fyst-best når eg finn leirplass, og let han jobbe på medan eg etablerar leir, på dei turane og dei dagane det er føremålstenleg. Kva rutinar ein praktiserer avheng no av type tur, utstyr medbrakt, vanar og rutinar til turmakker, ver, humør etc etc- 8 svar
-
- 1
-
-
Ønsker gode råd/erfaringer med rase eller blandings rase
Tessatroll svarte på linda_nor sitt emne i Hunder
Tenkjer vi prøvar å halde fram i denne tråden med saklege innlegg som ikkje går på person eller kan lesast som nedlatande. Moderator. -
Eg vil tru det er meininga der skal vere vanlege fester i tillegg? Det vil i alle fall gi teltet eit langt betre utgangspunkt som heilårstelt, og betre eigenskapar på kombinasjonsturar. Å ikkje ha vanlege fester framstår for meg som snodig, uansett om tanken hovudsakleg er vinter. Eg kan komme på mange typiske vinterturar som startar og/eller endar med barmark/lite snø.
-
Flott turrapport, takk! Skikkeleg god lesnad Og ja, dei variasjonane innanfor høgdekurvene nedover mot Haukeli er skumle! Har eit syn for mitt indre auge av mi bestevennine som i sjøstjerneformasjon fyk utfor ein skavel der, med dreadsa samla i ein ananas rett til vers, og armar og bein ut til sides. Ein slags svorsk, blond variant av Solan. Landinga føregjekk utanfor strålen av hovudlykta mi, og eg vart nokså stressa ei stund. Gjekk heldigvis berre godt, den gongen og.
- 15 svar
-
- 1
-
-
Eg nyttar 35 mm nylon, kappa korte. Eg har også kjøpt dei nye mix-fellane, då eg har vore særs nøgd med eit par mix langfellar frå Silvretta (god glid og god slitestyrke) men opplever nok at desse ikkje når heilt opp til Silvrettan på glid. Dog betre glid enn nylon. Kunne ønske meg at mix-fellane kom i en smalare variant. Mohair har eg ikkje kjøpt, då eg går på smurning når det er mohairføre, men dersom du ikkje smører eller av andre årsaker føretrekk fellar så er nok ein smal mohairfell fint.
- 10 svar
-
- 1
-
-
4 nye flexar til BC-binding. Forstår det ikkje heilt, men eg forbrukar dei omlag som tyggegummi.
-
Tørr ull til natta. Dette vert nedprioritert når vekt er vesentleg. Fotposar, kortstokk, ei fysisk bok og batteribank er også forbeholdt turane der vekt ikkje er avgjerdande. Skikkeleg/fersk middagsmat er det som ryk sist i jakta på lett oppakning, men er det viktig nok så ryk den au.
-
Korleis og kvar bygge levegg (om i det heile) endrar seg sjølvsagt med tilhøva. Helling på bakke og terreng kan til dømes vere variablar. Eg tenkjer at ein likevel kan trekke nokre grove, overordna slutningar ut frå erfaringane som kjem fram i tråden her.
- 39 svar
-
- 1
-
-
Sjeldan eg bygger vegg, då skal det vere nokså full pupp. Dersom eg bygger, bygger eg med to veggar, ein låg og høg. Legg ved to bileter. Eit med to veggar, eit med ein. Snø og vind jevnt frå ei retning. Du ser godt kvar "hovudtyngda" av fokksnøen har lagt seg. Vi slapp unna med latskapen på biletet med ein vegg fordi vi bygde han langt nok unna teltet. Elles er bileta dårlege for å illustrere høgde osv fordi murane er tilslipt og nedføyka ila natta.
- 39 svar
-
- 7
-
-
-
Tips og triks, ukestur vinter?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg har teke nedstigninga frå Mannevatn til Haukeli i mørket ein gong, og støttar deg på denne. Terrenget er kupert med ein del variasjonar mellom høgdekurvene som ikkje nødvendigvis går klart fram frå kartet, knollar og skavlar som ein skal snirkle seg mellom. Ikkje skrekkeleg hyggeleg åleine og utan sikt.- 100 svar
-
- 1
-
-
Tips og triks, ukestur vinter?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Tenkjer at vi hadde middelvind gjennom dagen på mellom 16 - 20 m/s (tiltakande utover dagen og avtakande utover kvelden). Kasta anar eg ikkje. Målaren på Finsevatn tenkjer eg var lite å rette seg etter ift å få data på tilhøva på midtnutevatn, som det ofte er i slik type terreng. Både vanskeleg å spå tilhøve og vanskeleg å trekke heilt nøyaktige data ut av målestasjonar ibslikt terreng, med mindre du er tett ved. Vi gjekk nokre km men det vart berre bal med dårleg/inga sikt og kasta inn håndkleet på eit tidspunkt der, fekk opp teltet. Passerte ein gjeng som styra med nokre kitar tidlegare på dagen. Tenkte på dei når me fekk opp teltet. Skjønte teikninga når me haurde scooterduren når veret avtok. https://www.nrk.no/vestland/fekk-seg-ein-laerepenge-i-fjellet-da-heile-familien-matte-bergast-1.14436025 Anyways. Håper du får betre tilhøve og litt solskinn på nasen i det vidare Elles er det no greit å minne oss sjølve på at vervarsel og verrapport er gode hjelpemiddel og referansar, på linje med godt utstyr. Men eiga evne til å vurdere situasjonar, puste med magen, og ta rett avgjerd til rett tid, er no likevel dei aller viktigste komponentane i eins tryggleikskjede. Og du har no verkeleg praktisert deg sjølv som viktigste ledd i kjeden no, slik eg les. Elles er det litt ulikt kas effekt det er å sette opp telt bak bygninger, kan skape turbulens det au. Eg ville kanskje funne meg ei vid flate, og sett opp ein levegg omlag 3 gonger så langt frå teltet som høgda på teltet (måtte stege opp på stovegolvet 😂). Så ville eg sett opp ein mindre levegg (60-80 cm) 7-10 m bak den att. Få eit oppfang på snøføyka. MEN, vi andre er der ikkje, vi driv berre sofaheiing, så vanskeleg å vite korleis det er Heia, heia, heia, god tur vidare!- 100 svar
-
- 1
-
-
Tips og triks, ukestur vinter?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Sandhaug sin sjølvbetente del er open for booking no.- 100 svar
-
- 1
-
-
Tips og triks, ukestur vinter?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Vinden i området rundt Jøkulen er ofte "overalt" når det er rufs, og vanskeleg å ta vindvarselet til etterretning. Det går no greit, men det gir som @Sig Manseier ikkje den store turgleda å ligge å koke kaffe og stramme bardunar over fleire dagar. Har lagt i området rundt Jøkulen i passe rokk sjølv, redningsaksjon under 1 km frå oss sist vi låg, hørte scooterane når det løya. Hadde vind frå alle kantar, og ovanfrå og nedanfrå. Men fekk nok ein gong stadfesta at tunelltelt toler langt meir sidevind enn ein skulle tru ut frå enkelte trådar. Elles kan det kanskje vere like greit å gå til Haugastøl? Meir lettgått og greit å komme seg ut?- 100 svar
-
- 1
-