Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Eg er 167 og har 185 Nansen. Tenkjer 180 er fint til deg:) det er ei relativt lettmanøvrert ski, så det går nok superfint
  2. Eg har ikkje 880 ml flaske, og har heller aldri latt brennar stå og brenne med det formål å kartlegge brenntid på fulle sluser. Eg har stort sett operert ut frå ovanfornemnde tommelfingerreglar, og lagt til ekstra om eg veit eg vil kosefyre eller koke/steike mat. Det har funka fint på turar av varierande lengd og under varierande tilhøve.
  3. På lengre turar er det vanleg å rekne 0,23 - 0,25 l bensin per dag per pers, til snøsmelting til drikkevatn og vatn til drytech (typisk MSR XGK eller Whisperlight m.v.) Skal ein koke/steike mat, eller kosefyre må ein berekne meir. God vindskjerming og eit kjele/brennaroppsett som er effektivt er også ein føresetnad for denne "regelen". Skal ein utanlands og opp i høgda gjeld andre tommelfingerreglar, då effekten går ned med stor høgde. Det siste har eg ikkje detaljkunnskap om.
  4. På det første paret mitt hadde eg eit slkt lite auge som lompa over her snakkar om. Eg har sakna det litt på dei andre. Om ein må til med noko omlegging/turning/prosjekt i bratte parti, med litt sekk, er det ikkje store glippen som skal til før skia reiser helsikkes langt!
  5. Såg det samme og noterte det i margen sist eg handla på innvandresjappe. Vert ein heilt anna pris jo, spesielt ved store mengder!
  6. På skitur synes eg ein knorr suppepose av typen som ein skal ha 5-6 dl vatn i, saman med nokre bitar kjøtt og ein halv pose potetmos er ein god lunsj Eg tilberedar suppa i ein liten matthermos kring første tepause, så den får trekke (treng litt lenger tid enn rett-i-koppen), så lagar eg potetmosen med ein god klatt smør og ekstra kjøtt, og heller suppa over. På forrige tur var også potetgull i suppa/potetmosen/realen/maten ein slager, ulike smakar passar til ulik mat, og er eit godt ernæringsmessig tilskot.
  7. http://www.bt.no/spesial/webkamera/#!/100521 Kan sjå ut som det er ok med snø i alla fall
  8. Mogleg dette skil seg frå forening til forening, men eg har fått dekt alle kurs tilogmed vinterturleder, inkl skredkurs alpin. Har også møtt velvilje i høve til å ta delar av kostnaden med å bygge på brekompetansen min mot brefører. Grunnkurs bre og vidaregåande bre har eg betalt sjølv. Likeins alle padlekurs, men dette er jo fordi dei ikkje nødvendigvis har vore/er reine DNT-kurs. Ein kan likevel møte velvilje også på det, dersom kompetansen/kunnskapen er mangelvare blandt turleiarane i ei aktiv forening. Har inntrykk av at dette er enklare å få til i mindre foreningar enn i store.
  9. Når eg tenkjer meg om, skal eg kanskje ta å sy en pose til å ha utanpå synbootsa, av ei av dei gamle skalljakkene eller buksene eg har samla inn til gjenbruk. Prøve som ei løysing på årets langtur?
  10. Samd i at dette vil oppleves som irriterende dersom ein tenkjer utstrakt bruk i type basecamp osv. Eg hadde eit par andre tidlegare, hugsar ikkje merke, som var det same problemet med. Løste det med å ta dampsperreposane mine (plastposar) utanpå om det var "klistrete" snø. Ved kalde tilhøver opplever eg at snøbørsten tek det fint. Skal seiast att dette er mi løysing på turar der vekta spelar ei rolle, og alternativet ville vore å vere utan. Om ein ikkje har eit anstrengt forhold til pengebruk i stor stil, kan kanskje WM expedition vere ein alternativ modell? Den utgår for meg, hadde ikkje vore eit tema same kva tur eg stod føre, men ein er jo ulike Om vekta ikkje spelar ei rolle er det jo lite som slår forsvarets på comfort og gummiering nedst
  11. Har dei tapt seg på kvalitet kanskje? Er nokre år sidan våre siste Helly Hansen kle vart kjøpt. Vil tore og påstå at mine eldste den tida dei var yngre var særs aktive, og dei to yngste er særs aktive. Likevel går eine helly hansen buksa på tredje barnet no. Den blir med på fleirdagers skitur i Tafjordfjella i påska.
  12. Eg har forsvarets fotposar med ekstra sole av liggeunderlag og ein sole oppå der att av tova ull. Det einaste eg brukar nedi dei er eit par gamle, tjkke stikkrtøfler frå mi bestemor, sikkert noko i same sjnger som d har. Held i lange baner. Brukar dei ikkje utanpå skiskoa, då eg synes det er like snerte å rive av skiskoa og ta desse på ved behov. Eg har tidlegare hatt både duntøfler og andre typar løysingar med isolasjonstøffel + fotpose, men synes nok at den eg har no er best. På tur der vekt er viktig, er det dog for tungt, og bivoaukksko av typen som det vert linka til tidlegare i tråden vert med (om eg ikkje berre droppar fotposane). Har nyss kjøpt eit par exped men med syntetisk isolasjon til sambuaren min. Han er ikkje utprega gla i dunprodukt han heller.
  13. Mange sesongjobbar på nav.no innan reiseliv/guiding om det er av interesse
  14. Har brukt både Helly Hansen og Bergans og vore nøgde med båe, spes slitestyrke.
  15. Det toler fukt godt, og så lenge det ikkje er snakk om lange turar er det jo sjeldan noko krise med noko som helst, så då er det vel å søkje svar på den sikraste måten; å prøve
  16. Eg sett mine inn med vanleg lærfeitt, då eg opplever at det beskyttar skinnet betre. Har ikkje merka noko på yteevne.
  17. Eg tenkjer at kor vidt det er forsvarleg heng saman med resten av sikkerheitskjeda di. Korleis ser pakklista elles ut, og kva er alternativa dine om teltet skulle ryke med/ikkje tole påkjenningane dersom veret endrar seg til eit forrykande uver?
  18. Vil tru luftfuktigheit også spelar ei rolle her? Så at det kan variere er utan tvil.
  19. Hei folkens! Kan diverre ikkje få delt nokre fleire erfaringar då ferdigrestituert konto sammenfalt med avgjerd om Grønlandstur. Sagt enkelt; eg har ikkje hatt råd!
  20. Det høres ut som du haddr hatt nok me Carinthiaen dei fleste netter? Men så veit du hvertfall kva posane dine tilsammen er god for
  21. https://www.finn.no/89638650
  22. Godt tips er å kjøpe brukt! Då får du ofte meir for pengane enn om du kjøper nytt
  23. Helsport Lom for meg, Helsport Lom men med utvidelseskile til sambo. Dette fordi det er dei me tilfeldigvis har i hus
  24. Turleiarar i DNT er basert på frivlilligheit, med få unntak. Guide er ikkje ein beskytta tittel, det kan kven som helst "kalle" seg (sjølv om det har vore gjort forsøk på å innføre omgrep som Naturguide som eit kvalitetsstempel ein får gjennom naturguideutdanning). Derimot om du tek utdanning og sertifisering gjennom Norsk Fjellsportforum, ymse internasjonale sertifiseringar, turleiarkurs gjennom DNT, så seier det noko om kva du skal kunne, og kva innhaldet i di kursing/utdanning er. Det er viktig å understreke att turleiarutdanninga til DNT er generell, og går ut frå ein del rammevilkår, som gjer at det isolert sett ikkje kan samanliknast med til dømes ei profesjonalisert fjellførarutdanning, eller veilederutdanning frå til dømes padleforbundet. Det skulle elles berre mangle, at det er forskjell på det som skal utgjere frivillig arbeid i ein organisasjon som har eit sett av rammevilkår kring turane sine, og på dei som skal føre profesjonelt, og som er forventa skal kunne handtere avanserte forhold. Elles er kursstigen til DNT både givande og lærerik, og ikkje minst eit rimeleg alternativ for å auke kompetanse. For den som er glad i å få med seg folk ut og gje dei fine opplevingar, er det ein fin stad og få prøve seg som turleiar.
  25. Kva hoftebelte bytta du til?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.