-
Innlegg
3 689 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Den lengste. Du skal ha rom for hovne bein, samt slippe blånegl etter bratte nedstigningar. For meg er det nettopp kombinasjonen av god plass utan å skli framover i skoen som kjenneteiknar god passform på ein fjellstøvel.
-
Eg har reist med bensinbrennar og gassbrennar og aldri opplevd problem, hverken innanlands eller utanlands. Har heller ikkje lista det opp nokon stad, berre pakka den ned og ferdig med det. Mogleg eg har hatt flaks kvar gong
-
Har eit Hilleberg Keron 4 Gt. Der får me faktisk husa familien på 6 (om mor og far søv på tvers i eine forteltet). Ved dårleg vær kan me faktisk, så lenge to av ungane framleis er i småskule, også få plassert mor og far inn i innerteltet. Så for fire er det eit palass. Dyrt? Ja. Verdt det? Ja. Kva telt er det ungane mine etterspør fordi dei trivast og ikkje vert "morgonklamme" som dotter mi sei? Definitivt dette teltet. I tillegg har ein fått seg eit fint vintertelt om ein skal ha det. Høve for doble stenger. Supersolid. Trivselstelt. I fjor var me på fottur i tolv dagar med dette teltet. Minstejenta var att på fastlandet då det var ein tur som ikkje høvde henne, så me var fem. Og hadde god plass, og kjente ikkje ein einaste gong i løpet av denne tid at det var trangt eller krøbelt. Men det er eit stort utlegg om ein er usikker på framtidig bruk. Eigentleg om ein er sikker også. Eg kjøpte det for 8000 inkl frakt den gong eg kjøpte det. Det svei, til tross for at eg også skulle ha det til skiturar vinter, mellom anna ein den gong nært foreståande Svalbardtur. Så at ein kan få hikke og utslett berre av tanken kan eg levande sjå føre meg. Og dersom ein tenkjer at ein vil "sjå an" behovet litt er det mange andre gode alterntiv. For meg vart vekttemaet ved å ha dette som sommartelt avgjort med å samanlikne kva to av dei andre småtelta våre vog tilsaman, og kor mykje trivsel og comfort det gav å spandere på seg sen ekstra kilden dette samanlikna sett (to tremansstelt) representerte.
-
Lurer på om Mammutt har nokre fine sekkar i den storleik? Her har me brukt Nordkapp 18 fram til 30 l til Osprey passa. Men har jo sett i ettertid at det er fleire sekkar som kjem til, som ikkje var når mine var i den alder. Har ikkje Osprey en også?
-
En liten kosetur på fjellet noen dager - Indre Troms - Rostaelva?
Tessatroll svarte på Rallarguten sitt emne i Fjellvandring
Hei Så herleg å komme seg avgårde nokre dagar. Eg har ikkje kjennskap til området, så kan ikkje komme med noko der, men har eit lite tips; Om du vel overskrift som er meir spesifikk er det lettare å nå dei som har kunnskap om området. I staden for "ein liten tur i fjellet" ville eg skrive "Tilhøver og ruteval Indre Troms/Dividalen m.m"- 5 svar
-
- 1
-
-
Hadde også droppa signalpenn, med mindre det ligg ein tanke bak som eg ikkje forstår Kle; maks to sett undertøy ( eit om du ikkje sveittar). Eit mellomlag til overkropp. Vantar/vottar/buff/lue ein av kvar, kanskje eit panneband, alt etter tilhøva. Caps. Evt Myggnetting. Eit sett sokkar til forflytning, eit sett til natt. Handkle har du alt ført opp på "Føttene", du treng vel ikkje to? Både fleece og tjukkegenser høres voldsomt ut, men om du kallar det eine settet undertøy så er det vel innafor vil eg tru. Basert på resten av pakkelista hadde eg droppa alt under nødkit med unntak av nokre runder gaffa rundt drikkeflasker og liknande, evt ein liten rull, samt nokre strips og tlf. Radio og spade hadde eg lagt att heime. Eg hadde også begrensa kor mykje taug eg tok med, 15 m held ofte til det meste er mi erfaring. Desse tilbakemeldingane er tufta på føresetnad om vanleg vandretur i fjellet. Skal du inn i spesielt terreng eller noko utanfor "normalen" kan det jo hende du treng andre ting, og skal du ligge fast utan særleg forflytning kan du jo unne deg meir av luksusen som til dømes radio. Eg ville likevel ikkje fatta med alt som skissert i lista, då ville eg heller brukt luksuskiloa på god mat og drikke. Pakk elles gjerne ein bossekk eller to og noko folie saman med førstehjelpa.
-
Dette var ej lang liste med mykje oppakning for et par veker. Kunne droppa noko på alle punkt slik eg ser det, kan byrje med det på føttene; Dropp alt unnateke compeed, sportstape og lite håndkle. Kvifor dampsperre på føttene når du søv? Negleklipp/skjæring kan du gjere med multitool. Ild: tennstål, never og fyrstikker. Dropp det andre
-
Ja det er behagelige posar å ligge i. Tek dog stor plass i sekk, så du må nok berekne en del plass til den. Om du søkjer forumet vil du få opp mykje om desse posane
-
Har hatt både Barents og Jan Mayen i hus. Gode posar, men ja, store og tunge. Så det spørs kva du skal ha den til
-
Ok eg skal ikkje kjøpe telt, og i alle fall ikkje eit slikt, då det ikkje er dette eg har behov for, men synes konseptet var litt artig tenkte at dersom kvaliteten er bra kan det være ein produsent verdt å følgje med på, men om kvaliteten er begredelig er det jo ikkje så interessant.
- 4 svar
-
- telt
- tresesongs
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Høyres supergodt ut!
-
Bjørnebrød og Snickersbar på vinteren, supergo daddelbar på sommeren. Kan sende oppskrift på PM om du vil ha. Alle desse tre har ulike smaksbileterbog gir fin variasjon
-
Har du preferansar kring vekt og pris? Bruksområde?
-
Nokon som har vore borti desse Fauna telta? Om ein ser vekk frå vekta synes eg denne modellen såg litt artig ut også spiselig pris med 3999,-
- 4 svar
-
- telt
- tresesongs
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Mountain Hardwear Optic Vue 3.5 eller Exped Orion III Extreme
Tessatroll svarte på JohanS sitt emne i Telt og lavvo
Myggnettingsdører har vel Exped også? -
Om ho er frysepinn; 900. Eg frys ikkje, og har brukt 600-posen ned på 7-8 minus og hatt det fint, dog med ullundertøy eg vel som regel lettare pose for så og supplere med varmeflaske, ull, knevarmerar og varmeskjørt, då desse også har funksjon på dagtid, men det er jo smak og behag. Med alle tiltak sett i verk held 600 til i alle fall 10 minus for meg. Dette føresett sjølvsagt godt liggeunderlag. Med dårleg underlag er det ikkje ein dunpose i heile vide verda som funkar for meg.
- 51 svar
-
- 2
-
-
Mitt tips er å kjøpe det oppblåsbare du meinar du treng, og så tek du ein therm-a-rest ridgerest z-lite eller SoLite og delar i to, slik at det dekkjer kroppen din frå rompa og opp. Då har du dekt behovet ved evt førstehjelp, du har å bruke ute i lyng og stein, samt ein backup om den oppblåsbare sviktar. Ved delaminering eller hol; Legg sekken din under det flate oppblåsbare i fotenden, og legg skummen oppå. Heilt ok løysing om du skulle være uheldig på tur. Eg har vore saman med ,ed ei som feikk delaminert downmat på skitur ved ei viddekryssing, samt ei vennine som var på Svalbard på skitur eit par veker no som fekk det. Dei løyste det på dette viset, samt brukte alle kolli som ikkje var sårbare for press til å bygge opp under det paddeflate underlaget. Det funka, dei heldt både varmen og sov godt. Litt meirarbeid dog. Trur eigentleg denne problemstillinga er vanskelegare heime enn den faktisk er ute på tur Ein finn som regel løysingane på det. Når du kjem heim får du nytt underlag dersom det er delaminert. Men det er klart, ein ynskjer jo å kjøp noko som funkar. Eg har ein mat-cover pro (med eva-foam). Eller dvs 3. Me brukar dei sjeldan. Større og tyngre enn ei halvt liggeunderlag, og mindre fleksibelt.
- 48 svar
-
- 7
-
-
Var på tolvdagers tur på Svalbard saman med ei som hadde med dette teltet i fjor. Det såg bra ut. Skal gjere henne merksam på tråden her
- 10 svar
-
- 1
-
-
Superfint å telte mellom Finse og Rembedalseter. Når de først er i området; de vil ikkje ta turen over Luranuten til Demmevasshytta? Det er ein fantastisk stad!
- 12 svar
-
- 1
-
-
Kvar på Vestlandet har de tenkt dykk? (Er eit stykke mellom Stavanger og Ålesund )
-
Adventure food vs. real turmat/ mountain house
Tessatroll svarte på Kleppeliten sitt emne i Mat på tur
Nei diverre, eg har fått mine. Men tenkte prøve meg på ej bestilling frå addnature.com eller anna nettbutikk som sel dei -
Hvor kan jeg kjøpe poser til hjemmelaget turmat?
Tessatroll svarte på whistler sitt emne i Mat på tur
Desse posane i linken var jo gode greier til tørrmaten! Likevel synes eg vakuumpakkeren er genial. Eg pakkar alle middagsrestar med den, og hiv i fryseren. På vinterturar der vekt ikkje spelar ei rolle, typisk med pulk inntil ei veke, er det supert å grave fram desse frå frysaren, og ha med "heimelaga fjordland" på tur. Å slenge en pakke skikkeleg biff stroganoff i gryta og ha den dampende klar etter få minutt er supert! -
Hvor kan jeg kjøpe poser til hjemmelaget turmat?
Tessatroll svarte på whistler sitt emne i Mat på tur
+1 -
Sopp og ingefærskiver. Epler.