Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 673
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Forstår eg deg rett: du er usikker på om uttak av predatorar har verknad på bestandar?
  2. Spesifikt kva er det du er usikker på om det er rett?
  3. Ikkje erfaring med modellen men andre fischer fjellski. Det eg kan seie om dei er at dei har vore kjent for hakket betre kvalitet på solen, noko eg synes verkar å stemme. Om dette held seg oppe på dagens modellar veit eg dog ikkje.
  4. Eg er hverken samd eller usamd med deg, så det er sagt. Eg berre presiserar at den er nær truga, ikkje truga, og at det med denne arten som med andre er vanskeleg å trekke bastante slutningar, då det er så mange faktorar i samvirke. Meir forskningmidlar vil vi ha, hurra!
  5. Sist eg sjekka var hare lista som NT, altså nær truga (ikkje truga), på grunn av ein nedgang siste 10-15 år. Så er det med denne som med mange andre artar vanskeleg å vite nøyaktig kva som årsakar det, truleg fleire faktorar, mellom anna ser ein på nedgang i jaktutbytte. Og det er'kje godt å vite om ein har nedgang i jaktutbytte fordi det er mindre hare eller om det er fordi det er mindre harejeger. Men i raudlista omtalar ein det ein meinar er grunnlag for å anta at jaktutbytte har gått ned grunna nedgang i bestand.
  6. Har både Amundsen, Nansen og Finnmark (Gamme uten stålkant). Syns Finnmark/Gamme er eit fint kompromiss til det du skisserer, den fell litt raskare gjennom enn Nansen i djup snø men gir meir att for tråkket bortover. Meir leiken og styrbar enn Amundsen om ein skulle råke utfor litt moroterreng med fin snø. Det sagt er alle tre gode ski, og det er lite truleg ein blir skikkeleg misfornøgd med nokon av dei, men ville kanskje ikkje valgt Amundsen til topptur med ambisjon om å sette telesvingar. Om eg skulle hatt berre eit par ski fjellski trur eg det ville vore Gamme, med BC dersom ikkje plan om topptur, med 75 mm dersom plan om topptur.
  7. Spennande problemstilling. Sjølv veit eg av grunneigarar som fortviler over dette, med bakgrunn i vanskeligare tilhøve for hjorteforvaltning. Dette i eit område der det tidvis har vore utfordrande å få skutt ut dyr i henhold til bestandsplan. Når ferdselen aukar, i til dømes eit område som tidlegare har vore ein god stad for å få opp avskytingstal, risikerar ein å presse dyra, og så blir dei ståande slik at det vert praktisk vanskeligare å få teke dei ut. Med tanke på at auken i hjortestammen i ein del områder vert problematisk, kan eg forstå grunneigarane som skulle ønske "trimboka" dit peppern gror. På same tid er allemannsretten viktig og må hegnast om. Eg meinar dog likevel at vi kjem lengt om ulike interessegrupper tek omsyn til kvarandre. Det vil seie at eg tenkjer det er lov å la vere å springe rundt på alle ryggar i fjellet i dei mest sentrale områder for villreinjakt når ein veit jakta pågår (føresett at ein veit det). Det er også lov å plassere turboka ein annan stad dersom ein mottek kunnskap som fortel at ein skaper vanskar for andre, til dømes gjer det vanskeleg å få opp avskyting på hjort. Å ferdast med fornuft og omsyn tenkjer eg kan bidra til at allemannsretten får stå, også i ei framtid der presset på slikt areal truleg vert endå større enn i dag.
  8. Arcteryx Beta, Theta eller Alpha. Har hatt. Tilaq? Har ikkje sjølv, men venner har. Skryt. Rab sine kraftigere salopetter. Har hatt, dritbra, mogleg ute av prod. Med eVentmembran. Bergans sine 3L med den minst fancy membranen (ikkje element eller stretchgreier).
  9. Har nytta løysing brett og sekk ved fleire høver, brillefint.
  10. Deerhunter får du i brun Elles har no Norrøna lang og vanntett anorakk men til prisen av mange (tur)- dagar uløna permisjon frå jobb 🙄
  11. Deerhunter? Swedteam?
  12. Tilak og Ravnø er vel også namn å nemne når ein snakkar Ventile.
  13. Med andre ord treng du en MSR XGK. Ja, den ER dønn solid. Og skulle den ikkje funke optimalt funkar den likevel. Og er enkel å fikse på i felt. Lyden gjer at du nesten kan diagnostisere berre utfrå den, og eg opplever den som den bensinbrennaren det er enklast å få ei kontrollert forvarming på med bensin. Den har eit klart og tydeleg "språk" (bråk).
  14. Sjølvsagt! Daua litt av meg sjølv no, anten var det morgontåka som gjorde seg gjeldande eller så er det den nyvunne statusen som menneske i 40-åra 🙄
  15. Tegsnas (med tødlar over a som eg ikkje får til med tlf 🤣).
  16. Har brukt Nallo 2 og 3 med enkle underlag. 2'ern funka fordi eg har str M underlag. To LW ser eg føre meg funker dårlig ja. Svaret då må vel kanskje vere å ligge anføttes, med underlag som smalnar i fotenden. Eller kjøpe større telt, om ein må ha LW 🤷‍♀️😆
  17. Kjem an på kor intim ein ynskjer å vere med teltmakker'n, men om de er av den nærgåande sorten (partnerar i ein eller annan variant) kan de no vurdere eit duo-underlag?
  18. Det er ein del jegerar her inne, men generelt trur eg du får betre respons om du forsøker kammeret.no. 😀
  19. Eg tenker du treng meir proteinar. Nøtter? Tørka kjøtt?
  20. Med stavar går det greit. Stort sett ok stiar som gjer det greit å avstemme steglengde og dybde.
  21. Bur her og vil slå eit slag for ein del andre toppar. Veit ikkje kva dugleik de har så nokre stikkord i parentes. Ymse fjell som gir ulik og variert utsikt: Jakta. Råna (lenger tur, FLOTT utsikt). Kårdalstindane. Hellefjellet. Kolåstind om de har litt brekompetanse. Romedalstind. Levandehornet. Vassdalstind (mogleg noko snø att i renna). Kjerringa (truleg behov for brodder over eit snøfelt. Klyving på slutten). Åvasstinden. Solnedgang på Klovetind. Litledalshornet. Av dei du nemner innleiingsvis: Jønshornet eller Skårasalen.
  22. Helikopteret tok seg opp i ein kort operasjon mellom tordenbygene.
  23. Er eit ganske stort globalt problem, og eit større problem her til lands enn vi kanskje tenker over ja. Her ei sak frå 2016, i storformat. Denne var eit heitt tema når eg tok oppsynsstudium ved NORD universitet i Steinkjer. https://www.nrk.no/trondelag/xl/eggroverne-1.12933735
  24. Trur det er mange som har den samme opplevinga. Eg kjenner i alle fall ein del folk som har stor skiglede på fjellski. Har ei to venniner som kjøpte seg Nansen for nokre år sidan. Den eine med 75 binding som ho brukar saman med sine gamle Varg Morgedal. Når ho fer i skitrekket er det no dei ho tek, i staden for dei nye teleskia med plaststøvlar. Ho meinar det gir meir skiglede. Den andre har vore aktiv alpinist, kjører mykje på ski heile tida. Kjøpte seg Nansen fordi vi skulle på ein lengre tur med pulk saman. Etter første tur på Storebjørn med påfølgande moro nedover Leirbrean på fin styresnø fekk eg melding "FOR ei skiglede. Har ikkje hatt det så moro på mange år". Då var det veldig godt føre, og ho er ein dyktig skiløper, men lell. Kjekt at det er andre ting enn vannski og plaststøvlar langt oppetter leggen som kan gi slik skiglede
  25. På godt føre er det flott. Eg synes det er vanskeleg om det er varierande/dårleg føre, mykje pga et kne som ikkje er heilt ok. Då blir det ,mykje sikksakk og eg har blitt ei redig pyse. Det samme kneet gjorde dog at eg nokre sesongar tilbake ved dugnad/vakt i det lokale skianlegget stort sett hadde med fjellski (nansen med BC og Crispi Stetind), og kjørte på desse. Då "oppdaga" eg også moroa med å kjøre skikkelege paralellsvingar på fjellski, og kjørte både utforløypa og andre bakkar godt, til glede og forskrekkelse for mine medvakter. Der var det dog ofte gode preppa løyper som eg kjende godt, og eg må seie eg ikkje alltid synes det er lett å ta med seg dette ut i fjellet. Kanskje ikkje fordi det eigentleg er så vanskeleg, men fordi eg er redd for kne og igrunnen har blitt ei stor pyse på ski.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.