Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Ja den har høgare spenst ser eg, med dei føremunar og ulemper det medfører
  2. Ok, dette har eg lite peiling på, men det går vel an å sjekke med leverandørane av dei aktuell posane om kva glidelås som står i og kva som er kompatibelt. Med fare for å repetere meg sjølv er eg imponert over Warmpeace sine posar, og vil tru at Viking 300 kunne være aktuelt for en varmblodig sak?
  3. Har du pose frå før? Dersom ikkje er det å finne soveposar frå same serie men med ulik temperaturlimits, som kan koplast ein høgre og ein venstre.
  4. Ja, skjønte du ikkje at du skulle byrje med Pippis krumelurpillarr ved passert 183 cm? Hehe. Endå eit godt innspel, test av sovepose for lange folk kunne være noko.
  5. Samd. Eg har fått fleire tilbakemeldingar på det, og kjem til å kome med ei oppdatering på det i nest runde, samt ta det med inn i diskusjonane kring testartiklar for dunprodukt. Takk for innspel
  6. Vonleg varer skiføret til langt ut i Juli, i alle fall om eg får det som eg vil
  7. Ok. Dersom du har bikkjer med, kan du kjapt auke litt på "komfortsakene". Eit par fotposar til dobesøk, nattfotografering og andre ærend utanom teltet er kjekt når ein først har fått av skisko og klamme dampsperre og fått på tørre sokkar. Ikkje noko eg prioriterar på tur med sekk og høgdemeter, men definitvt noko eg prioriterar ved bruk av pulk. Er usikker på kor detaljert du vil ha innspel, sidan pakklistene dine er grove. Om du tenkjer det er ei sjølvfølge med goggles, solbriller, solkrem, vindbeskyttelse osv. Er du åleine eller med fleire? Kva med ekstra av det som er kritisk; typisk vindvottar til dømes. Eller i alle fall ha ekstra plastposar som kan brukast til vindbeskyttelse på ulike delar av kroppen (til dømes hendene). Elles er søkestang og spade ei sjølvfølge i vinterfjellet for meg
  8. Eg kan knapt tenkje meg noko betre eigna forum å spørje etter dette på, sidan dei fleste her inne har eit over gjennomsnittet nært forhold til liter
  9. Skal du straka vegen eller planlegg du å bruke tid på turen? Kor lenge skal du være vekke med andre ord. Elles kan det jo være greit å dele inn pakkelistene i ulike kategoriar; medic, orientering, bo og sove, kjøkken, rep, framdrift, komfort og trivsel, storm, hygiene osv. Skal du være lenge på tur og bruke dampsperre kan det jo mellom anna være greit å ta med noko talkum til fotstell.
  10. Eg er ute etter noko på omlag 300-450 gr. R verdien treng ikkje være skyhøg, kring 4 . Til kaldere turar enn set har eg downmat 9
  11. Nei å pakke med kle ein elles ikkje ville hatt med fordi ein har for kald pose er ikkje nødvendigvis vektmessig det smartaste. For min del endar eg opp med omlag same vekt, men med større fleksibilitet. Poenget er at så lenge det er snakk om ting som utgjer eit ledd i tryggleikskjeda, er det begrensa kor langt ned du kan kutte. Korleis ein då vel å "distribuere" minimumet er det mange svar på
  12. Det spørs korleis du tenkjer kle. For min del er det slik at eg ofte vel lettare sovepose enn eg treng, fordi eg brukar ekstra kle i. Det vil ikkje sei eit sett ekstra kle som er dedikert til soving. Det vil seie kle som eg likevel har med. Til dømes har eg sjeldan meir enn eit sett ullkle med, uansett årstid og tur. Det eg står og går i, som regel netting. Denne får tørke på kroppen, og er det kaldare enn posen taklar, sper eg på med knevarmera i fleece (store carmetap bak knehasar), varmeskjørte i primaloft ( som regel rompa som er problemet for kvinner, både dag og natt) og evt syntet varmejakka. Eg får ei god natts søvn, på same tid som det eg har med plagg som funkar som forsterkningar på dagtid. Ingen ekstra vekt. Mykje fleksibiltet. Det er verre å dra nytte av ein veldig varm pose på dagtid. Men, dette er individuelt. Sjølv likar eg å pakke sekken med fleksible tingså godt det let seg gjere, som har meir enn eit nytteområde.
  13. Dersom du ikkje campar på vinteren trur eg ein -2 pose held. Om du skulle få i kald natt sper du på med litt ull, evt ei varmeflask ei botnen av posen, det hjelp mykje på for den som finn det hardt å halde varmen. Og sjølvsagt; godt liggunderlag. Viktigere enn posen.
  14. Eg har sjølv hatt ulike dunprodukt frå båe desse leverandørane, og vore greit nøgd. Men billige er dei ikkje. Får du noko som held til minus 10 og som er lett til den prisen, er det eit sjeldant godt kjøp Dersom det viser seg at du må opp i prisklasse, må eg berre seie at eg tenkjer at du får du meir pose for til dømes 4000,- om du kjøper Warmpeace, enn om du kjøper Rab og Mountain Equipment for 4000,- med mindre du får meget gode rabattar på dei aller dyraste modellane deira Lakenposen til turistforeningen er ok, men du kan kanskje få endå meir effekt av ein liner i fleece. Lukke til med valget
  15. Det du påpeikar der @qwer993 er vel eit evig "dilemma" og ei problemstilling. Er kanskje ein grunn til at ein ved enkelte type lange turar og ekspedisonar brukar vassavvisande/vasstett ytterstoff, pluss dampsperrepose inni soveposen. Eg har ikkje noko fasittsvar, og problemstillinga minner meg litt om den evige diskusjonen goretex ikkje goretex, våt utanfrå eller våt innanfrå osv. Forskjellen er at her gjeld det soveposen, eit viktig ledd i tryggleikskjeda. Når ein mann då slepp ut omlag 750 ml fukt i løpet av ei natt, og ei kvinne omlag 500 ml, kan ein spørje seg om det ikkje er like greit med eit skikkeleg pustande ytterstoff. Sølv tenkjer eg at det handlar om balansen, altså at val av materiale og løysingar TOTALT sett gjer at ein kan hanskast med problemet fukt. Over litt tid er det vel det akkumulerte nivå av fukt som gir utslag. Å då ha vassavisande stoff som gjer at fukt ikkje har fri bane inn til duna i kombinasjon med eit pustande innerstoff som ein kan nytte når ein skal tørke fukt ut, tenkjer eg er eit godt oppsett for dei fleste vinterturar i norsk høgfjell. Dette siste er i alle fall det som funkar best for meg. Dette av di eg stort sett, med få unntak, ferdast i norske fjell. Sjølv om me har hyppige væromslag, og her i vest periodevis nokså høg luftfuktigheit, er det oftast slik at ein får ein halv dag, eit par timar eller nokre augneblinkar med litt vind utan nedbør og/eller nokre solglyttar. Er ein då flink å nytte desse til å dandere posen på pulken eller på sekken, evt utanfor teltet, greier ein stort sett halde fuktnivået totalt sett nede på eit vis som gjer at posen funkar fint. Eg er også nokså nøye med å lufte ut av posen ved føttene om morgonen, medan eg framleis ligg i posen, og varmen frå kroppen min hjelper fukta å fordampe. Ei kjapp runde på do utan mneir kle på (dersom det let seg gjere) er også ofte effektivt for å lufta fukta som sitt i "pysjen" ut, før ein legg seg i posen att for morgonkaffe . Eg er ikkje nokon "soveposeteknikar", men har ved fleire høve sett at mine posar med vassavvisande stoff rett og slett held seg fluffy lenger under krevjande tilhøve, enn fleire eg kjenner som har "ultralette" posar med supertynt ytterstoff som pustar. Fukta frå kroppen må uansett passere duna på vegen ut, og det kan verke på meg som at det totale nivået av fukt vert større i posen når ein får belastninga med fukt utanfrå i tillegg. Altså tenkjer eg at det er ok å kunne førebyggje oppbygging av fukt frå kroppen gjennom dei skisserte tiltak, utan i tillegg å skulle bli hysterisk om posen kjem i kontakt med duk/golv/vassflaske/skalljakke osv osv. På tur med slike får eg ein trang til å flytte ut Nokre gonger veit ein at ein skal ut på veldig fuktige greier. Då vil eg nok heller velje tresesongsposen/ein tynn dunpose med ein syntet sommarpose utanpå. Syntetposen tørkar fort anten det er ved hjelp av sol eller frysetørking, tek det meste av kondensen og gir meg eit ekstra luftlag. Då treng eg berre syte for å få lufte ut fukta eg har slept frå kroppen gjennom natta, så har eg ein tørr og påliteleg dunpose i lang tid uavhengig av tilhøve. Vinterpadling er eit slikt døme. Også enkelte breturar.
  16. Hei @gull Rimeleg, 1,5 kg og -10 er nok diverre faktorar som er vanskelege å kombinere. Ein syntetpose som skal halde -10 for kvinne er vesentleg tyngre, ein dunpose som på 1,5 kg og -10 er nok relativt dyr, utan at eg veit kva du legg i "rimelig": Testen som @jenspetter over her nevner kan kanskje verke litt oppklarande med omsyn til dette Der har eg også tatt for meg ulike begrep og prøvd å forklare litt kring dette med vekt, isolasjon og pris. Mvh Therese
  17. Er eg som har knøla frå mobilen trur eg, komt borti moderatorvalga mine! Beklager . Skulle altså sitere deg
  18. Ok, en pakkpose har tross alt ein funksjon i andre høver også, så likar den varianten best. Er det eg brukar til expedunderlaga mine, samtlige faktisk, har kjøpt adapter som gjer at den passar både dei med vid og liten ventil. Ja det var på XXL på Moa at eg fann den til 1499,-
  19. Lukke til med valet, og avlegg gjerne ein rapport
  20. Den pumpa ser ikkje dum ut, om enn den ikkje kjem gjennom "må kunne brukast til fleire ting" nåleauget mitt. Kan ein vispe suppe med den? Dette underlaget er for meg berekna til utstyrstunge turar der eg prøvar kutte volum først og fremst, for å kunne nytte sekk med anstendig eigenvekt (sekkar med stort volum har ofte høg vekt). Vekta på sekken vert nokså drøy same kor eg vrir å vrengjer på det, med mykje hardvare. Når sikkerhetsutstyret då går gjennom både ei, to og tre runder for å få "haik" er det vanskeleg å forsvare "dippeduttar" som skal lette kvardagen på "berre" ein måte. Men for alle andre turar, og dersom dette underlaget er "hovudunderlaget" ditt, må jo denne pumpa være gull!
  21. Fann det til 1499 på Xxl i dag. Då er det spiselig. Str vanleg dog. Ønsker meg eigentleg 120 cm
  22. Har handla frå derifrå og det var uproblematisk
  23. [gallery600x480] [album]448[/album] [/gallery] Produkt Warmpeace Viking 1200 Levert av Hekta På Tur Veiledande pris kr. 5.499 Fast lågpris per 2016 kr. 3.999 Fakta frå leverandør Vekt: 1.760 g Fyllvekt: 1200 g Volum komprimert: 13 l Dunspenst/Cuin: 600 EU 700 US Fyllratio: 90/10 Temperaturangivning EN standard 13537: T Comfort -10 °C T Limit -18 °C T Extreme -38 °C Fakta frå Fjellforum Vekt pakka i kompresjonspose: 1.836 g Vekt kompresjonspose: 135 g Vekt pose: 1.701 g Fakta om testperson Kvinne 34 år. 167 cm og normalvektig. Van med å ligge ute, ikkje spesielt frossen. Testkriteriar Vekt og varme Pakkvolum og dunspent Dunvandring og kvalitet på saumar Komfort og brukarvennlegheit Pris Om posen Viking 1200 er den varmaste posen av i alt fire modellar i denne soveposeserien frå Warmpeace. Den har ein romsleg mumiefasong, med tettsittande hette og varmekrage. Glidelåset er tovegs YKK, med ein brei dunfylt kuldeklaff på innsida. Det er lagt webbing (stivt band) langs glidelåset, som skal hindre det frå og kile seg. Ytterstoffet er Loft Nylon DWR+. Dette er vassavvisande, skal tole høg belastning og er lett. Modellen kjem i tre ulike storleikar for personlengde inntil 170 (short), 180 (regular) og 195 cm (large), med glidelås på venstre side. Posen er sydd med Z-kammer. Det vil seie at kammera overlappar kvarandre. Tanken er å unngå kuldebruer som typisk vil oppstå med vanlege kanalar sydd med gjennomgåande saumar. Sjå bilete i karusell. Posen er handfylt hjå ei familiebedrift i Tyskland, som har arbeidd med dunprodukt sidan 1952. Dei føretek også den siste kvalitetssjekk av produkta før dei sender dei frå seg. Dunspenst er oppgitt med minimumskvalitet. Foret i alle Vikingposane er av pustande svart stoff. Det pustande stoffet skal syte for fukttransport båe vegar, og den svarte fargen er valgt for å kunne nytte ein kvar gløtt av sol i fjellet til å få tørka ut fuktigheita me slepp ut i posen i løpet av natta. Ekstrautstyr: For den som likar enno betre plass enn det posen byr på, kan ein kjøpe seg auka omkrets på posen i form av ein dunfylt kile som er kompatibel med glidelåsa. Denne heiter Warmpeace extender og ligg per 13.04.2016 til kr. 799 Forklaring av nokre viktige omgrep Dunspenst: Duna si spenst og evne til å utvide seg vert rekna i ein skala som heiter cuin (cubic inches per ounce). Dess høgare cuin dess høgare spenst og evne til utviding. I praksis vil det då fungere slik at om ein tek like mange gram dun med låg og høg cuin inn i same jakke med same materialar, vil den med høg cuin isolere betre. Dette fordi spenst og utviding dannar eit større isolerande luftlag enn duna med lågare spenst. Konsekvensen av dette er at ein, gitt like føresetnader elles, treng mindre mengder dun for å oppnå ei bestemt isolerande effekt, dersom ein nyttar dun med høg cuin. Desse faktorane påverkar i stor grad kor godt posen let seg komprimere og kva den veg. Skalaen for US dunspenst og EU dunspenst er noko ulik. 600 EU er omlag det same som 700 US. Dunblanding seier noko om det prosentvise tilhøvet mellom dun/fjær. Ein pose merka med 95/5 dun/fjær har det varmaste blandingstilhøvet du kan få, med 95% dun og 5% fjær. Dei fleste dunprodukt i dag ligg frå 80/20 og oppover. Høg andel dun og høg cuin kostar, likeins gode materialar. Test av dunposar og ein dunpose sin kvalitet må difor alltid sjåast i samanheng med pris. Tilhøve under testing Posen har til no 15 bruksdøger. Desse har gått føre seg med eit temperaturspenn frå -20 til 0 °C, i tørt vær, og i skikkeleg vestlandsfuktig vær. Den har vore med i arcticbeddingen på pulktur, og den har vore kraftig komprimert og pakka i botnen av storsekken. Den har blitt brukt som om den var testars eigen pose, med det minimum av forsiktig handsaming det innebær å være i underteikna sine hender. Vurdering Ein finn lettare posar enn denne, som er like varm og meir komprimerbar. Ein kan også finne dunposar som er rimeligare og like varme men langt tyngre og mindre komprimerbare. Dette handlar om å sjå eiganskapane vekt, komprimerbarheit, kvalitet og varme i samanheng med pris, og konkludere med omsyn til balansen desse faktorane imellom. Vekt og varme Posen har vore brukt i temperaturar på mellom 0 og -20 °C, og prestert godt under alle tilhøve. Posen er angitt med komfort temperatur for tester (kvinne) på -10. Tester opplever at posen er langt varmare enn angitt. Ved minus 10 holdt underteikna varmen, til tross for at liggeunderlaget var hakket tynnare enn eg likar i minus 10 (låg isolasjonsevne, eller R-verdi.) Med tjukkare/doble liggeunderlag, held underteikna varmen i denne posen i -20 °C. Eg har aldri hatt så varme netter for så låg vekt, i denne prisklassa. Skal ein ha dei same temperaturangivelsane i ein lettare pose, må ein rekne med eit langt større utlegg. Konklusjonen er at temperatur sett i forhold til vekt er meget bra, betre enn det som var oppgitt. Du kan lese meir om EN standard her, og meir informasjon om R-verdi på liggeunderlag finn du her. Pakkvolum, dunspenst, dunvandring og saumar Posen ligg i mellomklasse kva gjeld pakkvolum sett opp mot angitt temperatur, til tross for bra dunspenst. Forklaringa ligg nok i ei fyllmengde på 1200 gr. dun. Det må nødvendigvis gi noko volum, sjølv med høg kvalitet på duna. Derimot opplever underteikna at pakkvolum opp mot opplevd temperatur er meget bra. 13 l for ei god natts søvn i minus 20 kvalifiserar til eit opprykk på volumvurderinga. Dette må nok også sjåast i samanheng med at ein oppgir minimumsstandard på dunkvaliteta, og ein kan rekne med at det er mykje dun med høgare kvalitet enn 700 cuin i sving. Kompresjonstrekket er solid, og kan verkeleg jobbast med utan at noko ryk sundt. Spennene er noko trege. Til gjengjeld glid dei ikkje opp før du løyser dei med handemakt. Posen hentar seg raskt inn etter kompresjon, ofte langt raskare enn "naboens" langt dyrare pose i samanliknbare klasser. Duna "fell på plass" nærast av seg sjølv, og arbeid med å "fluffe" opp og omdistribuere dun i posen finn ikkje stad. Gi han to rist i det du trekk han ut av posen og hiv han på underlaget, og det har ordna seg sjølv. Eg opplever at det skuldast utforminga på kammera i kombinasjon med dunmengda. Eg opplever også at eg av same grunn, i mindre grad enn med mange andre dunposar, opplever kalde punkt på pundersida når eg ligg. Dette gjorde nok sitt til at posen var varm nok til meg og holdt temperaturangivelsen, også den gongen liggeunderlaget ikkje var optimalt. Nokre få dunfjon har funne vegen ut av posen og inn i teltet. Dette er så få, og dei er så små at det nesten ikkje er nevneverdig. Eg har hatt dunjakker i ei prisklasse eg ikkje likar tenke på, som har lekt meir dun enn dette, med mindre hardhendt behandling. Med 15 netter har eg litt lite grunnlag for å seie noko om haldbarheit på saumar og handtverk elles. Førebels kan eg seie at saumane verkar solide, med tette, faste sting og god slitestyrke på tråd. Handtverket elles er upåklageleg. Komfort og brukarvennlegheit Hetta sitt godt, og ein får snurpa den godt igjen ved behov. Den har bra med dun, og vert opplevd som eit godt vern mot varmetap. Kuldekragen var eg i utgangspunktet skeptisk til, då endane på den berre så vidt overlappar kvarandre, og då utan borrelås, knapp eller noko anna form for feste. Skepsisen min har dog blitt gjort til skamme. Kragane tettar seg ved stramming fint til over skuldrane, og er med på trekke heile hette/halssystemet tettare på kroppen. Faktisk kan det tenkjast at den manglande overlappen med feste gjer at kragen legg seg finare til kring halsen, uten klumpar og bulkar som lagar opning for varmetap. Glidelåset er tovegs, eit must for slike som meg som vil ha det varmt kring nakken men som ofte vaknar av at føtene står i kok. Det er også ein føremun å kunne opne ved føttene på morgonen før ein kryp or posen, og få lufta fukt ut av fotenden medan posen framleis er varm. Eg har til gode å kile glidelåset, noko eg sett stor pris på både når det hastar og elles. Eg har ikkje merka noko form for kuldebru langs glidelåset, så kuldeklaffen gjer nok jobben sin. Det svarte foret i posen tørkar fort, og det funkar særs bra med tanke på å nytte kvar en liten gløtt av sol til å få varma opp å tørka ut nattas fukt. Dei fleste som har prøvd å varme opp og tørke noko i sola, anten det er for å få festevoksen til å gli lettare på skia eller å få tørka tekstilar, veit å sette pris på denne vesle detaljen som fargen på fôret utgjer. Ytterstoffet skal være vassavisande og funkar også slik i praksis. Underteikna er glad i å ta den første morgonkaffien i posen, og rett som det skvett vert det noko slubbing. Dette tørkar fort, og ser ikkje ut til å trekke inn til duna. Komforten er upåklageleg. Den moderate mumiefasongen gjer at det er mogleg å bevege seg litt i posen, utan at han vert så stor at det for ein person med "gjennomsnittleg" kroppsmasse vert for mykje å varme opp. Posen er mindre glatt utvendig enn ein del andre posar eg har prøvd, og innerstoffet vert opplevd som passeleg glatt med tanke på å kunne bevege seg utan at det "heng" fast i klea. Klimaet i posen er godt, over eit breidt spenn av temperaturar, noko som indikerar gode materialval både utvendig og innvendig. Regular vert opplevd som rett storleik til meg, og vil nok funke også for folk som ragar litt meir over bakken enn mine 167 cm. Førebels konklusjon Nesten uavhengig av korleis det går i vidare test er dette allereie veldig mykje pose for pengane. Den er funksjonell og komfortabel, med god komprimerbarheit og låg vekt sett i lys av varme og pris. Allereie ein soleklar favoritt hjå underteikna, og definitivt mitt val når det skal fornyast i familien. Dette skjedde med posen i det vidare Posen skal brukast vidare, med ei evaluering av tilstand etter 50-60 bruksdøger og igjen etter førstegangs vask.
  24. Men fy f----- for en pris! Det r lenge sidan eg handla liggeunderlag i Norge ser eg!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.