Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 689
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Ein spontantur i Femundsmarka gjorde godt for kroppen. Dette til tross for at to sjuklingar, ein på antibiotika, ikkje akkurat tillet dei store sprella. Men ei natt under himmelen med bål, eit par netter på hytte, litt raudvin og lukta av nysnø oppe på Stor Svuku og Elgåhogna gjorde sitt til at både kropp og humør var betrakteleg betre ved turens ende enn ved start. Mange nye turønskjer kom sjølvsagt også til....
  2. Henget i musklane erkje nødvendigvis superåpenbart for det blotte auget, og å samanlikne dei fysiske føresetnadane mellom menneske i dag og tidlegare har lite før seg, då me gir kroppane våre andre (ofte dårlegare) føresetnader enn tidlegare. Skulle så gjerne kunne teikna dette, så eg fekk illustrert på ein betre måte.
  3. Hehe. Eg har den gamle varianten Svalbard (Ouslandjakka) i small. Er 167 cm og normalvektig. Men anar ingenting om str i forhold til den modellen du har prøvd. Men nedpå knokane er eit krav frå meg for ei god jakke
  4. Litt lange ermer er faktisk praktisk i fleire situasjonar, spes i hardt vær. Dette gjeld også på vandring. Gliper i bekledning ved pakking til dømes, er kjipern ved kuling og regn. Har ein kompis som har ein tendens til å kjøpe vel små jakker. Brukar erte han med å seie at skallplagg er tenkt å være skall og ikkje pølseskinn
  5. Edit: meint som kommentar til @Nordhauk sine tankar kring trening og styrke, og skulle sitere dykk båe. Men den teknologien...... Grrrrr Anatomisk og muskullært er det mykje betre trening å gå med Stavar, du blir sterkare med. Alle som har prøvd det, veit at ein ikkje heng over stavene som eit passivt slips. Forskjellen er at i staden for ensidig belastning får ein ein meir oppreist posisjon, som gjer at kroppen koplar på alle dei fantastiske musklane me har i rygg og kjerne, som skal hjelpe ryggsøyla vår til å ha det bra, i staden for å ensidig overutvikle framside lår og sete, og sige saman over hofteleddsbøyer, noko omtrent ALLE eg ser utan Stavar gjer. I tillegg gjer stavbruk, spes ved sekkebruk, at ein opnar i skulderleddet på ein annan måte, gjer plass for kragebein og derav lunger. Utvida kapasitet, i staden for å frarøve lungene endå meir plass, i tillegg til det me gjer i kvardagen vår. I motsetning til mange andre organ har lungene festepunkt til skjelettet, noko som gjer at skjelettets "tilstand" påvirker lungenes funksjon. Faktisk. Ein grunn for konsekvent bruk av stavar på høge fjell til dømes. Ein får også betre tilbakestrømning av blod frå hender til hjarte, og skåner kne. Det viktigste er likevel måten det behandler ryggsøyla vår på. Ein livsviktig del av vår struktur. Samt at det gir betre og balansert styrke, i staden for overutvikling i delar av kroppen. Kroppen er sjølvforsterkande. Dvs at den koplar på det som er sterkt frå før og dropper det som er svakt frå før. På sikt kan dette føre til belastningsskader, feil struktur i beingrinda, muskulære betennelsar osv osv osv....kunne holdt på til det kjeisamelege. Pointet er: å gå med Stavar bygg jamnare styrke i kroppen, og avlastar på ein fantastisk måte. Så får ein heller berre sjå ut som ein fransk trekkingturist i skauen.
  6. Bruka min ME pose med comfort på minus 2 til i alle fall minus 10 uten å fryse. Lika også at dei har "stretch"saumar. Berre det gir en varmare pose, då den slutta godt om kroppen uten å være trang. Var skrekkeleg skeptisk til dun i utg pkt, og gadd difor ikkje kjøpe noko før eg ramla over en på 50%. Eg har sida brukt han mykje, i alle slags forhold. Toler mykje juling. Berre hol etter bålglør, og det er det vel få posar som står imot
  7. Svar sendt!
  8. Mogleg eg går utover tråden litt no, men det er kanskje lurt å starte med det mest grunnleggande først: Har du fått justert sekken din skikkeleg? 14 kg er eigentleg ikkje så mykje. Eg har sjølv nakketrøbbel, og har i perioder problem med å til dømes ha på bunad (for tung!), men kan bære nokså tung sekk, så lenge den er rett innstilt. Det er bittesmå justeringar som skal til ofte, for at sekken og vekta oppleves annerledes. Tilgi meg om dette var ei sjølvfølge for deg, og du allereie har prøvd alt av justeringar. Berre tenkte det var verdt å nevne. Har sett lyspæra over ansiktet til folk før når eg har fått fingra litt med reimane og bæresystemet deira
  9. Er ingen klatreekspert, men: Det kjem nett an på. Det er difor ein skal ta kurs, for å kunne vurdere dette. På rein klatring sikra ein oftast på vanleg vis med standplass. Men ein kan også gå løpande, ofte brukt på parti som Ikkje er klatring men som er eksponert. Til dømes ryggar. Eg har gått mest som andremann, med unntak av korte strekk i eksponert terreng der eg har fått trent meg litt på løpande med og utan sikring sett. Har vore litt pysete på dette med å lede, men har bestemt meg for at neste år er året for å få dette på plass. Skal då ta kurs. Dette til tross for at eg har vore med noko som andremann, elles ledar innendørs og utendørs på felt, og har brukt tau ein del i forbindelse med breaktivitet. To grunner til det for meg: Det å sette skikkelige standplass. Det å lære seg rett og gunstig bruk av halvtau. Få mengdetrening i å sette sikringer. Vil også gå boltaruter og miksruter på felt og trene på og sette sikringer innimellom. Hemmeligheitskremmeri synes eg ikkje det er, men folk er forsiktige med å kome med tilrådingar innafor noko som krev ein slik grad av sikkerheit og rutine for å være trygt. Med rette. Og så er det avogtil slik at spm avslører kunnskapsnivå. Ikkje alltid, men avogtil. Og då vegrer folk seg endå meir for å gi råd. Dersom ein vil ha lesestoff kan ein kanskje leite etter metodebøkene brukt på kurs?
  10. Hehe, sorry for min OT. Glømte trådens navn
  11. Klattermusen har i alle fall ei skalljakke av lengre type, med både lommer og god hette. Kjøpte forøvrig ny skallbukse no. Klatteremusen Freke. Spent på om den held lenger enn det andre rælet eg har hatt. Er i alle fall lei lekkande lommer, ødelagte glidelås og dårlege hetteløysingar.
  12. Ja det er vel strengt teke nord-europas høgste sjøklippe eller noko slikt? Og så ligg det ein fabelaktig sjømatrestaurant i Kalvåg....
  13. Obs! Høg CUIN hjelp ikkje dersom ein har vore sparsam på dunmengde. Då kan ei jakke med lågare CUIN men større mengder være like varm. Men litt tyngre, og litt mindre komprimerbar. Mi erfaring er likevel at CUIN over 600 i EU målestokk held lenge til kvardagsbruk. Why go alpine if you aint goin to the alps (dårleg formulert men du skjønar. Also, mange går på ein overkill når dei skal kjøpe dunis, og trur at alle treng den lette Raben til 4500 kr)
  14. Ein heil del på tilbud på Helsport sin outlet om dagen. Både kraftige og lettvekts.
  15. "etasjefjella" har eg kalla dei sidan eg var lita. Ligg forøvrig i eit fantastisk område, både Svelgen og Bremangerlandet er verdt å sette av ferieveker for. Bremangerlandet har jo den berømte Hornelen også, samt fin fridykking og padling, så berre å slå seg laus
  16. Åh, Vonar de har det heilt topp!
  17. Ligament og senar brukar lenger tid på å bli sterke enn tverrstripa muskulatur. Verdt å ta med i planlegging av lengre turar
  18. Har slutte å kjøpe Norrøna. Kvaliteten er Ikkje den same som den var. I tillegg blir eg aldri so lite oppgitt over prostitusjonen. Dei har nærmast kutta alt som heiter funksjonelle plagg til bruk i den kald årstid i høgfjellet. Har som dei fleste andre kasta seg på bølga av "alpinestyle". No skal du ha isklatrejakke eller frikjøringsdress anten du treng det eller ei (kjem frå ei som bur i alpeland og forsåvidt elskar det). I tillegg til at dei kuttar dei funksjonelle plagga sine, har dei nett utvikla ein eigen barnekolleksjon (!!?!). Då vart det kroken på døra for min del. Jallagjeng.
  19. Har Ouslandjakka.... Er 167 cm høg og har str s. Den er litt lang i erma, men ikkje verre enn at det funka fint. Følte eg ikkje kunne ha den mindre, for då ville strammefunksjon og lommer osv komme i konflikt med hoftebeltet på pulkselen min. Elles har jakka fått mykje juling, og er kanon! Med ein god pelskant gir den sjuk værbeskyttelse
  20. Har sett og prøvd båe, dei blir for "lange" i "livet" til meg. Dvs at når hoftebeltet sitt slik eg vil ha det, klemmer sekkerommet på nervar og blodtilførsel til sete og bein. Berre Fjellreven Kajka som Ikkje har vore slik. Så trur nok at eg enda med den, sjølv om omtalen av den sekken varierar med omsyn til tyngre bører. Eg leitar etter ein sekk som funkar fint opp til 28-30 kg
  21. Ok. Fekk i butikken berre prøvd an med 20 kg, og lurer på korleis den vil oppføre seg med vekt mellom 25-30 kg
  22. Har ymse underlag av oppblåsbart i familien som me brukar i ulike komboar gjennom året. Reiser sjeldan på tur i fleire dagar med oppblåsbart utan skumplast i tillegg. Min downmat 9 cm blir då i dei fleste tilfeller overkill, så det eg brukar mest er mi dotters exped downlite 5 i kombo med ridgerest, eller 120 cm lang downmat med ridgerest. Her i huset får alt av utstyr juling, det er ingen finsleg bruk. Har lappa EIT hol gjennom fleire år med bruk av oppblåsbart, og mange varianter av downmat. Så sluttar meg til @Elisabeth-81 sin teori her, om at det er meir tilfeldig enn me tenkjer.
  23. Kor tungt bar du?
  24. Prøvde i dag Fjellreven Kajka 100. Passa meg supert, og hoftebeltet var det første eg har kome over på unisexsekk som faktisk passa meg. Prøvde dog ikkje med meir enn 20 kg. Blir nok ein slik ein på sikt.
  25. Ingen grunn til at du ikkje skal kunne kjøre randoskia i anlegg. Som elles er det også her skia, bindingane og støvlane som avgjer eigna bruksområde. Dei fleste toppturski for "vanleg kjøring" (med mindre du er ekstrem gram eller har enorme plankar) går fint i anlegget [emoji1]
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.