Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. https://madshus.com/no-no/p/panorama-T55-intelligrip-transition-skis-2023 Alltids kjekt når fleire leverandørar kjører på med gode konsept, som kortfellesystem jo er Funkar det bra kan det forhåpentleg utfordre Åsnes og Fischer litt? Madhus produserar jo også ein del modellar i Norge...får eg kjøpe norskproduserte ski med kortfellesystem som funkar, så er det eit brennheitt alternativ når utslitte fjellski skal byttast ut/degraderast til grusski.
  2. Tidlegare stoff og stil, trur dei no heiter Self made eller noko slikt, har både microfleece og polar fleece.
  3. 170 meinar eg ikkje blir for langt. Eg er 166 og har fjellski på 185 cm, 187 cm og 190 cm. Altså frå 19-25 cm lenger enn meg. Tabellen til Åsnes oppgir anna Finnmark i 170 som høveleg for ein person opptil 60 kg og mellom 150-160 cm høg. For korte ski er ikkje noko særleg, det kan fort oppleves litt vinglete i unnarenn.
  4. Det kjem litt an på type ski, oppakning osv., og ikkje minst skidugleikar. Men eg vil tru at 170-175 kan høve deg? Kjem litt an på kor mjuk den er. Sidan du er ganske lett kan det vere greit å styre unna dei stivaste modellane. Har du sett på Åsnes sine sider? Dei har nokre rettleiande tabellar med utgangspunkt i vekt og høgde.
  5. Har eit par stavar frå Åsnes (gammel modell expedition/polar) som har fått så mange hundre kilometer og juling at det er underleg dei framleis heng saman. Dei har vore langt og lenger, på alt slags føre, panser, sastrugi, pudder, you name it. Eg har skifta ei trinse, og det var bikkja mi som greidde å få til (i tillegg rauk ei skalljakke frå Arcteryx og eit par klatresko.....den bikkja var dyr ). Teleskopfunksjonen svikta på den eine, men det var den gamle "skrutypen", ikkje flip lock som dei har no (og som er mykje betre). Når det skjedde sett eg i skruar så dei fekk fixed length, og dei har jaggu fått nokre hundre km etter det også, i tillegg til mange kveldar med dekktrekk i grus og på asfalt. Stikk motsett erfaring som @vatn med andre ord. Men ein kan no vere uheldig med eit par sjølvsagt. Eg kjem uansett til å plukke med meg eit par når eg ramlar over ein fin pris, eg likar dei så godt, og det er langt mellom dei verkeleg gode stavane. Her har Åsnes og Leki sine med puddertrinser vore gjengangarar, alt etter kva eg ramlar over.
  6. Lange ski kan vere utfordrende i utforkjøringer, men korte ski kan også oppleves mer ustabilt. I tillegg får du dårligere bæreevne. Selv er jeg 166 cm og har fjellski i 185,187 og 190 cm. 165 cm ville aldri falle meg inn. Du er ikke nybegynner på ski, og ikke nybebynner med oppakning for alltid, og for korte ski er ikke godt å gå med i lengden. Jeg tror du vil angre på å kjøpe for korte ski. Har de dem i 180 ville jeg hatt det som minst lengde, men står valget mellom 165 og 175 så ville jeg definitivt sagt 175.
  7. Ah, må vere i det siste. Kjøpte i lær hjå needle sports for nokre år sidan.
  8. Needle sports har i alle fall tidlegare hatt godt utval deler på laust, inkludert pumpelær i lær.
  9. Kan denne vere aktuell? https://www.milrab.no/sko/tursko/hoye/salomon-toundra-pro-cswp-svart/ Eg har ikkje erfaring med den sjølv, då eg anten nyttar vanlege fjellstøvlar i skinn, tekstil goretexstøvlar med tjukk sokk eller veldig "voldsomme" vinterstøvlar med kartank. Har dog fundert på denne, då eg no bur i eit område som krev betre vinterfottøy i det daglege (kaldare enn det eg har budd før).
  10. Ein noko unødvendig kommentar frå Snorre men din eigen kommentar er også å strekke det litt langt. Aktiv deltaking i trådar er pulsen i eit forum. Tips til korleis ein skal leve livet utanom forum er ikkje relevant for tråden. Fint hvis alle partar kan halde seg til å barbere seg, og unngå å skjere av seg haka.
  11. Eg har hatt Tubbs flex VRT, og tenker at til den bruk du skisserer så har du gjort rett val med å kjøpe mountaineer Enjoy!
  12. Eg for min del diggar både ostekakesjokoladen, Delfiakake, kransekake, kransekakemasse og marsipan av høg kvalitet på tur. Soler også komaposane mine med små bitar av lakrisfudge, berre fordi det smakar annleis. Det er deilig med variasjon! Skal ein ha reine kaloriar kan ein no berre ta med selolje eller cocosa å drikke reint. Men smak og måltid er no hyggeleg 😁
  13. Også konge! Julas restar ligg i frysaren og ventar på tur!
  14. Gjeng erfaringsmessig heilt fint.
  15. Delfiakake på tur er heilt supert, har nytta det innimellom på lengre skiturar. Godt og energirikt, og medfører ofte oppstemt turfølgje
  16. På fjellet er Finnmark det beste alternativet etter mitt syn. Både Kongsvold og Breidablikk krev mykje sko for å ha kantkontroll på hardt føre/i bratt sidehelling.
  17. Vel, hittil har eg sett sko frå Alfa, vinterkamuflasje frå Taiga, skallkle frå klattermusen, hestra vottar, selar som er mistenkeleg like selane frå Troll, nalgeneflasker ++ Legg til anorakker frå Warmpeace og ymse OR
  18. Om ein har ei interesse for det arktiske og Grønland? Absolutt. Handlar ikkje hverken om krompen eller Ulvangen. Hadde forøvrig gått bra det au, eg synes me har ein fin kromp, og om han kan bidra til berre litt fokus på følgjene av eit miljø og klima i endring er det fint. Eg likar også godt Ulvangen, han er jaggu godt planta i forhold til mange andre noverande eller tidlegare toppidrettsutøverar. Min konklusjon er at det var eit fint program, om enn Sirius er av ein heilt annan dimensjon. Blir nesten som å samanlikne eple og pære.
  19. Same er mi erfaring/observasjonar.
  20. Eg nytta BC over på eigen tur, og har nytta det på andre langturar. Kunne ikkje falle meg inn å gå over med 75 mm når det finnast andre alternativ. Det er også mange organiserte turar som brukar BC. Det ein imidlertid er litt nøye med er å vere sikker på at utstyret er heilt og ikkje har "skjult" slitasje (så godt sikker som mogleg er).
  21. Har også fått lause bøylar på BC-sko, godt brukt vel og merke. Dei har dog ikkje kome ut.
  22. Langsua er no eit redigt snøhol til vanleg også, så at det er heftig no kan eg tenke meg! On the bright side; med tele i jorda så kan me håpe på ein lang skisesong
  23. Samd med @Lompa. Du kan få mykje ut av eit kurs, gitt at du praktiserer det du lærer. Ta kurs og bygg erfaring med eigne turar med aukande vanskegrad. På kurs er det også sannsynleg å treffe andre med samme ønske, og brått er ein del av ein gjeng som kan dra vekslar på kvarandre.
  24. Eg vil absolutt skryte av Warmpeace, (med samanlikningsgrunnlag...). Det sagt er Warmpeace viking som @snorre skriv ein innstegsmodell. I høve pris står han seg veldig godt samanlikna med mange posar, også dyrare. Det betyr likevel ikkje at den er jamngod med dei dyraste i marknaden, det vil også vere ei noko urettvis samanlikning. Det er også angitt ulik komforttemperatur på dei to posane du lurer på, altså skal helsportposen vere varmare. Dersom du kombinerer viking 1200 med ein anna pose du har, kan du oppnå endå høgare comfort. Men då får du meir å bere, og evt blir det nokså dyrt om du ikkje har ein du kan kombinere med frå før. Men om du har det, er to posar saman ei rimeleg og funksjonell løysing, som mange synes fungerer. Nesten lommebok og ambisjonar som må avgjere, du skal kunne få gode vinternetter med båe løysingar.
  25. Kjem an på føret. Er det hardt, sidebratt og kanskje litt vind vil den truleg velte eindel, i alle fall slik med min Acapulka.. Eg har vore van med parisbrett i mange år, og dette blei ein frustrasjon på første lenger tur med acapulkaen. Difor har eg både taudrag og stivt drag til både Parisbrett og Acapulka. På brettet brukar eg 95% eller meir av tida taudrag. Stivdraget (fjellpulken) blir falda fram/ut dersom det er godt med laussnø og sidebratt. Er det hardt heng det no berre å dingla i taudrag i ein vinkel ned frå kroppen, supert. På acapulkaen blir det litt omvendt. Eg brukar også på den taudrag nesten heile tida, men har stivt på lur om det blir sidebratt og hardt, kanskje med vind i tillegg. Altså, brukar mest taudrag på båe, men det vil vere ulikt kva tid eg dreg vekslar på stivt drag.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.