Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Mi erfaring med Silva expedition er så dårleg så eg skuggar ofte unna det (dei ramla frå kvarandre utan vidare). Det skal seiast at det er nokre år sidan, mogleg dei har utbetra.
  2. Suunto mc-2 er det kompasset som varer lengst her i huset.
  3. Er 166 cm sjølv, og stortrives i Hilleberg Nallo 2 (ikkje GT). Då har eg godt med plass utan at det vert unødvendig mykje innvendig volum ved kalde netter. Eg likar spesielt godt at eg kan sitte i innerrtelt og sjå ut/fram medan eg lagar mat. Enkelt å sette opp. Me har også Niak i hus og ymse anna, men eg er òg forblir mest fan av tunelltelt.
  4. Kjem litt an på om du berre skal skyte ute/på lengre hald eller om du også skal nytte den til innendørstrening til dømes på 15 m bane?
  5. Helgetur i Breheimen for å fiske. Det vart fin og raud fisk, med god storleik. Vi (les: eg) er rævva på fiskefoto, og betre på utsikt. Så det vert utsiktsfoto.
  6. Ein fin fottur på Svalbard er over. Unge hundar har fått testa seg i fly og open hurtiggåande båt, ned bratte sider med lausmasse og ur med kløv på og langs jernbaneskinner så utvaska under at det eigentleg er ein balansekunst. Dei har lært engelsk av turfølgjet vårt frå Australia, og dei har fått lære å ta livet fullstendig med ro uavhengig av kven som går på og av bjørnevakt. Ei fin forlenging av læringa dei fekk under deira første vekestur vinteren som var. Alder teke i betraktning, så overgår båe hundane våre forventingar, og teiknar til å bli fantastiske turhundar. Eg foretrekk dog områder med rein som faktisk er sky når eg har med polarhund med jaktinstinkt. Tidvis krevjande for kne å henge i andre enden av lina. Foto under syner bikkjer, utsikt, og eit par hundeførarar som har slurva med veskeinntaket (særleg synleg ved nitidig zooming).
  7. Denne turen turen kan eg tenke meg å sykle au! Fin rapport
  8. Dagens digresjon, sidan tråden eigentleg har utspelt si rolle akkurat for Sulafjellet. Frå ordbokji 😅 nikkersadel substantiv BETYDNING OG BRUK overført, spøkefullt (økonomisk bedrestilte) (by)mennesker som driver med tradisjonell turgåing og som regel bruker tradisjonelt turutstyr (bl.a. nikkers). Lurer på om denne er litt utdatert og i dag kan endrast til: Økonomisk bedrestilte mennesker som ser ut som dei går på tur, mellom anna gjennom å ta på overprisa nikkers 😆 (Må dog legge til at nikkers eigentleg er eit praktisk plagg, og det er rein forfengelegheit som gjer at eg ikkje brukar det 😳).
  9. Gjekk nett inn på tråden for å dele denna eg også. Dette gledar eit hjarte som fleire gongar har nytt fredelege vinterdagar oppe på denne perla av eit "fjellplatå", med utsikt mot storhavet. Hurraaaaaa 🥳🥳
  10. Eg kjenner langt fleire som er rågod på natur og miljø som du kallar det, og som lever deretter, enn som ikkje gjer det. Og eg kjenner få/ingen som lev slik som du skildrar. Kanskje er eg heldig med miljøet mitt.
  11. Begrensa inngrep? Har du lest det samordna motsegnsbrevet frå statlege og regionale mynde? Har du sett deg inn i anlegget? Det er ingenting som er begrensa med det i mine auger.
  12. Det går 17. mai skitog frå Juvasshytta til Galdhøpiggen. Eg veit at Spiterstulen stengde tidleg i år grunna snømangel i dalføret. Var opp til Juvass for eit par dagar sidan, heile piggmasivet er snødekt. Sjølv om snøgrensa går høgt, så blir det meir trugetur enn fottur. Skal kanskje ein tur opp i helga. Kan då prøve å anslå betre kvar snøgrensa går langs den ruta du ynskjer gå.
  13. Mi erfaring er at Arcteryx har normale storleikar. Alpha SV har plass til litt lag.
  14. Mi erfaring er at til slik bruk skal du ha meir plass enn du trur. Lange dagar gir hovne føter og tung sekk gjer at føtene "sig" utover. I tillegg er det lurt å snøre skoa ved å bruke kameløyrer slik at ein held fotne på plass, men det veit du sikkert frå før.
  15. 1. mai-turen var årets første kløvtur, til Blikufjell i Åmot kommune. Vekas søndagstur gjekk frå Krossbu til Veslbreatinden
  16. Ikkje meg du spør men eg svarar på mine erfaringar. Eg har lone peak og olympus i same storleik. Mogleg olympus er ørlite granne lenger, men forskjellen er ikkje større enn at eg altså kan ha same storleik.
  17. Brukar surefire ørepropper. Ein slags hendig mellomting, der du kan velge to nivå av beskyttelse (heilt tett propp eller semitett?. https://milrab.no/products/surefire-ep3-sonic-defender-svart-4be7d?attributionToken=pAHwowoMCPymzsAGEJuZqb0DEAEaJDY4M2I0ODQwLTAwMDAtMjM1Ny1hYzU5LWY0ZjVlODBhMDY0OCokNzU4NGIzZTctNTlkMy00MDgzLWI2MGEtYTczODBiMjFjMGZiMiyf1rcttreMLcXL8xfUsp0VwvCeFajlqi2c1rcto4CXIpD3sjD36MMwmu7GMDoOZGVmYXVsdF9zZWFyY2hIAVgBaAF6Andh
  18. Med ETA påske for barnebarn nummer tre, og dei to andre framleis så små at dei må ha barnevakt når mor og far dreg på føden, vart det dagsturar og korte overnattingsturar i påska. Alt som innebar god dekning og kjapp utrykning, saman med @Sig Manog @graham. Det vart likevel både fjellski og randoski, tur med og utan bikkjer, slake turar og bratte turar, både til fots men også med isøksa framme. Eit lite biletedryss fylgjer. Floke nyt hytteliv og barflekk i Trøndelag. Ettermiddagstur på Sognefjellet, mot Skogadalsbøen. Slapp oss ikkje ned dit dog. Tur frå vinterparkeringa i Leirdalen og inn til Leirvassbu. Vaffel og kake til bursdagsbarn. Tur vidare inn i Gravdalen. Topptur til Rundhøe i Leirdalen, med påfylgjande telt og bål. Finfin dag på Leirbrean og Sokse. Bere føter i Bjørneskaret i strålande sol. Fottur for variasjon. Snøggtur "Tronoberget rundt" frå Tronoddbrue til Grjotheim. Skitur på Skaihøe. Ikkje nok snø til å ta strake råsa, men framleis mogleg å gå på ski nesten heile vegen frå Liasætre. Ein topp som ikkje gir spektakulær utsikt, men desto viare utsikt. Ein ser Rondane avd. nord og sør. Dovrefjellplatået med Snøhetta, Larstind og Storstygge. Jotunheimen avdeling aust og vest, Breheimen og Reinheimen "sør". Godkjent pluss.
  19. Ja eg likar dei godt, til sitt bruk. Lette og gode og gir adekvat beskyttelse i rufsete terreng. Eg ville eigentleg hatt 39. 5, men har mellom anna ein spesialsole som tek ein del plass nedi, og ei tå som må ha godt med rom. Eg trur at 40 bør høve deg, med mindre du skal bere veldig tung sekk med dei.
  20. 5 mm er litt lite til sko som skal brukast lange dagar. Med sekk så vi foten sige enno litt meir. Eg 5 mm kortare føter enn deg (på begge faktisk), og har samme sko i 40. Det er meir enn raust nok, så tenker at 40 bør vere bra til deg.
  21. Kva som er stivt nok og held er så veldig individuelt. For meg ville vanlege litt stive fjellstøvler holdt lenge til detta, og eg hadde nok brukt det eg hadde frå før. Om dei er litt mjuke, så har Kayland etter mi erfaring ofte litt meir stivheit i sine lærstøvlar, samt breiare lest. Ein modell er Kayland Globo. Eg er nøgd med den. Elles ser Aku Superalp fine ut.
  22. ...og eg kunne bruke dei over fleire dagar med sekk. Ikkje heilt enkelt dette, når folk sine føter er så ulike 😅 Eg digga raptor, og sleit ut fleire par, før eg diverre fekk problem med nokre tær, og måtte over på sko med barfotfasong. No går det mykje i Topo og Altra når eg skal ha lette sko. Kan også bruke La Sportiva Tx5 som nevnt over her, om eg kjøper dei eit nummer for store. Fleire av desse, samt raptor får du i skinn, som vil vere meir motstandsdyktig mot slitasje. 5-10 år er dog noko optimistisk for slike sko, etter mitt syn. Då trur eg du må over på stivare og meir solide anmarsjsko, ala til dømes desse eller La Sportiva boulder.
  23. Samd. Vi har etterkvart tileigna oss mykje kunnskap. Ja det er fleire folk i fjellet. Men det er også fleire folk som tileignar seg informasjon og kunnskap. Eg tenkjer at risikoaksept og forventningsavklaring er eit underkommunisert tema når ein snakkar tryggleik på tur. Tek ein kurs eller utdanning som naturveileder, guide, tindeveileder osv. så stiftar ein ofte kjennskap til begrepet ferdaråd. Å halde ferdaråd er etter mitt syn eit av dei mindre brukte, men kanskje viktigaste tiltaka ein kan gjere for tryggleik for ei gruppe på tur. Elles så er det også mitt syn at så lenge det er mennesker og vurderingar involvert, så må ein kanskje berre akseptere at det innimellom skjer ulykker. Me er ikkje maskinar,og det er heller ikkje nødvendigvis ynskjeleg med utprega regelbasert tenking, som fjernar eller svekkar evne/rom for å samanstille informasjon og gjere vurderingar ut frå heile biletet.
  24. Pluss en til dette innleget. Å skulle ha bikkja til å vere roleg når du fiskar er eigentleg ei åtferd som er samansett av fleire ferdigheiter. Å bryte det ned slik som @heriks seier er nok ein god strategi, dog arbeidskrevjande som pokker.
  25. Ikkje i dag men førre helg og i går. Hhv. rasesamling for Grønlandshund på Johnsgård, og nærtur etter jobb ein stad i Lom. Johnsgård (Engerdal) byd på fantastisk natur og skiløyper. Berre synd at eg driv og gløymer å ta bilde. Det er jo veldig flotte fjellområder der. Tur i Lom byd på utsikt same kor "nærtur" han er, då nærtur stort sett inneber høgdemeter. Perfekt for ein sunnmøring i eksil.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.