-
Innlegg
3 671 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
69
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Crispi kjem også med sko til xplore.
-
Halite Overbag - eneste reelle alternativ om vinteren?
Tessatroll svarte på jevne sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Detta hadde eg ikkje stressa med, går fint utan tenker eg. Men dersom du skal kjøpe noko for å skåne, så treng det ikkje vere Halite nei. Eg har i mange år brukt en billig, tynn og lett syntetpose frå Helsport som del av to-pose system.- 5 svar
-
- 1
-
-
Dobbelt stang sett, ulike stenger.
Tessatroll svarte på Kristoffer Sandnes sitt emne i Telt og lavvo
Vil tru det går heilt greit? Gode telt toler jo enormt mykje sjølv med enkle stangsett. Har nytta dobbelt stangsett ein gong, det var på Grønland under i tidenes "møkkaværssesong" (iflg backoffice). Då hadde me doble stenger i den buen som stod lengst vekk frå lemur, enkle i resten. Eg opplever generelt at det er andre tiltak som er vel så viktige dersom det er veldig heftig, og det er å grave ned tomta litt før oppsett (dersom det er mogleg å få til) eller evt å surre teltet ned med noko ekstra tau. Så skal det seiast at eg har hatt nokre runder med bøygde stenger etter skiftande vindar og overraskande vêr, men nesten så eg føretrekk at teltet lever litt med vinden enn å ha veldig rigide stenger. Dette er dog berre mine erfaringar og preferansar, her er det like mange delte meiningar som det er om stormmatter på telt Tillegg: Innbiller meg at doble stenger kjem best til sin rett i middels drittver? Er det skikkeleg ille må ein til med andre tiltak. Middels ille så bidreg det til roligare telt og mindre bråk.- 9 svar
-
- 2
-
-
Eg tenkjer at valet som regel står mellom bensin og parafin? Diesel gir meir vedlikehald og er igrunnen eit "krisebrennstoff" som har sin eine fordel med å gi fleire alternativ på reise der ein har vanskar med tilgang til drivstoff.
-
Mjau, superenkel forskning viser at ein får dei på seg både i tett og glissen skog. Men ein markant auke i tett skog sjølvsagt. Ja det vet mindre fugl, og også kanskje noko tvilsame takseringsresultat om dei skal få bestemme. Så er berre å gi beng og gjere jobben. Men at ein kan lære seg å leve med, er ikkje det same som at eg på noko tidspunkt kjem til å synes dei er trivelige 😬
- 62 svar
-
- 1
-
-
Tett bekledning, bøttehatt og netting. Rist godt før du sett deg i bil
-
Var der i området også og takserte førre veke. Var vesentleg mindre enn i Hobøl, men det er ein del variasjonar ift mikroklima og au... I Hobøl var det leveleg på høgareliggande formasjonar med litt vind og tørt underlag, ein og annan på nakken som du kunne plukke og skvise. Men når eg kom ned i sumpskogen derimot... Eg skal tole fleire runder, men eg har lært noko i høve bekledning.
- 62 svar
-
- 1
-
-
Straumshornet, Stokkehornet, Fingeren, Grøtdalstindane, Lisjetinden, Matøskja, Slogen, Hellefjellet (undervurdert), Råna (blandt Sunnmøres topp 3 utsikter?), Kjerringa, Vassdalstinden, runde frå Tverrfjellet/Hestefjellet i Liadalsdalen osv osv osv. Desse har ulik grad av eksponering, men stort sett mindre nedslitt vegatsjon, som gjer at ein opplever å fote seg tryggare enn på "nipå". Kanskje med unntak av Vassdalstinden, der kan det vere noko tørt og rullegrus. Ein av mine favorittar for kveldstur er Kjerringa frå Mosetra og via Ljosadalen. Så ein har å velje mellom. God tur
- 4 svar
-
- 2
-
-
Ein ting er når det er nokre få.... Men takserte skogsfugl i Hobøl tidlegare i veka, å fyttigrisen å helv....for nokre mengder! Eg plukka og plukka ut av håret og i nakken. Når eg kom heim valde eg å gi beng i alle konvensjonar om nakenheit og kle av meg til trusa på tråppa utforbi blokka eg har for tida har hybel i. Alle kle på vranga og dengt omhyggeleg. Ein runde lusekam eg hadde liggande etter den gongen ein hadde ungar som kunne få slikt i skulen. Omhyggeleg dusj og skrubb. Likevel fann eg eit par jævlar i senga dagen etter 🤮 samt ein i jakka og eit par i holder for feltskjema. For ein sunnmøring som ikkje er van med driten, og som skal prøve bli like glad i skogen som i fjellet, var dette eit aldri så lite setback 🙉😂👹
- 62 svar
-
- 5
-
-
-
-
Tips til tresesongs fiberpose til barn (voksenmodell)
Tessatroll svarte på Mærtha sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Mammut har nokre kompakt-posar i syntet som kjem i mange ulike lengder. Eg nytta dei i overgangen juniorpose/voksen. -
Frank Løke; tidenes dårligste forbilde?
Tessatroll svarte på Haakon sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Men kvar går grensa for akseptabel risiko? Eg berre spør. Dersom bestemora mi skulle fått bestemme, hadde eg til dømes ikkje kunne reist på skitur med telt på vinteren, nokon stad. Eg sjølv synes at det mest skumle eg nokon gong har gjort var dagleg pendling i 10 år utover frå inste fjord mot havet. Over 2 mindre fjellovergongar, på vinteren stort sett slapsete og sleipe. Daglege episodar vinterstid med storbilar med austeuropeiske skilt som står i alle retningar i bakkane. 2 gongar har eg tenkt att no ryk eg. Båe gonger har eg ringt politiet pga uvett hjå den andre sjåfør. Er det akseptabel risk med omsyn til familie? Jobb må ein ha, og eg var veldig glad i jobben min. Men skulle tross alt heim å lage middag til 2 kids. Altså, ein lyt ta utgangspunkt i at folk vurderar sin risk sjølv, og har snakka med familie om dette. Ein lyt også ta utgangspunkt i at folk har gått ein runde med seg sjølv i høve eigen risikoaksept opp mot trivsel og helse. No er eg klar over at K2 har noko meir risiko enn veldig mykje av det vi driv med i dagleglivet, men spørsmåla meinar eg uansett er relevante, og prinsippa dei same.- 43 svar
-
- 1
-
-
Større brennarhaud/brennar som sprer betre. Synes Primus Gravity er av dei betre til nettopp det.
- 28 svar
-
- 1
-
-
Tips til ryggsekk for 10-åring?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Har hatt Deuter Fox 30 og 40 til tre born, funka fjell. Solide og i følgje kidsa god komfort. Dei 3 kidsa har hatt veldig ulik bygning, men den har høvd dei likevel.- 13 svar
-
- 1
-
-
Frank Løke; tidenes dårligste forbilde?
Tessatroll svarte på Haakon sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Kjenner ikkje til fyren, men tenkjer at kvar einskild person som ynskjer klatre høge fjell må kunne tilkjennegis mynde og kompetanse i eige liv, til sjølv å trekke grensa for risikovilje. Det er altså begrensa kor mykje påverknadskraft eg vil tillegge fyren, og det er grenser for kor teite eg vil tillegge andre mennesker å vere. Risikoviljen hjå folk er ulik, vi må kvar av oss stå inne for våre eigne val. Så skal vi ta innover oss om me utsett andre for risiko sjølvsagt, men det gjer me no stort sett på dagleg basis alle sammen, med vårt liv og laden i det moderne samfunn. Så dette er i bunn og grunn berre ein diskusjon som botnar i at ein trekkjer grensa ulike stader. For meg borgar ikkje det for så krasse karakteristikkar som TS deler ut.- 43 svar
-
- 1
-
-
Dei to siste vil i alle fall gi deg ein bra pose. Første har eg lite kjennskap til. Eg må også berre seie at dersom ein les litt for lenge her inne når ein er i villrede og skal handle, kan ein fort verte i meir villrede 🙉 sjølv om det er kjekt å kunne gjere informerte val, så er det ikkje avansert kvantefysikk (sjølv om ein innimellom skulle tru det 😂). Bestem deg for kva comforttemp du treng, storleik, kva slitestyrke du vil ha og kor mykje du er villig til å betale for gram som ikkje finnast. Heng alle alternativ på veggen, lat att augene, snurr rundt og fest halen på grisen 🤷♀️ Ikkje vondt meint altså, litt meir meint som ein liten puff til å ikkje verte fullstendig avgjerdslamma over doktorgraden som skal avleggast i val av pose 😳😆
- 17 svar
-
- 2
-
-
-
Varmeflaske og godt liggeunderlag. Det siste er minst like viktig som posen. Så eg ville gått for det rimeligste av alternativa dine, og så kjøpt meg eit godt isolert liggeunderlag. Legg bamsen på toppen.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Mange fine moglegheiter, eg kjenner ondre delar best. Eit forslag er Skorgedalen frå Vartdalssida. Fine fiskevatn og mange moglegheiter for å vandre dal og overgangsturar Liadal/Skorgeura/Ørstamunnen/Leitet/Risaskaret osv. Parkering ovanfor Busetsætra.
-
Fottur Rondvassbu via Langglupdalen til Bjørnhollia
Tessatroll svarte på Marie-S sitt emne i Fjellvandring
Veslesmeden heilt ok med born. 22 km er ein voksen etappe for ein tiåring. Å ta båten vil spare dykk for omlag 5 km om eg hugsar rett, og litt høgdemeter. Marsjtempo varierar no veldig frå person til person, kor tung sekk ein har samt terreng. Men tek du utgangspunkt i eit hyggeleg tempo for dei fleste, moderat sekk på 10-åringen og middels terreng er det greit å rekna eit snitt på 3 km/t. Altså omlag 6 t marsj i tillegg til båttur. Så kjem evt lenger pause osv i tillegg. Å berekne tid for andre er vanskeleg. Det beste er å nytte kart godt i forkant, og å gjere seg litt erfaringar på eiga hand i høve terreng, høgdemeter, oppakning osv. -
Kva del av Sunnmøre? Her er no veldig mange flotte overgangsturar og dalar å gå.
-
Regnjakke eller kraftig skalljakke funkar betre under slike tilhøve. Mange skalljakker i dag er av den lette og mjuke sorten. Heilt ok som nødløysing under rette tilhøva, eller med nok kle under. Ved grisete forhold vil dei dog som regel klistre seg inn til kroppen som eit skinn i staden for å danne eit skall. Ofte då med påfylgjande sakte nedkjøling utanfrå og dårlegare prestasjona frå membran (litt alt etter type membran). Då er det betre å bli klam men halde varmen nokolunde gjennom dagen, og skifte til tørr trøye med det same ein stoggar. Denne fobien mot å bli klam har eg aldri forstått, når forholda tilseier at blaut er alternativet. At ein er klam betyr som regel at kroppsfukt ikkje fordampar, og slik kjøler mindre. Av alle tilhøve synes eg 2 grader og sidelengs nedbør er det vanskeligste å kle seg for ift til nedkjøling.
- 42 svar
-
- 2
-
-
Har ikkje vore innover i fjordane siste vekene og sett, men det er framleis bra skiføre i høgda her i regionen, så snø må du rekne med å møte. Generelt mykje snø i fjella framleis, spesielt i vestlege strok. Det er også meldt sludd i høgda komande veke. Snøgrensa varierar, men tippar pluss minus 1000 høgdemeter.
-
Har ikkje nytta telt like heftig trur eg, men noko har det blitt. Eg har mellom anna pendla i mange år. Har ungar med delt heim. Når ungane var yngre brukte eg bu ein del i telt på den øya eg jobba, når dei var hjå far. Hadde dusj i bygget som kontoret mitt låg i, når det var behov for slikt. Elles har eg budd i telt når eg har teke samlingsbaserte deltidsstudiar ved sidan av jobb. Då var det dog mest praktisk å bu i "nærskogen" til campus. Dette då vi hadde lange dagar og eg trengte internett til kveldsarbeidet (både skulearbeidet og det eg skulle følgje opp på jobb heime). Dette var før "uendelege datamengder" var ei sjølvfølgje, og det var verre å kople pc'en opp mot mobilt nettverk. Eg flytta difor camp nærare og nærare, og enda til slutt bak rosebuskene på campus i eit lite Hilleberg Niak. Funka igrunnen veldig bra. Ser stort sett ikkje mørkt på å bu i telt i noko høve. Praktisk og greit.
- 13 svar
-
- 3
-
-
- friluftsliv
- klima
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Sluttrapport frå Jakt i Lierne prosjektet. Er no interessant å ha med seg. Og ikkje minst sjå korleis det tek form i det vidare. https://jaktilierne.no/2021/01/sluttrapport-fra-jakt-i-lierne-prosjektet-2014-2019/- 44 svar
-
- 1
-
-
Dette er ein veldig fin variant. Stadvis bratt men ein veldig fin tur. Lurt å gå litt seint på sesongen.
-
Liggeunderlag for oss med litt ekstra
Tessatroll svarte på Naturen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
....og så synes eg rett og slett det er meir komfortabelt- 22 svar
-
- 2
-